fredag 25. november 2022

Torsdagsquiz 6 - 24.november 2022

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

13 sympatiske lag stilte til start. Snittet enda på litt skuffande 51,6 poeng. Fire av tretten lag kom seg over 60 poeng.

Etter førre quiz utan dei altfor store utfordringane var det denne gong tid for å bryne dei små grå igjen. Og sjølv om snittet enda vel lavt, imponerte fleire lag.

På dei aktuelle spørsmåla feia FIA (utan) HOFA gulvet med dei andre laga. Full pott! Fleire andre lag leverte også godkjent, og snittet enda på snaue elleve poeng.

Litt verre vart det på andrearket. Litt ymse innsats på musikken for fleire. Beste lag var eit litt slunkent HBO og HDPT med tretten poeng.

Halvvegs var det nettopp HDPT som leia med 27 poeng, føre eit kobbel med lag på 25 poeng.

Så vart det endo litt verre mtp poengfangsten. Både mote, historie og middels vanskeleg blanding fekk fleire av laga til å fortvila. Likevel leverte mange lag gode scores. 15 av 16 poeng på mote/historie på HBO var sterkt. Det samme var 14 av 16 poeng på fjerdearket frå Fonna i Krise.

Før biletearket var det mange lag med i kampen om beinet. Det var altså vidopent i toppen. HBO som til no hadde levert best, saman med HDPT, enda begge på 12 rette bilete. Det skulle ikkje holda. LAMP AS prikka nemleg inn samtlege, og sneik seg samstundes forbi nemnte lag og tok heim sigeren. Også QF var gode på bileta (15 av 16) og passerte HDPT i kampen om bronsen. Kudos til Quizzedillas med kun to deltakarar og FIA HOFA som også hadde 15 rette bilete.

Dagens kinobillettar gjekk til Game Stonk.

Quizvert for sesongens sjette quiz var Jon, med Geir og Alena i baren.

Neste quiz, og årets siste, er torsdag 15. desember med Junior-Sverre. Vel møtt!

Resultat quiz 6 av 7 haust 2022 - 24.november:
(Trykk på bileta for større visning)






Samanlagt:












Alle spørsmål med fasit:









mandag 21. november 2022

Torsdagsquiz 5 - 10.november 2022

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

13 spenstige lag stilte til start. Snittet enda utrulige 63,9 poeng. Heile elleve av tretten lag kom seg over 60 poeng. Ergo ein juniorquiz?

Endeleg vart det slutt for sigersrekkja til QF. Har Det På Tunga fleska til med ein sjeldan siger. Også Dei Hjelpelause sneik seg forbi haustens formlag som enda på tredjeplass.

Mykje gode scorar denne kvelden. Nokre lag henta til og med 17 poeng på eit ark. Sensasjonelt! Det må vel også vere historisk at to lag enda på delt sisteplass med 57 poeng?

I følgje rapportane kunne nok aldersgrensa på Arena vert senka til 7 år denne kvelden, når ein ser på vanskelegheitsnivået på spørsmåla.

Quizvert for sesongens femte quiz var Sverre, med Geir(?) og Alena (?) i baren.

Neste quiz er torsdag denne veka: 24. november. Då vert det på nytt vaksenquiz.

Resultat quiz 5 av 7 haust 2022 - 10.november:
(Trykk på bileta for større visning)






Samanlagt:












Alle spørsmål med fasit:








tirsdag 8. november 2022

Torsdagsquiz 4 - 27.oktober 2022

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

16 sylskarpe lag stilte til start. Snittet enda på 55,2 poeng. Heile ni av seksten lag kom seg over 60 poeng.

Mykje smarte lag denne gong, men det var nok ein gong lite å gjera med haustens store formlag Quizteleg Fjolleparti. Siger fire av fire mulege. 72 poeng denne gong. Anderplassen gjekk til LAMP AS, medan FIA HOFA tok ein etterlengta pallplass med sin bronse.

Ådlandslio Velferdslag stakk av med kveldens kinobillettar.

Quizvert for sesongens fjerde quiz var Jon, med Vilde og Alena i baren.

Neste quiz er torsdag 10. november. Då er Sverre tilbake i quizmanesjen.

Resultat quiz 4 av X haust 2022 - 27.oktober:
(Trykk på bileta for større visning)







Samanlagt:











Alle spørsmål med fasit: