fredag 15. februar 2019

Torsdagsquiz 6 - 14.februar 2019





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

17 lag deltok og snittscoren var denne gong på moderate 49,4 poeng av totalt 80 mulege. Ni av laga kom seg over 50 poeng.

Det ser ut som me i 2019 har fått stabilisert oss på 17-19 lag kvar quiz. Elleve lag har deltatt på samtlege quizar til no i år, medan fleire lag har fått med seg 4-5 av dei 6 quizane me har hatt til no. Det er difor kjekt når det kjem nye lag. Denne kvelden var det to av dei: Elementary School og Ute På Djupt Vatn. Sjølv om ikkje quizkunnskapen var all verden, såg det likevel ut til at gjengen koste seg med godt i glaset og snakketøyet i høggir.

På dei aktuelle spørsmåla fekk dei aller fleste ein godkjent start. Eit snitt på 11,6 poeng vitnar om at de følgjer godt med på det som rører seg i nyhendebiletet. Fem lag tok kommandoen med 14 poeng: QF, BJoP, Quizedillas, Dei Hjelpelause og Har Det På Tunga. Nøtta på arket var regissøren av den nye storfilmen Amundsen som de kan få med dykk hos Tore på Kulturhuset i kveld. Espen Sandberg der altså. Elles var det mykje alternative tips på kor i Russland dei no har unntakstilstand pga isbjørn, samt litt rusk på Grammy-spørsmålet.

Med fare for å gjenta meg sjølv i det uendelege er som vanleg andrearket med musikk og underholdning svært variabelt. Dei som ivrar for god musikk gjer det sjølvsagt bra, medan dei som må ha gått glipp av mykje vakre tonar, eventuelt ikkje hugsar frå tolv til middag, scorar begredeleg. Intet unntak i kveld altså: Åtte lag scora greit, med poengfangst frå 10 til 14 poeng. Dei ni andre laga? Tre til åtte poeng. Huff. Kan musikkdelen lagast endo enklare? Tja. Eg vil anta dei aller fleste har hørt samtlege av kveldens låtar før. Snitt på arket: 8,8 poeng, ergo skuffande.

Halvvegs var QF i tet, med fleire lag halsande hakk i hæl.

Rop Ut Quizen vart ein finale mellom Ellen frå Vorslaget og Otte frå BJoP. Der fekk dei spørsmål om Henrik Thodesen sitt program på TV3: Henrik Über Alles. Det vart ein slags Déjà vu følelse då Otte fleska til med rett svar og hanka inn kinobillettane. Dette var sjølvsagt fordi han er bror til meir quizmerriterte Jakob, som gang på gang har stått i spotlighten og vunne både kinobillettar og jackpotar gjennom ein mannsalder med quiz på Frugård.

Ark 3 med dei variable kategoriane var i kveld både inspirert av og ein hyllest av dei to eminente i baren, nemleg Geir og Marie. Det såg ut til at spørsmåla fengja, for snittet vart såpass bra som 11,8 poeng. Heile 15 av 17 lag scora 9 poeng eller betre og det var QF og Stord BTK som var best med sine 15 poeng. Arkets nøtt handla om Geirr Tveitt. Berre fire lag visste dette og klarte i tillegg å skriva namnet hans rett.

Som på andrearket vart Lett Blanding også ekstremt variabelt. Sju lag får godkjent med 10 til 14 poeng i banken, medan resten av laga må heim og lese leksikon. Hehe. Snittet enda på 7,5 poeng og beste lag var Quizedillas med 14 poeng. Mange blanda Margit Sandemo og Sagaen om Isfolket med Bøkene om Morgan Kane av Hallbing/Masterson. Kor mange bøker om Isfolket enda det på? Kanskje me får spør om det neste gong. Elles urovekkande at så få kjenner til bandmedlemmane i supergruppa U2. Men men, no kan de dei til neste gong. Til slutt på arket dreia det seg som så ofte før om avansert geografi, noko som ALLTID er gøy. Nokre lag prøvde seg på Edinburgh. Kvifor vart det underkjent, mon tru? Og er Freetown i Sierra Leone einaste hovudstad i verdas sjølvstendige land som byrjar på bokstaven F? Kva med hovudstaden på Tuvalu? Og til dei av dykk som prøvde seg med Oslo og Paris, kva med hovudstadane i Canada og Burkina Faso, samt i til dømes Surinam og Kambodsja?

Kveldens bilete gav eit snitt på snaue 10 poeng og det var dei to samanlagtkanonene QF og BJoP som scora best med 14 av 15 rette. Biletet som skapte mest trøbbel for laga var ungdomsbiletet av Nils Arne Eggen. Opptil fleire lag prøvde seg her med Iversen, og Geir lanserte ein teori om at det måtte ver Eggen som er Steffen Iversens eigentlege far. Kven kveit kva som kan ha skjedd på Brakka på Lerkendal opp gjennom åra?

Totalt vart det ei rysare i toppen av tabellen. Fire lag kjempa om sigeren, og berre éitt fattig poeng skilde kamphanane. Tredjeplassen gjekk til LAMP, som utkonkurrerte HBO på fleire rette på andrearket etter at dei hadde like mange bilete og lik score på tredjearket. Poenget før LAMP og HBO havna BJoP og QF med 67 poeng. Også dei var like på bileta, så høgaste sum på eit av dei andre arka ville avgjer. Her trakk QF det lengste strået med 15 poeng på arket om Marie og Geir. Det er også disse to laga som har tatt initiativet i samandraget. Sjølv om det vart sølv i kveld, så leiar BJoP her med 18 poeng ned til QF. HBO ligg førebels på tredjeplass her.

Velkomen att neste torsdag, då er Sverre tilbake med årets sjuande quiz før me tek vinterferie i 14 dagar og returnerar med quiz att 7.mars, dagen før kvinnedagen (hint hint).

Ekstrapremien gjekk i kveld til Vorslaget som fekk med seg to gratisbillettar til konsert med Hilde Selvikvåg på Arena 22.mars. God fornøyelse!

Quizvert var Jon, med Marie og Geir i baren.

Resultat quiz 6 av 14 våren 2019 - 14.februar:
(Trykk på bileta for større visning)











Samanlagtstilling etter av 14 rundar:

















Alle spørsmål med fasit:










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar