fredag 9. mars 2018

Torsdagsquiz 10 - 08.mars 2018





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

16 blide lag deltok og snittscoren var på meget sterke 61 poeng pluss (av totalt 85 moglege). Heile 11 av 16 lag over 60 poeng denne gong. Strålande!

Så var det klart for quiz igjen, og det på sjølvaste kvinnedagen. 16 lag hadde tatt turen, inkludert det nye laget Trønderbataljonen. Dei bestod forøvrig av kun menn, så lat oss ikkje håpa dei tok skrekken heilt sidan kveldens quiz nesten utelukkande skulle handla om damer. Elles mangla nokre av våre faste lag i Tors Utvalgte og FIA HOFA, samt Stord BTK som stadig vekk trugar med at dei aldri meir skal gå på quiz. Spesielt dersom dei er misnøgde med spørsmåla. Reknar med dei feira kvinnedagen med brask og bram denne aften.

Det er ikkje alltid like enkelt å vere quizvert, og ofte ein kamp for å unngå å få rasande tilbakemeldingar frå lag som synast det er for vanskelege spørsmål. Merkeleg nok kjem det ros og gode tilbakemeldingar frå laga som ligg i toppen. No skal underteikna vere den første til å vedgå at dei siste vekes quizar kanskje har vert i overkant utfordrande, så det var med håp om ein overkommeleg og kjekk quiz det vart skridd til verket i quizprosessen denne veka. Og sidan det var kvinnedag, måtte som sagt quizen handla om nettopp kvinner. Samt den måtte ikkje verta for avansert.

Førstearket skulle verta ein god opplevelse for dei aller fleste. Snittet var på fine 15,5 poeng. Heile 11 av 16 lag henta 15 poeng eller meir av dei vanlege 21 oppnåelege. Dette vitnar om at de følgjer med på kva som rører seg i nyhendebiletet. Det gledar. Mange opplagte spørsmål denne gong, og ein treng ofte ikkje vere blekksprut for å skjøne kva som kan kome opp av quizhatten. Nokre nøtter må ein likevel ha for å kunne skilje dei gode frå dei aller beste. Denne gong var det muleg spørsmåla om Helene Olafsen, kvinnelandslaget i fotball og Oscar-utdelerane som laga sleit mest med. Sleit gjorde derimot ikkje Lex Lodney. Med orakelet Nils tilbake i manesjen klinka dei like godt til med alle svar rette. Imponerande! Også Dei Hjelpelause med sine 20 poeng og Dei Sporadiske med 19 fekk ein framifrå start. Verste svar på førstearket stod laget til Sverre for. Dei skal i kveld nemleg følgja Solveig Thomassen og hennar jakt på tittelen Mesternes Mester. Huff og huff.

Også kveldens fem utvalgte musikalske innslag skulle handle om damer. Og dei skulle vere kjende for samtlege. Sweet Caroline av Neil Diamond (ikkje Sedaka!) er magisk. Kven har ikkje sunge allsong på den? Litt skuffande at Caroline på Furuly 4 Ever ikkje kunne denne?! Også Dire Straits si sviske om Romeo og Juliet er ein prima låt. Mange lag gjekk her for tittelen Juliet, noko det ikkje vart gitt poeng for. Rett skal vere rett, og det får vere måte på kor dumsnill ein kan vere. Hehe. Flest lag sleit med Abel-låta Lydia frå hans debutalbum Snowboy frå 1997. Kanskje hans beste song? Til slutt hadde brorparten av laga kontroll på Nordstoga med Heim Til Mor og First Aid Kit sin nydelege låt Emmylou. Best av alle på musikkdelen var Dei Sporadiske, QF og Da e'kje Nåke å Diskutera, som alle hadde 10 av 10 poeng. Mykje gode svar også på film -og TV spørsmåla. Det laga sleit mest med var Casinovertinne Kathrine Sørland. Dessutan var det fire lag som blanda Synnøve Svabø med Synnøve Skarbø, noko som sjølvsagt ikkje kom forbi argusaugene til den som retta. Best på andrearket i kveld var Dei Sporadiske som banka inn alle 18 poeng. Flinke! Godkjent også til LL, BJoP og HBO som alle fekk 16 poeng.

Rop Ut Quiz finalen i kveld stod mellom Oddmund og Oddvar. Oddmund kvalifiserte seg inn med å ropa OTTAR, medan Oddvar kunne briljera med sine kulinariske pikekyssferdighetar. I finalen vart det derimot tyngre. I motsetning til heile salen hadde dei to finalekandidatane aldri hørt om verken Sigrid Undset eller Emma Tallulah. Betre vart det heldigvis på finalespørsmål nummer tre. Og fotball kan Oddvar. Rett svar på heimebanen til engelske Southampton er som dei fleste veit: St. Mary's.

Halvvegs var det Lex Lodney og Dei Sporadiske som hadde kome best i gong. Begge med råsterke 37 av 39 oppnåelege poeng. Nest best var Dei Hjelpelause og BJoP med sine 34 poeng.

Over til ark 3 og to flunka nye kategoriar som det er kvar veke. Spørsmålet var kor dristig det gjekk an å vere på kvinnedagen. Kategorien Handarbeid var den første som datt inn i hovudet. Damer er både glad i og gode på handarbeid. Utan å vere mannsjåvinistisk måtte no det vere ein god kategori. Så var det den andre. Her kom det inn eit forslag frå flanken på Husvask. Huff. Det skulle tatt seg ut. Nei, det temaet var det ikkje nok ballar til å ta med. Kanskje neste veke. Haha. Nei, det vart Historiske Damer. Nokre reine herrelag fortvila naturlegvis over temaet Handarbeid, men korleis har fleire av dei reine damelaga det når det dukkar opp tema som f.eks. fotball og motor? Nei, herrelaga fekk bita det i seg. Gledeleg nok var det overraskande god innsats på handarbeidet. Fleire lag briljerte verkeleg. Best av dei alle var Har Det På Tunga som plukka 8 av 8 poeng. Nice! Spørsmålet flest lag sleit med var kva ein gjørtler syslar med. De veit det no. Kanskje de allereie går svangre med seriøse gjørtleplanar i helga. På Historiske Damer var det kun laget Da e'kje Nåke å Diskutera som tok full pott. Ikkje verst med tanke på at Sverre var med på laget! Største nøtta her var Golden Goal dama frå OL i Sydney, nemleg Dagny Mellgren. Kun fire lag visste den. Også Jeanne d'Arc aka Jomfruen fra Orleans var litt vrien. 7 av 16 lag tok den. Totalt på arket var det Anne Beth og co frå Har Det På Tunga som feide gulvet med dei andre laga og plukka fine 15 av 16 poeng. Snittet var på 12 av 16. Slettes ikkje verst. Verst ut kom to reine herrelag, nemleg nykommarane Trønderbataljonen og QF (som mista dei tre damene sine Line, Hege og Marius halvvegs i quizen grunna spysjuka i heimen). Då enda begge lag på 9 poeng, noko som må seiast å vere heilt OK i for dei ukjent terreng.

Forøvrig dukka det opp ei utruleg historie i minnet når Rosa Parks vart tatt med i spørsmåla om Historiske Damer. Så om ein byrjar historia som dei gjer på Rorbua: Det hadde seg slik at ein nordmann var på forretningsreise i Amerika på 50-talet, og som kjent var det grusomme raseskillet toneangivande på den tida. Mannen skulle på ein konferranse og måtte såleis ta inn på hotell. Problemet var at det var mange som skulle på denne konferransen, og det var ikkje råd å få eit einaste hotellrom i byen. Vel og merka hotellrom for kvite. Då vart gode råd dyre for mannen, og han gjekk til innkjøp av skokrem som han smurte inn andletet med. Så gjekk han på eit hotell for svarte og fekk seg eit rom for natta. Konferransen byrja tidleg neste morgon, så han tinga vekking i resepsjonen til tidleg kommande dag. Hotellet låg litt avsides, så når mannen tidleg neste morgon skulle inn til byen på konferransen, var han avhengig av å ta tog ei lita strekning. Og som tingenes tilstand var på den tida, var det altså eigne vogner for kvite, og eigne for svarte. Mannen gjekk naturlegvis ombord i ei vogn for kvite, men vart fort avvist. Ah, sjølvsagt. Han hadde gløymd å vaske vekk skokremen i andletet! I full fart sprang han inn på næraste toalett og byrja skrubba seg grundig i fjeset. Men samme kor mykje han vaska og skrubba vart han ikkje kvit. Og då lurer ein kanskje på korleis dette kunne ha seg? Jo, det viste seg faktisk at resepsjonisten hadde vekka opp feil mann... Skal vi ikke være duuuuuus, og være venna..... Høhø.

Lett Blanding hadde også eit feminint preg i kveld. Veldig mykje gode og rette svar på dei sju første spørsmåla. Så vart det verre. Berre 9 av dei 16 laga visste at Janis Joplin vart kalla Pearl. Trudde dette var obligatorisk pensum, folkens? Endo verre var det med statsministerdamene på spørsmål 9. Kun Lex Lodney og Anyohaseyo tok alle tre. Rimeleg oppsiktsvekkande at tunge politikarar som Blålid, Bjelland, Haga og Akselsen ikkje kunne håtta disse? Skammekrok? Oh yes. Også overraskande elendig kunnskap på delstatshovudstadane i siste oppgåva. Berre QF med ein opplagt $ørebø i spissen kom frå det med æra i behald. Dei klarte 3 av 4. Utanom LL som tok 2 av dei, var resten av laga totalt på villspor. Enten null eller eit einsleg poeng. Her må de heim og pugga! De veit jo at USA er kjekt å spør om på quiz. Best på arket totalt sett var LL og QF med 13 av 15 poeng. Snittet enda på litt lave snaue 9 poeng, mykje grunna laga sine problem med Ingrid, Bjørg, Hanne, Cheyenne, Augusta, Madison og Helena.

Biletearket gav i kveld gode resultat. Snitt over 11 er bra. Beste lag var Dei Sporadiske, BJoP og A Walk in the Park som alle fleska til med 14 av 15 rette. Bra! Dårlegast score gav bileta av Ingrid Bjerkås (6/16) og Zara Larsson (7/16). Dersom underteikna hugsar rett hadde tidlegare QM Sverre Zara Larsson med på biletearket tre gongar i løpet av eit år, og laget mitt den gong bomma på det samtlege gongar. Haha. Sjå opp for Zara i framtida og.

Totalt var det ingen verdens ting å gjere med den kjekke gjengen på laget Lex Lodney i kveld. Dei utklassa resten og vann med sterke 77 poeng. Nærast, også med ein fin score, kom Dei Sporadiske med 73 poeng. BJoP kapra tredjeplassen. Elles oppløftande med mange lag på over 60 poeng.

På kvinnedagen måtte det bli dei supre jentene på laget A Walk in the Park som heilt tilfeldig vart trekt ut som glade vinnarar av to gratisbillettar til konsert med Myhres PPT på Den Blå Time 6.april. God konsertfornøyelse vakre piker!

Quizvert var Jon, med fløyelsmjuke Geir og rytmiske Alex i baren.

Takk for ein eminent kveld og vel møtt igjen torsdag 15.mars til ny quiz!

Resultat quiz 10 av 15 våren 2018 - 08.mars:
(Trykk på bileta for større visning)













Samanlagtstilling etter 10 av 15 rundar:



















Alle spørsmål med fasit:








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar