tirsdag 21. mai 2019

Torsdagsquiz 14 - 25.april 2019





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

16 våryre lag deltok og snittscoren var denne gong på snaue 59 poeng. Åtte av laga kom seg over 60 poeng.

Asmund frå BJoP vann Rop Ut Quizen. Der slo han enkelt Jakob frå same lag i finalen.

Ekstrapremien gjekk i kveld til Dårlege Odds. Dei fekk med seg ein fin premie. Gratulera!

Bjelland Juletre og Pyntegrønt vann kveldens quiz føre Dei Sporadiske og Quizteleg Fjolleparti.

Samanlagt tok Bjelland Juletre og Pyntegrønt tilbake hegemoniet etter å ha blitt slått av Heise Bra Opplegg i haustsesongen 2018. Quizteleg Fjolleparti heva seg og tok sølvet samanlagt, medan Heise Bra Opplegg fall frå gull til bronse denne sesongen.

Gratulerar med god innsats til kveldens tre medaljørar, samt til dei beste laga samanlagt denne våren.

Quizvert var Sverre. Han hadde også med seg folk i baren. Mest truleg Geir og Alena.

Bakeriet Frugård med Quizmasterane Sverre og Jon, sjef Geir, servitørar og kjøkkenpersonell takkar for nok ein kjekk quizsesong. Vonar de alle vil halde fram med å bryna dei små grå saman med oss også til hausten. Me startar opp att tidleg september. Vel møtt!

God sumar!

Resultat quiz 14 av 14 våren 2019 - 25.april:
(Trykk på bileta for større visning)











Samanlagtstilling etter 14 av 14 rundar:


















Alle spørsmål med fasit:








mandag 22. april 2019

Torsdagsquiz Vår 2019 - Oppdatering





Då har heldigvis Sverre nytta påsken til å peta ned resultata frå quiz nummer 12 denne våren, slik at det er muleg å gi dykk ei oppdatert samanlagtliste:













Som de ser er det Bjelland Juletre og Pyntegrønt som har festa grepet om samanlagtsigeren ein runde før sumarferie. Dei har 18 poeng ned til Quizteleg Fjolleparti, så mykje må gå gale dersom dei skal klare å rote vekk dette. Meir spaning knytta til siste pallplass: Her har Heise Bra Opplegg ti poeng å gå på ned til Litt Arbeid - Mest Pause, avd Stord.

Elles verdt å nemne at heile åtte trufaste lag har fått med seg samtlege quizar denne våren. Utanom dei fire allereie nemde laga har Dei Sporadiske, Quizedillas, Fonna i Krise og Dei Hjelpelause òg deltatt på alle tretten quizar til no. Kudos. Ein liten kvast skal òg følgjande lag ha: Lex Lodney, Har Det På Tunga, Vorslaget og Quizte Du Det? som alle har fått med seg tolv av tretten quizar.

På torsdag 25.april, altså om to små dagar, står Sverre klar med sesongens siste quiz. Me vonar de tek turen for ei siste intellektuell økt med oss på Frugård før de tek sumarferie. Me belagar oss på at quizen returnerar torsdag 5.september til haustsesongen. Men før den tid skal me vel både ha ferie, sola oss, bli solbrente, bada, grilla, køyra moped utan hjelm og ikkje minst gå på Sommarrevy?!

fredag 12. april 2019

Torsdagsquiz 13 - 11.april 2019





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

15 ypparlege lag deltok og snittscoren var denne gong på dryge 55 poeng, noko som er bra levert. Ni av laga som kom seg over 60 poeng.

Aktuelt (16p):
Beste lag (16p): Quizedillas, Lex Lodney og Dei Sporadiske.
Snitt: 13,0p
Beste feilsvar 1: (Spm nr 5) "Barnebidraget" levert av Quizteleg Fjolleparti.
Beste feilsvar 2: (Spm nr 6) "Skulle skyte ELG - ble drept av PINNSVIN - spist av MYGG" av Quizatrengt.

Musikk / Underholdning (18p):
Beste lag (17p): Heise Bra Opplegg.
Snitt: 13,1p
Beste feilsvar: (Spm nr 6) "Oljefondet" av Magnus and his Dogs / Bitches

Rop Ut Quizen vart vunne av Asmund frå Bjelland Juletre og Pyntegrønt. Han slo Magnus frå Magnus and his Dogs i finalen. I finalen visste Asmund at lundefuglen også vert kalla for sjøpapegøye. God kinotur fisherman!

Sport / Historie (16p):
Beste lag (13p): Quizteleg Fjolleparti
Snitt: 9,9p
Beste feilsvar 1: (Spm nr 7) "Unni Lindén" av Heise Bra Opplegg
Beste feilsvar 2: (Spm nr 4) "Toscana" av mange lag. Fram med atlaset folkens!

Lett Blanding (15p):
Beste lag (12p): BJoP, Heise Bra Opplegg, Quizedillas og Dei Sporadiske.
Snitt: 8,9p
Beste feilsvar 1: (Spm nr 9) "Bære bøtter over bekken" av Magnus and his Dogs
Beste feilsvar 2: (Spm nr 6) "Lord Byron Nelson" av Quizteleg Fjolleparti

Bileteark (15p):
Beste lag (13p): Bjelland Juletre og Pyntegrønt
Snitt: 10,3p
Beste feilsvar 1: (Jon Pall Palmason) Bjarte Flem av Lex Lodney
Beste feilsvar 2: (Jon Pall Palmason) Dag Inge Ulstein av BJoP
Beste feilsvar 3: (Anne-Beth Njærheim) Steinar Rosset av Heise Bra Opplegg
Beste feilsvar 4: (Anne-Beth Njærheim) Odd Iversen av Sviskene
Beste feilsvar 5: (Anne-Beth Njærheim) Anne-Cath. Vestly av Magnus and his Dogs
Beste feilsvar 6: (Anne-Beth Njærheim) Gunnar Irgens av Quizedillas
Beste feilsvar 7: (Anne-Beth Njærheim) Mina Hansen av Dei Hjelpelause

(Beklagar Anne-Beth, men dei feilsvara var altfor morsomme til å IKKJE ta med) :-)

Ekstrapremien gjekk i kveld til dei gode Sviskene. Dei fekk med seg ein gratisbillett til Sommarrevyen på torget. Gratulera!

Quizvert var Jon, med Alana og Vilde i baren.

Vel møtt igjen til sesongens siste quiz om to veker: 25.april.

God påske!

Resultat quiz 13 av 14 våren 2019 - 11.april:
(Trykk på bileta for større visning)











Samanlagtstilling etter 13 av 14 rundar:
(Hei Sverre: Me manglar endo scores frå Runde 12. Kva tid sender du dei til meg?)














Alle spørsmål med fasit:








onsdag 10. april 2019

Torsdagsquiz 12 - 4.april 2019





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

Oppdaterring 23.april: 15 gode lag deltok og snittscoren var denne gong på oppsiktsvekkande 64,8 poeng. Altfor enkelt med andre ord? Elleve av 15 lag kom seg over 60 poeng, medan heile fem av laga var over 70.

Ikkje mykje å melda om førre vekes quiz. Men den starta nok rundt kl. 20.00 og varte nok til rundt kl. 22.30. Mest truleg vart det kåra ein vinnar av Rop Ut Quizen, samt tre lag fekk premie for pallplass. Underteikna gratulerar dei heldige/dyktige så mykje.

Ekstrapremien gjekk mest truleg òg denne gong til eit trufast lag. Kva lag det var og kva dei vann seier den begredelege rapporten frå førre vekes quizmaster ingen verdas ting om.

Oppdatering 23.april: QF vann quizen, medan LAMP og Lex Lodney følgte på dei neste pallplassane.

Quizvert var Sverre, med Alena(?) og Geir(?) i baren.

Vel møtt igjen i kveld 11.april.

Resultat quiz 12 av 14 våren 2019 - 4.april:
(Trykk på bileta for større visning)












Samanlagtstilling etter 12 av 14 rundar:

Ukjent per dags dato. Sjå update frå 23.april.

Alle spørsmål med fasit:









fredag 29. mars 2019

Torsdagsquiz 11 - 28.mars 2019





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

17 stilige lag deltok og snittscoren var denne gong på litt lave 47,9 poeng av totalt 80 mulege. Likevel kom ti av laga seg over 50 poeng.

Førstearket kunne i kveld by på alt frå skipsdrama på Nordvestlandet, via politikk, ost og film, til fotball og Spellemannspris. Om lag halvparten av laga leverte greit på eit litt vrient ark. Beste lag var Lex Lodney som prikka inn 13 rette svar. Snittet enda på lave 7,6 poeng, men det får nesten dei 5-6 laga som ikkje kan ha følgt med på siste vekes nyhende ta på si kappe.

For ein gongs skuld skulle laga levera bra på musikkquizen. Og med greie spørsmål på underhaldningsbiten i tillegg, vart det mykje gode scores på andrearket. Beste lag var Quizedillas med 17 poeng av 18 mulege. Flinke piker! Også bra levert av både LAMP, Dei Sporadiske, QF, HBO og BJoP som alle klarte 16 poeng. På musikken var det Daniel Powter som var verst å hugse. Mange lag prøvde seg her med hans namnebror Daniel Bedingfield. På underholdsningsspørsmåla var utfordringa henta frå Flåklypa. Berre eit fåtal av laga kunne hugse rett namn på svensken: Ronny Medelsvensson. Snittet enda på gode 13,3 poeng.

Rop Ut Quizen gav oss ein duell mellom Oddmund frå HBO og Simen frå Dei Sporadiske. Oddmund tok seg til finalen på kunnskap om Tour de France (startar i Brussel i sommar), medan Simen var først ut med rett svar på spørsmål om grovisar på Radio Norge (Geir Schau). I finalen gjekk det tråare for dei to kamphanane. Første spørsmål: "Kva ord i Noreg vert alltid uttalt feil?" Nei, ingen fanari på nokon av dei. Det rette (feile) svaret? Feil, sjølvsagt. Hehe. Spørsmål to: "Kva heiter største byen på øya Sardinia?" Heller ikkje her visste dei det rette svaret: Cagliari. Men på tredje spørsmål kunne avgjerdsla endeleg falle: "Innanfor data, kva står forkortinga LAN for?" Rett svar: Local Area Network. Og dette visste Simen. Bra! God tur på kino!

Etter Rop Ut Quizen vart det testa ut ein ny vri der to quizdeltakerar vart trekt opp for ein duell. Denne gong var det varaordførar Jakob (BJoP) og FrP-kverulant Reinert (Lex Lodney) sine namn som heilt tilfeldig dukka opp frå trekningskorga. Dette måtte bli bra etter siste vekes lesarinnlegg i Bladet Sunnhordland.

Jakob og Reinert klare til dyst.






































Kva dei kom til å bli testa ut i ville bli spanande, for me hadde nemleg invitert opp HBO sin gode mann Per Jarle til å vera gjestequizmaster. Og som seg hør og bør måtte temaet bli politikk. Første spørsmål vart ein jamn kamp. Per Jarle ville til ein tidlegare Sovjet-stat der ein president nyleg gjekk av etter 29 år som landets overhovud. Men kva heitte denne presidenten? Jakob ressonerte seg kjapt fram til at dette måtte vere i Kazakhstan. Men namnet var verre. Då kom Reinert hjelpande til med svaret Nursultan, noko Jakob måtte vera enig i. Men Per Jarle kunne ikkje godkjenna dette svaret, grunna det berre er fornamnet til den avtroppande presidenten. Og etternamnet kunne ingen av dei. Per Jarle måtte då opplysa om rett svar; Nazarbayev, og kandidatane måtte dermed gjere seg klare til eit nytt spørsmål.

Gjestequizmaster Per Jarle fekk liv i salen.






































Neste spørsmål ut skulle dreie seg om britisk politikk og Brexit. Her lurte PJ på kven av Tory-politikarane som var først ut med å skifte standpunkt i saka. Jakob er kjapt ute og prøvar seg med Boris Johnson. Ikkje rett. Så kjem Reinert på banen med Jacob Rees-Mogg. Og i følgje PJ er dette rett. Imponerande! Ein vinnar vart kåra og Reinert kunne motta både applaus frå salen, gratulasjon frå ein resignert(?) Jakob og eit glas frå Geir i baren. Men med to politikarar i duell, trudde du diskusjonen slutta der? Nei. Jakob kunne sjølvsagt ikkje slå seg heilt til ro med nederlaget og påstod hardnakka at han hadde rett og dermed var den rette vinnaren. To be continued.

Reinert mottar gratulasjon frå Jakob.






































Ark 3 dreia seg om Rekordar og Snop denne kvelden. Det skulle gå forholdsvis greit for halvparten av laga. Snittet enda på 8,7 og beste lag var QF med fine 13 poeng. Også kudos til Har Det På Tunga med 12 poeng. På Rekordar var det Jack Nicklaus som var nøtta. Dei fleste prøvde seg her med Tiger Woods, men han manglar enda fire Majors på å tangera rekorden til The Golden Bear. Elles var det mykje gode forslag på kva rekord Robert Wadlow innehar. Hehe. Angåande spørsmålet om T-skjortene har det i ettertid kome fram at rekorden på 227 T-skjorter frå 2008 nyleg vart slått. Ein amerikanar klarte å få på seg utrulege 260 T-skjorter for ikkje lenge sidan. I kategorien Snop ville mange ha det til at Krembanan kom før krigen. Elles var det mykje gode svar.

Lett Blanding gav eit snitt på 9,3 og beste laga hadde 13 poeng av 15 mulege: Lex Lodney, BJoP, HDPT, Sviskene og Krise i Synningo. Eit normalt sterkt lag som QF kollapsa totalt og makta berre 6 poeng. Sjokkerande. Utfordringa på arket var å hugse terrorhandlinga i Moskva i 2002. Ingen av laga prikka inn Dubrovka-teateret her. Elles var det ein del bom på barneskulane på Bømlo.

Også biletearket var litt vanskeleg i kveld. Snittet enda på snaue 9 poeng. Beste lag var BJoP som tok sterke 14 poeng. Bra også av LAMP og Dei Hjelpelause med 13 poeng. Mest gøy på biletearket denne gong var svaret til quizveteranane Har Det På Tunga på biletet av Ariana Grande. Dei freista like godt lukka med Zara Larsson. Du verden! Veit de endo ikkje korleis den svenske popyndlingen ser ut? Høhø.

Totalt var det berre tre lag som kom seg over 60 poeng. Tredjeplassen gjekk til LAMP (60p), medan kampen om sigeren skulle stå mellom BJoP og Lex Lodney. Bjellandsgjengen henta 62 poeng og måtte ta til takke med andreplassen, medan Lex Lodney vann med 64 poeng. Altså nok eit nederlag for varaordføraren. FrP-mann Reinert, som var med på superlaget Lex Lodney (for første gang?) kan smila lurt på kontoret på Kjøtteinen i dag. Vel levert gode lag!

Samanlag auka BJoP luka i teten til QF. Det skiller no 18 poeng med tre quizar att. Kampen om tredjeplassen står mellom HBO og LAMP, der førstnemnte har 12 poeng å gå på.

Tilbake til den politiske duellen halvvegs: Etter quizen kjem Jakob opp med bevis på at han likevel hadde rett svar med Boris Johnson. Det viser seg altså, i følgje Jakob si kjelde, at Johnson og Rees-Mogg var ute samstundes med å skifte side i Brexit-saka, og no vil støtte Theresa May. Ergo meinar Jakob han er den rettmessige vinnaren. Me får sjå neste torsdag kva QM Per Jarle meinar. Kan det vere at Reinert skulder Jakob eit glas i baren?!

Ekstrapremien gjekk i kveld til den fine gjengen Magnus and his Bitches. Dei fekk med seg to billettar til Bjørn Berge sin konsert på Arena 26.april. Have fun!

Quizvert var Jon, med Alana og Geir i baren.

Vel møtt igjen neste torsdag 4.april.

Resultat quiz 11 av 14 våren 2019 - 28.mars:
(Trykk på bileta for større visning)












Samanlagtstilling etter 11 av 14 rundar:














Alle spørsmål med fasit:








tirsdag 26. mars 2019

Torsdagsquiz 10 - 21.mars 2019





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

16 våryre lag deltok og snittscoren var denne gong på gode 58,2 poeng av totalt 80 mulege. Heile ni av laga kom seg over 60 poeng.

Det vart ikkje Rop Ut Quiz denne kvelden då den allereie vart vunnen på andrearket. Ei snedden jenta på Quizedillas skvatt til då Sverre ropte ut "Show Me The Money!" og kom sporenstreks med svaret tilbake. Dette gav sjølvsagt premie. Hehe.

Det ser også ut som Geir si tid som musikkquizvert er over, då forsamlinga valde Sverre sin musikkquiz over Geir sin, men overveldande margin.

Elles verdt å bemerke seg at Fonna i Krise scora rekordbra på fjerdearket med Lett Blanding. I den nyare quizæra si historie har ALDRI eit lag scora så bra som 16 poeng. Sylskarpt!

HBO tok sigeren føre QF, med HDPT på tredjeplass. BJoP leiar framleis samanlagt, men berre nokre få poeng føre QF. Her vert det nok spaning heilt inn, med berre fire quizar att før ferien.

Ekstrapremien gjekk nok også denne kvelden til eit flott lag. Dei fekk nok også med seg ein steikje fin premie, og vil nok få ein sabla kjekk kveld på konsert.

Quizvert var Sverre, med Marie og Geir i baren.

Vel møtt igjen i morgon torsdag 28.mars.

Resultat quiz 10 av 14 våren 2019 - 21.mars:
(Trykk på bileta for større visning)










Samanlagtstilling etter 10 av 14 rundar:












Alle spørsmål med fasit:







fredag 15. mars 2019

Torsdagsquiz 9 - 14.mars 2019





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

15 snedne lag deltok og snittscoren var denne gong på finfine 58,8 poeng av totalt 80 mulege. Heile ti av laga kom seg over 60 poeng.

Det skulle altså bli slik denne kvelden at begge dykkar favorittquizvertar skulle dukke opp. Og jommen santen trudde begge at dei skulle halde quizen. To knakande gode, heilt ulike, quizar var også laga. Kommunikasjon! Huff. Dette har då forplanta seg frå då Sverre var snufsen og heile timeplanen vart snudd på hovudet. Ikkje enkelt. Uansett enda det med at den som var først til mølla fekk gleda av å halde quizen denne kvelden, medan Sverre måtte ta til takke med å ta seg eit glas og vere deltakar på QF sitt eminente lag.

Første runde vart forholdsvis grei skuring for veldig mange lag. Snittet enda på sterke 13,1 poeng og det var BJoP og Dei Sporadiske som imponerte mest. Dei prikka begge inn full pott og 16 poeng. Også kudos til LAMP, Quizedillas, Hard Det På Tunga og Blanda Drops som alle fekk med seg 15 poeng. Svara laga sleit mest med var Snøhetta, Ballett, Salt Lake City og dei ulike greinene i Farmen. Nokon sausa det også til med feil årstal frå då Stephen Hawking la inn årane. 2018 der altså, så tida går ikkje såååå fort.

Andrearket skulle gi liv til litt lått og løye i kveld. I alle fall for dei som tok vitsen. Samtlege av kveldens låtar heitte altså det same. Tolv av laga skjøna dette. Kva dei resterande tre laga har tenkt på får me nok aldri greie på. Uansett var det altså fem bonuspoeng å hente på musikken, ein kategori som har vist seg å ta knekken på både den eine og andre tidlegare. Best av alle på musikken var HBO som kunne alt og tok ti poeng. Nøtta var nok The Animals, sjølv om også fleire sleit med Talk Talk. Underholdningsspørsmåla skulle heller ikkje vere all verdens vriene i kveld. Og mange scora gledeleg nok bra. Svaret færrast hadde var Roberto Benigni. HBO var best med 18 poeng og full pott totalt på arket, medan BJoP får få med seg ein pjuskete bukett for sine 16 poeng. Fire lag tok 15 poeng. Snittet enda på fine 13,1 poeng.

Halvvegs var tre lag i delt leiing med 31 poeng: BJoP, LAMP og Dei Sporadiske. Dei hadde eit heilt poeng forsprang ned til Blanda Drops og HBO som runda på 30 poeng.

Rop Ut Quiz duellen skulle i kveld stå mellom Lene frå Quizedillas og Stian frå Lex Lodney. I finalen var dei svar skuldig når det kom til spørsmålet om kva plante som er å sjå i logoen til taco-merket Old El Paso. Kaktus, der altså. På finalespørsmål nummer to var Lene på hugget. Kva kallast det danske flagget? Riktig, Dannebrog. Godt levert og god tur på kino! Du tar vel med søster di då?

Ark 3 dreia seg om kva ein finn på butikken og pi. Dette må ha fenga, for snittet enda på feiande flotte 12,5 av 16 poeng. Best av alle var Fonna i Krise og Dei Hjelpelause som tok 15 poeng. Utfordringa på butikkspørsmåla var nok fargane, medan regissøren av Historien om Pi skapte mest hovudbry for laga i kategorien Pi.

Greie resultat vart det også på arket med Lett Blanding. Snittet enda på 11 av 15. Best lag var HBO med 14 poeng. Overranskade få hugsa DVD-Jon, fleire lag blanda kne med ankel og nokon sleit med å få definert verdas største øyar. Sjølv om QM opplyste at kontinent ikkje vert rekna som øyar, var det likevel fleire som freista trumfe dette gjennom. Du verden. Elles litt oppsiktsvekkande at så mange ikkje er kjent med Sølvpilen. Her må de ta tak, folkens!

























Biletearket gav oss ein litt lav snittscore på dryge 9 poeng denne kvelden. Beste lag var Dei Sporadiske, QF og LAMP med sine 13 poeng. Nokon som framleis bommar på Zara Larsson? Hehe.

Det vart jamnt i toppen også denne gong. Berre to poeng skilde dei fire beste laga. HBO måtte ta til takke med den grusomme fjerdeplassen, medan Dei Sporadiske tok ein fortent tredjeplass etter å ha levert ein stødig og god quiz. Det må likevel ha vert litt bittert, sidan dei berre mangla éitt fattig poeng på ein potensiell siger. Den kampen skulle derimot stå mellom BJoP og LAMP. Begge lag enda på 69 poeng, men det var LAMP som viste seg sterkast på bileta og dermed tok heim sigeren. Gratulera så mykje både til vinnarlaget og dei andre pallplasserte laga.

Ekstrapremien gjekk i kveld til Dei Hjelpelause som fekk billettar til Bjørn Berge sin konsert på Arena 26.april. Det blir nok bra!

Quizvert var Jon, med Marie og Marita i baren.

Vel møtt igjen neste torsdag 21.mars, då er Sverre tilbake i manesjen med nok ein vrien quiz.

Resultat quiz 9 av 14 våren 2019 - 14.mars:
(Trykk på bileta for større visning)












Samanlagtstilling etter 9 av 14 rundar:













Alle spørsmål med fasit: