onsdag 20. desember 2017

Torsdagsquiz Haust 2017 - Statistikk





Statistikk for haustsesongen 2017

00046 - Det var totalt 46 ulike lag som deltok.
00308 - 308 bord var besatt på 15 quizar.
00020 - Dette gir eit snitt på 20,53 deltakande lag per quiz.
01540 - 1540 svarark vart levert inn.
01540 - Også 1540 svarark vart retta. Litt av ein jobb, eller kva seier de lærarar?
00018 - 18 lag var på 10 eller fleire quizar.
00024 - 24 lag var på 7 eller fleire quizar.
00016 - 16 lag var på berre éin quiz.
01275 - 1275 poeng var oppnåeleg totalt på 15 quizar.
00060 - Snittet totalt for alle lag var på dryge 60 poeng (av 85p oppnåeleg per quiz).

15000 - Det vart delt ut totalt 15.000 kroner i gåvekort.
00016 - Det vart delt ut 16 stk store pizza.
00027 - Det vart delt ut 27 kinobillettar .
00025 - Det vart delt ut 25 billettar til konsertar / events på Arena denne hausten.

00011 - 11 ulike lag var på pallen.
00006 - 6 ulike lag vann minst éin gong.
00007 - BJoP vann quizen flest gongar med sine sju sigrar.
00015 - QF var på pallen alle 15 quizar: fire sigrar, sju 2.plassar og fire 3.plassar.
00011 - BJoP var på pallen 11 gongar: sju sigrar og fire 2.plassar.
00004 - Fire lag vann quizen éin gong: BSES, Dei Sporadiske, HBO og Blanda Drops.

05700 - Bjelland Juletre og Pyntegrønt samla flest kroner i gåvekort: 5700,-
05600 - Quizteleg Fjolleparti samla mest verdi med 5600,- i gåvekort og 4 stk pizza.

00011 - 11 ulike personar vann kinobillettar i Rop-Ut-Quizen.
00002 - Oddmund og Solveig gjekk begge til topps 2 gongar.

00005 - 5 ulike personar vann Jackpotquizen.
00004 - 4 gongar gjekk Jackpoten videre til neste veke.
04070 - Jakob vann Jackpoten flest gongar: 5 triumfar. Totalt sopa han inn 4070 kroner.
03790 - Nils vann Jackpoten 3 gongar. Dette resulterte i 3790 kroner.
02955 - Øystein Vegar vann haustens største Jackpot (trippel). Den var på 2955 kroner.
01900 - Stian vann 1900 kroner på Jackpotquizen (dobbel).
00830 - Ingvild vann 830 kroner på Jackpotquizen.
13545 - Det vart totalt kjøpt lodd for 13545 kroner.

00015 - Oddmund drakk flest koppar med kaffi: 15 stk
00045 - Øystein Vegar åt flest tapasrettar: 45 stk
00085 - Wenche åt flest soltørka tomater: 85 stk
00129 - Arve drakk flest pils: 129 stk
00039 - Fonna i Krise og Dei Sporadiske drakk flest Cappucino: Begge med 39 stk
00060 - Jon drakk flest glas med sodavatn: 60 stk
00100 - Geir var den med høgast sex-appeal. Han oppnådde ein score på 100%.

Topp 20 liste med snittscore for laga med 9 quizar eller fleire:


fredag 15. desember 2017

Torsdagsquiz 15 - 14.desember 2017





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

18 lag deltok og snittscoren var på litt skuffande 56 poeng (av totalt 85 moglege).

Så var det klart for årets siste quiz! 18 lag hadde tatt turen og med julete musikk over høgtalaranlegget låg alt til rette for ein glitrande kveld.

Førstearket med aktuelle spørsmål varierte frå 12 poeng av dei vanlege 21 og til strålande full pott! Blanda Drops hadde gjort heimeleksa si denne veka og imponerte med alle rett. Bravo! Også god innsats av Anyohaseyo, Dei Sporadiske, QF og BJoP som henta 19 poeng. Vanskelegaste spørsmål på arket var navnet på ICAN-leiaren (berre 3 lag kunne namnet hennar), nyorda (kun 4 lag med full pott her), samt namnet på busstasjonen i NYC. Berre 4 lag visste dette. Utanom dette var kan henda tilbakeblikket på Oscarutdelinga vanskeleg å hugsa. 8 lag prikka inn 2 av 2 poeng her.

På musikkdelen kom tre lag frå det med 9 av 10 poeng: Blanda Drops, Stord BTK og QF. Bra! Verste songar her var Janet Jackson sin hit Together Again som berre to lag kunne. Også Counting Crows sin låt Accidentally in Love frå filmen Shrek bydde på problem. 4 lag hadde både artist og namn på låt rett. Elles var det stort sett bra innsats! På film/TV delen var det mogleg litt verre. Berre HBO hugsa namnet på serien En Vakker Dag. Og berre sju av atten lag hadde rett rangering på Brad Pitt filmane. Utanom dette var det jamnt over ålreit innsats. Furuly 4 Ever, HBO og Dei Hjelpelause kom frå det med berre tre feil på arket totalt sett, medan Blanda Drops igjen var best med 16 av 18 poeng. I kveld var dei på hugget!

Rop Ut Quizen halvvegs enda i ein finale mellom Oddmund frå HBO og Njål frå Stord BTK. Oddmund hadde kontroll på antal Oscars til Frihetens Regn (ingen), medan Njål kunne sin swahili (Hakuna Matata). I finalen nagla Oddmund spørsmålet om Chaplin og skoa han åt. Dei var laga av lakris. Grattis med kinobillettar, Oddmund!

Halvvegs hadde Blanda Drops fått seg ei sterk luke på 3 poeng ned til dei næraste utfordrerane. Fleire lag på skothald, så dette kom til å verta spanande.

På tredjearket i kveld dreia det seg om Hjul delt på Jul. Kunne dette vere noko for laga? Alle kom godt i gong. 18 av 18 lag kunne spørsmålet om barnevogna. 8 av 18 lag hadde rett på både Harley og Hjul på andre språk. Verre var det med traktor og koffert på spørsmål 4. Berre to lag nagla begge to. Til slutt på trøyene frå dei største sykkelritta var det åtte lag som hadde alle tre. Over til spørsmål om jul. Åtte lag kunne sine julekakeoppskrifar og fattigmann. Også åtte lag visste at sirupsnippar vert kalla spekulasier i Bergen. Snappelasjer, Bord 9? Huff og huff. Jul og kristendom var dei fleste gode på, medan halvparten av laga hadde kontroll på Amelies jul. Til slutt var det fire lag som hadde begge rett på litteraturspørsmåla.

Årets siste spørsmålsark var som vanleg ein blanda miks. Spørsmålet som var verst var det om bretting av papir. Berre Hakke Peiling kunne dette. Elles var spørsmåla om cricket og gullflyndre utfordrande. Fem lag visste at ein cricketbane er oval (rund og elliptisk ikkje godkjent), medan fem lag hadde rett med rødspette som eit meir kjent namn på gullflyndre. Overraskande her at fiskeeksperten Asmund bomma på denne! Smørflyndre? Hmm. På sportsnøtta til slutt var to av laga imponerande. FIA HOFA og Blanda Drops tok fem av seks som har teke OL-gull på 5 mila. Berre Thorleif Haug frå 1924 mangla. Veldig bra! Resten av spørsmåla på arket var dei fleste lag on top of. Beste (verste) svar må vere Dei Sporadiske som konkluderte med at heile 10% kan sleika sin eigen olboge. Hehehe. Elles litt urovekkande at QF trudde Besserudtjernet låg i Romerriket. LOL.

Jackpotquizen gav i kveld stusselege 710kr. Lavara enn vanleg, men så var ikkje Nils på plass i kveld. Han lika jo lodd. Første semi var mellom Jakob og Asmund, begge frå BJoP. Og her var Jakob best når han briljerte med avansert bibelkunnskap (Metusalem). I andre semi var det Oddvar (BJoP) og Frode (Tors Utvalgte) sin tur. Her gjekk Frode sigrande ut. Han visste at Snåsa ligg i Nord-Trøndelag. Då hadde dei først blitt stilt til veggs med Flintstones. Ingen visste det var i den fiktive byen Bedrock denne teikneserien føregjekk. I finalen handla det om fotball. Kven har scora mest mål i Premier League sidan starten i 1992? Og dette visste Jakob. Alan Shearer. For ein legende! Shearer, alstå. Grattis Jakob! Kjøp no noko fint til fruen til jul.

Så var det klart for oppsummering. Og jommen stod dei sneddne jentene (+ eit par skarpe eldre herremenn) distansen! Med heile 7 poeng føre dei andre laga stod dei for ei real utklassing i kveld! Applaus! QF sneik seg til andreplassen føre HBO. Dei var à poeng, men QF tok dei på fleire bilete. Grattis til laga på pallen! Tors Utvalgte avslutta året med ein 4.plass, BJoP kom på femte, medan dei tedrikkande jentene på Furly 4 Ever tok ein fin 6.plass.

Samanlagt var det ingenting å gjere med QF. Dei slo rivalane BJoP med 3 poeng og enda dermed 16 poeng føre totalt. Lex Lodney tok 3.plassen med eit naudskrik, berre 2 poeng føre HBO som kom sterkt mot slutten. Mon tru om Nils og co hadde kalkulert dette, sidan dei ikkje stilte på årets siste quiz? Gratulera til alle tre laga på pallen! Reknar med alle dykk andre er gira på å slå dei i vårsesongen?!

Tre lag stilte på samtlege 15 quizar: Dei Hjelpelause, Bjelland Juletre og Pyntegrønt samt samanlagtvinnar Quizteleg Fjolleparti. Samanlagtvinnarane var også laget med best snittscore denne hausten. Dei snitta på 71,4 poeng. Sterkt! Hakk i hæl kom BJoP med eit snitt på 70,7.

Tors Utvalgte vart denne gong trekt ut som heldige vinnarar av to gratisbillettar til konsert med Poporkesteret  på Arena 3.juledag. God konsertfornøyelse kjekke folk!

Quizvert var Jon, med Geir og Konstanse i baren.

Takk for ein julete kveld og vel møtt igjen torsdag 4.januar til ein ny quizsesong!

Resultat quiz 15 av 15 hausten 2017 - 14.desember:
(Trykk på bileta for større visning)













Samanlagtstilling etter 15 av 15 rundar:

















Alle spørsmål med fasit:






fredag 8. desember 2017

Torsdagsquiz 14 - 07.desember 2017





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

20 lag deltok og snittscoren var på 59 poeng (av totalt 85 moglege).

I kveld var det skikkeleg quizvêr ute, så kjekt at 20 lag hadde tatt turen inn i varmen på Arena. Dette til trass for både vanskelege parkeringstilhøve og ei travel førjulsstrid. Lat oss håpa Jakob tar opp parkeringstilhøva i neste kommunestyremøte, slik at vårsesongen av quizen kan gå utan å gjere deltakerane til fant. Folk var tidleg ute i kveld, og fekk servert litt lettbeint julemusikk inni mellom anna snadder. Og når Oddmund hadde fått kaffikoppen sin var me alle klare for dyst.

Første runde med aktuelle spørsmål skulle i kveld resultere i eit snitt på 15 poeng av dei vanlege 21 oppnåelege. Som vanleg var det Lex Lodney som dreiv ap med dei andre laga og kunne bokføra ein god start med finfine 19 poeng. Også god start for Anyohaseyo, Har Det på Tunga og Dei Sporadiske med 18 poeng i banken. Mykje overkommelege spørsmål på startarket denne gong, men spesielt fire av spørsmåla skapte gråe hår. På første oppgåva kunne ein henta fire poeng om ein hadde kunnskap om IOC, OL, doping og Russland. Berre fire lag tok alle: HBO, Sviskene, Furuly 4 Ever og Blanda Drops. Spørsmål 4 handla om The Voice, og berre 9 av 20 lag henta 3 poeng. Også spørsmål 5 om maraton resulterte i 9 lag med begge rett. Til slutt var det sisteoppgåva som var arkets vanskelegaste. Berre LL og HBO nagla både filmtittel og skodespelar. Godt levert!

På musikkdelen fekk endeleg skohandlar Einar 60-talsmusikken sin og kunne smila frå topp til tå. Og sjølvsagt visste han både artist og namn på låt her. Saman med Stord BTK var det seks andre lag som tok begge. Elles mykje ymse forslag, med alt frå Roy Orbison til Everly Brothers. 80-tals rap med legendariske Run-DMC hadde 17 av 20 lag kontroll på. Imponerande! Verre då med 90-talet. Dei fleste kunne tittelen Torn, men berre halvparten av laga drog kjensel på stemmeprakten til Trine Rein. Andre som har tenkt tanken om at det var opplagt at jegeren Lars Monsen sjølvsagt måtte nedlegga ein Rein? Høhø. Seks av laga gjekk i Imbruglia-fella, medan nokre lag trudde det var Alanis Morisette(!). Train sin hit Hey, Soul Sister tok 9 av laga, medan 8 lag tok Sondre Justad sin låt. Berre tre lag scora 10 poeng og full pott på musikkdelen: Stord BTK, Dei Sporadiske og Blanda Drops. Men mykje gode scorar elles òg. På filmdelen var det berre QF som tok alle. Sju lag bomma på filmen til Bruce Willis, halvparten av laga hadde Muldvarpen (mange her med Villa Medusa og Bigbrother), også halvparten med rett på Gene Hackman. Når det kom til Manshow fekk 8 lag begge svar rett. Verste spørsmål var det siste. Her var det berre seks lag som greide alle tre rett. Oppsiktsvekkande få som visste kven David Brent er?! Sjå The Office UK! Strålande serie, folkens.

På Rop Ut Quizen halvvegs var det to gjengangerar som skulle møtast i finalen. Jakob sikra seg først plass ved å svara rett på kva einaste flagg som er svart og raudt er: Albania. Solveig frå Dei Hjelpelause vart motstandar ved å svara rett på kva ein kallar ein som lagar damehattar: Modist. I finalen fekk dei følgjande spørsmål: Kven har stemma til Ludvig i Flåklypa Grand Prix frå 1975? Etter litt tenkjetid prøvde Jakob seg: Leif Juster? Nei nei nei. Alle veit jo at det er Juster som har forteljarstemma her, Jakob? Solveig derimot, ho hadde is i magen og drog rett svar opp frå damehatten når Jakob feila kapitalt: Toralv Maurstad. God kinofornøyelse!

Halvvegs var det Dei Sporadiske som hadde kome best i gong. Med 34p hadde dei poenget ned til QF og Blanda Drops. Stord BTK og BJOP hadde henta 32p, medan LL låg på 31p.

Ark 3 skulle i kveld dreia seg om Norsk Vintersport og Mytologi. Det såg ut som disse tema skulle falle i god smak. Snitt på 12 poeng av 16 oppnåelege er bra. Imponerande 13 av 20 lag visste det var Mange Myrmo som var siste verdsmeister på treski. Skihoppingsspørsmålet tok halvparten av laga. 19 av svara var Espen Bredesen, men mange bomma altså på bakkestørrelsen. Sonja Henie hadde dei fleste kontroll på. Mest rystande svar her kom frå Stord BTK. Dei fleska like godt til med årstalet 1939. Verkeleg? Og de kallar dykk sportsinteresserte? Trudde alle visste at OL kun føregår i partalsår? Tydelegvis ikkje. Huff og huff. Kulekjøring resulterte i 17 lag med full pott og trepoengsoppgåva gav 13 lag med alle rett. Veldig bra! Fire av laga hadde alle rett og 8 poeng: Tors Utvalgte, HBO, Har Det På Tunga og Lex Lodney. Så over til mytologi. Det skulle byrja enkelt. Anubis klarte 19 av 20 lag å kopla til Egypt. Berre QF bomma på dette. LOL. Balder og Breidablikk var visst verre. Berre tre lag visste dette. Betre då med Ikaros. Kun to lag med feil. Til slutt handla det om kjærleik og hav. Kjærleik kan de: 16 lag med begge rett. Dei tre havgudane visste 8 av laga. Ingen lag med toppscore på mytologi, men dei fleste kom frå det greit. Totalt sett på tredjearket var det tre lag som kom frå det med berre éin feil: LL, HBO og HDPT.

Lett Blanding inneholdt fleire fiffige spørsmål i kveld. Berre éitt lag bomma på Estragon. Medan Niagara Falls var det berre fire lag som gjennomskua. Fire lag må heim og læra seg å rekna, og åtte av laga må spela meir Tetris. Vanskelegaste spørsmål var kva PA står for i rett samanheng. Berre to lag visste dette var Public Address. På Geonøtta til slutt var det seks lag som tok alle nabolanda til India: LL, BD, QF, BJoP, samt begge debutantlaga Tung Ballast og Røyksundsgjengen. Bra! Beste score stod QF for med 14 av 15 poeng. Elles verdt å nemna at Bord 20 henta stusselege 6 poeng. Dei trudde blant anna at India berre grensar til to land. Og det på eit spørsmål verdt 6 poeng. Ouch.

Biletearket hadde i kveld eit snitt på dryge 10 poeng. Dette skulle bety at fleire lag gjorde det skarpt. Bileta med flest feil var: Nokia 1610/1611 (17 feil), Manx-katten (14 feil) og Anna Faris (17 feil). Mange tippa her både Britney Spears, Ashley Simpson og Heather Locklear. Ikkje ueinig at godaste Anno likna på dei alle. Elles bomma ni lag på biletet frå Woodstock i '69, og ni lag tippa filmbiletet var frå Brødrene Løvehjerte og ikkje Mio min Mio. På resten av bileta var det stort sett veldig bra! Verste svar stod nok ein gong Bord 20 for. Dei var einaste lag som bomma på kartet av Rhinen. Amstel, tippa dei. Drukke for mykje nederlandsk øl?

Klart for Jackpotquiz! Og det kjekkaste med den i kveld var at den allereie hadde 900kr frå førre torsdag i seg. Konstanse gjorde ein god jobb med loddsalet og den totale potten enda på fine 2020kr. Første lodd var rosa. L for Lars. 26. Kven kunne det vere? Ingen meldte seg. Hm. Kva kan ha skjedd her? Førjulsmysterium. Hadde loddkjøpar gått heim eller ønska ikkje den heldige 15 seconds of fame / shame? Nye lodd måtte trekkjast og det var kanonene Jakob og Oddmund som skulle duellera i første semifinale. Spørsmål: I kva land har Leopold I, II og III vert konge? Oddmund rista på hovudet. Jakob derimot, han heiv seg utpå: "Jakob! Belgia!" Så korrekt det kan bli! I neste semifinale vart eit nytt rosa lodd trekt. Også denne gong utan at nokon ville vedkjenna seg det. Spesielt! Konstanse? Kva har du balt med her? Hehe. Nye lodd resulterte i ein ny duell mellom Nils og... Nils! Den mannen er ikkje snau. Lodd, det likar han. Uansett tok han spørsmålet om lengde på ein handballbane på strak arm: 40 meter. Du er god! I finalen mellom Jakob og Nils vart følgjande spørsmål stilt: "Kva slags kjæledyr har du mest truleg dersom du er medlem av NORAK?". Dette var tydlegvis ikkje noko for finalistane. Det vart stille frå begge. Likevel trylla til slutt Nils fram det rette svaret: Katt. NORAK står altså for Norsk Rasekattklubb. Reknar med eigaren av katten Harry på Dei Sporadiske er medlem her?! Uansett, gratulera til Nils! Reknar med du kjøper fine julegåver til dine lagkameratar i år?!

Dei Sporadiske leia altså halvvegs. Og etter tredjearket hadde dei opparbeidda seg ei luke på 2 poeng ned til QF, BJoP og Blanda Drops. Ville dei stå distansen?! Det skulle bli frykteleg jamnt i toppen i kveld. Blanda Drops kollapsa fullstendig både på Lett Blanding og biletearket og enda på ein skuffande sjetteplass saman med Stord BTK (anno 1939). HBO tok seg opp mot slutten og enda på femteplassen poenget føre. LL gjorde nok ein god quiz, men enda på den sure fjerdeplassen, to poeng bak pallen. Det var nemleg Dei Sporadiske og The Usual Suspects, samanlagtkanonene QF og BJoP det skulle stå mellom. Og utruleg nok enda alle laga på same poengsum; 72. Dermed måtte biletearket avgjer. Dei Sporadiske hadde 12 av 15. Kunne det holda? Neida. Begge dei andre laga hadde nemleg poenget meir. Dermed ein bitter 3.plass og pizza på den trivelege gjengen. For n'te gong skulle det altså stå mellom QF og BJoP. Og når dei var like gode på bileta måtte beste enkeltark utanom avgjer. Også her var dei like. 17 vs 17 på førstearket. På ark 2 derimot, der skilde det éitt poeng mellom laga. Og når BJoP bomma på noko så enkelt som Muldvarpen, då fortena dei rett og slett ikkje sigeren i kveld. Hehe. Grattis til QF!

Samanlagt vil det vera uendra i teten. Framleis skiljer 9 poeng mellom QF og BJoP. Dette vert spanande neste veke! LL festa eit endo betre grep om 3.plassen. Dei har no 21 poeng ned til sine argaste konkurrentar. Behold for the grande finale next week, ladies and gentlemen!

Quizzvazz vart denne gong trekt ut som heldige vinnarar av to gratisbillettar til konsert med Stord Weather Shanty Choir på Arena 16.desember. God konsertfornøyelse kjekke jenter!

Quizvert var Jon, med Geir og Konstanse i baren.

Takk for ein magnificentisk kveld og vel møtt igjen neste torsdag!

Resultat quiz 14 av 15 hausten 2017 - 07.desember:
(Trykk på bileta for større visning)












Samanlagtstilling etter 14 av 15 rundar:

















Alle spørsmål med fasit:





fredag 1. desember 2017

Torsdagsquiz 13 - 30.november 2017





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

19 lag deltok og snittscoren var på katastrofale 56 poeng (av totalt 85 moglege).

Årets tredje siste quiz skulle visa seg å verta ei kattepina for mange av laga i dag. Mon tru om alt hysteriet rundt Black Friday og handling av julegåver har gått ut over quizfokuset? Eller var det faktisk slik denne kvelden at quizverten hadde stilt for høge krav til dei gode quizlaga? Kanskje var enkelte av spørsmåla for vankelege, men då har i alle høve mange lært seg noko nytt!? Så kan det heller diskuterast om det er nyttig kunnskap eller berre vissvass. Når klokka runda 20.00, og både Oddmund og Per Jarle frå HBO hadde fått registrert at quizverten hadde fått på seg ei svart skjorte denne kvelden, kunne me setja i gang.

På dei aktuelle spørsmåla på førstearket skulle uansett alle få ein god slash nokså god start. Ikkje all verden med umulige nøtter her. Dagens lokale spørsmål om handel og omsetnad skulle mange bomma på. Les de ikkje lokalavisa? Mange blanda også Mosjøen med Mo i Rana. På arkets siste spørsmål om bloggerne var det ingen som klarte alle. Eigentleg ganske betryggande. For med fare for å trakka nokon på "tedno" (dei på føtene, ikkje i munnen): Kven kastar vekk tid med å sjå på det der dritet utanom Geir? Eg lovar: Aldri meir quizspørsmål om blogging. Siste sort. Hehe. Elles var det urovekkande å sjå at somme lag er totalt på villspor når det kjem til fotball. De veit vel at fotball er det viktigaste som finst? Her såg det ut som fleire lag hadde lagt namna på fotballaga i ein hatt og trekt lappar vilkårleg. Sjerpings! Beste feilsvar på ark 1: Bord 18 sitt forslag på krigsforbrytaren som tok gift og døydde. Grautjik. Hev dåke, grauthovud. (Slapp av, eg veit dei er tjukkhuda og tolar litt harsellering). Best av alle på dei aktuelle spørsmåla var Lex Lodney med 19 poeng. Som vanleg er de sylskarpe på nyhende! Også god innsats av BJoP, Dei Hjelpelause og Anyohaseyo med 18p.

Kveldens utvalgte låtar på musikkdelen enda i nokså blanda innsats. Dei fleste hadde rett tittel på Hollies-sviska frå '69, men fleire mangla rett bandnamn. A-ha hadde dei fleste, men tittelen på songen var ikkje enkel. Kun 6 lag prikka inn denne. Tredjelåten skulle visa seg å vere verst. Kun Blanda Drops og Dei Hjelpelause kunne dette. Bra levert! Låt 4 hadde dei fleste, medan det framleis ser ut til at få følgjer med på hitlistene. De må vel snart ha gjennomskua at de kan tjena to poeng på å læra dykk litt nymotens musikk, slik som ungdomen lika? Film -og TV-delen var kanskje for lett i kveld? God innsats over heile linja. Verste spørsmål var det om Spielberg. Berre fire lag prikka inn begge filmane han har vunne Oscar for beste regissør for. Beste lag med 16 poeng: BJoP. Også framifrå innsats av dei kjekke jentene på Blanda Drops med 15 poeng.

Tid for Rop Ut Quiz. Første spørsmål dreia seg om Labbetuss. Kven spela denne rolla? Og sjølv om bartender Geir var vekke når spørsmålet vart stilt, høyrte han kanskje ropa frå salen. Nils (LL) er som vanleg årvaken, og var først ute med rett svar, som så mange ganger før. Neste spørsmål dreia seg om ein som drukna i eit smørauga. Fleire prøvde seg på Smørbukk, men til slutt satt det rette svaret for Solveig frå Dei Hjelpelause: Tommeliten. I finalen skulle kandidatane få bryna seg på José Cuervo. Kva produkt er det? Det vart stille. mange i salen såg nok for seg både salt, sitron og brekningar. Til slutt prøvde Nils seg med Tequila, noko som sjølvsagt er rett. God tur på kino, kunnskapsrike mann!

Halvvegs var det Bjellandsgjengen som hadde tatt føringa med 2 poeng ned til røkla. Skulle dei dra i land ein ny siger, eller ville ulvane bak henta dei inn?

Ark 3 skulle i kveld handla om Anatomi & Fysiologi delt på Førstedamer. Siste kategori etter ynskje frå Ellen på QF, som heller ikkje i kveld tok seg bryet med å stilla på quiz. Kjekkare å sitja heima og retta skuleoppgaver? Første kategorien gav store sprik. Alt frå glede til fortvilelse over dette temaet. Om lag halvparten av laga visste at eit menneske har 12 par ribbein. Really? Mange tippa 13. Nokon 11. Bord 18 klinka til med 7. Sju par, mine damer og herrer. For ikkje å snakka om leiarlaget, Bjelland Juletre og Pyntegrønt. Dei tippa 17. SYTTEN! De treng gjerne ikkje gå å handla pinnakjøt på Sagenes'en om de har så mange par ribbein til overs? Huff. Gonader gav mykje frekke tips. Berre 9 lag visste dette. Også knoklane i øyra var ei utfordring. 9 lag med full pott også her. Beste forslag må vere A Walk In The Park sitt: Skulder, kne og tå. Hehe. På kategorien til Ellen var det mykje gode svar. Dei fleste hadde kontroll både på Clementine, Jackie og Cecilia. Rangeringsoppgåva gav 8 rette svar. De tenkte kanskje at opplest rekkefølge aldri kan vere rett rekkefølge? Hehe. Til slutt var det 9 av 19 lag som klinka inn Willoch og Syse. Best av alle med 13 poeng: Quizzvazz og Dvergkasterane.

Ark 4 med Lett Blanding skulle visa seg å bli for lett for Nils og gjengen på Lex Lodney. 14 av 15 poeng på eit småvanskeleg ark er imponerande. Som 18 av 19 lag var det fruktspørsmålet dei bomma på. Adamseple fins faktisk i fruktdisken òg! Smørappelsin derimot. Ugh. Berre Anoyhaseyo tok denne. Overraskande få visste kor mange master ein brigg har. Berre fem lag! Og berre sju lag kunne nabolanda til Fransk Guyana. Fleire interessante tips også her. Både frå Afrika og Asia. Jeez louise, folkens. Elementær kartkunnskap må de kunna?! Hehe. Utanom LL var det berre Blanda Drops som nagla både bæra i skogsbæryoghurten OG dei 4 advokatpresidentane etter FDR. Bra jobba jenter!

Dei 15 bileta gav oss alt frå stusselege 6 til strålande 14 rette. Berre éin feil på både BJoP og QF. Det skulle verta rabalder i salen når quizverten annonserte Nalle-Maja som rett svar på biletet av Brummelise. Hahaha. Godt Solveig kunne læra quizverten litt om teikneseriefigurar. Det vart bestemt at begge svar ville gi poeng. Bamseline derimot. Nesten, men ikkje godt nok. Heile tre lag prøvde seg med Gunnhild Stordalen på biletet av roboten Sophia. Også grepa god sodd og havregraut var blant dei morosame tipsa. Overraskande få hadde rett på bandet Bee Gees, men også Jeff Daniels (9 rette) og Jeff Bezos (8 rette) gav laga problem. Vanskelegast: Sophia (6 rette) og Røldal (6 rette). Tilbake til laga med berre 6 rette. Jo, de tippa det kanskje? Bord 18, sjølvsagt. Saman med Statoillaget Anyohaseyo hadde dei berre 6 rette. Her må de få hovudet ut av... ja. Eit lite blinkefjes får me ta med her.

Jackpotquiz avsluttar som vanleg ein quizkveld. 90 lodd vart seld noko som gav 900 kroner i potten. I første semifinale var det to lagkameratar frå Lex Lodney som møttes: Nils og Stian. Ingen av kandidatane visste kor Bizet sin opera Carmen føregår (Sevilla), så då måtte nytt spørsmål til. Og her var det Nils som kunne sin geografi best. I kva land er Doha hovudstad? Jo, det er i Qatar. Dermed var Nils klar for jackpotfinalen nok ein gong. Denne mannen er rå! I neste semifinale var det duka for ein tungpolitisk duell mellom Olav frå AP og Bord 18 mot Jakob frå SP og BJoP. Spørsmålet dei fekk: Kven var den første som føyk solo over Atlanterhavet? Og dette visste begge. Men som alle veit er AP både større og sterkare enn SP, og har ei røyst som overgår motparten. Olav var nokre tiendedels sekund før Jakob, kanskje fordi han har ein bokstav mindre i namnet? Dermed fekk han æren av å svara korrekt: Lindbergh (Charles). Jakob tok det som vanleg med eit smil, heilt utan frustrasjon. Hehe. I finalen mellom Nils og Olav skulle det bli stille i salen. I alle fall stille frå dei to finalistane. Ein kunne likevel ane at det var fleire damer i salen som humra. Dei visste nemleg svaret. Og spørsmålet? Jo: Kva er ein Singer Quantum 9940? Og når både Nils og Olav skulda på at dei tenkte på singel, og ikkje Singer, då gjekk tida ut utan rette svar. Dermed dobbel jackpot neste torsdag! Og svaret på finalespørsmålet? Ein symaskin, sjølvsagt.

Over til kveldens resultatliste. Sjølv om Jakob ikkje fekk kloa i jackpoten i kveld, kunne han likevel smila om kapp med sine flinke lagkameratar. Bjelland Juletre og Pyntegrønt såg seg nemleg ikkje tilbake og utklassa alle dei andre konkurrentane. 71 poeng er vanlegvis ein score som ikkje skal holda til siger, men i kveld holdt det i massevis. Med heile fem poeng ned til Lex Lodney og sju poeng ned til QF på hhv 2. og 3. plass var dei suverene. HBO enda like utanfor pallen poenget bak QF (63p) og Blanda Drops tok ein ny fin 5. plass med 61 poeng.

Samanlagt jamnar det seg ut i kampen om gullet. BJoP henta ti poeng på QF og er no berre ni poeng bak med to quizar att. Elles festar LL grepet om tredjeplassen. Dei har 16 poeng ned til Dei Hjelpelause og 18 poeng ned til Bedre Seint Enn Sist, som ikkje stilte lag i kveld. Det kan visa seg å verta skjebnesvangert. HBO er ikkje heilt ute av kampen, men må fleska til inn mot jul for å henta 26 poeng på Lex Lodney.

Har Det På Tunga vart denne gong trekt ut som heldige vinnarar av to gratisbillettar til konsert med Stord Weather Shanty Choir på Arena 16.desember. God konsertfornøyelse gode folk!

Quizvert var Jon, med Geir og Konstanse i baren.

Takk for ein fenometastisk kveld og vel møtt igjen neste torsdag!

Resultat quiz 13 av 15 hausten 2017 - 30.november:
(Trykk på bileta for større visning)












Samanlagtstilling etter 13 av 15 rundar:
















Alle spørsmål med fasit: 



fredag 24. november 2017

Torsdagsquiz 12 - 23.november 2017





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

22 lag deltok og snittscoren var på dryge 61 poeng (av totalt 85 moglege).

Det drar seg verkeleg mot vinter med kaldt og surt vêr. Då er det godt å varma seg inne på Arena i trivielt lag. Godt oppmøte også denne gong, og Geir var tilbake i baren frå Europaturnéen. Spør om han lika å bytta fly? Frå kjøkkenet kunne me kjenne den nydelege eima av lutafisk. Alt var duka for ein god quizkveld.

Dei aktuelle spørsmåla gjekk unna og dei fleste gjorde det skarpt. Ingen med full pott denne gong, men tre lag kom frå det med 20 av 21 poeng: Tors Utvalgte, Lex Lodney og Blanda Drops som verka vera på hugget i kveld. Også seks lag med 19 poeng. Dei to vanskelegaste spørsmåla på førstearket var tittelen på boka til Kari Hilde French og kven som vann 15km for menn på Beitostølen (Krüger). Berre fem lag prikka inn ein av disse. Utanom var det kanskje for enkelt? Eller vil de ha ros for at de har stålkontroll på nyhende? Kanskje har de gjennomskua tankesettet til quizverten? Kven kveit, sa mannen, han skar opp hellefisk.

På musikkdelen var det god utteljing på både Sex Pistols, Michael Jackson, Fools Garden og Meat Loaf. Verre var det med den nye hiten til Taylor Swift. Kun Fonna i Krise ser ut til å fylgja med på hitlistene. Bra levert! Film -og TV-delen var også bra for dei fleste. Sjølvsagt utilgiveleg å ha feil i spørsmåla (sjølvkritikk tas), så spørsmålet om filmen Hook måtte diverre utgå (dvs alle fekk poeng uansett kva dei hadde svart). Rett år er 1991 og ikkje 1997, så klart. West Wing hadde dei fleste, så også med Todd og Copper. Mange hadde rett på spørsmålet fra TV-serien Venner og Fiender, med Triana Iglesias. Men her var det også fleire interessante tips både både Dorte Skappel, Vendela Kirsebom og Charlotte Thorstvedt. Forøvrig ein suveren serie de kan låna av Geir (han har alle episodane i opptak på VHS). Brødrene Dal spørsmålet prikka halvparten av laga inn. Men Bedre Seint Enn Sist, de må høyra etter på spørsmåla! Svaret Gaus, Roms og Brumund gir ikkje mykje poeng når de skal setta rett bror saman med rett skodespelar. Hehe.

På Rop-Ut-Quizen halvvegs var det Asmund frå BJoP (som har kontroll på geografien på Tysnes) og Kari frå HBO (som kan sin botanikk) som skulle gjer opp seg i mellom i finalen. Her var spørsmålet om kva land Shakespeare sin Hamlet kom frå. Og etter ein kunstpause frå Kari kom det rette svaret: Danmark. Til Jakob (lagkamerat av Asmund) sin store frustrasjon verka Asmund å vera heilt blank her. Black Friday betyr 3 for 2 også på Frugård, så Kari kan ta med seg to vener på kino. Grattis!

Halvvegs var det Heise Bra Opplegg som hadde komt best i gong. Med 35 poeng hadde dei skaffa seg ei luke på 2 poeng ned til neste lag. Uansett veldig jamnt nedover, så dette kom til å bli spanande.

Tredjearket i kveld skulle handla om Australia og Europeiske Kongehus. Siste tema vart valgt etter eit ønske frå Dei Sporadiske. Kanskje ikkje alle sitt favorittema?! Alle lag såg likevel ut til å kunne mykje om både landet down under og kongefamiliane. Med score fra 9p til 15p kom dei fleste greit i frå det. Tors Utvalgte best av alle med berre éin feil. Verste spørsmål var om etternamnet til Prins Philip (Mountbatten). Ellers var det mange som svara at bandet Crowded House var frå Australia. Nærme, men ikkje heilt rett. Dei kjem frå New Zealand. Forresten, Sverre: Kong Kurt av Nederland? Kven er det? Og QF: Vart operahuset i Sydney opna på 90-talet? Skivebom, ass.

Lett Blanding avsluttar som vanleg spørsmålsseansen. Som så ofte før skulle det vere ein smule vanskeleg. Til dømes så skuffa Bord 22 nok ein gong med berre 6 poeng. Det er 7 poeng tapt til HBO og QF som klarte 13, og var best av laga på blandingsen. Berre fire lag visste at eit fat med olje rommar 159 liter. Men visste tidlegare Olje -og Energiminister Olav det? I fylgje Sverre så hadde han ikkje snøring! Hehe. Spørsmålet om ~ teiknet over n'en i spansk (ñ) var også ei nøtt. Mon tru om de for evig og alltid vil hugsa at de kallast tilde? Eller går de for tussaladd igjen, dersom spørsmålet dukkar opp på ny til neste år, Stord Bordtennisklubb? Siste spørsmål som stakk størst kjeppar i hjula på laga var dødsåra til Saddam og bin Laden. Fire lag av 22 greide begge.

Biletearket hadde som vanleg store sprik i poengsum. Alt frå 7 poeng til 14, av 15 oppnåelege. Best i kveld var BJoP og QF som hadde 14. Dei Sporadiske som vanlegvis er rå på biletearket skuffa med berre 7 poeng. Eg anar at de ynskjer seg fleire kjendisfjes neste veke. Dei bileta laga sleit mest med var Iron Maiden (8 rette) og Hilarie Burton frå One Tree Hill (6 rette). 12 lag imponerte med god kartkunnskap og prikka inn Fuerteventura. Også 12 lag hadde rett på Angkor Wat. Stord Bordtennisklubb bes ta seg ein tur til Paris. Kanskje sjå litt på omgjevnadane og ikkje berre gå på pub? Versailles? Herleg tippa. Hehe. På bilete av nyleg avdøde AC/DC gitarist Malcolm Young var det mykje alternative tips: Mick Jagger? David Cassidy? Kim Larsen?

Til slutt var det klar for Jackpotquiz. Konstanse var flink å selja lodd i kveld og potten enda på 970kr. Først ut var Nils (LL) mot Atle (TU). Og dette kan Nils. Kva forfattar skreiv boka Naiv.super? Yes, Erlend Loe. I neste semifinale var Nils på plass igjen. Denne mannen likar å kjøpa lodd! Motstandar var Frode. Og på spørsmålet om Challenger-ulukka frå 1986, var det Frode som var raskast. Bra! Samme to duellantar skulle så møtast i finalen. Nils vs Frode. Spørsmål:

I kva land har luksusklokkemerket Rolex sitt hovudkvarter?

Og her skjer det noko merkeleg. Nils er først ut med å sei namnet sitt. Men Frode er hakk i hæl, men tråkkar litt i postkassen (eller var det salaten?) med å sei både namnet sitt og avgi svar på spørsmålet: Sveits! Nils held roen og får, som han har rett på sidan han var først, svara på spørsmålet. Når han svarar Sveits, han òg, vert han 970kr rikare. Fin pott! Gratulerar!

Så var me framme med oppsummering og sluttstilling. Friskt Mot er eit lag ein plar rekna med i Topp 10, men i kveld skuffa de med ein 21. plass. Også Bord 22 skuffa med stusselege 55 poeng og 18.plass. Mange lag plasserte seg på "60-talet", og berre 7 poeng skilde 15.plassen frå 5.plassen. Beste lag her var Blanda Drops, som gjorde ein meget sterk quiz i kveld. Strålande! I toppen var det fire lag som skulle gjer opp om sigeren. Tre av dei enda på lik score (71p): TU, QF og BJoP. Med 12 rette på biletearket måtte TU ta til takke med 4.plassen. Surt! QF og BJoP var like på bileta med 14/15, så her måtte beste enkeltark avgjer. Og med 19p vs 16p på førstearket kapra BJoP sølvet. Kva så med vinnarlaget? Jo, etter fleire gode veker og pallplasseringar var det endeleg HBO sin tur til å gå heilt til topps. Med fine 73 poeng heldt dei unna til siste slutt i kveld. Imponerande! Til lukka med sigeren!

Med tre quizar att for året skiljer det 19 poeng i favør QF ned til BJoP i kampen om samanlagtsigeren. Tredjeplassen er opnare. Bedre Seint Enn Sist er framleis dei som ligg best an, men har heile 5 lag innanfor 22 poeng halsande bak seg. Så her kan endo mykje skje.

Dei Hjelpelause vart denne gong trekt ut som heldige vinnarar av éin gratisbillett til konsert med Stord Weather Shanty Choir på Arena 16.desember. God konsertfornøyelse!

Quizvert var Jon, med Geir og Konstanse i baren.

Til slutt ei lita melding til moteinteresserte Oddmund på HBO, som i kveld lurte på om quizverten nytta rosa skjorte fast kvar quiz: No har han handla skjorter på Black Friday sal! Så neste veka lovar han ein anna farge enn rosa. Hehe.

Takk for ein topp kveld og vel møtt igjen neste torsdag!

Resultat quiz 12 av 15 hausten 2017 - 23.november:
(Trykk på bileta for større visning)















Samanlagtstilling etter 12 av 15 rundar:
















Alle spørsmål med fasit:



fredag 17. november 2017

Torsdagsquiz 11 - 16.november 2017





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

24 lag deltok og snittscoren var på fine 66 poeng (av totalt 85 moglege).

Etter ein liten dipp i antal lag førre veke var me i kveld tilbake til der me ynskjer å vere med 24 lag på startstreken. Fleire av dei faste laga som har vert sakna var tilbake: Bedre Seint Enn Sist, Tors Utvalgte og Dvergkastarane. Nydelig! At me då mangla Geir i baren i kveld var det ingen som reagerte på. I følgje ryktene har han lagt ut på ei rundreise i Europa for å promotere den nye vinterkolleksjonen til Sparkjøp. Uansett var både Marita og Oda på plass, så dette måtte bli ein god kveld.

Det er fleire faste lag som har gått på quiz ei årrekkje. Og med faste lag blir det ofte faste bord. Dette er artig å følgje med på. For kva skjer då når dei faste borda vert okkupert av nye og uvitande lag? Jo, då blir det ramaskrik og vonbrot. Så også i kveld. Sjølv om dørane til Arena "opnar" klokka 19.00 på quizkveldar, er det ofte lag som snik seg inn på førehand. QF har faktisk eit eige lagmedlem som kun er med for å sikre det faste bordet, nemleg Arve. I kveld hadde han fått med seg Tommy, og stilte ti på sju. Og det var store auger å spora når dei oppdaga at bordet "deira" allereie var tatt. Hysterisk! Så kva var då meir naturleg enn å ta "bordet til" Hakke Peiling? Store ringverknader. Men slapp av folkens, ikkje ver redde for å setje dykk nett der de vil. Første mann til mølla gjeld.

Etter twisten med ny type bileteark førre veke var det kanskje knytt spaning til kva som kom til å skje på den fronten denne veka. Etter ei avstemming i sosiale media var det klart at den nye vrien med bilete av ting og tang var vel tatt i mot: 55% ynskja dette, mot 45% som ynskja den gamle varianten med bilete av kjendisfjes. Sidan det var såpass likt delt, vart det ein mix denne gong. Inntrykket er at dette vert godt mottatt, så me held fram med dette.

God trafikk i baren før oppstart i kveld, og akkopagnert av eminent musikk frå baren fekk quizarane i seg fine dråpar og torsdagsmiddag før oppstart.

Fyrstearket skulle verte ein god start for fleire i kveld. De følgjer framleis veldig bra med på kva som skjer rundt omkring både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Best av alle var Lex Lodney med Nils i spissen. Dei prikka like godt inn samtlege svar og 21 poeng. Fenomenalt! Også bra av BJoP som hadde 20p og QF, Dei Hjelpelause og Har Det På Tunga som noterte seg for 19p. Ei utfordring skulle vise seg å vere kva fylke vogntoget bråstoppa i, og kva streamingteneste som har sikra seg rettigheitane til serien om Ringenes Herre. Likevel var det mest feil på spørsmålet om sjakk og kva by Magnus spelte i. Berre tre lag visste at det var St. Louis. Laget Heise Bra Opplegg (HBO) har vert i støtet i det siste. Anført av ein opplagt Oddmund melder dei seg på i samandraget. Men folkens, kva med å følgja litt meir med på TV? Med kun 1 poeng av 6 moglege på spørsmåla om Skal Vi Danse og Farmen, spørsmål dei andre laga tek på strak arm, hamnar de på etterskot tidleg! Men dette vissvasset er kanskje under dykkar verdighet? Hehe.

Andrearket med musikk, film og TV plar gi litt sprik. Alt frå full pott til halvparten feil har blitt ein gjengongar. Musikken skulle vere overkommeleg i kveld, så også spørsmåla om film og TV. Eller? Bjelland Juletre og Pyntegrønt var i alle høve på hugget her. Full pott! Dei Hjelpelause følgte også opp den gode starten med berre éin feil. Same score på HBO (som no var i gong) og Bedre Seint Enn Sist. Sistnemnte med 10 deltakerar og 4 minuspoeng på førstearket. Kunne dei likevel melde seg på i toppkampen? På musikken hadde dei fleste kontroll på Stones og Tina Turner. Nokre lag gjekk i fella på hiten til 4 Non Blones og svara "What's Going On?" på låta "What's Up?". Vanskelegast i kveld var nye låten til Tone Damli, Strangers, og The Dandy Warhols til hit Bohemian Like You frå 2000. På film -og TV-delen var det Bergerac som var mest vrien. Berre 11 av 24 lag visste at Bergerac var spela av John Nettles. Ellers veldig god kunnskap på denne delen av dei fleste.

Halvvegs var det BJoP som hadde kommandoen. Med kun éin feil hadde dei sikra seg ei luke på to poeng ned til Dei Hjelpelause.

Halvvegs i quizen betyr også Rop-Ut-Quiz. Første spørsmål handla om gamle Sovjetleiarar, og det var Oddmund frå HBO som var først ute med rett svar (Khrutsjov) på kven som regjerte frå '53 til '64. I finalen skulle han møta Hege frå Quizzvazz. Det er lenge sidan det myteoppspunne legendelaget Romlingane har gått på quiz, men tidlegare Romlingkaptein Hege gjer no kanskje comeback på nytt lag? Peiling på papegøyar har ho i alle fall. Kva dyr er ein blå-ansikta papegøye? Godt Hege tok ansvar etter forslag om både fisk og diverse andre dyr. Hehe. I finalen var det kunst på menyen. Kven står bak kunstverket "Guernica"? Dette visste Oddmund og var kjapt på pletten: Pablo Picasso. God tur på kino gode quizar!

Tredjearket i kveld skulle dreia seg om leiketøy og krig. Utan samanheng, vel og merka. Veldig mykje bra svar over heile linja. Verst var spørsmålet om militærgraden i Hæren som tilsvarar Marinens orlogskaptein. Kun 8 lag visste at det var Major. Ellers imponerande med 16 rette svar på spørsmålet om modeljernbanar og Märklin. Litt grums på rangering av leiketøysprodusentar. Også på årstala frå andre verdskrig. Éitt lag med full pott: HBO. Knall!

Lett blanding avsluttar som vanleg spørsmålsseansen. Også her var det mykje gode scorar. Geonøtta med hovudstadar som startar på vokalar var verste spørsmål. Kun 7 lag visste at ingen hovudstadar startar på bokstaven E. Også delstathovudstadar kalla opp etter presidentar skulle verta ei utfordring. Fleire prøvde seg på både Washington og Jacksonville. Men er dei delstatshovudstadar? Det fonetiske alfabet var også vrient for fleire. Spesielt U'en som representerar Uniform. Best på fjerdearket var HBO som nok ein gong noterte seg for full pott! QF nest best med éin feil.

Så tilbake til biletearket. Både hund, logo, flagg og album med strålande score. Frø og kart ikkje like bra. 16 lag prikka inn rett messingblåseinstrument = imponerande! Ellers litt rusk på kjendisfjesa. Kun éitt lag med full pott: BJoP. De er gode!

Jackpotquizen skulle verta ei spesiell oppleving i kveld. For det første mangla me lodd. Dei hadde Geir tatt med seg i Hello Kitty kofferten sin til Spania. Ei einsleg loddbok vart likevel funne, og med 10kr loddet gjekk det seg til. 800kr i potten. Første semifinale skulle stå mellom to gjengangerar: Nils og Oddmund. Kva sport dreiv legenda Babe Ruth med? "Nils! Oddmund!" Nesten på likt, men med Nils eit lite hestehovud føre: "Baseball!". Eit svar som sjølvsagt var rett. Sterkt av Nils som nok ein gong var klar for finalen. I neste semifinale var Sverre førstemann til å bli trekt ut. Når han så trekk Nils (igjen!) som motstandar kjem fortvilinga. Ville han gi opp allereie før spørsmålet var stilt? Det kunne nesten virka sånn. Og når ein gir opp før det brakar laus, så fortenar ein vel ikkje betre? Kva er høgast sum oppnåeleg for eit hus i vanleg Yatzy? "Sverre!" Sjå her du. Kunne han likevel slå overmakta? Nei, langt der i frå. Med svaret "30!" var dei fleste i salen lamslåtte. Really?! Nei, Sverre. Ta deg ein tur på hytta i helgo, finn fram ei pæra, terningar (og kanskje kuleramma?) og lær deg dette ein gong for alle. Jaja, når salens gisp og totale sjokk hadde roa seg var Nils frampå med rett svar "28". Sjølvsagt. Dette veit vel alle?! Dermed var det klart for finale mellom Nils og... Nils?! Makan. Dette var eit scenario som quizverten overhovudet ikkje hadde sett for seg kunne skje. Snakka om å bli tatt med buksa nede. Kva seier reglementet om dette? Ikkje mykje. Men finale vart det mellom Nils 1 og Nils 2. Spørsmål: Kva organisasjon vart grunnlagt av Catherine og William Booth i London i 1895? Og Nils lot seg sjølvsagt ikkje lura og hugsa å sei namnet sitt til og med, sjølv utan konkurranse. "Nils!" Hmm, var det Nils 1 eller Nils 2? Spelar ingen rolle. "Frelsesarméen!". Riktig! Grattis med 800 fortente kroner!

Samanlagt var det veldig mykje gode scorar i kveld. Heile sju lag enda på over 70 poeng. Nykommar Anyohaseyo debuterte med 71 poeng. Sterkt! Dette gav dei likevel berre ein 7.plass. Like bak pallen med 73 poeng enda det tre lag på delt 4.plass: Tors Utvalgte, Dei Hjelpelause og Dei Sporadiske. Pallen i kveld skulle faktisk bli identisk med førre veke. HBO, som hadde ein treig start med Skal Vi Danse og Farmen, var strålande heile vegen inn. Dei enda à poeng med QF, men måtte sjå seg slått på beste score på eit enkeltark etter at dei hadde like mange bilete. Ergo tredjeplass på HBO og andreplass på QF. Begge lag med sterke 75 poeng av 85 moglege. Kveldens suverene vinnarar var Bjelland Juletre og Pyntegrønt. Med heile 80 poeng satt dei rekord for hausten. Kun 5 feil er kanon! Dermed kunne Jakob fornøgd ta i mot gåvekort på 500kr. Nei, vent litt? Jakob? Nei, varaordføraren var slettes ikkje tilstade i kveld! Vidar, Jarle, Asmund og co, derimot, kunne ta i mot premien! Det var kanskje det som var grunnen til rekordscoren? At Jakob mangla? Vidar: "Du må hugsa å få med at Jakob mangla i kveld! Då slapp me at han kverulerte oss vekk frå rette svar!" Hehe. Eg mistenkjer det vil vere ein med markeringsbehov som stiller på quiz neste torsdag. Jackpoten lever nok farleg!

Sviskene vart denne gong trekt ut som heldige vinnarar av to gratisbillettar til Soulkveld på Arena denne laurdagen. God konsertfornøyelse!

Quizvert var Jon, med Marita og Oda i baren.

Takk for ein strøken kveld og vel møtt igjen neste torsdag!

Resultat quiz 11 av 15 hausten 2017 - 16.november:
(Trykk på bileta for større visning)















Samanlagtstilling etter 11 av 15 rundar:
















Alle spørsmål med fasit:





fredag 10. november 2017

Torsdagsquiz 10 - 09.november 2017





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

19 lag deltok og snittscoren var på snaue 64 poeng (av totalt 85 moglege).

Eit aldri så lite mannefall i kveld altså. 19 lag hadde om mogleg vert rekord i Sverre sine glansdagar, men i haust har me blitt så bortskjemte at det føltes litt glissent i salen med "berre" 19 lag. Fleire av dei "faste" laga mangla. Både Tors Utvalgte og Dvergkastarane mangla for andre gong på rad (går det bra med dåke?). I tillegg glimra både Bedre Seint Enn Sist, Stord BTK, Blanke Ark og Kjeipasjeto med sitt fråver. Vonast alle kjem sterkare tilbake neste gong!

Ekstra gledeleg då at det ser ut som fleire nye lag har satt seg føre å stilla fast på quiz. Både nykommerane representert av Statoillaget Kasamida og Sviskene stilte for andre gong på rad. Bra! Ellers var Quiztornbyen heilt nye for kvelden.

Allereie klokka 18.30, ein halv time før dørane opna, var dei sjarmerande og quiz-ivrige jentene frå Furuly 4 Ever på plass. Kjekt med selskap når me gjer lokalet klart. Når dei andre laga byrja dukka opp etterkvart var det fleire som fekk seg ei overrasking med tanke på kva som låg på bordet. Kor var det vanlege biletearket med kjente fjes? Anders frå Har Det På Tunga hadde sjølvsagt pugga kjendisar ei heil veka, så då passa det bra å køyra ein ny vri. For underteikna kan ikkje håtta at biletearket har vert bytta ut i quizens 18-19 år gamle historie. På tide? Kanskje ikkje? Meir om den nye vrien litt seinare.

Når quizdeltakerane hadde fått i seg litt mat og drikka var det klart for første runde med spørsmål om ting som har skjedd siste veka. Og her var innsatsen bra. Med eit snitt på dryge 16 poeng av 21 moglege, fekk dei fleste laga ein god start. Best av alle var Har Det På Tunga og Bjelland Juletre og Pyntegrønt. Begge lag noterte seg berre for éin feil. Og feilen var på spørsmålet om den nye quiz-appen HQ. Eit spørsmål som faktisk INGEN av laga klarte. Mon tru om nokon har lasta den ned no? Nest best på førstearket var Lex Lodney og Sviskene (og puddingen) som hadde to små feil.

På ark 2 var det i kveld heilnorsk. All musikk var norsk på norsk, og Film -og TV-spørsmåla handla alle om norske filmar og TV-program. Også her var innsatsen meget bra. På musikken hadde dei fleste kontroll på Lillebjørn Nilsen. Litt verre med tittel på låtane til både Bjøro Håland, Dum Dum Boys og Odd Nordstoga. Mest løye var det når Nordstoga sin hit Kveldssong for deg og meg vart spela. Barsjef Geir kjem då til quizverten og utbryt: "Er du heilt idiot? Du kan jo ikkje spela ein song der dei synge tittelen på songen i første strofe?!" Haha. Det er kanskje ein grunn til at han jobbar i baren og ikkje deltek på quiz. Forøvrig må det seiast at fleire lag gjekk i same fella og svara nettopp at songen heiter "Grisen står og hyler", noko den altså ikkje gjer. På siste låt var det høve til to gratispoeng for dei som hadde fylgt godt med på første ark. Då fekk me nemleg høyra MGP jr. vinnar Oselie synga sin låt "Verda Vår". Kun 12 av 19 lag tok denne koblinga. Tåhev, folkens! På film -og TV delen var det stort sett plankekøyring, minus spørsmålet om Liv Ullmann. Berre éitt lag visste at det var Ung Flukt som var gjennombrotsfilmen hennas. Kudos til Heise Bra Opplegg! Bjelland Juletre og Pyntegrønt slo nok ein gong til med best ark, og berre feil på Ullmann-spørsmålet. Også god innsats av F4E, Dei Sporadiske og nykommar Quiztornbyen som alle hadde 16 av 18 poeng.

Halvvegs leia BJoP med tre poeng ned til Har Det På Tunga, med eit kobbel like bak der igjen. Heile 13 av 19 lag med 30 poeng eller meir.

Rop-Ut-Quizen skulle i kveld handla om éitt spesifikt tema, nemleg fjell. Første ut med rett svar var Stein Arve frå Friskt Mot som visste at Teide er Spanias høgste fjell. I finalen skulle han møta Jakob frå BJoP som nagla Siggjo på spørsmålet om kva nabokommunes fjell som er 474moh. Spørsmålet i finalen skulle handla om noko langt høgare, nemleg Mt. Everest. Kven var den første til å bestiga det? Det visste Stein Arve. Sir Edmund Hillary (i 1953 saman med sherpaen Tenzing Norgay). Bra jobba og grattis med kinobillettar!

Tredjearket skulle dreia seg om Sjokolade delt på USA i kveld. Og sjokolade kan de! Lite feil og mange lag med full pott her. Bra! Men fins det ein sjokolade som heiter Othello?! Litt verre med spørsmåla om USA. To Kill A Mockingbird frå 1960 burde vera både ei kjent bok og film, men om ein kunne tyda Sverre rett, som lo høgt og hånleg av både spørsmål og svar, var dette for snevert. Vel, Sverre, sju av laga hadde full pott her, så det er kanskje du som må lesa deg opp? Ellers var det urovekkande hol i kunnskapen om både land som grensar til Stillehavet og visepresidentar. Reknar med alle hugsar Alaska og Hawaii for evig og alltid. Totalt sett på tredjearket var det fem lag som kom frå det med berre to feil: HBO, HDPT, Sviskene, F4E og Bord XX. Ergo, hadde du visst om Harper Lee og Gregory Peck, Sverre, hadde dåke tatt full pott!

Arket med Lett Blanding skulle visa seg å vere litt enklare enn det plar vera denne gong. Med eit snitt på dryge 11 poeng hadde folk flest god peiling på det meste her. Verst var spørsmåla om kva C/O tyder og dei 5 kommunane på bokstaven U. Kun tre lag nagla C/O (Care Of): F4E, HBO og Quizzvazz. På kommunane var det Ulstein som skapte mest problem. Her svara dei fleste Ulsteinvik, noko det ikkje kunne gis poeng for. LL, HBO og Dei Hjelpelause einaste lag med alle fem rett. Well played, guys! Lex Lodney var beste lag med 14 av 15 poeng.

Så tilbake til kveldens bileteark. I kveld skulle det handla om alt mogleg UTANOM kjente fjes. Historiske hendingar, dyr, planter, film, musikk, kunst og diverse anna knask. Berre 5 av 19 lag kjente til dyret Okapi, medan det berre var 6 lag som hadde rett på datoen JFK vart myrda og Rolling Stones albumet Goats Head Soup. Som vanleg sleit Bord XX med biletearket. Her må dåke ta tak i noko? Ellers skuffande innsats av både A Walk in the Park, Dei Sporadiske og Friskt Mot som alle plar vera stødige på dei vanlege biletearka. Den nye vrien var nok ikkje noko for dåke. Sorry! Best av alle var QF, som tok samtlege bilete. Imponerande! Også bra av LL som berre hadde éin feil.

Jackpotquiz next up. Og det vart eit forhaldsvis bra sal denne kvelden. 850 kroner. Dei to første heldige som skulle tevla var Nils frå LL og Sverre frå Bord XX. Rått parti tenkjer du kanskje? Då har du rett. Nils var som forventa heilt suveren. På spørsmål om kva legeringa Bronse består av, svara han heilt korrekt kobber og tinn før Sverre kunne koma på kva han åt til middag tidlegare same dag. I neste duell var det Stian frå LL mot Jakob frå BJoP. Her var spørsmålet om kven som er gift med Ingrid Schulerud. Og politikaren viste han har greie på også andre parti enn sitt eige. Rett svar er sjølvsagt tidlegare statsminister Jens. Dermed var det duka for ein tungvektskamp i finalen. To av Sumarøyas beste quizhovud manno y manno. Spørsmålet var følgande:

I kva land var Haji Mohamed Suharto president i over 30 år frå 1967 yil 1998?

Og før talet 30 hadde blitt lest opp var ein av kandidatane på pletten: "Jakob! Indonesia!" Noko som var rett svar. God revansj for finaletapet på Rop-Ut-Quizen! Grattis med 850 skattefrie kroner!

Så var det store spørsmålet om Jakob kunne feira quizsiger òg? Laget hans hadde som kjent 3 poeng å gå på halvvegs. Det skulle bli jamnt i toppen. Furuly 4 Ever gjorde ein gledeleg god innsats og noterte seg for 67 sterke poeng i kveld. Men dette skulle diverre berre helde til ein 9.plass. Tett som hagl oppover: Delt 7.plass med 68 poeng til Quizzvazz og Dei Hjelpelause. Delt 5.plass til Sviskene og Lex Lodney med 69 poeng. På bronseplass denne gong havna Heise Bra Opplegg som hadde kvessa topplokket bra denne kvelden. Med 70 poeng var dei like som HDPT, men tok dei på fleire rette bilete. Grattis med gåvekort på pizza! Nærast som vanleg skulle sigeren stå mellom BJoP og QF. Halvvegs hadde QF 4 poeng å ta att. Med lik score på både 3. og 4. arket var det biletearket som ville avgjer. Full pott på QF heldt likevel ikkje, for BJoP scora 13 av 15. Dermed kunne dei jubla for andre siger på rad og gåvekort på 500kr. Hipp Hipp!

Samanlagt ligg det an til ein spanande kamp både om 1. og 3. plassen. BJoP og QF kjempar om sesongsiger, og det er QF som er i førarsetet med 24 poengs forsprang. (260 vs 236). Fleire lag kjempar om siste pallplass. 41 poeng skiljer 8 lag. Dei som ligg best an er Bedre Seint Enn Sist (165p), Har Det På Tunga (156p) og Lex Lodney (154p). Her blir det spaning heilt inn!

Så ei trist melding til slutt: Det som skulle vere ein quizsesong med 16 quizar fram mot jul, blir diverre amputert. Quizen 21.desember går ut pga eit anna arrangement på Arena. Pass på å gi Geir kjeft ved neste høve! Hehe. Ergo: 15 quizar utgjer haustsesongen.

Dei Sporadiske vart denne gong trekt ut som heldige vinnarar av ein gratisbillett til konserten med William Hut på Arena 17.november. God konsertfornøyelse!

Quizvert var Jon, med Geir og Konstanse i baren.

Takk for ein sabla fin kveld og vel møtt igjen neste torsdag!

Resultat quiz 10 av 15 hausten 2017 - 09.november:
(Trykk på bileta for større visning)












Samanlagtstilling etter 10 av 15 rundar:

















Alle spørsmål med fasit: