fredag 22. oktober 2021

Torsdagsquiz 1 - 21.oktober 2021

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

15 stilige lag deltok og snittscoren var denne gong på sterke 62,3 poeng. Tre skarpe lag av 15 kom seg over 70 poeng og heile 11 lag over 60 poeng.

Endeleg var det på tide med quiz på Arena og Frugård att! Heile 595 dagar utan quiz er for lenge. Ein skulle tru at det for mange var kjærkoment med quizcomeback, då både Jon, Sverre og Geir har fått nok av henvendingar om når quizen skulle returnera i løpet av det siste halvanna året. Me måtte altså venta heilt til gjenopningssteg 9 (der det igjen er lov å gå på do utan å vaska nevane etterpå) før det vart innafor å starte opp att med quizen. Høhø.

Det var difor gledeleg for quizcrewet at såpass mykje folk møtte opp denne kvelden. Som nemnt stilte 15 lag, noko som er bra. Men det er endo plass til fleire. Ut i frå lagnamna var det mange gjengongarar, men også nokre nye lag. Det likar me.

Timar før oppstarten hadde quizvertane telefonmøte, og det var ei enkel avgjerdsle at sjølve strukturen på quizen skulle vera uforandra sidan me sist møttes på Arena, 5.mars 2020. Altså 80 poeng oppnåeleg, med 16 poeng per ark. Kva er då meir naturleg enn at Sverre sausar i hop 15 poeng på første ark? Haha. Så dersom de ser eit poeng for mykje på førstearket på resultatlista under, er det reknskapsføraren som har gitt alle lag eit bonuspoeng her. Det fortenar de alle. Lat oss sei det var for oppmøtet.

Det ser ut som dei fleste lag kom seg greit gjennom førstearket, med eit snitt på nesten 13 poeng. Litt verre vart det på andrearket med musikk og underholdning. Her må nok nivået opp eit par hakk for fleire av laga dersom de skal vera med å eta kirsebær med dei store. Snitt på dryge 10 poeng. Var det musikken til Geir som nok ein gong var heilt kørka?

Halvvegs leia eit skarpt tospann beståande av LAMP AS og Dei Sporadiske med 28 poeng.

Ark tre handla denne gong om COVID-19 delt på Godt og Dårleg. Dette må ha falt i smak hjå deltakarlaga. Tre lag tok full pott, medan samtlege kom frå det med maksimalt to feil. Imponerande eller rett og slett for enkle spørsmål? Me lyt konkludera med at samtlege lag her var forferdeleg gode.

På Lett Blanding gjorde også dei alle fleste laga det godt. Snittet enda på over 12 poeng. Kudos til QF for full pott her. Det var to poeng betre enn neste lag.

Biletearket gav også gode scorar denne gong. Snittet kom nesten opp i 12 poeng og tre lag prikka inn 15 rette av dei 16 rette svara. Tretten av femten lag hadde minimum 10 rette, så her må nok resterande lag gå i seg sjølv og pugga aktuelle fjes til neste quiz.

Sjølv om ark to var heller begredeleg for laget, var QF såpass gode på resten av arka at det skulle holda til siger i quizcomebacket. Men det var med minst muleg margin. LAMP AS enda på like mange poeng, men måtte sjå seg slått sidan QF henta full pott på fjerdearket om Lett Blanding. Finfin tredjeplass til Dei Sporadiske, berre poenget bak tetduoen.

Om det var Rop Ut Quiz, om nokon vann den, om dei fekk kinobillettar og om noko lag vann konsertbillettar sa rapporten frå quizverten ingen verdas ting om. Sjølv etter purring var det tyst.

Quizvert var Sverre, med Geir og Alena i baren.

Quiz nummer to vert om snaue to veker: torsdag 4.november.

Resultat quiz 1 av 12 haust 2021 / vår 2022 - 21.oktober:
(Trykk på bileta for større visning)




Alle spørsmål med fasit:

(PS: Ver greie å tilgi bloggaren for alle skrivefeila under. Det vert diverre så aldeles for mykje arbeid å retta opp i "kladden" til quizverten som held annakvar quiz)




























Her skulle sjølve biletearket vist, men det vart aldri rapportert inn til bloggansvarleg frå kveldens quizvert.