fredag 3. november 2017

Torsdagsquiz 9 - 02.november 2017





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

23 lag deltok (21 lag fullførte) og snittscoren var på 59 poeng (av totalt 85 moglege).

No byrjar det å bli quizvêr ute, med mørke dagar, regn og kulde. Me er over halvvegs til jul og nok ein gong kunne me gleda oss over godt oppmøte. Folk har skjøna at det lønar seg å vere tidleg ute for å få dei beste borda, så i kveld vart det skjebnesvangert for fleire av veteranlaga å vera litt seine. Har Det På Tunga befant seg plutseleg på scenen og QF måtte slukøyra setja seg på eit småbord. Også kjekt at heile tre nye lag tok turen i kveld. Vonar de syns quiz på Arena var kjekt!

For fleire var ein delicious torsdagsmiddag frå Bakeriet Frugård sitt eminente kjøken inntatt og køen i baren roa seg innan oppstart kl 20.00, så då var me klare for å testa kor godt folk hadde følgt med siste veka. Bladet Sunnhordland les de tydlegvis nøye, for på dei lokale spørsmåla er de som regel veldig oppegåande. Vanskelegast spørsmål på fyrste arket må ha vert namnet på utstillinga som kronprinsessa var på; Dronningens Ja. Kun to lag visste dette. Ellers var det få lag som hadde rett på området i New York som vart råka av terror (TriBeCa) og kva Storbritannias forsvarsminister (Michael Fallon) som trekkjer seg heiter. Dei Hjelpelause og BJoP einaste to lag som nagla begge disse. Veldig bra! Utan å bagatellisera alt oppstyret om pågåande saker med kjendisar og skuldningar om trakassering, må det nemnast ei morsom betraktning frå barsjefen. For når ein framståande politikar trekkjer seg etter å ha tatt nokon på eit kne, måtte Geir vedgå at han måtte vurdera å levera oppsigelsen i morgon. Hehe. Best ut på fyrstearket var Lex Lodney og BJoP som begge kom frå det med berre éin feil. Veldig bra også av nykommarlaget Sviskene og Lubbesildo som noterte seg for 18 av 21 poeng.

Neste ark med musikk, film og TV skulle visa seg å vere både plankekøyring for nokon, men og fryktelig vanskeleg for andre. Eit sprik frå full pott på 18 poeng til skuffande 5 poeng tyder kanskje at nokon må vurdere å utvida den musikalske horisonten litt. Eventuelt så må quizverten vurdera enklare låtar og spørsmål? Neida. Fyrste låten frå 1977, Kansas med Dust in the Wind, viste seg å vera den laga sleit mest med. Nokon hadde tittelen rett, men berre tre lag hadde både tittel og band. Aaaaaltfor snevert meinte to deltakerar frå BJoP. Vel, uansett ei stor låt som HER vert framført med passion av komikaren Will Ferrell i filmen Old School frå 2003. På spørsmåla om film og TV var det Party of Five som skulle by på mest problem. Fleire lag med gode forslag på namn her. Likevel berre eit fåtal som kunne namngi tre av dei fem søskena.

Halvvegs var det dei to samanlagtkanonene BJoP og QF som hadde plassert seg i tet. QF med 2 poengs forsprang til BJoP etter at dei hadde prikka inn full pott på andrearket. Ellers jamnt bak dei beste, og mange lag in contention.

Det var tid for Rop-Ut-Quiz og på første spørsmål var Anne-Marie frå Quizzvazz i ein eigen klasse. Ikkje berre var ho først ute, men også både reiste ho seg opp og uttalte namnet på forfattaren Paolo Coelho (Spørsmål om boka Alkymisten) på ein klokkeklar og korrekt måte. Imponerande! Like suveren var også Nils frå Lex Lodney på neste spørsmål. Her var me ute etter kven som var utanriksminister i Noreg då andre verdskrig brøyt ut. Og slikt veit Nils: Halvdan Koht. Bra! Så i finalen, i kampen om kinobillettar, fekk kandidatane følgjande spørsmål:

Dra til Bloksberg er eit lite fint uttrykk. Men i kva land finn du fjellet Bloksberg?

Og dette visste begge to veldig godt! Lynraskt var dei frampå med svaret Tyskland. "Målfoto" måtte til, og det var Anne-Marie som gjekk sigrande ut av duellen. Gratulera!

Tredjearket skulle denne veka dreia seg om spørsmål frå dyras verd og kultur. God utteljing på mange lag her. Morosamt var det likevel å retta spørsmålet om kor mange bein mauren har. Samtlege lag utanom to hadde rett, nemleg seks bein. Det er tydlegvis ikkje mykje maur verken i kommunestyret eller på Stortinget, for laget til Tore og Olav freista lukka med åtte bein. Heller ikkje dei dyktige quizarane på QF hadde snøring her. Fire bein? Verkeleg? På kulturdelen sleit laga med dansk design, men også med latinodansane. Svært mange ville ha med tango her. Til info, les her. Tre av 21 lag klarte likevel å fleska til med alle rett: Dei Hjelpelause, BJoP og Blanda Drops. Flinke!

Nok ein gong vart sistearket det vanskelegaste dersom me ser på snittscoren. Stort sett bra på presidentar, Campari og Cosmopolitan. Men verre var det med resten. Klesmerket A&F var det få som hadde greia på. Heller ikkje kor mykje eit sekel er. At VHS står for Video Home System var det ok utteljing på. Likevel fleire alternative forslag her. Beste: Home Video System. Hahaha. På geografinøtta var det ingen lag som greide full pott denne gong. Fleire med 4 av 5. At ikkje Jakob Drillo Bjelland på BJoP klarte å dra San Salvador opp av hatten kan ikkje sjåast på som noko anna enn ein sensasjon. Kanskje laga fekk litt for knapp tid? Det vurderast å auka tenkjetida til 20 minutt på sistearket neste torsdag. Så går me heller frå 15 til 10 minutt på andrearket.

Varierande innsats på biletearket som vanleg. Alt frå 7 rette til full pott med alle 15 (Bedre Seint Enn Sist einaste lag med alle rett). Spesielt namnet til Mickan frå Solsidan og Elin R. Gjuvsland skulle verta største utfordringa. Ellers mange med feil på Winona Ryder. Ser dåke ikkje på Stranger Things på NetFlix? Anbefalast.

Det var knytta stor spaning til Jackpotquizen denne veka. Det var nemleg trippel jackpot med 1800kr i potten. Etter loddsalet enda det på heile 2955kr. Fyrste duell skulle stå mellom Nils frå Lex Lodney og Øystein Vegar frå QF. Suveren siger til Nils her. Carsten Smith var heilt korrekt Høgsterettsjustitiarius frå '91 til '02. Spørs om Øystein Vegar i det heile tatt klarar å uttala det? Hehe. I andre duell møttes Jakob frå BJoP og Øystein Vegar (ja, han har flaks) frå QF igjen. Spørsmålet dreia seg om forfattaren som står bak karakteren Ask Burlefot, og Jakob, nei, det er ikkje Bjørneboe. Når heller ikkje Øystein Vegar hadde peiling, måtte det nytt spørsmål til. Rett svar er forøvrig Agnar Mykle. Kor mange tyggis-bitar er det i ein Extra-pakke? "Øystein! 10!" kom det kjapt frå Øystein Vegar. Lenge før Jakob hadde fått høve til å tyggja på spørsmålet. Dermed var det duka for ny dyst mellom Nils og Fetter Anton. Finalespørsmålet verdt 2955kr handla om film. Og ein kunne sjå Nils riva seg i håret lenge før spørsmålet vart stilt. Kven spelar karakteren Jamie, ein forfattar som forelskar seg i den portugisiske hushjelpa si i filmen Love Actually frå 2003? Og dette visste ingen av dei. 10 sekund gjekk. 20 sekund. 25 sekund. Så, rett før klokka vert stoppa, går det eit lys opp for Øystein Vegar. "Øystein? Colin Firth?" Og jommen sa eg smør. Kor kom den fra?! Hadde han jukselapp på innsida av augnaloka? Svaret var heilt rett! Og snaue 3 laken rikare kunne han nøgd ta imot applaus. Grattis!

Korleis skulle det så gå med sluttstillinga, og kven kunne gå nøgde heim med gåvekort denne gong? Spesielt fire lag utmerka seg i kveld. Fire poeng før nummer fem, Stord BTK, måtte Lex Lodney ta til takke med den bitre fjerdeplassen i kveld. Kun éitt fattig poeng bak pallen. På tredjeplass, berre poeng bak sølvet, havna Bedre Seint Enn Sist denne gong. Som så ofte før skulle det stå mellom QF og BJoP. Og i kveld var det klasseskilnad på laga. Heile fem poeng skilde. Så hadde QF tatt vare på topoengsleiinga dei hadde halvvegs? Nei, langt i fra. Med kollaps på både på tredje -og fjerdearket gjorde dei det enkelt for Jarle og co. Med 15 av 16 på Dyr/Kultur, 13 av 15 på Lett Blanding og kun éitt bilete feil, var Bjellandsgjengen fortente vinnarar i kveld. Det smakte nok ekstra godt etter nokre veker med dårlige resultat. Gratulera med sigeren!

Laget FIA HOFA vart denne gong trekt ut som heldige vinnarar av ein gratisbillett til konserten med William Hut på Arena 17.november. God konsertfornøyelse!

Quizvert var Jon, med Geir og Konstanse i baren.

Takk for ein knæsj kveld og vel møtt igjen neste torsdag!

Resultat quiz 9 av 16 hausten 2017 - 02.november:
(Trykk på bileta for større visning)















Samanlagtstilling etter 9 av 16 rundar:


















Alle spørsmål med fasit:






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar