fredag 29. september 2017

Torsdagsquiz 4 - 28.september 2017





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

Heile 24 lag deltok og snittscoren var på dryge 57 poeng (av totalt 85 moglege).

Bjelland Juletre og Pyntegrønt tok sin tredje siger på rad og har dermed vunne tre av fire quizar til no denne hausten. Imponerande innsats! Denne gong var det Bedre Seint Enn Sist som skulle fylgja superlaget BJoP heilt til døra. Begge lag endte på 71 poeng og begge lag hadde 14 av 15 rette på biletearket. Dermed måtte det avgjerast på kven av laga som hadde høgast sum på dei andre svararka. Her hadde BJoP 18p på fyrstearket, mot BSES sine 16p. Quizteleg Fjolleparti ser ut til å vera eit lag i oppløysing(?), med ein Kulturhusvert som denne gong stilte for eit konkurrerande lag. Dramatikk! Dermed måtte dei for fyrste gong denne hausten sjå Topp 2 glippa, og enda på ein tredjeplass 2p bak.

God innsats bak pallen òg, med totalt 12 av 24 lag innanfor 10 poeng bak tetduoen. Også gledeleg at fleire nye lag tok turen denne kvelden. Tidlegare quizvert Sverre var også på plass som deltakar for fyrste gong på mange år og hadde samla eit superlag (trudde han) som skulle ta opp kampen mot dei beste. Men her må dei tydlegvis førebu seg betre. Ein 9.plass må seiast å vera skuffande.

Særleg sistearket med Lett Blanding skulle visa seg å vere ei utfordring for fleire av laga denne kvelden, med eit sprik fra 4 poeng til 12 poeng på deltakarlaga. Dette til tross for god hjelp frå ei einsleg sjel i baren som gjorde sitt for å "gleda" quizverten. Han enda forøvrig på 3 poeng, men vert ikkje tatt med i samandraget då han aldri opplyste om noko lagnamn.

På Rop-Ut-Quizen halvvegs var det Kristina frå Furuly 4 Ever som gjorde reint bord. Først tok ho seg til finalen med kunnskap om TV-serien One Tree Hill, før ho slo Oddmund (frå Heise Bra Opplegg) i finalen. Kristina hadde her full kontroll på at det var Jason Mraz som hadde hiten "I'm Yours" i 2008. Gratulera og god tur på kino!

2 stk konsertbillettar gjekk denne gong til Furuly 4 Ever, så dei kan kosa seg med Goldlog-konsert laurdag denne helga på Arena. God fornøyelse!

Jackpotquizen skulle denne gong gå heilt utan Jakob frå BJoP(!), så her ville det vere mogleg for andre å endeleg slå kloa i nokre kroner. I fyrste semifinale møttes Atle (frå Tors Utvalgte) og Lars (frå A Walk in the Park). Ingen av dei visste kva band Ronan Keating var med i før 1999 (Boyzone), men på neste spørsmål var Atle kjapt ute. Rett svar på kor handballaget Gjerpen kjem frå er sjølvsagt Skien. I den andre semifinalen møttes Trond (frå Tors Utvalgte) og Oddmund. Her var Oddmund lynrask med rett svar på det kjemiske symbolet for jern (Fe). Dermed var det duka for finale mellom Atle og Oddmund.

Finalespørsmål: C‐dur er ein musikalsk toneart basert på tonen C som grunntone. Kva er dei andre tonane i skalaen satt i rett rekkefølge frå lavast til høgast tone?

Og her vart det stille frå både Atle og Oddmund. Sekundane gjekk. Her var det tydeleg at begge måtte ha vert mentalt vekke i musikktimane på folkeskulen! Når tida var gått ut hadde ingen komt med noko svar, så jackpoten går såleis vidare til neste torsdag! Rett svar: (C) - D-E-F-G-A-H - (C)

Quizvert var Jon og Geir var tilbake i baren med god hjelp frå Hedda, Vilde og Mikkan undervegs.

Takk for ein strålande kveld og vel møtt igjen neste torsdag!

NB! Hugs at quizen byrjar kl 20.00, så ver ute i god tid så klarar me å verta ferdige i rimelig tid.

Resultat quiz 4 av 16 hausten 2017 - 28.september:
(Trykk på bileta for større visning)


Samanlagtstilling etter 4 av 16 rundar:

Alle spørsmål med fasit:






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar