torsdag 18. november 2021

Torsdagsquiz 3 - 18.november 2021

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

For tredje gong denne hausten stilte 15 joviale lag til quiz på Arena. Nokre nye og nokre forfall frå faste lag. Snittscoren denne gong enda på 57,5 poeng. Heile seks lag kom seg over 60 poeng.

Nok ein gong denne hausten var det den bråkjekke gjengen i Quizteleg Fjolleparti som drog det lengste strået og vann quizen. Denne gong utkonkurrerte dei både Dei Hjelpelause og Lex Lodney med minst muleg margin: Flest rette bilete etter lik totalscore (69p). Til lukka med pallplass til dei tre smarte laga!

Vinnar av konsertbillett til Valentourettes på Arena laurdag 20.november: Happy Quizmas.

Elles seier ikkje rapporten fra den tristamento quizverten noko meir. Men sidan snøen truleg er like om hjørna denne hausten, gjer me difor eit lite dykk i arkivet frå det glade 80-tal:















Quizvert var banankongen Sverre, med Geir og Alena i baren.

Quiz nummer fire vert om snaue to veker: torsdag 2.desember.

Resultat quiz 3 av 13 haust 2021 / vår 2022 - 18.november:
(Trykk på bileta for større visning)







Samanlagt:








Alle spørsmål med fasit:








fredag 5. november 2021

Torsdagsquiz 2 - 4.november 2021




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

Nok ein gong stilte 15 snedne lag og snittscoren var denne gong på litt beskjedne 52,8 poeng. Kanskje litt som forventa. Hehe. Fire skarpe lag kom seg over 60 poeng denne gong.

Det var med litt spaning og ein smule nervøsitet quizverten returnerte til manesjen denne kvelden. Med over 600 dagar brakk, utan quiz og utan mikrofoni, kunne det jo fort gå til helvete. Korleis var det no igjen det fungerte? Korleis ville det bli å gå i skjorte og langbukse igjen?

Det er løye med det når det fyrst brakar laus. Dei gamle rutinane sat ikkje så verst. Som å sykla. Papir og pennar vart delt ut. Gåvekort signert. Lettbeint musikk satt på. Og lokalet fyltes sakte men sikkert opp. Geir og Alena i humør. God trafikk i baren. Mat og drikke. Klingande virtuell mynt i kassen. Joda, dette borga for nok ein god quizkveld.

Nytt denne hausten er jo at quizen KUN vert annakvar veke. Det vil også sei at me som quizvertar har litt meir nyhende å spela på når me skal komponera dei aktuelle spørsmåla på fyrstearket. Om det kanskje var litt for lett for 14 dagar sidan, var det kanskje litt for vrient denne gong. I allefall for somme av laga. Halvparten av laga plasserte seg på rundt halvparten rette svar, medan det som alltid er lag som imponerar med god hått. Best var Dei Sporadiske med sine 14 rette. Deira einaste feil var, som dei aller fleste, bom på COP26, samt antal millionar innsamla i TV-aksjonen. Det er óg på sin plass å gi kudos til det unge, friske og nye laget Quizlis 1.5 som saman med dei tunge quizdyra QF og BJoP imponerte med 13 poeng. Snittet enda på snaue 10 poeng på dei aktuelle spørsmåla. Det får vere greit.

Det var knytt litt spaning til korleis quizarane ville reagere på litt hardrock på musikkquizen. Dette er ein sjanger det historisk sett har vert alt for lite av. Men all bekymring om at dette ville skape furore, bunnlaus fortviling og raseri kan tydlegvis skrotast. Dette kunne jo nesten alle! Men Maiden er jo pensum, så det skulle gjerne berre mangla. Ti lag hadde både rett band og låt, medan tre lag hadde rett band. Videre var det storeslem på Olav Stedje (som spelar på Arena i kveld), godkjent på Morten Abel (her var nok namn på låt ei lita nøtt) og til slutt litt bob-bob på James Bay. Best på musikken var QF og Dei Sporadiske med sju av åtte poeng. Sterkt. Fleire lag var óg gode på underhaldningsdelen, sjølv om det hos nokon var litt rusk både på Halloween, Beethoven og Papaya. Best på andrearket var nemnte lag, QF og DS, med 15 poeng. Snitt: 11,7 poeng.

Det var også disse to laga som hadde tatt teten halvvegs. DS på topp med 29 poeng føre QF med 28. På tredjeplass hadde BJoP lagt seg med greie 25 poeng.

Ark tre handla denne gong om katastrofar og hardtslåande. Men eit snitt på om lag 11 poeng falt dette tydlegvis i smak hos dei fleste. Likevel vart det kanskje litt katastrofe for andre. Fire av laga makta berre 6-8 poeng, og er nok ikkje nøgde med det. Spørsmålet flest lag sleit med var nok det om Wilhelm Gustloff. Fleire sleit også med rett årstal og destinasjon for flyet som forsvann i Asien for sju år sidan. Elles var dei fleste rimelig rå på spørsmåla om boksing. Bra! Beste lag var QF og LAMP AS med 15 poeng.

Siste ark med Lett Blanding blei nok kanskje litt for lett. Snittet enda på nesten 12 poeng. Utanom dei kjekke gutane på Samvirkelaget som kollapsa fullstending med sine 3 poeng, leverte dei aller fleste andre lag meget pluss her. Vanskelegaste spørsmål var dei om Miss World og Rabin. Elles svara fleire lag at kompisen til Elling heiter Bjarne. Dei fekk ikkje poeng. Og Tvedestrand? Kan alle den no? Utanom Jondal er det nok ein av plassane i landet vårt med finast namn. Beste lag var BJoP, HBO, Quizzvazz og Har Det På Tunga. Disse nagla 15 poeng.

Kveldens bileteark skulle visa seg å vere det arket som gav dårlegast snittscore. Med kun 8,7 i snitt var det mange lag som fekk kjørt seg her. Til dømes gjekk vanlegvis sterke HDPT på ein stjernesmell her med berre tre rette fjes. Beste lag hadde 13 rette: BJoP og HBO.

Samanlagt vart det på nytt ein kamp mellom dei fire historisk beste quizlaga på øya dei siste år. Dei Sporadiske måtte ned eit hakk etter bronseplassen for 14 dagar sidan, og enda denne gong på den sure fjerdeplassen. HBO tok seg opp på pallen med sine 64 poeng, men måtte sjå seg slått av både BJoP og QF med tre poeng. Gullduellen var avgjort til QF sin fordel på beste score på enkeltark.

Gutane på Samvirkelaget, som var nett like blide sjølv om dei fekk store problem på enkelte av rundane, kunne til slutt jubla likevel. Dei vann konsertbillettar til Bergen Mandolinorkester i regi av Falturiltu. Denne godbiten går av stabelen på Arena i morgon laurdag 6.november.

Quizvert var Jon, med Geir og Alena i baren.

Quiz nummer tre vert om snaue to veker: torsdag 18.november.

Resultat quiz 2 av 13 haust 2021 / vår 2022 - 4.november:
(Trykk på bileta for større visning)






Samanlagt:







Alle spørsmål med fasit: