fredag 22. september 2017

Torsdagsquiz 3 - 21.september 2017





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

17 lag deltok og snittscoren var på 62,5 poeng (av totalt 85 moglege).

Som førre torsdag var det Bjelland Juletre og Pyntegrønt som tok heim "bøtto". Atter ein gong var det Quizteleg Fjolleparti som viste seg å verta argaste konkurrent. Begge lag endte på 75 poeng, begge lag hadde 14 av 15 rette på biletearket, men så hadde altså BJoP arket med høgast poengsum utanom. På fyrste arket fleska dei til med 20 av 21 poeng mot QFs 19 poeng.

Det var tett i toppen denne kvelden. Kun 4 poeng skilde dei 5 beste laga. Og heile 9 av 17 lag var innanfor 8 poeng frå vinnarscoren. Lenge såg det ut til at Tors Utvalgte (utan Tor denne gong sidan han var opptatt på biletearket) skulle gå heile vegen. Men eit litt skuffande resultat på biletearket henviste dei til i 4. plass. Også Har Det På Tunga gjorde ein fin innsats, men med tapte poeng på Lett Blanding arket endte dei på 5. plass med 71 poeng. Dermed gjekk 3. plassen til Dvergkastarane som gjorde ein jamnt meget god quiz. Dei endte berre poenget bak leiarduoen med sine 74 poeng. Gratulera til vinnartrioen, men også honnør til alle dei andre laga for god innsats og kunnskap.

Halvvegs var det tid for ny Rop-Ut-Quiz. Fyrste finalist vart kåra på spørsmålet om kva ein falabella er for noko. Her var Caroline (frå Furuly 4 Ever) både tidlegast og høgast ut med rett svar: Ein hest. Bra! I finalen møtte ho Oddvar (frå Tors Utvalgte) som visste at det var Petter Pilgaard som var den fyrste mannlege vinnaren av Paradise Hotel i Noreg. I finalen fekk dei to kandidatane spørsmål om kva som er Noregs nasjonalfugl. Caroline var tidleg ute, men diverre med feil svar. Dermed var det duka for ringreven Oddvar som visste at rett svar måtte vere fossekallen. Gratulera og god tur på kino!

Jackpotquizen vart svært dramatisk denne gong. Potten var på 790kr. I fyrste semifinale møttes Caroline og Jakob. Og Caroline var verkeleg ON FIRE denne kvelden. Jakob var for ein gongs skuld sjanselaus (til salens store begeistring?). Sjølvsagt er det Anna Rasmussen som skriv bloggen MammaTilMichelle. Caroline var kjapt ute med rett svar og fekk sendt Jakob tilbake til bordet sitt. Men på jackpotquizen gjeld det å kjøpa lodd, og dette hadde sjølvsagt BJoP gjort rikelig av. Så i andre semifinale møtte Jakob (igjen!) Asmund, begge frå BJoP. Denne kampen vert diverre ikkje hugsa for høgt kunnskapsnivå. INGEN av dei visste kven som er kjæraste til Mummitrollet! INGEN av dei visste heller kven som spelar hovudrolla som Frank Underwood i TV-serien House of Cards. Her måtte me faktisk, for fyrste gong i historien, til tredje semifinalespørsmål. Og, som så ofte før, når det dreiar seg om geografi, var Jakob utilnærmeleg. Sjølvsagt visste han at fossefallet Angels Falls ligg i Sør-Amerika (Venezuela).

I finalen mellom Caroline og Jakob skulle det handla om litteratur. Og som ein sirkushest som kjenner lukta av sagmugg, var Jakob på hugget når det gjaldt som mest. Før spørsmålet om forfattaren av romanen Åndenes Hus frå 1984 var ferdigstilt, hadde Jakob avlagt svar. Og det var eit svar som var rett: Isabel Allende. Dermed kunne han smykka seg med ein verkeleg storeslem. 3 av 3 jackpotar til no i haust! Gratulera! Kven kan klara å vippa han ned frå trona neste torsdag?!

Ekstrapremien var også denne gong 1 billett til Queen Tribute show på Arena 23.september. Bedre Lykke Neste Gong var det heldige laget som vart trekt ut. God fornøyelse på laurdag!

Quizvert var Jon, Hedda og Marita i baren.

Resultat quiz 3 av 16 hausten 2017 - 21.september:
(Trykk på bileta for større visning)












Samanlagtstilling etter 3 av 16 rundar:















Alle spørsmål med fasit:



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar