fredag 23. mars 2018

Torsdagsquiz 12 - 22.mars 2018





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

19 stilige lag deltok frå start og 18 lag fullførte etter at me vart forlatt av det nye laget Team Jæren før quizen var ferdig. Snittscoren var på dryge 61 poeng av totalt 85 moglege. 11 av 18 lag over 60 poeng denne gong. Bra!

Då var det tid for påskeferie. Dette vil også seie 14 dagars quizpause, sidan me ikkje køyrer quiz på Maundy Thursday, som dei seier over there. Så og sei fullt hus og god stemning i kveld. Alexandra hadde gitt seg sjølv DJ-ansvaret i kveld, men etter ein liten time med spanske rytmar hadde Geir fått nok og ba om "noko skikkelig musikk før han vart hovudgalen". Hehe.

Førstearket med aktuelle spørsmål gav oss ikveld eit snitt på 14,4 poeng, noko som ikkje er så verst. Alle lag la seg mellom 11 og 19 poeng, så me unngjekk heldigvis totale katastroferopningar for nokre lag, noko det av og til er. Best av alle var Dei Sporadiske, medan BJoP følgte hakk i hæl poenget bak. Flest bomsvar fekk me på kor mykje oljefondet har tapt pga Facebook-skandalen, kor stor prosentandel av røystane Putin fekk og den nye filmen med Rooney Mara og Joaquin Phoenix. Også litt rusk på langrennsspørsmålet. Dei fleste henta poeng på Karl Petter Løken (eller Knut Petter som eit lag kalla han) spørsmålet, sjølv om det var ymse tips ute å gjekk på kor mange landskampar han fekk. Nokon fleska til med over 100. Dei fleste hadde kontroll på Gullbarbie-prisen til Bik Bok, så det vert spanande for Alex å sjå om nokon vågar seg innom til ho på butikken framover. Ho er uansett klar for å kle dei opp dersom dei ynskjer å føla seg verst muleg. 2. etasje på Amfi Senteret, der altså.

Også andrearket gav nokolunde gode resultat, sjølv om ingen var i nærleiken av full pott. Snittet endte på 13,4 poeng av dei vanlege 18 oppnåelege. Best var Fonna i Krise som glimta til med sterke 16 poeng. Fellesnemnaren på musikken var i kveld fargar, noko det var somme lag som ikkje kan ha fått med seg med tanke på kva svar dei presterte å skribla ned på svararket. Ikkje all verdens vanskelig var det, med kjente namn som Tom Jones, Joni Mitchell, Stones, Dylan og Soundgarden på plakaten. Best på musikken var Stord BTK og HBO som begge prikka inn 10 av 10 poeng. På film -og TV-delen handla det også om fargar. Gullars hadde dei fleste kontroll på, medan det var nokre få lag som var på viddene på fargefilmane til Kieslowski frå 90-talet. Muleg han hadde planlagt ein fjerde film kalla Grønn. Jul i Blåfjell var plankekøyring, men kven som spela Dronning Fjellrose sleit mange med. Både filmrangeringa og OITNB spørsmålet gav god utteljing. Best på denne delen av arket var Fonna i Krise som hadde rett på alt.

Oddvar fekk førre veke levert 2 kinobillettar (som han hadde til gode) på kontoret. Sidan han den gong tok seg til finalen med svaret Pikekyss, var det naturleg å få kinobillettane levert inni ein pose med nettopp pikekyss. Kven som er bodbringaren lurte han heise på, så han kjem nok til å gå folk i saumane på Kunnskapshuset i Sæ i næraste framtid. Også i kveld tok han seg til Rop Ut Quiz finalen. Denne gong var han først ut med rett svar på ein spørsmål om "damemusikk". Litt pinleg, kanskje? Hehe. I finalen møtte han Nils frå Lex Lodney som hadde kontroll på hovudstaden i Laos. Finalespørsmålet dreia seg om Jorge Mario Bergoglio, og etter litt tenketid var det Oddvar som kom på at Bergoglio faktisk er samme mann som pave Frans 1. Det tar nok ikkje lang tid før Tore vert lei av deg på Kulturhuset. Hehe.

Halvvegs var det nettopp Oddvar og hans gode kompaner på BJoP som hadde gått i brudd. Dei hadde fått ei luka på 2 poeng ned til QF og Dei Sporadiske. Like bak låg LL, HDPT, Tors Utvalgte og Stord BTK og vaka som gjedda i sivet. Angåande sistnemnte lag så var det nok likevel ikkje mange andre lag som skalv i knehasane. Alle veit jo at dei kollapsar etter kvart. Det kunne vert løye å tatt ein bileteserie av humøret til Lasse frå quizoppstart til quizslutt. Her snakkar me vanlegvis om ei særdeles si sid underleppa ved kveldens ende. Hehe.

Ark 3 dreia seg i dag om fargar (endo meir?!) og påske. Snittet enda på snaue 12 poeng av 16 mulege. Og fargar kan de. Heile ni lag tok full pott her. Litt verre på påskespørsmåla. Merkeleg mange bomma på Viggo Valle og svara her Roald Øyen. Ikkje imponerande. Jesu Oppstandelse hadde de god kontroll på. Verre då med Kaifas. Berre 7 lag visste dette. Pontius Pilatus som øvsteprest de, liksom. Eg må le. Nei, her må de nok fram med "eventyrboka" og friska litt opp, folkens. Påskekrim og Adam Dalgliesh visste mange, medan dei fleste hadde rett på langfredag på engelsk: Long Friday. Neida. Good Friday. Til underteikna si store glede var det faktisk eit lag som svara Long Friday. Applaus til Anyohaseyo! Hehe. Eller kva med Blanda Drops som må ha blanda både snørr, bart og drops og gjekk for Black Friday? Vanskelegast på arket var skjærtorsdag på engelsk. Berre Quizzvazz visste at det heiter Maundy Thursday. Ingen med full pott på påskespørsmåla. Tre lag med 7 av 8.

Lett Blanding skulle i kveld vere eit nokså greit ark. Og snittet på 11,6 av 15 vitna om at dei fleste hadde brukbar kontroll. Berre eit glissent Anyohaseyo fekk problem her og makta berre 4 poeng. Huff og huff. Her me de gå i dykkar sjølve i påsken og lesa dykk betre opp på.. tja.. alt mellom himmel og jord som kan dukka opp i kategorien Lett Blanding. Hehe. Lettare var spørsmåla for Lex Lodney og A Walk in the Park som imponerte med alle svar rette. Halleluja! Også fin innsats av BJoP, QF, HBO, HDPT og Quizzvazz som kom frå det med ein liten feil og 14 poeng. Sjølvsagt vart det litt krangling frå varaordføraren i kveld og. Og som vanleg var det om geografi. Men underteikna skjønar forvirringa. Svaret var upresist. Sjølvkritikk! Det enda med at alle lag fekk poeng både for Storbritannia (hekkans Gibraltar) og for Kypros (delt i to med ein europeisk og ein asiatisk del). Best å gjera alle til laks, som sikkert Asmund ein gong har sagt. Utanom geografirotet var det kanskje Hans Sperre jr. som skapte mest hovudbry. Men 5 lag hugsa faktisk badmintonvirtuosen. Også mykje alternative svar på kva Hansens sjukdom kan vere: fullasjuko, alkoholisme, skjørbuk, vannkoppar og klamydia. Nokon som har hatt alle? Haha.

Biletearket må ha vert noko lunde greit også denne kvelden. Snittet var på over 10 av 15. Best av alle var HBO som berre hadde feil på bilete av Andreas Nygård. Også BJoP, LL, QF og Dei Sporadiske gode med sine 13 poeng. Vanskelegast bilete å ta denne gong var skodespelar Famke Janssen (3 rette), nemnte Nygård som nyleg vann både Vasaloppet og Birken (4 rette) og USA sin nye utanriksminister Mike Pompeo (4 rette). Mest humor var det med BJoP som prøvde seg med Zara Larsson (igjen?!) på bilete av Famke Jansson. Hehehe. Forøvrig gledeleg at heile 7 lag prikka inn rett svar med Genesis på bilete av plata Selling England by the Pound. FOR eit meisterverk. Kjekt at nokon sit inne med slik "rett" kunnskap. Eg likar dykk.

Samanlagtleiar Bjelland Juletre og Pyntegrønt som leia halvvegs stod pinade distansen til gagns i kveld. Med den fine summen 74p trona dei øvst føre Lex Lodney med 73p og Quizteleg Fjolleparti med 72p. Nok ein gong måtte Oddmund og HBO ta til takke med den fortvilande fjerdeplassen. Og det med sterke 70p. Også godt gjennomført quiz av Har Det på Tunga med 69p og Dei Sporadiske med 68p. A Walk in the Park gjorde ein imponerande innsats i kveld når Christina ikkje var med og kverulerte dei vekk frå dei rette svara. 65p og 7.plass er eit løft for disse kjekke fløytene. Eit litt betre bileteark kunne verkeleg tatt dei mot stjernehimmelen.

Samanlagt held BJoP på leiinga føre QF. Det er disse to det nok ein gong står mellom i kampen om gullet. 24p skiller dei to arge konkurrentane. Eg luktar mykje prestisje her! Bak dei er det fleire lag som kan ta 3.plassen. HBO ligg best an med sine 224p føre LL med 221p, Dei Sporadiske med 205p og Har Det På Tunga med 204p.

Det var dei kjekke jentene på laget Spionane som vart trekt ut som glade vinnarar av to gratisbillettar til konsert med Sigurd Sele på Den Blå Time 28.mars. God konsertfornøyelse!

Quizvert var Jon, med effektive Geir som ryddehjelp og blømande Alexandra som barsjef og til tider DJ (til ho vart vraka).

Takk for ein elektrisk kveld og vel møtt igjen torsdag 05.april til ny quiz!

Resultat quiz 12 av 15 våren 2018 - 22.mars:
(Trykk på bileta for større visning)














Samanlagtstilling etter 12 av 15 rundar:


















Alle spørsmål med fasit: 








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar