torsdag 9. oktober 2025

Torsdagsquiz 3 - 9.oktober 2025


 


Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

16 trufaste lag stilte til start på sesongens tredje quiz midt i haustferien.

Etter førre quiz' sensasjonelle scores var det denne gong tid for å få beina godt planta ned på jorda igjen. Dei 16 laga fekk tydlegvis nok å bryna seg på, for snittet enda på under 50 poeng.

Dei aktuelle spørsmåla plar vanlegvis gi gode scores. Det vart ikkje tilfelle denne gong. Er det HaustFerie med stor H og F, vekke frå både jobb og nyheiter? Seks lag kom seg opp på tosifra antal poeng og skarpaste knivane i skuffa var Bjelland Juletre og Pyntegrønt med 12 poeng.

Lettare vart det på andrearket. Her snitta laga på 11 poeng. For fleire vart det nok for lite utfordrande? To lag scora full pott: Bezzerquizzerz og LAMP AS. Well done.

Halvvegs var det jamnt i toppen, med fem lag på anten 26 eller 25 poeng.

Ark tre handla om finkultur og tal. Det skulle bli ufint nok. Snitt på under 9 poeng, så fleire lag fekk alvorleg trøbbel her. Best var nok ein gong Bjelland Juletre og Pyntegrønt med 12 poeng, medan QF og FIA Hofa hanka inn 11 poeng.

Den lette blandinga til slutt skulle vera enda verre. Snitt under 8 poeng og kun tre lag over 10 poeng. Nok ein gong var Bjelland Juletre og Pyntegrønt best, saman med QF. Begge fekk 11 poeng.

Heldigvis(?) var kveldens bileter litt meir handterbare. Laga snitt på 11,5 poeng og beste lag var den joviale gjengen frå DMDC med 15 poeng.

Totalt kom to lag seg over 60 poeng. Bjelland Juletre og Pyntegrønt vann med 62, medan QF tok sølvet med 61 poeng. LAMP AS kapra bronsen med 58 poeng.

Quizvert for sesongens første quiz var Jon, med Alena og Martine i baren.


Vel møtt til ny quiz på Arena torsdag 23.oktober.


Resultat quiz 3 av 12 sesongen 2025/2026 - 9.oktober:

(Trykk på bileta for større visning)







Samanlagt:

Kjem så snart resultata frå Quiz 2 er mottatt.


Alle spørsmål med fasit:








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar