fredag 23. februar 2018

Torsdagsquiz 08 - 22.februar 2018





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

14 gode lag deltok og snittscoren var på dryge 54 poeng (av totalt 85 moglege).
Litt lavt, så lat oss freista ny rekord neste veke. Om de følgjer litt betre med på nyhende og byrjar høyre på skikkeleg musikk, skal heller QM lova ein litt smidigare og ein smule meir medgjerleg quiz kommande torsdag. Snitt på over 60 då? Og vinnarlaget på 80? Køyr!

Så var det klart for den siste quizen som nokonsinne vil bli holdt i februar månad 2018. Neste torsdag er me nemleg over i årets første vårmånad; mars. Så lat oss vona snø, is og kuldegrader kan pella seg vekk. I alle høve i lavlandet. Snø og flotte skiforhold på Heio kan alltids holda seg ei stund til. Ein som ikkje nyttar seg av dei flotte skiløypene på Stordafjellet er Geir. Han må nemleg til større og mektigare anlegg på det skikkelege fjellet. I tillegg treng han umiddelbar tilgang på bar i skibakken, så han kan gå på afterski i sin rosa alpintrikót. Dette var tilfelle denne veka. Men sakna me han? Ikkje spesielt. Oda og Alex gjorde ein framifrå innsats i baren i kveld, og sjølv om nokre få matbestillingar vart etterlyst over PA-anlegget, gjekk det stort sett på skinner. Det er løye korleis fine smil frå sjarmerande servitørar kan bøta på litt småkluss. Elles litt fjas, tøys og rolp med lyd og musikk. Men det er nok ikkje anna å forvente med eit musikkanlegg frå tidleg 70-tal. Då klokka vart 20.00 var me klare for quizstart. Eller, er det nokon som saknar ein Gai Goong Pad (med Wi-Fi)? Jysla god.

Førstearket i kveld kunne veldig gjerne utelukkande ha handla om Vinter-OL. Ikkje veldig mykje anna spanande som har skjedd. Men så er det no ein gong sånn at det faktisk finnes folk som IKKJE er interessert i sport. Kven er de? Kva går dagane dykkar i? Antagelig mykje anna kjekt som me sportsidiotar ikkje har greie på? Jaja, godt det finnes fine folk som både er frå Fitjar og som ikkje er interesserte i sport. Men det må vere sagt at, gud hjelpes, de går glipp av sjølve livet. Hehe. No har det seg likevel slik at dei forbaska TV-tidene øydelegg mykje av OL med alle øvelsar sendt på nattestid eller i løpet av arbeidsdagen. Heldigvis har me helgene og det er ikkje råd å minnast sist eg stod opp frivillig før klokka sju både på laurdag og søndag. Og det ligg an til same resept denne helga og. Ein MÅ jo ha med seg både 5-mila for gutane og 3-mila for jentene. Sånn er det berre.

Anyway, over til førstearket. Litt vrient denne gong. Berre Har Det På Tunga og Heise Bra Opplegg kom nokolunde greit i frå det med sine 17 av 21 poeng. Elles var det mykje snurrepiperi. Omlag halvparten av kveldens fjorten lag tok spørsmåla om dei gule rundballane, budsjettsprekken til Stortinget, rekorden til Kasai og kommande OL-byar. 71 Grader Nord Kjendis scora 11 av 14 lag full pott på. Kveldens lokale spørsmål om Sigurd Sele var det berre tre lag som visste: HBO, HDPT og QF. Curling var også vanskeleg for dei fleste. Berre Anyohaseyo, HBO og HDPT har følgt med på dette og kunne såleis namna på våre utvalgte "soparar". Prisutdelingar i film, TV -og musikkindustrien bør vere opplagte tema å "lese seg opp på" før quiz, men i kveld såg det ut til at de hadde sluntra unna førebuingane og heller satsa på flaksen. Ikkje lurt. Berre HDPT og Bedre Seint Enn Sist scora full pott på spørsmåla om BAFTA Awards i London. Verst var likevel nyhendesaka om kondomet. Berre Anyohaseyo visste at dette hendte i Finnmark. Allsalgs folk hiv frå seg i akebakkane. Men me veit jo alle at dei ikkje er heilt rektige nordpå. Det må forøvrig òg nemnast at HBO trudde det dreia seg om ein oppvasktablett. Hm. Kan god reinslegheit fungera som prevensjonsmiddel? Ein skal vel ha god sjans til å scora bra hos det motsette kjønn dersom ein er flink til å ta oppvasken, så det spørs om effekten vert motsatt.

Over til musikk, film og TV. Forresten, er det nokon som no har kome på om dei bestilte ein Gai Goong Pad? Kan hentas i løpet av helga. Eller mista kanskje vedkommande matlysta etter eit par-tre pils? Det kan fort skje. Kveldens to første låtar frå CCR og Chris Isaak skulle vere give-aways til samtlege lag. Og heldigvis var scoren god, sjølv om det som vanleg er nokon lag det kan verka som aldri har eigd ei CD-plata. Får ikkje håpa det er dei same som ikkje er interessert i sport? Musikk er jo vel så viktig som sport. Haha. Neida, ikkje bli lei dykk. På Frugård er me glad i dykk alle. Det klirrar jo i kassen. Uansett, 12 lag tok CCR, medan 9 lag kjende at Chris Isaak sin hit Wicked Game. Bra låtar begge to. Også god score på Gnarls Barkley sin Crazy. 10 lag tok denne. Verre var det då med norske Unni Wilhelmsen. Berre tre lag hugsa denne vakre låta. Verst var likevel sistelåten til Lady Gaga. I utgangspunktet ukjend for underteikna, men ein skulle vel anta at det er slik som ungdomen lika når det er Lady Gaga sin nest mest avspelte låt? Tydlegvis ikkje. Berre QF (Tore) visste det rette svaret: The Cure. På film -og TV-delen tok samtlege lag Himmelblå (applaus!), medan 10 lag hugsa Kojak frå 70-talet. Berre fire lag hugsa namnet på begge barna til Tony Soprano: HBO, QF, Jesus Quiztus og Bedre Seint Enn Sist. Bra! The Sopranos skal jo vere pensum for alle. Og har du ikkje sett det, så vil eg oppmoda deg om å hiva deg rundt. Strålande underhaldning. Rangering av filmane på spørsmål 9 var litt bob-bob (berre 5 lag med rett), medan Olsenbanden gav bra utteljing på siste spørsmålet. 11 lag visste samtlege tre skodespelarar.

Rop Ut Quizen vart i kveld ein duell mellom Oddmund frå HBO og Trine frå BJoP. Oddmund kan si TV-historie frå før me andre var født. Iallefall hugsa han Odd Grythe. Husker du? Trine er god på musikk, og etter litt nøling på eit innfløkt spørsmål om '85-hiten We Are The World, kom ho med det rette svaret som var Lionel Ritchie (som altså både syng første strofa OG er medforfattar av teksten saman med Mikkel'en). Ho ville derimot ikkje synga strofa til oss. Hehe. I finalen fekk dei spørsmål om jordas indre. Og som Oddmund visste består den stort sett av jadn (Fe). Flott levert og grattis med kinobillettar kloke mann!

Halvvegs var det Quizteleg Fjolleparti som hadde tatt leiinga med 31 poeng. Like bak med 29 poeng fann med Heise Bra Opplegg, medan Har Det På Tunga hadde plassert seg på tredjeplass med 28. Dei fleste lag med 20+ poeng på skothald bak dei førebels pall-laga.

Ark 3 dreia seg i kveld om Austlandsgeografi og Legar. Og med 10 av 14 lag på over 10 poeng såg det ut til at desse tema må ha falt i god smak. Ironisk nok var ikkje legelaget FIA HOFA tilstades på kveldens quiz. Halvparten av laga hadde greie på Helgøya og Sarpsborg, medan berre to lag prikka inn ein av dei rette kommunane på spørsmål to: Lex Lodney med Nes og Fonna i Krise med Våler. Bastøferga hadde 12 lag koll på, medan seks lag tok dei tre byane til kjendisane på oppgåve 5. På Lege-delen var det dei to låtane til Dr. Hook og Kiss sin Calling, Dr. Love som har verst. Berre QF tok begge. Oppsiktsvekkande at så mange svara både Snap!, Aqua og Dr. Alban mtp at låta vart utgitt i 1976. Heile 9 lag tok lokal-lege-geografien, medan det var jamnt bra svart på resten av legespørsmåla.

Lett Blanding skulle også vise seg å vere eit ålreit ark for dei fleste i kveld. Eit snitt på rundt 10 av 15 får vere godkjent. Spørmåla om Verdi, Davy Crockett og Clapton var dei som flest hadde, medan det var sushispørsmålet færrast lag visste. Høgden til Robert Wadlow (2,72) fekk sju lag poeng for. Fire av laga visste eksakt høgde. Sterkt. Mest crazy tips her stod Bedre Seint Enn Sist sitt lag for. Dei prøvde seg med 3,20(!). Fem lag visste at dei langerhanske øyer befinn seg i bukspyttkjertelen, medan HBO trudde dette måtte vere på Grønland. Hehe. Til slutt var me tilbake til ei lita geonøtt med seks poeng oppnåeleg. Fire lag tok full pott her: Blanda Drops, Furuly 4 Ever, HBO og Jesus Quiztus. På kanten til rystande at Stord sitt svar på Geografi-Drillo, varaordførar og maratonløpar Jakob, i samarbeid med sitt superlag BJoP ikkje klarte å ta alle dei seks landa med kystlinje mot Adriaterhavet. Her må de fram med Atlas'en igjen!

Til slutt var det som vanleg gjennomgang av biletearket. Og denne gong var dei fleste gode. Eller var det for lett? QF fleska til med samtlege rette, medan BJoP henta 14 av 15. Elles (nesten) alle lag over 10 poeng. Fire av bileta visste samtlege lag: Petter Kanin, anagrammet, King Oscar og Isle of Man. Vanskelegast var bilete 2 av U2 sitt strålande album Achtung Baby. Akk, de skulle ha kjøpt CD'ar folkens. No er det nesten for seint. Eller? Kjøp vinyl. Det er kult.

Totalt var QF tilbake på topp etter nokre veker med, for dei, skuffande resultat. Dei vann med tre poeng ned til Har Det På Tunga, som hadde ein god quiz. HBO revansjerte den sure fjerdeplassen frå førre veke med å ta seg opp på pallen i kveld. BJoP enda på fjerde, medan Blanda Drops sneik seg til ein grei femteplass poenget føre eit Fonna i Krise lag som hadde ein bra quizkveld. Videre var det veldig jamnt nedover heilt til 10.plassen.

Det var Blanda Drops (ispedd nokre Blanke Ark) som denne gong vart trekt ut som glade vinnarar av to gratisbillettar til konsert med Myhres PPT på Den Blå Time 6.april. God konsertfornøyelse fine folk!

Quizvert var Jon, med smilande Oda og spretne Alex i baren.

Takk for ein utsøkt kveld og vel møtt igjen torsdag 01.mars til ny quiz!

Resultat quiz 8 av 15 våren 2018 - 22.februar:
(Trykk på bileta for større visning)











Samanlagtstilling etter 08 av 15 rundar:
















Alle spørsmål med fasit:







fredag 16. februar 2018

Torsdagsquiz 07 - 15.februar 2018



Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

20 lag deltok og snittscoren var på 53 poeng (av totalt 85 moglege).
Snittet for Topp 10 var på 62 poeng.

På kalenderen stod det 15.februar og me kunne feira tidenes beste norske OL-dag. Tre gull, to sølv og 1 bronse. Historisk! Så var spørsmålet kven av kveldens deltakarlag som kunne sikra seg dagens fjerde gull. Hadde dei lese seg godt nok opp på siste vekes hendingar? Etter at folket hadde fått besøkt baren og Alex, for kvelden utkledd som Nerea, hadde servert dei lekraste rettar, var me klare for action.

På førstearket var det fleire lag som fekk ein brukbar start på kveldens quiz. Spinraza visste dei fleste, medan tragiske hendingar i Florida og Moskva gav ok utteljing. Mange gjekk i Fort Lauderdale / Miami fella her. Angåande Prins Henrik ville fleire at han var født i Vietnam (Fransk Indokina), men han var altså født i Talence i Frankrike og vokste opp i Vietnam. Overraskande mange lag visste han gifta seg i 1967. Norske medaljar i OL var nok eit spørsmål mange hadde venta seg. Berre eit fåtal av laga bomma på dette. Litt verre med antal Aksel-gull og skimerke, sjølv om nokon tok dette og. Til slutt handla det om Farmen, og dette såg det ut til at dei fleste hadde fått med seg. Sjølvsagt noko rusk for dei som ikkje ser på denslags på fjernsynet. Best av laga var superlaget Bjelland Juletre og Pyntegrønt som henta 19 poeng. Dei Sporadiske rett bak med 18, medan QF og Stord BTK sette 17 poeng i banken. Tre lag med under 10 poeng, deriblant debutantane frå Eureka. Her må det fram med lupe i nyhendene og topplokket kvessast til neste veke dersom de skal kunne eta kirsebær med dei store. Snitt på dryge 13 poeng er kanskje litt under det det bør vere?

Over til musikk, film og TV, og som vanleg var det stor skilnad i kunnskapsnivået på musikkdelen. Grei score på Boston og Blondie, medan dei fleste kjende att Eminem og Dido med deira hit Stan. Mange kjende også att Mumford & Sons, sjølv om ingen visste namnet på låta. Verst var likevel Mötley Crüe sin hit Home Sweet Home frå 1985. Vidar gjorde ikkje skam på sine lange lokker, og var einaste i salen som nagla rett svar på glamrockarane frå USA. Beste lag på musikken i kveld var nettopp Vidar og co i BJoP med 8 av 10 poeng. Furuly 4 Ever, Stord BTK, HBO, A Walk in the Park, Tors Utvalgte og Spionane noterte seg alle for fine 7 poeng. På film -og TV-delen var det som vanleg bra scores. Om lag halvparten av laga hugsa både NRK-sendte God Bok og Ta Sjansen. Også mange hadde rett på Life of Brian, kanskje med litt hjelp frå DJ som spela Always Look on the Bright Side of Life medan laga løyste oppgåvene. Til slutt handla det om Ruth Wilson og Leslie Nielsen. Mange var gode også her. Beste lag på film og TV var Tors Utvalgte og QF med full pott. Totalt sett på arket var det BJoP og Tors Utvalgte som briljerte med sine 15 poeng. Også bra av QF og HBO med 14 poeng. Litt verre for FIA HOFA som ikkje kan ha truffe sine favorittsongar, filmar eller TV-seriar i kveld. Beskjedne 2 poeng er blytungt. Lat oss sjå om me kan trylla fram noko legemusikk, legefilmar og legeseriar frå fjernsynet til neste veke. Hehe.

Rop Ut Quizen i kveld vart ein rein søstreduell mellom Ragnhild og Solveig frå Dei Hjelpelause. Ragnhild er mest truleg ein ulv i kortspelet Casino, medan Solveig hadde kontroll på Desmond og Molly Jones. I finalen fekk dei problem med ål, før det til slutt var Solveig som trakk det lengste strået angåande kva vekedag det er statsråd på Slottet. Grattis med kinobillettar!

Halvvegs var det førre vekes vinnar BJoP som hadde tatt kommandoen med 34 poeng av 39 mulege. Dei hadde tre poeng ned til QF og heile fem poeng ned til Tors Utvalgte og HBO.

Ark 3 betyr som vanleg to nye tema kvar veke, og denne veka var det Eventyr og Italia. Og dette må ha vert tema som falt i god smak hjå laga. Eit snitt på dryge 11 av totalt 16 oppnåelege poeng er sterkt. Både Har Det På Tunga, HBO og BJoP henta fine 14 poeng, medan Tors Utvalgte som kun hadde éin feil var best i klassen. Mest rusk på eventyr var det på spørsmåla om Veslefrikk og Bukkane Bruse. Også fleire morsomme forslag til korleis dei ulike eventyrkarakterane i oppgåve 5 enda sine dagar. Døme på korleis Tommeliten visstnok skal ha enda sine dagar: 1) Spist av ein frosk (Stord BTK), 2) Spist av ein fugl (Anyohaseyo og Fonna i Krise), 3) Tatt av ein katt (FIA HOFA), 4) Spist av ein fisk (A Walk in the Park), og 5) Trakka på (Bedre Lykke Neste Gong). Einaste lag som ikkje visste at kjerringa frå eventyret Kjerringa mot Straumen vart drukna i elva av ektemannen var QF. Dei trudde ho vart eten av ein fisk. Du slette tid. Beste lag på eventyr var Dei Hjelpelause og Tors Utvalgte, som hadde alt rett og 8 poeng. På Italia var det òg veldig bra. Der flest lag missa var på sportsdelen. Beste lag var Lex Lodney, Anyohaseyo, HBO, Har Det På Tunga, Tors Utvalgte og BJoP som hadde 7 av 8 poeng på spørsmåla frå støvellandet.

Lett Blanding til slutt byrja tøft og mange gjekk i Findus-fella. Berre QF tippa(?) rett med svaret frukt her. Videre var det god utteljing på Norsk Bremuseum og Sverre Fehn (9 av 20 lag visste dette = sterkt!), Donald Duck (både 2 og 4 knappar godkjent), Stella og SEC. Litt verre med Formel-1 laget til Benetton (8 lag med rett svar). 13 av laga tok Bobsey-barna og 14 lag krydderet karve i pultost, medan dei fleste visste at svastika er det indiske namnet på hakekors. Til slutt handla det om The Big Five Game og dyr i Afrika. Mykje gode forslag her, men mange bomma. Berre Furuly 4 Ever, Tors Utvalgte, QF og BJoP tok fem av fem. Imponerande! Beste lag på kveldens siste spørsmålsark var BJoP som scora 14 av 15. Også godt levert av QF, Tors Utvalgte og Fonna i Krise som klarte 13 av 15.

Biletearket varierte i kveld frå begredelege 2 til fine 13 poeng. Best var QF som berre bomma på bileta av Demi Lovato og HC Holund. Også bra score av BJoP, HBO og Blanda Drops med 12 poeng. Det biletet laga sleit mest med var OL-vert på TVNorge Anne Sturød. Berre Stord BTK og QF visste dette. Også kokeboka Mums var ukjendt for folk flest. Berre fem lag tok den. Elles trudde heile 6 lag at Libresse-logoen var FKH sin logo, samt åtte lag gjekk på limpinnen og satsa på Venezia på biletet frå Amsterdam.

Jackpotquizen går diverre i feil retning i disse stadig meir dominerande VISA-kort tider. Enten har ikkje folk kontantar, eller så er dei livredde for å drita seg ut med feil svar føre heile salen. Eller er det dei store jackpothaiane de er redde for? Stusselege 460 kroner i kveldens jackpot vitnar om eit konsept som enten bør sløyfast, eller gjerast om på. Kva tenkjer de? Innspel vert tatt i mot med takk. Uansett, første kandidat trekt opp av hatten av blide Nerea var varaordførar (og jackpothai) Jakob. Han valgte kategorien FOTBALL, men skjønte kjapt at han var på tynn is. Med svaret Japan på kva landslag Ranieri trente før Leicester, var han langt på viddene geografisk. Me skulle nemleg til Hellas. Neste kandidat var tidlegare QM Sverre. Stadig vekk lettare på foten. Han gjekk for kategorien ORD og etter litt resonnering landa han jommen på rett svar. Kva er ikkje spiseleg av samojed, samovar og samosa? Og dersom du ikkje er Jaws i James Bond eller Valentin Gjertsen i Jo Nesbøs siste Hole-bok Tørst, er det nok vanskeleg å fortæra den russiske tekokaren samovar. Godt levert Sverre, og gratulera med 460 skattefrie kroner. Mon tru om opptil fleire av dei kronene var i lomma til Jakob før lodda vart solgt. Hehe.

Oppsummert skulle det stå mellom dei fire superlaga HBO, Tors Utvalgte, QF og BJoP som det ofte har gjort tidlegare. I kveld var det HBO som måtte ta til takke med den lite kjekke fjerdeplassen, berre poenget unna pallen. På bronseplass hamna nemleg Tor og co med fine 68 poeng. Poenget føre og på sølvplass enda QF som slo tilbake etter ein skuffande (for dei) fjerdeplass førre veke. Men i toppen for andre veke på rad var det Bjelland Juletre og Pyntegrønt som befann seg. Nok ein knusande overlegen siger til Trine, Jarle, Trond, Jakob og halve Vidar. De er i siget! Grattis!

Lex Lodney vart trekt ut som heldige vinnarar av to gratisbillettar til konsert med Myhres PPT på Den Blå Time 6.april. God fornøyelse!

Quizvert var Jon, med deilige Geir og snedne Nerea i baren.

Takk for ein eminent kveld og vel møtt igjen torsdag 22.februar til ny quiz!

Resultat quiz 7 av 15 våren 2018 - 15.februar:
(Trykk på bileta for større visning)













Samanlagtstilling etter 07 av 15 rundar:















Alle spørsmål med fasit:










fredag 9. februar 2018

Torsdagsquiz 06 - 08.februar 2018





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

19 lag deltok og snittscoren var på snaue 54 poeng (av totalt 85 moglege).
Litt lavt, men nokre uheldig lave scores på botnlaga trakk ned snittet.
Dersom ein ser på snittet for Topp 10 laga, var det på dryge 63 poeng.

Så var det torsdag igjen og ny quiz. I Alex sitt fråvær denne kvelden hadde Vilde gjort ein strålande jobb med å gjere lokalet klart til kveldens quizgjester. Geir var i godt slag og Arve var som vanleg på plass før dørane opna for å sikre seg lagets faste bord på podiet. Noko som ikkje var i godt slag var ølkranane på Arena. Der kom det berre skum. Godt Hansa rykkjer ut nærast på timen når slikt skjer, så ingen fare for tørste strupar som skal på konsert med Janove på laurdag. Men litt tungvint vart det denne kvelden då det måtte tappast øl inne på Bakeriet. Som om det ikkje var nok med slakke ølkranar spelte ikkje musikkanlegget heilt på lag heller denne kvelden. Musikk utan vokal låt litt spesielt, men heldigvis klarte nokre pølsefingrar å vøla stedlo i god tid før kveldens musikkquiz.

Førre torsdag vart det lova ein litt enklare quiz til denne veka. Men det betyr ikkje at de ikkje treng følga med på kva som skjer i nyhendebiletet. Eit forholdsvis lett førsteark endte med litt skuffande resultat. Eit snitt på dryge 12 poeng burde vert høgare. Spørsmåla flest lag fekk problem med var dei om vinårgangen (berre 7 av 19 lag med rett), dei nye Kværnerkontraktane (berre 3 lag visste begge to) og Noregs uttak til 30km i OL (5 lag prikka inn dei fire rette). Elles litt rusk på Superbowlspørsmålet. Berre fem lag tok 3 av 3 poeng her. Så over til rosen. Mykje bra på dei øvrige spørsmåla. 14 lag tok Paul Simon og 12 lag scora full pott på spørsmåla om Guinness-rekorden og jordskjelvet i Taiwan. Best av alle var noko overraskande Anyohaseyo med sine sterke 19 poeng. Det må ha vert ei roleg veke på Aasta Hansteen prosjektet og tid til å lesa seg opp på nyhende for den kjekke Statoil-gjengen. Nest best var BJoP med 18 poeng. Forøvrig kunne dei som hadde øyrene med seg registrera at musikken i dei 15 minuttane laga hadde til å svara på spørsmåla utelukkande bestod av låtar frå Pink og Paul Simon. Ergo: Pisk på pung til dei fire laga som bomma på spørsmålet om Pink, og dei fem laga som ikkje fekk Paul Simon ned på svararket. Hehe.

Legendariske Sweet Home Alabama med Lynyrd Skynyrd ('Leh-'nerd 'Skin-'nerd) burde gi alle lag to lette poeng innleiingsvis på andrearket. Likevel var det over halvparten av laga som sausa det til. Oppsiktsvekkande at heile fem lag kan blanda eit så obligatorisk band med CCR. Omlag halvparten av laga bomma også på like obligatoriske Genesis sin superhit Land of Confusion. "Altså, heilt på ekta" som QF-Ellen plar seie: Kor enkelt må ein gjere det for at fleire lag skal scora bra på musikken? Hehe. Kanskje best å ikkje fortelje at berre to(!) lag tok David Gray sin hit Babylon (ingen ros til QF og Stord BTK her, for denne burde langt fleire lag tatt). Huff, nok skjenn! Dagens gladsak: Samtlege lag klarte å peta ned rett svar med Beyoncé og Halo! Hurra! Også brukande på sistelåta. Best på musikken i kveld var nettopp QF og Stord BTK som tok fullt hus med 10 av 10 poeng. Vil tippa at musikkvirtuosen og dagens bursdagsbarn Raffen på Stord BTK tok dei fem låtane opp-ned, på skeiva, i blinde og med doble hørselsvern.

Dei siste vekene har det kome sterke mishagsytringar over at det er for mykje TV-spørsmål. Difor var kveldens quiz heilt utan. Litt som ein protest mot dagens samfunn som ein offentleg institusjon. Neida. Ein av dei som både har truga med juling og uttrykt sterk misnøye med TV-spørsmål, og som påstår han ikkje ser på fjernsyn (som han kallar det, senioren), er Vidar på BJoP. Så det passa godt at han glimra med sitt hårfagre fråver i kveld når det ikkje fantes eit einaste fjernsynsspørsmål på heile quizen. Takka meg te. Ergo vart det berre film på siste del av andrearket. Dumbo visste berre QF og HBO. Seks lag prikka in Mr. Jingels. Til glede for den utspekulerte QM som spelte Robbie Williams sin Mr. Bojangles over anlegget i tenkepausen, var det to lag som faktisk gjekk i fella og svara nettopp Mr. Bojangles. Hehehe. Venstrefoten og Alien var det god utteljing på, medan dei fleste lag henta godt med poeng på norske Oscarfilmar. Det var imidlertid berre to lag som tok alle 4 filmar: Anyohaseyo og HDPT. Bra levert. Best på andrearket var QF med 17 poeng. Dei mangla berre filmen Ni Liv på toppscore. Bak dei var det 4 lag med 14 poeng. Snitt: 10,9 av 18.

Rop Ut Quizen i kveld vart ein kamp mellom Oddmund frå HBO og Øystein Vegar frå QF. Oddmund kvalifiserte seg med franskkunnskap, medan Øystein Vegar kunne sine landegrenser mot aust. I finalen tok Oddmund enkelt rotta på Øystein Vegar når det kom til geografi i Mexico. Ja, Acapulco ligg mot Stillehavet. God kinostund!

Halvvegs leia Anyohaseyo med 33p føre BJoP med 32p og Stord BTK med 31p.

Kveldens tredjeark handla om 70-talet og Ord. Ikkje altfor dryge spørsmål, så her var det forventa bra scores. Og laga innfridde nokolunde. Kanskje med unntak av Stord BTK. Med pinlege fem poeng både skuffa dei og kollapsa som forventa. Eit snitt på snaue 11 poeng får vere godkjent. Best med 14 av 16 poeng var BJoP, Sviskene, HDPT og HBO. Spørsmåla som flest lag bomma på var Beatles' siste album Let It Be (sjølv om tre låtar frå albumet vart spela i tenkepausen), rekkefølgen på komikarane (mange med Sagen yngst) og til slutt ordtaket Cogito Ergo Sum. Eg tenkjer, altså er eg ikkje overraska. Høhø. Forøvrig: Når det vert spørt etter dei to (2) manglande orda i ordtaka, korleis klarar de då å skriva både 3 og 4 ord? De får håtta øyrevasken til neste veke. Kven seier øyrene til gryta må vere store? Hehe. Høgdepunktet på tredjearket var når Geir trakka på øltappingspedalen og tømte ut ein halvliter skum inne i baren. Er han like flink til å vaske gulv heime, Kari Petra?

Lett Blanding gav oss eit snitt på omlag 10 poeng. Nok ein gong var det BJoP og Anyohaseyo som gjorde det best med sine 14 av 15 poeng, Nest best: Dei Sporadiske og Quizzvazz med 13 poeng. Vanskelegast spørsmål var kva substantiv som er hyppigast brukt på engelsk. Berre BJoP visste dette. Så sant dei ikkje var det einaste laget som tok referansen over høgtalaranlegget då Pink Floyd sin låt TIME vart spelt. Time var altså det rette svaret. Litt ironisk var det at nettopp Pink Floyd sin fenomenale Wish You Were Here var det einaste dei bomma på. Elles fekk fleire lag trøbbel med reknestykket, Orderudsaken og dei fire generalsekretærane i FN. Pérez de Cuellar var det berre tre lag som tok. Beste feilskrivingssvar som gav poeng stod Dei Sporadiske for: Dequeiar. Hehe. Med slik ei flott løkkeskrift måtte dei få for den.

Biletearket rundar som vanleg av. Mykje bra også i kveld og eit snitt på snaue 10 av 15 poeng. Best var BJoP med 14 poeng. Nest best: Dei Sporadiske og Stord BTK med 13 poeng. Vanskelegaste bilete i kveld var Julienneskrellaren (-jernet) som berre BJoP tok, samt Tour de France fjellet Mont Ventoux som berre tre lag nagla.

Jackpotquizen var i kveld tilbake til gamlevarianten og det var Stein Arve frå LL som hadde kjøpt loddet som Vilde trakk. Han fekk velga mellom tre kategoriar og gjekk for Bibelen. Og med det rette svaret Abraham tok han den doble jackpoten på fine 1425 kroner (kor kom den 5'aren frå Geir?!) til stor applaus (og sikkert litt skuffelse) frå salen. Well done, sir!

Før utrekning og oppsummering var det knytt stor spaning til om Statoillaget Anyohaseyo kunne halde halvvegsleiinga heilt inn. Kunne disse "utlendingane" ta sin første siger i knivskarp konkurranse mot Sumarøyo sine aller kvikkaste hovud? Nokon vil kanskje også spør seg om gjengen frå Stord BTK kunne forsvara sin pallplass frå opplesinga halvvegs. Men me som kjenner dei veit betre. Dei kollapsar som regel under press. Denne gong enda dei heilt nede på ein åttande plass. Var det mangelen på rutine på laget som gjorde utslaget? Kor var Einar, Lars Åge og Rangvald i kveld? Tilbake til Anyohaseyo. Dei holdt ikkje heilt inn dei heller. Til slutt enda dei på ein fin tredjeplass, á poeng med Dei Sporadiske (som kom forrykande utover quizen). Med fleire bilete rett (og finare løkkeskrift) enn Anyohaseyo enda dei på ein sterk andreplass. Heile fem poeng føre dei fann me kveldens vinnarlag. Bjelland Juletre og Pyntegrønt viste seg frå si beste side i kveld og utklassa røkla. Gratulera gode quizarar! Ei lita luke ned til QF samanlagt sikra dei seg òg.

Kveldens vinnarlag Bjelland Juletre og Pyntegrønt tok ikkje berre heim sigeren i kveld. Dei vart også trekt ut som heldige vinnarar av to gratisbillettar til Discotek på Arena med den legendariske DJ Paal Haynes neste laurdag 17. februar. God fornøyelse!

Quizvert var Jon, med sympatiske Geir og sukkersøte Vilde i baren.

Takk for ein gild (som dei seier på Jæren) kveld og vel møtt igjen torsdag 15.februar til ny quiz!

Resultat quiz 6 av 15 våren 2018 - 08.februar:
(Trykk på bileta for større visning)












Samanlagtstilling etter 06 av 15 rundar:















Alle spørsmål med fasit:






fredag 2. februar 2018

Torsdagsquiz 05 - 01.februar 2018





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

15 lag deltok og snittscoren var på dryge 56 poeng (av totalt 85 moglege).

Kalenderen har skifta side og me er klar for årets andre månad og vårsesongens femte quiz. Litt mannefall denne torsdagen, med berre 15 lag på plass. Mogleg dette skuldast at Utdanningsforbundet har quiz på Arena i dag (fredag), og at somme som skal delta der tenkjer det vil vere overkill med quiz to dagar på rad? Uansett, underteikna, Geir, Alex og alle deltakarane på dei 15 laga skulle nok få ein kjekk quizkveld likevel. Dessutan hadde opptil fleire lokale A-kjendisar tatt turen. Både ein tidlegare statsråd, nyesjefen for Moster Amfi, Stords fremste triatlet, ein framifrå visesongar og Shantyfant, samt sjølvaste Kulturhusverten var alle til stades. Då vert liksom toppmodellen til Sparkjøp i baren nedgradert til ein ubetydeleg G-kjendis.

Dei aktuelle spørsmåla gav i kveld resultat på det jamne. Eit snitt på snaue 15 av 21 poeng vitna om nokre nøtter inni mellom. To lag skilde seg ut. Lex Lodney kapra strålande 20 poeng og fekk med det eit viktig forsprang på sine argaste konkurrentar. Også dei sneddne jentene, ispedd eit par glupe veteranar, gjorde ein god innsats med sine 18 poeng. Forøvrig låg dei andre laga frå 13 til 16 poeng utanom det nystarta laget Spionane som må ha hatt litt "stong-ut" og enda på 10 poeng. Dei tok det igjen på fine smil og godt humør. Spørsmåla som skapte mest problem for laga var namnet på den nye dramaserien til TV2 (Kielergata - kun 4 lag hadde den), den norske gullmedaljøren i X-Games (Kleveland) og årets Grammy-vert (James Corden - søk opp Carpool Karaoke på YouTube og de vil bli kjent med denne strålande mannen!).

Kveldens musikk skulle nok ein gong vere overkommeleg for dei fleste. Likevel var det fleire som gjekk i The-Who-fella på førstelåta. Berre HBO og QF prikka inn rett svar med Elton John og hans cover av Pinball Wizard. Om eg hugsar rett vart Paula Abdul sin hit Straight Up spela på quizen for eit år eller to sidan. Dette må mange ha gløymd, for også her var det mykje rusk. Berre Blanda Drops, HBO, QF og BJoP henta 2 av 2 poeng her. Tidlegare Beverly Hills 90210 skodespelar Jamie Walters sin One Hit Wonder Hold On frå 1994 var også blanda kjenskap til. Berre dei blide jentene på Spionane tok både artist og låt her. Mest truleg hadde nok alle lag høyrt alle disse tre låtane utallige gongar før, men så var det nettopp det med kven det er som syng og kva låta heiter. Det er det som er kjekt (eller frustrerande?) med musikkquiz, er det ikkje?! Dei to siste låtane tok dei fleste lag som hadde "ungdomar" med seg på laget, medan dei litt eldre fekk problem. Best av laga på musikkdelen i kveld var Blanda Drops og QF som tok 8 av 10 moglege poeng. Resterande lag låg på litt flaue 4-5 poeng. Hm.

På film og TV delen var det stort sett bra utteljing på både Cheers og TV-serien Nord og Sør. Litt verre med dei to rangeringsoppgåvene. Mest morosamt var det med siste spørsmålet om dei to bestselgande filmmusikkplatene frå 1977 og 1992. Merkeleg mange gjekk i fella og svara både Grease og Dirty Dancing her. Mon tru om det hadde noko med pausemusikken å gjere. Hehe.
Totalt sett på Musikk / Film&TV arket var det Blanda Drops som var best med sine 15 poeng. Også eit nonsjalant klapp på skuldera til QF og HBO som henta 13 poeng. Karakter: Ng.

Rop Ut Quizen halvvegs, om premie på to kinobillettar, skulle stå mellom Stein Arve og kveldens yngste(?) quizdeltakar Mads (mammo hadde nok kontroll på at han hadde rett mjøl i glaset frå andre sida av gjerdet. Hehe). Begge frå superlaget Lex Lodney. Dei tok seg til finalen på spørsmål om hekkeløp og Snurre Sprett. I finalen skulle det handle om sjokolade. Kva "neter" er det i Firkløver? Og etter litt tenketid var det Stein Arve som viste at dei eldste framleis er eldst, og prikka inn rett svar med hasselneter. Bra levert og god tur på kino!

Halvvegs var snittscoren litt under det den plar vera. Fleire av dei store samanlagtkanonene hadde fått uventa problem, og låg litt på etterskot. Lex Lodney hadde likevel komt godt i gong, sjølv om dei som vanleg måtte avgi litt poeng på musikkdelen, og låg på 2.plass med godkjente 30 poeng. I tet med ei luke på 3 poeng ned til næraste utfordrar låg Blanda Drops. God start! Kunne det halda heilt inn? I følge det sjølvsikre laget skulle dei aldeles ikkje rota dette vekk.

På ark 3 var det kategoriane Medisin og Norden i kveld. Om det var for lette spørsmål eller om laga verkeleg har supergod peiling på dette er vanskeleg å seie, men det var stort sett gode scorar over heile lina. Av 16 oppnåelege poeng låg alle lag mellom 8 og 13 poeng. Jamnt. Eit snitt på dryge 11 er også bra. Fleire lag på 12 poeng, men best av alle var nok ein gong Lex Lodney med sine 13. Dei spørsmåla laga sleit mest med var spørsmålet om proteinet kollagen (gode tips her frå både Sviskene med Eggekvite og Anyohaseyo med Gelatin. Haha), litt blanding av influensatypar og kva to byar E6 går mellom. Arkets lurespørsmål om folketal var det faktisk ingen som tok. Dei fleste trudde her at det var Åland som hadde flest innbyggjarar, og ikkje det rette som var Grønland. Til slutt må det nemnast at samtlege lag visste at den finske byen Turku vert kalla Åbo av svenskane. Nja, utanom éitt lag då: Haustmeister Quizteleg Fjolleparti som prøvde seg med Modo. MODO?! Jøye meg. Kva seier du, Sverre, som følgjer ishockey tett? Rystande. Ti armhevingar på samtlege. Ja, du og, Tarjei.

Arket med Lett Blanding skulle også gi gode scores denne kvelden. Snittet på 11,5 av 15 er også sterkt. To lag med full pott: LL og BJoP. Imponerande! Også bra av QF og Dei Sporadiske med berre éitt tapt poeng. Overraskande få gjekk i Las Vegas (Atlantic City) fella, medan det var Susann sine to klubbar (mange mangla Nordstrand) og La Guardia flyplassen ved New York som flest lag bomma på. Også fleire lag svara Atlanta på byen MLK var myrda i (Memphis). Festlegaste tips på dette arket stod Har Det På Tunga for med sitt svar Guernica på flyplassen La Guardia, samt Spionane sitt forslag Hudson River (de hugsar filmen om Sully?). Hehe.

Stort sett ok innsats også på kveldens bileteark. Dei fleste lag med 9 eller fleire rette. HBO var best med sine 13 poeng, medan både LL, QF og Fonna i Krise tok 12 av 15. Bileta som var verst i kveld var biletet av TV3 konditoren Pascal Dupuy (kun HBO og Blanda Drops kunne etternamnet på han), kunstverket til Martin Whatson (kun Anyohaseyo og Blanda Drops visste dette), den danske tennisstjerna Caroline Wozniacki, artist Camilla Cabello og kartet av Mallorca. Til slutt ein kommentar om mangel på respekt og kontinuitet over eit spikra regelverk som har vert følgt i snart ein mannsalder. De er framleis einige i at det er etternamnet som gjeld på biletearket? At tidlegare QM Sverre i plenum kjem med spørsmål om svaret "Pascal" på biletet av Pascal Dupuy gir poeng er for underteikna totalt hovudristande, skandaløst og sjokkerande. Du får vurdera ein lengre ferie til Brasil og heller trykka "Sverrinho" bakpå nashorn-T-skjorta di.

Før kveldens jackpotquiz vart det beslutta å gå tilbake til den gamle varianten frå neste veke av. Det vil sei at det er slutt på semifinalar og finale, og at det vil bli trekt opp éin kandidat som får sjans til å ta heile potten heim dersom vedkommande svarar rett. Som tidlegare vil det vere tre sjansar før jackpoten går videre (dersom første og andre kandidat svarar feil). Så får me sjå om dette kan resultera i litt romslegare jackpotar og meir spaning. Trenden har diverre vert litt nedgåande, og det har vert naudsynt å gjere ei endring. Uansett, kveldens jackpot enda i semifinaleduellar mellom Olav frå laget Da e'kje Nåke å Diskutera mot Stian frå LL, og Nils fra LL mot Trond frå BJoP. I første kamp tok Olav seg til finalen då han svara rett på kva land Balatonsjøen ligg i (Ungarn), medan Nils slo ut Trond på spørsmålet om instrumentet til Chet Baker (trompet). I finalen fekk Olav og Nils spørsmålet: Kva er eit vanlegare namn på det medisinske uttrykket "Synkron Diafragmatisk Vibrasjon"? Og her var det tydlegvis ingen som tenkte på dei (det seiast at det ofte er det som er grunnen til at ein startar å "SDV'a". Hehe). Potten på 600kr frista ingen av dei, og med nokre spede forsøk på tipping forsvann jackpoten til neste veke. Rett svar? Hikke.

Så var det oppsummering og det knytte seg spaning til om Blanda Drops hadde stått distansen. Og med tunge lag som Dei Hjelpelause (nr 12), Har Det På Tunga (nr 8) og Dei Sporadiske (nr 6) ute av dansen når resultata vart lest opp, håpa dei nok på at kvelden kunne feirast øvst på pallen. Dette håpet var nok endo forsterka når BJoP havna såpass langt nede på lista som ein 5.plass, HBO på den bitre 4.plassen og QF på 3.plass. Kunne det gå? Hadde 3 poeng leiing halvvegs ned til Lex Lodney vert nok? Eller ville det vere avgjerande at fleire av dei rette forslaga på biletearket hadde blitt nedstemt av laget og dei enda med litt skuffande 10 av 15 poeng? Jepp, det vart for tøft. Nils og co i LL hadde nemleg komt uhyre sterkt utover i quizen, og med berre 6 tapte poeng på dei tre siste arka tok dei heim kveldens siger med 3 poengs margin ned til dei Blanda Dropsa. Fin siger og fin klatring i samandraget. Dei har no god kontakt med BJoP og QF i det som nok ein gong kan sjå ut til å gå mot eit Three Horse Race framover mot sommaren. Eller kan fleire lag melde seg på i tetstrida? Vonar det!

Den fine gjengen på Fonna i Krise vart denne gong trekt ut som heldige vinnarar av ein gratisbillett til bokshow med Ingvar Ambjørnsen som vitjar Stord og Arena 5.mai. God fornøyelse!

Quizvert var Jon, med Geir og Alex i baren.

Takk for ein ypparleg kveld og vel møtt igjen torsdag 08.februar til ny quiz!

Resultat quiz 5 av 15 våren 2018 - 01.februar:
(Trykk på bileta for større visning)











Samanlagtstilling etter 05 av 15 rundar:















Alle spørsmål med fasit:








fredag 26. januar 2018

Torsdagsquiz 04 - 25.januar 2018





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

19 lag deltok og snittscoren var på moderate 56 poeng (av totalt 85 moglege).

Årets fjerde quiz skulle verta ein intim affære. Grunna 100 Dagar arrangementet på Arena i helga var scenen okkupert, så dei 19 laga vart sitjande litt tettare på dansegulv og podiet denne kvelden. Mykje blide fjes å sjå, og nok ein gong vart det travelt i baren på Geir og Alex som selde mat og drikke til den store gullmedaljen.

Første arket viste i kveld at (nesten) samtlege lag hadde vert på tåhev når det kjem til kva som rørar seg i nyhendebiletet. Eit snitt på 16 av dei vanlege 21 poenga er meget bra. Spørsmåla færrast lag hadde kontroll på var det som skjer "over there". Både byen Benton og laga som skal spela Superbowl var det få som prikka inn. Elles veldig mykje rette svar. Best av laga var Har Det På Tunga og QF som begge makta 20 poeng. Også Tors Utvalgte og Lex Lodney frå det med æra i behald med sine 19 poeng. Forøvrig masse meiningar om sendetida til distriktssendingane på NRK. Er det eigentleg noko kontinutet i den? Kva er eigentleg rett? Laga hadde her så mykje gode, påståelege og utfyllande svar at QM måtte retta med snill poengpenn.

Kveldens musikk skulle ikkje vere av det aller vanskelegaste slaget, men fleire lag kom som vanleg i trøbbel her. Berre to lag (HBO og HDPT) visste kva den lett gjennkjennelege melodien til Gary Moore heiter. Også Roy Orbison låta (forfatta av Bono og The Edge) utgjeven året etter hans død må ha vert ukjend for folk flest. Flott song som fleire burde setja på platespelaren i helga. Berre Furuly 4 Ever visste svaret. Aguilera kunne de fleste, medan overraskande mange hadde gløymd danske Saybia sin superhit. Til slutt var det den nye hiten til vår eigen Endre Olsen. Også her må folk gå i seg sjølve. Kunnskap om lokale superstjerner er vel obligatorisk? Høyr dåke opp, denne låta er prima! På film og TV er brorparten av laga gode. Litt rusk på Kongen av Queens, men elles god kunnskap over (nesten) heile linja. Best av laga på andrearket var QF med sine 15 av 16 poeng.

Rop Ut Quizen halvvegs gav oss i kveld ein finale mellom Solveig frå DH og Line frå QF. Solveig tok seg til finalen på eit spørsmål om High School Musical, medan Line var først ute med rett svar på eit spørsmål om The Kardashians (beklaga spørsmålet). I finalen viste jentene insane kunnskap og tok det heilt til fjerde finalespørsmål. Her var det umogleg å skilja dei to skarpe kandidatane, så det endte med ein kinobillett til kvar av dei. God tur på kino, jenter!

Halvvegs hadde QF tatt føringa og låg heile 5 poeng føre BJoP og Tors Utvalgte. Blanda Drops også fint med, 6 poeng bak teten.

Tredjearket handla i kveld om mote og meieriprodukt. I motsetnad til førre veke då det var enormt sprik i kunnskap om rock og 90-talet, var det i kveld jamt mellom laga. Av totalt 16 poeng låg alle lag mellom 9 og 15. Furuly 4 Ever best av alle med sine 15 poeng. Berre G'en i G-streng mangla. INGEN av laga visste utruleg nok dette. Men gode forslag mangla det ikkje på! Glamour, Gravity, Genital, Girl, Glory, Getrenut(?!), Gap, Gentle, Godess, Geir(!), Glutus(?!), Gluteal og Grafse-Streng. Hehe. Groin, derimot, var det ingen som hadde. BJoP og Blanda Drops nest best med sine 14 poeng, medan Dei Hjelpelause håva inn 13 poeng.

Litt verre skulle det bli på sistearket. Med eit sprik frå skuffande 5 til fine 14 poeng, og eit snitt på 10,5, var det stor variasjon på kunnskapen til laga. Best var Lex Lodney med sine 14 poeng. Tors Utvalgte, QF, BJoP, HBO og HDPT også bra med sine 13 poeng. Største utfordringa på arket var i kveld kva HDMI er ei (korrekt) forkorting for og kva det vil seie å retardere. Også øya Hispaniola skapte problem for fleire. Elles verdt å merke seg at både BJoP, Dei Sporadiske og QF var totalt på viddene når det kom til kva by avisa Glåmdalen er frå. Med sine tips Sarpsborg, Fredrikstad og Gjøvik var dei ikkje berre på viddene, men òg i feil fylke. Alle andre lag svara enten rett Kongsvinger eller Elverum (som slettes ikkje er langt i frå). Har de ingen på laget som jobbar i media? Hehe.

Biletearket skiljer som vanleg klitten frå kveito (nytt ordtak - neida). Dei skarpaste laga er som alltid svært gode her. Med sine 14 poeng var det BJoP som var best. QF hakk i hæl med sine 13, medan Tors Utvalgte og Dei Hjelpelause klarte 12 poeng. Litt verre for dei flotte jentene på Quizzvazz som fekk store problem i kveld. Katastrofale 4 poeng er nok noko dei vil gløyma fortast mogleg. Reknar med dei kvessar topplokket og revansjerar seg sterkt neste veke! Lettaste bilete var kunsten til Dalí (1 feil), kartet av Hidle (4 feil) og foreldra til Prinsesse Eugenie (2 feil). Vanskelegast var å prikka rett årstal til Superbowlbiletet (14 feil), Patriots sin Quarterback Tom Brady (13 feil) og TV-serien The Shield (11 feil). Mange svara NYPD Blue eller Scali på siste. Elles 8 lag som blanda Bergsprekken med Blodstrupmoen og 9 lag som svara Dundersalt på bilete av Salte Ufo.

Før oppsummering og sluttstilling er det som vanleg den store jackpotquizen. Alex var innstilt på å smadra den skuffande summen frå førre veke (700kr) og dansa seg ut i lokalet med smil og loddbøker. Ho stod også for sjølve trekninga, og det spørs om Geir tillet dette neste veke?! Det vart nemleg eit One Man Show utan like i kveld. Nils var tilbake med bravur etter fråver føre veke. Og jommen traff han på lodda i kveld. Sjølv om Stein Arve frå Friskt Mot var nære i semifinalen, var Nils utilnærmeleg. Når han til slutt prikka inn rett utdanning på Gandhi, i finale mot seg sjølve, kunne han innkassera 700 blanke kroner. Med tangering av førre vekes sum på 700kr konkluderte Geir med at han skulle selja lodd sjølv neste veke. Det vert då spanande å sjå om han kan lukkast med ny salsrekord. Uansett, gratulera til Nils med potten!

QF hadde altså 5 poeng å gå på halvvegs. Og det skulle halda. Sjølv om BJoP tok innpå utover quizen, stod QF distansen og vann med éitt skarve poeng ned til samanlagtleiarane. Fin tredjeplass til Tors Utvalgte. Eit snitt på snaue 57 poeng vitnar om at laga ikkje er heilt i gong etter juledvalen enda. Lat oss sjå om neste veke kan by på fleire lette(?) og rette svar.

Den kjekke gjengen på Hakke Peiling vart denne gong trekt ut som heldige vinnarar av to gratisbillettar til 100 Dagar arrangementet på Arena 26. og 27. januar. Vonar nokon av dykk har frihelg frå etaten og får med dykk dette!? Enjoy!

Quizvert var Jon, med Geir og Alex i baren.

Takk for ein superlicious kveld og vel møtt igjen torsdag 01.februar til ny quiz!

Resultat quiz 4 av 15 våren 2018 - 25.januar:
(Trykk på bileta for større visning)











Samanlagtstilling etter 04 av 15 rundar:














Alle spørsmål med fasit:








fredag 19. januar 2018

Torsdagsquiz 03 - 18.januar 2018





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

18 lag deltok og snittscoren var på pjuskete 53 poeng (av totalt 85 moglege).

Denne gong er me så heldige at me har fått med oss ein gjesteskribent som har sendt oss nokre ord. Så innleiing til vekas quizblogg står Ragnvald frå Stord Bordtennisklubb for:

"Så var me endeleg i gong i 2018! Først etter 18 dagar i det nye året klarte me altså å peta oss på quiz. Første veka vart me litt tatt på senga og ingen hadde fått med seg at det var quiz (Ja, me lever i vår eiga verd). Andre veka var det ei fire dagars feiring av 50-årsdagen til Lars Åge som hindra oss. Men i kveld klarte me endeleg å stilla, sjølv om me berre var fire deltakarar. Lasse måtte ta seg av hønene sine, Einar var opptatt med januarsalg, Thor Egil med bleieskift og Sigfred på turné med Roy. Sigurd og Båddi skal visstnok ha forsvunne på eit kjøpesenter. Likevel kunne me stilla eit sterkt lag med bjørnen Øyvind, senioren Lars Åge og vårt kvinnelege alibi June den lune. Dette måtte bli bra. I kveld skulle me slå godt i frå oss! Som me sa på Fargerike før i tio: "Ein treng ikkje to dusin mann for å mala eit hus, fire kyndige fagfolk er meir enn nok". Me hadde racketane klare, så no kunne berre Geir, Jon og Alex pepra oss med Pingpongballar, så skulle me smasha sigeren heim til eldresenteret i gamle Dampgården."

Starten på vekas første ark skulle naturleg nok handla om politikk. Og detaljar om Erna si nye regjering hadde brorparten av laga fått med seg. Det var nok opplagt at det ville kome spørsmål om dette. Også nazi-frisøren, teateroppsetjinga i Kulturhuset og NRK reality hadde dei fleste kontroll på. Verre var det med kva by i Tyrkia det var i spesiell flyulukke i. Berre Tors Utvalgte, QF og Bedre Lykke Neste Gang visste det var i Trabzon. Også litt grums på jagarfly. Omlag halvparten av laga var inne på rett type her. Ein del feil var det også på arkets tre siste spørsmål. Her vart det i tillegg svart byar når det vart spørt om land, og motsatt. Vask øyrene dykkar neste torsdag. Hehe. Dei som hadde følgt best med var Dei Sporadiske som henta 19 poeng. Hakk i hæl kom BJoP og Tors Utvalgte med 18. Dei kjekke damene på laget Sviskene derimot, dei må nok ta eit lite skippertak på nyhendefronten komande veke for å kapra fleire poeng. Eit snitt på 14 poeng (av 21) vitnar om eit ark med middels vankelegheitsnivå.

Kveldens musikkquiz skulle nok ein gong vere overkommeleg, men det er som vanleg enormt sprik på kunnskapsnivået til laga. Berre QF og BJoP tok 10 av 10 poeng, medan både HBO og Furuly 4 Ever klarte 9 fine poeng. Litt overraskande at berre lag tok hiten til The Cranberries: Ode To My Family. Med tanke på det nylege brå dødsfallet til Cranberries-vokalist Dolores O'Riordan, skulle ein vel kunne forutsjå og førebu seg til dette? Film -og TV-delen scora laga som vanleg bra på. Verste spørsmål her var om Star Wars filmane. Mange blanda den fjerde, femte og sjette filmen med dei tre første. Sidan de fekk oppgitt årstal her, burde det strengt tatt ha vert unødvendig, eller kva? Menmen, Star Wars er jo litt nerd. Enten diggar ein det, eller så gir ein blaffen. Best av laga på dette arket var BJoP og HBO som nesten tok full pott med sine 17 av 18 poeng.

På Rop Ut Quizen halvvegs fekk me ein finale med Slanke-Sverre mot Ragnhild frå Dei Hjelpelause. Sverre for anledningen med som det niande hjulet på QF-vogna. Sverre tok seg til finalen med å ropa ut svaret "Sverre" før nokon andre (Kong Sverre som vart lyst i bann av paven), medan Ragnhild visste kva Pondus sin hund heiter. I finalen fekk kandidatane spørsmål om kven som har komponert Kjempeviseslåtten. Dette visste utruleg nok Sverre: Harald Sæverud. Ikkje verst! God kinotur!

Halvvegs var det vinnarlaget frå førre veke BJoP som hadde tatt kommandoen med sine 35p. Dei hadde skaffa seg ei luke på 3 poeng ned til HBO og Dei Hjelpelause. Dei Sporadiske også godt i gong med sine 31p.

Ark 3 handla i kveld om Rock og 90-talet. Rock skulle nok passa nokon bra, medan det kanskje var siste sort for andre. 90-talet burde dei fleste ha eit forhold til, og god sjans til å scora bra. Og det skulle bli enorme forskjellar i poengfangsten. Alt frå full pott og 16 poeng til Tors Utvalgte, til begredelege 4 poeng på Stord Bordtennisklubb. Dei spelar vel ikkje anna enn norsk visesong på Radio P1 heime hos Ragnvald på Spelemannsneset. HBO og QF henta 15 poeng, og er nok godt nøgde med både spørsmåla og sine eigne svar. Mest overraskande kunnskapshol frå laga var at det var ytterst få som kjende til All Along the Watchtower av Bob Dylan. Berre HBO, BJoP og Tors Utvalgte tok denne.

Siste spørsmålsark med Lett Blanding vart i kveld omdøypt til Vanskeleg Blanding av Statoil-laget Anyohaseyo. Med sine fattige 4 poeng kan det vere forståeleg. Dei slo likevel Sviskene og Stord Bordtennisklubb med eit heilt poeng. Eit snitt på snaue 8 poeng av 15 moglege vitnar om ei sløv forsamling. Hehe. Best av alle var Tors Utvalgte og Har Det på Tunga som tok 12 av 15 poeng. Ikkje verst på eit litt over gjennomsnittet utfordrande ark. Mange lag hadde gløymd norskundervisninga og bomma på kva type pronomen ordet "som" er. Også Pelé var det mykje manglande kunnskap om. Som vanleg var det likevel musikkspørsmålet som færrast visste. Ingen lag kunne teksten til Queen sin Bicycle Race på rams, men eit par lag var i nærleiken og sikra seg eit poeng av to moglege her. På geonøtta hadde dei fleste lag 5 til 7 rette. Berre Har Det På Tunga med ein opplagt Anders i spissen kunne spikra samtlege rette svar på plakaten. Bra jobba!

Biletearket snitta denne gong på over 10, så det kunne ikkje vere altfor vanskeleg. QF viste seg nok ein gong som sylskarpe på bilete, og prikka inn samtlege rette svar. Dei mest utfordrande bileta denne gong var bileta av Julia Sandstø, Ole Rolfsrud og etternamnet til Sigrid, nemleg Raabe. Merkeleg mange tippa også at kartet av Ecuador var Spania.

Jackpoten i kveld enda på litt skuffande 700kr. Ei litt fortvila Alex kunne ikkje skjøna at ikkje fleire ville kjøpa lodd hos ho, samma kor mykje ho påstod ho hadde smilt så fint ho kunne til alle laga. Om både Nils og Jakob stiller neste torsdag får me heller sjå om poten kan tippa firesifra antal kroner. Først ut i semifinale 1 var Omar frå Tors Utvalgte mot Bjarte frå BLNG. Ingen av gutane visste kva avisa til Hegnar heiter, så det måtte avgjerast på litt Se&Hør stoff. Og dette kunne Omar. Javisst er dama til Fredrik Skavlan skodespelar Maria Bonnevie. Semifinale 2 stod mellom dei to kanonene Oddmund og Jakob. Ein ekte prestisjeduell. Kva er pankreas? Jakob som vanleg tidleg ute, men med feil svar. Oddmund derimot, han visste at det var bukspyttkjertelen. I finalen mellom Omar og Oddmund skulle det handla om fisk. Hannfisken heiter blåstål, kva heiter hofisken? Gjerne ikkje eit svar alle kan, men Oddmund var rask og kom med rett svar: Rødnebb. Godt levert!

Oppsummert gav kveldens quiz oss ei litt spesiell resultatliste. Kun sju lag kom over 60 poeng i kveld, medan dei elleve andre laga hamna mellom 39 og 50 poeng. Dette gav oss svakaste poengsnitt på aldri og den tid. Berre dryge 53 poeng. Ikkje nødvendigvis ein altfor vanskeleg quiz, når tre lag hentar over 70 poeng, men kanskje litt feil tema for fleire lag denne kvelden. I toppen var det HBO som denne gong måtte ta til takke med 4.plassen med sine 69 poeng. Berre 1p frå pallen og 3p frå samme poengsum som vinnarlaget. Det var i kveld same lag som sist, nemleg BJoP. Dei slo Tors Utvalgte med minst mogleg margin, berre 1p, og QF hamna på 3.plassen 2p bak. Forøvrig dei same 2 poenga dei vart trekt for å stilla med 9 deltakarar på laget. Freistande å skriva nokre ord om Sverre her, men stakkar mann, han har nok følelsar han òg. Gratulera til vinnarlaga!

Dei stilige jentene på Furuly 4 Ever vart denne gong trekt ut som heldige vinnarar av to gratisbillettar til 100 Dagar arrangementet på Arena 26. og 27. januar. Kos dykk!

Quizvert var Jon, med Geir og Alex i baren.

Takk for ein glimrande kveld og vel møtt igjen torsdag 25.januar til ny quiz!

Resultat quiz 3 av 15 våren 2018 - 18.januar:
(Trykk på bileta for større visning)












Samanlagtstilling etter 03 av 15 rundar:














Alle spørsmål med fasit: