fredag 10. januar 2020

Torsdagsquiz 1 - 9.januar 2020





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

16 fenomenale lag deltok og snittscoren var denne gong på snaue 59 poeng. Ikkje verst! Heile ni av 16 lag kom seg over 60 poeng.

Det vart ein god quizstart på det nye året for dei fleste lag. Samtlege lag prikka inn tosifra antal poeng på førstearket som snitta på sterke 13,5 av 16 mulege poeng. Best var Lex Lodney og Dei Sporadiske som kunne alt. Litt verre vart det på musikk og underholdning. Bl.a. Noregs Mål og Assistlag gjekk på ein stjernesmell etter ein god start. Dei makta berre tre stusselege poeng. Betre gjekk det då med QF som sanka råsterke 15 poeng. Også god innsats av Lex Lodney og HBO som berre hadde to feil.

Halvvegs var det Lex Lodney og QF som hadde kome best i gang. 30 av 32 mulege poeng er veldig bra. Med det hadde dei opparbeidd seg ei luke på tre poeng ned til neste lag: LAMP AS. Elles låg laga som perler på ei snor hakk i hæl. Det borga til spaning utover kvelden.

Tredje spørsmålsark dreia seg om reise og aktuell sport. Det skulle falle i smak. Snittet enda på snaue 13 poeng, noko som enten vitnar om ei skarp forsamling, eller for enkle spørsmål. Lat oss landa på ei skarp forsamling. Best av alle var BJoP og Noregs Mål og Assistlag (fint comeback!) som begge fleska til med full pott. I tillegg er det verdt å nemna laga som berre hadde ein liten feil, og dermed 15 av 16 mulege poeng: Lex Lodney, Quizzvazz og Har Det På Tunga. Fem lag henta fine 14 poeng. Verdt å merke seg elles var at superlaget til framtidig ordførar Tarjei ikkje veit kor Markuskirken ligg. Moskva? Verkeleg?

Kun eitt lag klarte alle spørsmåla på fjerdearket med Lett Blanding: HBO. Veldig bra! Lex Lodney heldt fram med bunnsolid quiznivå denne kvelden, og saman med LAMP AS greide dei 15 poeng. Elles mykje god innsats og eit snitt på snaue 12 poeng. Elles var det verdt å merka seg at BJoP bomma på nok eit tilsynelatande enkelt geografispørsmål. Sjølv med kapteinen, varaordføraren og det sjølvutnemnte geografiorakelet på laget klarte dei altså ikkje å rangere fire enkle amerikanske delstatar i rett rekkefølgje frå vest til aust. Sjokkerande.

Biletearket var for nokon ein tøff test denne kvelden. Spesielt det nye laget Dei Nye fekk kjørt seg. Livevel fekk me eit snitt på over 10 poeng, så dei fleste kom greit i frå det. Best av laga var LAMP AS som berre hadde eit fjes feil. Bra levert også av meisterlaga LL, QF og BJoP som hadde 14 poeng.

Totalt var det lite å gjere med Sissel, Nils og resten av gjengen på Lex Lodney denne kvelden. Dei har nok bestemt seg for å både reise og snu kjerringa denne sesongen. 74 poeng er "maskiiiiin" og heldt i massevis til ein solid og fortent siger. QF var også gode og klokka inn på 72 poeng. Det heldt rikeleg til sølvplass. Tredjeplassen gjekk til LAMP AS som utkonkurrerte BJoP i kampen om tredjeplassen. Eit meir rett bilete gav dei gåvekortet. Dei enda begge på godkjente 67 poeng.

Kinobillettane gjekk til Siw Kristin frå Toppetasjen. Ho var flink og "sjekka inn" på Quiz-eventen på Facebook, og vart trekt ut som vinnar. Betty frå A Walk in the Park vart trekt ut som vinnar av konsertbillett til 100 Dagar som går av stabelen om to veker. Ho var ei av mange som hadde meldt seg på Quiz-eventen på Facebook.

Quizvert var Jon, med Alena og Geir i baren.

Vel møtt til quiz nummer to kommande torsdag 16. januar. Då er Sverre tilbake i manesjen med sin årsdebut. Han glede seg og kan i kjent stil lova både morosame spørsmål og upresise fasitsvar.

God helg quizers!

Resultat quiz 1 av 14 våren 2020 - 9.januar:
(Trykk på bileta for større visning)










Samanlagt:

Kjem etter 3-4 rundar.

Alle spørsmål med fasit:







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar