fredag 22. februar 2019

Torsdagsquiz 7 - 21.februar 2019





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

15 lag deltok og snittscoren var denne gong på vidunderlige 61,6 poeng av totalt 80 mulege. Åtte av laga kom seg over 60 poeng.

Med både Sverre og Geir indisponible grunna høvesvis sjukdom (litt snufsen) og VM i pizzalevering til ei større hjørnesteinsbedrift heile kvelden og natta, måtte altså underteikna og Marita steppa inn på kort varsel. Quizen var allereie laga av den snufsne, så det ville verta spanande å røra rundt i ein anna sin graut. Mistankar om at det kom til å bli kontroversar ville seinare visa seg å stemma veldig bra. Dei åtte første spørsmåla på opningsarket gjekk dog smertefritt. Og steikji kor godt dei aller fleste laga leverte. Litt rusk på dei to kommunespørsmåla var det likevel. Då me kom til spørsmål nummer ni starta kavet. Godaste Giske har altså ikkje enda opp med noko verv i Trøndelag AP endo, berre blitt innstilt som styremedlem. Med ein lokal varaordførar på krigsstien enda det opp slik det ofte gjer på Sverre sine quizar: Alle fekk poeng for dette upresise spørsmålet. Kjekt å gjere alle til laks.















Heile fire lag fekk ein draumestart med full pott: BJoP, HBO, Stord BTK og HDPT. Snittet enda på fenomenale 13,9. Altså litt for lite utfordrande? Eller kjekt?

Heldigvis hadde ikkje Geir laga noko enkel musikkquiz denne gong, slik at underteikna fekk sneke inn nokre utfordringar. Sjølvsagt skulle alle låtar vere kjent for dei fleste, men som vanleg var det fleire lag som fekk problem. Det gjorde ikkje BJoP som kunne notera seg for fine 17 av 18 mulege poeng på andrearket. Også godkjent av QF og Stord BTK som henta 15 poeng. Utanom rusket på somme at låtane var det årstalet for siste Robinsonekspedisjon som gav laga flest feilsvar. Snittet enda på heilt greie 12,5 poeng, og 14 av 15 lag leverte tosifra antal poeng.

Halvvegs var det Bjelland Juletre og Pyntegrønt som hadde tatt kommandoen. Dei hadde notert seg for heile 33 av 34 poeng. Like bak med 31 poeng låg Stord Bordtennisklubb, medan både Quizteleg Fjolleparti, Har Det På Tunga og Dei Sporadiske (29), Heise Bra Opplegg, Quizzedillas og Fonna i Krise (28) alle framleis var på skothald.

Kveldens to kvalifiseringsspørsmål på Rop Ut Quizen skulle handla om vårt kjære naboland i sør; Danmark. På første spørsmål klinka June frå Quizzedillas inn rett svar på eit spørsmål frå TV-serien Klovn. Deretter vart det spørt om kva kjøttkaker heiter på dansk. Før Aksel fekk prikka inn rett svar (frikadeller) kom likevel eit av kveldens høgdepunkt. Til stor forlystelse for både underteikna, lagkameratar og andre i salen fekk Oddvar frå BJoP skreke ut "KARTOFLER" akkurat passe høgt slik at det vart ei nydeleg pinleg suppe. Uansett, kven kan få seg ein herlig frikadellemiddag utan kartofler? Hehehe.

Som trøst for Oddvar vart også finalen heller pinleg. Ingen av kandidatane hadde snøring på dei tre første spørsmåla, så det måtte eit fjerde og enklare spørsmål til for å få delt ut vekas to kinobillettar. Og fritt etter KLM sin sketsj om Kvitt eller Dobbelt, der kandidaten (Kirkvåg) skal opp i temaet EIN SKJORTEKNAPP, får dei det same spørsmålet: "Kor mange hol har vanlegvis ein standard skjorteknapp?" Etter ei heller lang tenketid prøver Aksel seg: Fire? Og sjølvsagt var det rett! Til info røyk sjølvsagt Kirkvåg ut, på det som var hans første spørsmål, ved å svare "FEMOGTJUE?!". Haha.

Ark 3 handla i kveld om (endo meir) Danmark, samt Mat og Drikke. Og dette skulle vise seg å bli ein tur i parken, plankekøyring og easy peacy japaneasy. Eit snitt på 13 av dei mulege 16 poenga er oppsiktsvekkande høgt. Litt for lett vil nok enkelte meina, men likevel var det ingen lag som scora full pott. Best var QF, HBO, Stord BTK og LL med 15 poeng. I kategorien Danmark scora dei fleste full pott, med nokre unntak. Til dømes var Dei Sporadiske litt på villspor her. Radikale Venstre kalla dei for Rødt Valg(?!), medan dei utruleg nok klarte å plassera svenske Helsingborg blant Danmarks fire mest folkerike byar. Du slette tid. Kan det ha vert cappuccino overkill? Når det kom til Mat og Drikke spørsmåla dukka fleire upresise spørsmål/svar opp. Sjølvsagt er også Evergood eit av kaffimerka som Joh. Johannson står bak. Og spørsmålet om billegmerker knytta til rett butikkjede enda i parodi. Ikkje eit ideelt spørsmål, så det er berre til å orsake. Me får freista unngå slikt rot i framtida. Me får berre ha ein avtale om å sjå det litt an. Høhø.

Også Lett Blanding vart suksess for fleire av laga. Snittet enda på fine 11/15 poeng. Best var QF som greidde alle. Også bra av BJoP og HBO med 14 poeng. Spørsmåla flest lag rota med var Instragram-filtera og sideelvane til Gudbrandsdalslogen. Men også knoklane i leggen gav nokre løgne svar. To lag prøvde seg på ankel og kne. Huff og huff. Andre lag prøvde seg med 60km/t på spørsmål tre. Kanskje dette gjeld på Bømlo? Elles var det jamnt over bra levert på dei resterande spørsmåla. Eller forresten, når vart hokjønnet av reinsdyret kalla binne eller hinne?! Her må det ha vert alvorlige tilfelle av både hjerneblødning, blanding av snørr og bart, skinn som vart seld før bjørnen var skoten og snerk i kakaoen. Om eg hugsar rett har spørsmåla om hokjønnet til disse drøvtyggjarane vert med tidlegare, og kan om muleg returnera seinare, så då får de hugsa på at kolle faktisk er godkjent svar på samlege. Forresten, nokon som veit kva Noregs første kvinnelege stortingspresident heitte?

Biletearket gav eit snitt på 11,2 av 15 og det var to lag som nagla alle: BJoP og Dei Sporadiske. Flinke! Problemfjesa var Axel Bøyum, Olivia Colman, Niklas Baarli og Martin Samuelsen. Elles hadde dei fleste lag ålreit kontroll.

Fleire lag var gode denne kvelden, men som så ofte før var det BJoP, QF og HBO det skulle stå mellom då det skulle oppsummerast. Stord BTK som gjorde comeback for fjorten dagar sidan med siger, var på hugget også i kveld. Diverre for dei enda dei opp med den bitre fjerdeplassen og får heva løna si i himmelen. HBO enda på tredjeplassen med fine 70p. QF tok andreplassen med 72p, medan det var BJoP som suverent vann med sterke 75p. Kun fem feilsvar er imponerande. Grattis!

Samanlagt er det også BJoP som gjer det skarpast. Dei har 23p ned til QF på sølvplass, medan HBO innehar tredjeplassen 58p bak leiarlaget til kaptein Trine. Men me er berre halvvegs til sumars endo, så mykje kan endo skje.

Velkomen att torsdag 7.mars, altså om snaue to veker. Då er Sverre vonleg mindre snufsen og tilbake med årets åttande quiz.

Ekstrapremien gjekk i kveld til Quizzedillas som fekk med seg to gratisbillettar til Queen Tribute konsert på Arena 9.mars. God fornøyelse!

Quizvert var Jon, med Marie og Marita i baren.

Resultat quiz 7 av 14 våren 2019 - 21.februar:
(Trykk på bileta for større visning)











Samanlagtstilling etter av 14 rundar:














Alle spørsmål med fasit:







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar