torsdag 30. november 2023

Torsdagsquiz 6 - 30.november 2023

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

Kun 12 kjekke lag stilte til start. Snittet enda på 53 poeng. Fire av laga kom seg over 60 poeng.

Denne kvelden vart Bezzerquizzerz' store kveld. Med god kontroll frå start til slutt enda dei på sterke 68 poeng og suveren siger. Bak dei var det jamnt. Seks lag kniva om dei andre edle metalla og kun 4 poeng skilde dei. Som så ofte før hadde BJoP det litle ekstra og kneip sølvet. I kampen om tredjeplassen var det Sus og Dus som slo Har Det På Tunga med knappast muleg margin.

I samandraget er det åtte lag som har delteke på samtlege seks quizar. På toppen finn me kveldens vinnarlag Bezzerquizzerz, føre LAMP AS og QF. Uansett er det framleis jamnt. Heile ni lag kjempar om samanlagtsigeren før vårens seks quizar.

Quizvert for haustsesongens sjette quiz var Jon, med Alena og Alex i baren.

Quizen returnerar i medio januar. I mellomtida får samtlege ha ein god jóleferie. Kanskje det blir Spotted Dick som vert servert etter pidnakjøtet på julafta i år?

Resultat quiz 6 av 12 sesongen 2023/2024 - 30.november:

(Trykk på bileta for større visning)






Samanlagt:







Alle spørsmål med fasit:








mandag 27. november 2023

Torsdagsquiz 5 - 16.november 2023

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

Heile sytten spenstige lag stilte til start. Snittet enda på snaue 60 poeng. Ni av laga kom seg over 60 poeng.

LAMP AS virka å ha god kontroll og vann quizen med fine 69 poeng. I kampen om andreplassen utkonkurrerte, noko overraskande, DMDC legendane på Bjelland Juletre og Pyntegrønt. Begge lag enda på 65 poeng, men DMDC hadde flest rette bilete.

Verdt å merka seg: Dersom de NO ikkje veit at Berlinmuren vart reven i 1989, eller kjenner att Skal Vi Danse dommar Merete Lingjærde, då lyt de gå i dykk sjølv. Quizmaster var nemleg lur og drog opp begge desse nøttene frå nøtteposen etter heile 14 dagars pause sidan sist nøttene var knekt.

Quizvert for haustsesongens femte nøttequiz var Svære Berlingjærde Særensen.

Då gjenstår éin quiz før me tek quizjóleferie: torsdag 30.november.

Resultat quiz 5 av 12 sesongen 2023/2024 - 16.november:

(Trykk på bileta for større visning)







Samanlagt:









Alle spørsmål med fasit:








torsdag 2. november 2023

Torsdagsquiz 4 - 2.november 2023

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

Fjorten deilige lag stilte til start. Snittet enda på dryge 61 poeng. Ni av laga kom seg over 60 poeng.

LAMP AS vann kveldens quiz med imponerande 75 poeng. Altså berre fem feilsvar. Dette må vere rekord? Her er det berre til å bøye seg i hatten. Quiz: Sa kven?

Fine scores på mange lag i kveld. Best of the rest vart Bezzerquizzers med 71 poeng, noko som resulterte i sølvplass. Bjelland Juletre og Pyntegrønt (med generalen tilbake i manesjen etter lang tid i eksil på Løvenbakken) hanka inn bronseplass med 70 poeng.

Kudos vert òg delt ut til nykommar Sus og Dus (sjølv om det var fleire rutinerte quizhovud) med fjerdeplass. Full pott og 16 poeng på andrearket er sterkt.

Andre lag som gjorde storeslem på enkeltark:

QF, Har Det på Tunga og Quizzedillas med 16 rette bilete, samt FIA HOFA og DMDC med full pott på førstearket.

Tankevekkar: Det er framleis heile FEM lag som endo ikkje har snøring på kven Zara Larsson er. Trur de me ein dag vil sjå samtlege lag nagla det?

Kuriosa - Beste (verste) forslag på kva vinnar av damegullballen heiter:

Antince Bondasen (BJoP) / Agijanfapa (QF). Begge svar var i tillegg skreve såpass utydeleg at det aldri var tvil om at dette aldeles ikkje ville gi poeng. Gode forsøk då. Eller, nei.

Quizvert for haustsesongens fjerde quiz var Jon, med Alex og Alena i baren. InternasJONalt snitt der altså.

To quizar gjenstår før jóleferie - Neste er 16.november med Sverre in charge. Vel møtt!

Resultat quiz 4 av 12 sesongen 2023/2024 - 2.november:

(Trykk på bileta for større visning)






Samanlagt:








Alle spørsmål med fasit:








mandag 30. oktober 2023

Torsdagsquiz 3 - 19.oktober 2023

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

Femten spektakulære lag stilte til start. Snittet enda på dryge 59 poeng. Ti av laga kom seg over 60 poeng.

Har Det På Tunga var skjerpa denne kvelden og fleska til og vann sesongens tredje quiz med sterke 72 poeng. Imponerande med full pott både på arket med Lett Blanding og på arket med bilete. Andreplassen, tre poeng bak vinnarlaget, gjekk til Bezzerquizzers. Bjelland Juletre og Pyntegrønt tok nok ein pallplass med sin fine tredjeplass.

Quizvert for haustsesongens tredje quiz var Sverre.

Resultat quiz 3 av 12 sesongen 2023/2024 - 19.oktober:

(Trykk på bileta for større visning)






Samanlagt:








Alle spørsmål med fasit:








torsdag 5. oktober 2023

Torsdagsquiz 2 - 5.oktober 2023

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

Heile atten velsigna lag stilte til start. Snittet enda på dryge 52 poeng. Fem smarte lag kom seg over 60 poeng.

Quizteleg Fjolleparti var tilbake på topp og vann sesongens andre quiz tre poeng føre Bjelland Juletre og Pyntegrønt, som på nytt mobiliserar sitt stjernegalleri. Tredjeplassen gjekk til den fine gjengen frå LAMP AS.

Quizvert for haustsesongens andre quiz var Jon, med Alena og Alexandra i baren.

Resultat quiz 2 av 12 sesongen 2023/2024 - 5.soktober:

(Trykk på bileta for større visning)







Alle spørsmål med fasit:








mandag 25. september 2023

Torsdagsquiz 1 - 21.september 2023

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

Tretten joviale lag stilte til start. Snittet enda på 61,5 poeng. Kun 8 poeng skilde første og ellevteplassen. Med andre ord frykteleg jamnt!

Bezzerquizzerz vann sesongens første quiz poenget føre nykommarane Quizpy Brainz, medan Dei Hjelpelause tok tredjeplassen i kamp med HBO og HDPT.

Quizvert for haustsesongens første quiz var Sverre.

Resultat quiz 1 av 12 sesongen 2023/2024 - 21.september:

(Trykk på bileta for større visning)





Alle spørsmål med fasit: