torsdag 16. januar 2020

Torsdagsquiz 2 - 16.januar 2020





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

21(!) glimrande lag deltok og snittscoren var denne gong på dryge 59 poeng. Heile tretten av 21 lag kom seg over 60 poeng.

Vinnar av kinobillett: Stjernepolitikar og den ivrige joggaren Tarjei frå Quizteleg Fjolleparti.
Vinnar av konsertbillett: Hakke Peiling (Lykkehjul! Yes!)

Quizvinnar: Bjelland Juletre og Pyntegrønt (suverene denne kvelden)

Sladder frå ein anonym deltakar høyrt i løpet av quizkvelden:










Quizvert var Sverre, med Alena og Geir i baren.

Quiz nummer tre vert om to veker: torsdag 30. januar. Då får Sverre ein ny sjanse, sjølv med mykje rot denne veka.

God helg godtfolk!

Resultat quiz 2 av 14 våren 2020 - 16.januar:
(Trykk på bileta for større visning)













Samanlagt:

Kjem etter 3-4 rundar.

Alle spørsmål med fasit:








fredag 10. januar 2020

Torsdagsquiz 1 - 9.januar 2020





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

16 fenomenale lag deltok og snittscoren var denne gong på snaue 59 poeng. Ikkje verst! Heile ni av 16 lag kom seg over 60 poeng.

Det vart ein god quizstart på det nye året for dei fleste lag. Samtlege lag prikka inn tosifra antal poeng på førstearket som snitta på sterke 13,5 av 16 mulege poeng. Best var Lex Lodney og Dei Sporadiske som kunne alt. Litt verre vart det på musikk og underholdning. Bl.a. Noregs Mål og Assistlag gjekk på ein stjernesmell etter ein god start. Dei makta berre tre stusselege poeng. Betre gjekk det då med QF som sanka råsterke 15 poeng. Også god innsats av Lex Lodney og HBO som berre hadde to feil.

Halvvegs var det Lex Lodney og QF som hadde kome best i gang. 30 av 32 mulege poeng er veldig bra. Med det hadde dei opparbeidd seg ei luke på tre poeng ned til neste lag: LAMP AS. Elles låg laga som perler på ei snor hakk i hæl. Det borga til spaning utover kvelden.

Tredje spørsmålsark dreia seg om reise og aktuell sport. Det skulle falle i smak. Snittet enda på snaue 13 poeng, noko som enten vitnar om ei skarp forsamling, eller for enkle spørsmål. Lat oss landa på ei skarp forsamling. Best av alle var BJoP og Noregs Mål og Assistlag (fint comeback!) som begge fleska til med full pott. I tillegg er det verdt å nemna laga som berre hadde ein liten feil, og dermed 15 av 16 mulege poeng: Lex Lodney, Quizzvazz og Har Det På Tunga. Fem lag henta fine 14 poeng. Verdt å merke seg elles var at superlaget til framtidig ordførar Tarjei ikkje veit kor Markuskirken ligg. Moskva? Verkeleg?

Kun eitt lag klarte alle spørsmåla på fjerdearket med Lett Blanding: HBO. Veldig bra! Lex Lodney heldt fram med bunnsolid quiznivå denne kvelden, og saman med LAMP AS greide dei 15 poeng. Elles mykje god innsats og eit snitt på snaue 12 poeng. Elles var det verdt å merka seg at BJoP bomma på nok eit tilsynelatande enkelt geografispørsmål. Sjølv med kapteinen, varaordføraren og det sjølvutnemnte geografiorakelet på laget klarte dei altså ikkje å rangere fire enkle amerikanske delstatar i rett rekkefølgje frå vest til aust. Sjokkerande.

Biletearket var for nokon ein tøff test denne kvelden. Spesielt det nye laget Dei Nye fekk kjørt seg. Livevel fekk me eit snitt på over 10 poeng, så dei fleste kom greit i frå det. Best av laga var LAMP AS som berre hadde eit fjes feil. Bra levert også av meisterlaga LL, QF og BJoP som hadde 14 poeng.

Totalt var det lite å gjere med Sissel, Nils og resten av gjengen på Lex Lodney denne kvelden. Dei har nok bestemt seg for å både reise og snu kjerringa denne sesongen. 74 poeng er "maskiiiiin" og heldt i massevis til ein solid og fortent siger. QF var også gode og klokka inn på 72 poeng. Det heldt rikeleg til sølvplass. Tredjeplassen gjekk til LAMP AS som utkonkurrerte BJoP i kampen om tredjeplassen. Eit meir rett bilete gav dei gåvekortet. Dei enda begge på godkjente 67 poeng.

Kinobillettane gjekk til Siw Kristin frå Toppetasjen. Ho var flink og "sjekka inn" på Quiz-eventen på Facebook, og vart trekt ut som vinnar. Betty frå A Walk in the Park vart trekt ut som vinnar av konsertbillett til 100 Dagar som går av stabelen om to veker. Ho var ei av mange som hadde meldt seg på Quiz-eventen på Facebook.

Quizvert var Jon, med Alena og Geir i baren.

Vel møtt til quiz nummer to kommande torsdag 16. januar. Då er Sverre tilbake i manesjen med sin årsdebut. Han glede seg og kan i kjent stil lova både morosame spørsmål og upresise fasitsvar.

God helg quizers!

Resultat quiz 1 av 14 våren 2020 - 9.januar:
(Trykk på bileta for større visning)










Samanlagt:

Kjem etter 3-4 rundar.

Alle spørsmål med fasit:







torsdag 12. desember 2019

Torsdagsquiz 14 - 12.desember 2019





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

13 knakande kjekke lag deltok og snittscoren var denne gong på snaue 62 poeng. Rekord? Heile ni av 13 lag kom seg over 60 poeng.

Rop Ut Quizen gav oss i kveld ein finale mellom ein kandidat frå HBO og QF sin stødige kaptein Line. I finalen viste Line alle at ho slettes ikkje er noko Lobo (sjølv om ho til tider kan oppføra seg som ein), og briljerte inn gåvekort på to baguettar med framifrå kunnskap om epler. Gratulerar!

Det vart jamnt i toppen og mykje gode scores i kveld. For å setja krona på verket for ein flott haustsesong, gjekk BJoP til topps også i kveld. Med eitt lite poeng føre Dei Sporadiske og QF henta dei heim sigeren med sine 75 poeng, og nok eit gåvekort på 500kr. Dei Sporadiske tok andreplassen på fleire rette bilete enn QF. Fin innsats også av Har Det På Tunga med fjerdeplass og 72 poeng, samt LAMP AS med femteplass og 71 poeng.

I samandraget holdt BJoP unna og vann med klar margin (gåvekort 1500kr). QF kapra som venta sølvplassen (gåvekort 1000kr), medan HBO tok bronsen (gåvekort 500kr). Godt jobba og gratulera til alle dei tre superlaga.

Totalt denne hausten har heile 34 ulike lag delteke på quiz. Det er spenstig bra.

Ekstrapremien gjekk til Dei Sporadiske nok ein gong, for andre gong på to veker. Dette vitnar om at "trekninga" er heilt tilfeldig. Dei fekk med seg nok ein billett til Julekonserten på Arena onsdag18.desember.

Quizvert var Sverre, som truleg hadde med seg nokon i baren.

Vel møtt igjen til vårsesong og quiz i januar. Dato TBA.

God jolaferie!

Resultat quiz 14 av 14 hausten 2019 - 12.desember:
(Trykk på bileta for større visning)










Samanlagt:



















Alle spørsmål med fasit:








torsdag 5. desember 2019

Torsdagsquiz 13 - 5.desember 2019





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

11 trufaste lag deltok og snittscoren var denne gong på snaue 57 poeng. Fem av laga kom seg over 60 poeng.

Rop Ut Quizen halvvegs vart ein duell mellom Øystein Vegar frå Quizteleg Fjolleparti, Trine frå Bjelland Juletre og Pyntegrønt og Oddmund frå Heise Bra Opplegg. Ein verkeleg tungvektsduell med andre ord. I finalen viste Øystein Vegar seg som den smartaste etter at dei andre kandidatane brente sine sjansar FØR det kom hint. Når i tillegg Oddmund gav vekk svaret etter at hintet hadde kome (då var han allereie ute), vart det enkelt for den tidlegare bowling-meisteren. Premie: To kinobillettar.

Etter ein litt laber start vekk gjengen frå HBO kvessa klørne og passerte dermed fire lag på veg inn til siger. Det var dog med knappast muleg margin. LAMP AS hamna poenget bak på sølvplass. Tredjeplassen vart ein duell mellom to erkerivalar: QF og BJoP. Dei hamna à poeng, men QF viste seg sterkast på bileta med full pott. Ergo tredjeplass.

I samandraget har no BJoP 14 poeng å gå på ned til QF før sesongavslutninga kommande torsdag. HBO følgjer på tredjeplass, 16 poeng bak QF. Det er desse tre laga som vil gjere opp om pallplassane.

Ekstrapremien gjekk denne kvelden til Dei Sporadiske. Dei fekk med seg ein billett til Julekonserten på Arena onsdag 18.desember. Det vert nok triveleg.

Quizvert var Jon, med servitør Alena og Geir i baren.

Vel møtt igjen til haustsesongens fjortande og siste quiz førstkomande torsdag 12.desember.

God helg!

Resultat quiz 13 av 14 hausten 2019 - 5.desember:
(Trykk på bileta for større visning)








Samanlagt:











Alle spørsmål med fasit:







onsdag 4. desember 2019

Torsdagsquiz 12 - 28.november 2019





Under kunne det følgd resultat (oppdatert!), spørsmål og svar, dersom quizverten hadde hugsa å senda inn relevant informasjon til rosabloggaren.

13 antal lag deltok og snittscoren var på grove 64 poeng. Heile ti av laga kom seg over 60 poeng.

Rop Ut Quizen halvvegs vart ein duell mellom ein deltakar frå Dei Hjelpelause og Jens frå Quizteleg Fjolleparti. Jens viste seg skarpast i finalen og drog heim sigeren. Premie: To kinobillettar.

Her kunne det stått litt om eventuelle høgdepunkt frå quizen.

Ekstrapremien gjekk denne kvelden til Toppetasjen. Om denne flaksen skuldast at Quizverten sin betre halvdel er deltakar på laget er ikkje godt å seie. Laget vann uansett ekstrapremien for andre gong på fire veker. Premie: Billett til konsert med Vamp fredag 6.desember.

Quizvert var Sverre, med servitør og bartender.

Vel møtt igjen til haustsesongens trettande quiz torsdag 5.desember.

God onsdag!

Resultat quiz 12 av 14 hausten 2019 - 28.november:










Samanlagt:














Alle spørsmål med fasit:






torsdag 21. november 2019

Torsdagsquiz 11 - 21.november 2019





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

14 deilige lag deltok og snittscoren var denne gong på godkjente 55 poeng. Fem av laga kom seg over 60 poeng.

Rop Ut Quizen halvvegs vart ein duell mellom Ellen frå Quizzedillas og Ole frå Dei Sporadiske. Den vann Ole på imponerande vis med rett svar lenge før Quizverten hadde stilt ferdig spørsmålet. Premie: To kinobillettar.

Quizen såg lenge ut til å bli ein jamn affære, med heile fire lag i delt leiing halvvegs. Fleire lag jakta hakk i hæl i tillegg. Avgjerdsla fall nok på fjerdearket med Lett Blanding med tanke på gullet. Her var HBO suverene og prikka inn sterke 15 poeng. Dette gjorde at dei seig i frå dei andre gullkandidatane og klokka inn på fine 68 poeng, heile fire poeng før QF og fem poeng føre BJoP. Kudos òg til LAMP AS og Dei Sporadiske med fine scores på høvesvis 62 og 60 poeng.

Høgdepunkt: 13 av 14 lag klarte naturlegvis å prikke inn rett svar på spørsmålet frå det britiske kongehus, nemleg Prins Andrew. QF derimot, dei freista lukka med Prins Anthony. Tørr me tippa nokon på laget gjekk på slakk line? Høhø.

Ekstrapremien gjekk denne kvelden til FIA HOFA. Dei fekk med seg to billettar til VAMP på Arena fredag 6.desember. Enjoy!

Quizvert var Jon, med servitør Alena og Anders i baren.

Vel møtt igjen til haustsesongens tolvte quiz førstkomande torsdag 28.november.

God helg!

Resultat quiz 11 av 14 hausten 2019 - 21.november:
(Trykk på bileta for større visning)










Samanlagt:











Alle spørsmål med fasit: