fredag 18. januar 2019

Torsdagsquiz 2 - 17.januar 2019





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

18 iskalde lag deltok og snittscoren var denne gong på stusselege 50,8 poeng av totalt 80 mulege. Fem intelligente lag kom seg over 60 poeng denne gong.

Etter å ha fått eit utal av besøk, telefonar, tekstmeldingar, telegram og andre beskjedar i ulike sosiale media sidan sist torsdag, samtlege med bøn om ein meir utfordrande quiz enn den førre veke, så måtte det skris til verket med ein godt kvessa quizpenn denne veka. Utfordrande skulle det bli.

Med eit snitt på 10,7 poeng av 16 mulege på førstearket med aktuelle spørsmål var standarden satt. Ikkje altfor vanskeleg, men nokre nøtter må ein ha. Spørsmåla som var mest utfordrande var begge i temaet sport. Kun éitt lag visste både Herning og Jøndal: Dei Sporadiske. Flinke! På NFL-spørsmålet var det mykje løye. Alt i fra ishockeylag, basketlag og oppdikta lag. Tre lag hadde derimot kontroll og prikka inn dei rette svara. Elles var det ikkje så verst, sjølv om ein undrar seg over laga som vil ha det til at Haga og Tyselio ligg på Leirvik. 16 av laga visste det var eit egg som hadde satt ny rekord i antal likes på Instragram. Har Det På Tunga derimot, dei trudde det var eit bilete som viser sex. For sikkerheits skuld tok dei med "samleie" i parantes, i tilfelle ikkje QM skulle skjøna det. Godt forslag, men nei. Best ut på førstearket var BJoP, LL og Dei Sporadiske. Alle med 14 poeng. Det må seiast at det var deilig å setja Lex Lodney på plass. Heile to feilsvar på aktuelle spøramål er ikkje kvardagskost for den gjengen.

Musikkinteresserte folk er ofte fine folk. Ta for eksempel Vidar. Kjernekar. Flott hår. God på gitar. Fin røyst. Ingen kan mislika han. Eller kva med ein tidlegare quizar (som sjølvsagt er hjartans velkomen tilbake på quiz), trubaduren Endre? Prima type. Det fins sjølvsagt utallige eksempel på andre feiande fine musikkfolk. Både dei som spelar musikk og dei som kan musikk. Og sjølvsagt skal disse folka få lov til å briljera med sin musikalske kunnskap. Ergo, musikkquizen kan ikkje vere gitt vekk. Ikkje for enkel. Det må vere litt utfordrande. Det vart det på kveldens musikkquiz dersom ein ser på poengfangsten. Ein skulle tru dei fleste lag hadde hørt songane før, men det gjeld altså å namngi både rett artist / band og rett namn på låta. Kun tre lag kan få godkjent denne gong. LAMP prikka inn sju poeng medan BJoP klarte åtte poeng. Det var likevel QF som imponerte mest med sine ti poeng. Sterkt! Med sju av åtte poeng på underholdningsbiten var dei også best av laga på arket totalt. Også godkjent av BJoP (15p), LAMP og HBO (begge 14p). På underholdning var det mykje gode svar på dei fire første spørsmåla. Kun Tors Utvalgte bomma på spørsmålet om filmen Bird Box. Dei trudde Sandra Bullock gjekk i bunad. Til slutt dreia det seg om eit utdrag frå ein song eg vil anta at mange i salen dansa slow til på ungdomsdiskotek på tidleg 90-tal til. Don't Cry med Guns n' Roses. Strålande band og legendariske plater. Dessverre var det kun tre lag som tok full pott og tre poeng her. Likevel var dei fleste på rett spor, sjølv om det vart nokre feil på namn på låt og/eller namn på album. Snittet på arket var såpass lågt som 9,6p denne gong.

Halvvegs var det vinnarlaget frå førre veke, BJoP, som hadde tatt teten. Dei leia med to poeng ned til QF og LAMP.

Rop Ut Quizen vart ein finale mellom Vidar frå BJoP og Solveig frå Dei Hjelpelause. Vidar tok seg til finalen på eit spørsmål om Cindy Crawford. Mon tru om det er fordi dei har lik sveis? Solveig var suveren på spørsmål om Narnia. I finalen fekk dei først spørsmål om BBC sin aprilspøk frå 1957, der dei lurte folk til å tru at sveitserane dyrka spaghetti på tre. Dette visste korkje Vidar eller Solveig. På spørsmål nummer to, derimot, var Solveig raskt ute med rett svar: Bindersen. Oppfinninga Johan Vaaler feilaktig har fått honnør for. Kinobillettar kjem vonleg neste veke. Grattis!

I tredje quizrunde skulle laga denne kvelden testast i Dyreriket og Kjendiskvinner. Og det gjekk stort sett greit. Det var fisk som skapte mest problem for laga. Berre to lag prikka inn sjøhesten. To lag fekk sågar rett på svaret havhest, sjølv om dette er ein fugl. Noko QM, som ikkje er altfor stødig på dyreriket, fekk opplyst etter endt quiz. Det får vere nære nok. Ein skjønte kva dei meinte. Spørsmålet om karpefamilien vart også for tøft for dei fleste. Kun tre lag visste dette. Snittet enda på fine 10,9p og det var Lex Lodney som var best med alt rett og 16 poeng. BJoP og HBO kan òg gå med hovudet halvhøgt heva med sine 15 poeng.

Lett Blanding skulle i kveld visa seg å vere lett. Defarr. Med eit snitt på 11,2p og 15 av 18 lag over 10 poeng vart det visst langt mellom dei altfor utfordrande spørsmåla. Likevel berre éitt lag med full pott: HBO. To spørsmål var litt verre enn dei andre: Kalmar og land i Afrika som sluttar på i. Kun fem lag visste at ein kalmar er ein blekksprut, medan det var så få som sju lag som tok dei fire landa. Gjengen på det fine laget LAMP har tydelegvis aldri spela Scrabble. Som einaste lag svara dei feil på kor mange brikker ein startar med. Dei prøvde seg på tretten. Jøye meg. Elles vert ein framleis "øvegidd" over kor mykje pølsevev som kan svarast på geografispørsmåla. Hehe. Delstatar i USA med namn som New England, Colombia og Little Norway vart foreslått. Og på dei afrikanske landa kom det inn forslag på Algeri, Sulawesi, Zambesi, Nairobi og Swahili. Bjørnar Withbro, can you hear me? Kan eg få rekvirera sjuogførti atlas som quizlaga kan få låna? Hohoho.

Om laga til no hadde fått litt for mykje poeng var det sjanse for å knekka dei litt med eit over gjennomsnittet utfordrande bileteark. Eit snitt på 8,5 poeng er om muleg rekord. I negativ forstand. Huff. Kun fem lag tok tosifra antal poeng. QF og BJoP best med sine 13p. INGEN av laga kunne namngi dama til Ole Gunnar. Berre fire lag visste kven Megan Boone var medan fem lag hadde greie på yoga. Sju lag kjende att Daewoo sin logo og sporten hurling. Underteikna var spent på kor mange lag som ville dra kjensel på Goscinny og Uderzo sin legendariske karakter Ompa-pa. Dei hadde altså fleire jern i elden enn Asterix. Seks gode lag imponerte og sette rett svar på arket. Well done!

Som sist veke var det Bjelland Juletre og Pyntegrønt som drog det lengste strået og kune motta fortent hyllest og applaus frå salen. 68 poeng på ein litt tøff quiz er brukbart. Også greit levert av QF som tok andreplassen med sine 66 poeng. Kampen om siste pallplass stod mellom HBO og LAMP. Dei enda likt på poeng, men med to fleire rette bilete var det LAMP som kapra gåvekortet.

Ekstrapremien gjekk i kveld til Tors Utvalgte. Meeeen, sidan dei hadde vert så knalne og forlatt lokalet FØR quizen var ferdig, gjekk dei glipp av den. Geir trekte dermed ut eit nytt lag, og det var Quizte Du Det? som vart dei heldige. Dei fekk med seg to gratisbillettar til 100 Dagar på Arena neste fredag. God fornøyelse!

Quizvert var Jon, med Marie og Geir i baren.

PS: Neste veke lovar me ein enklare quiz, sjølv om det ikkje kan garanterast at den vert like kjekk.

Resultat quiz 2 av 14 våren 2019 - 17.januar:
(Trykk på bileta for større visning)












Samanlagtstilling etter av 14 rundar:













Alle spørsmål med fasit:








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar