fredag 20. april 2018

Torsdagsquiz 15 - 19.april 2018





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

14 våryre lag deltok denne heite kvelden. Snittscoren var på litt skuffande 54 poeng av totalt 85 moglege. Kun 5 av 14 lag kom seg over 60 poengs grensa denne gong. Ein får skulda litt på at det var sesongfinale, og då skal vanskelegheitsgrada opp eit lite hakk.

Nok ein nydeleg torsdag og tid for vårsesongens siste quiz før me kan leggja hovuda i bløyt dei kommande månadane. Fleire vil nok lesa nyhende litt mindre detaljert den komande tida, vil eg anta. Dagen var så fin at det nesten var ei skam å sitja inne. Likevel hadde 14 lag tatt turen til sesongavslutninga. Med alle samanlagtkanonene på plass måtte det verta ein spanande kamp om dei siste gåvekorta og ikkje minst prestisjen som ligg i det å kunne kalla seg regjerande meistrar i fleire månadar framover. I samandraget var det nærast avgjort før kveldens quiz. Bjelland Juletre og Pyntegrønt var allereie krona til vinnarar denne våren. Quizteleg Fjolleparti var sølvvinnarar. I kampen om bronsen låg Heise Bra Opplegg an til å halda stand mot Lex Lodney, som gjekk glipp av quizen førre torsdag. HBO hadde 25 poeng ned til LL, og måtte dermed berre fullføra kvelden for å sikra seg siste pallplass.

Førstearket med aktuelle nyhende enda i eit snitt på dryge 15 poeng. Noko som er bra. Beste lag var BJoP som kun hadde to små feil, deriblant antal meisterskap Larvik hadde på rad før dei vart vippa ned frå trona. Forøvrig eit spørsmål 12 av 14 visste. Nest best var Tors Utvalgte med 18 poeng. Største utfordringa på arket var bankspørsmålet. Berre to lag visste både rett bank og rett antal: Har Det På Tunga og BJoP. Også litt vrient for laga å prikka inn begge poeng på spørsmålet om Barbara Bush. Berre fire lag hadde både alder og antal barn rett. På Hollywoodspørsmålet hadde 12 av 14 lag rett svar. HBO, som var eit av laga som svara feil, prøvde seg med at Khloé Kardashian hadde kalla sitt nyfødte barn for Zara Larsson. Nesten som underteikna var freista til å gi poeng for det. Hehe. Siste spørsmål dreia seg om Liv Signe Navarsete. Eit spørsmål som skapte humring i salen. Sistedelen, som om muleg ikkje eignar seg på trykk, hadde 13 av 14 lag rett på. Då quizen vart laga må det seiast at det rådde tvil om ein verkeleg kunne ta det med. Det ville kanskje verta litt pinleg å lese opp det rette svaret? Varaordførar Jakob fekk tilbod om å ta over som gjestequizmaster når fasiten skulle lesast opp, noko han avslo: "Nei, no har du mala deg inn i eit hjørna, og får komma deg ut av det sjølv!" Typisk SP-folk å vera så prektige. Hehe.

Musikk, film og TV arket gav oss i kveld eit litt lavt snitt på dryge 10 poeng av dei 18 mulege. Beste lag totalt på arket var QF med sine 14 poeng. Eit såpass sterkt lag som Har Det På Tunga fekk alvorlege problem her, og enda på begredelege 6 poeng. Spørs om dei ikkje må rekruttera ein ungdom til laget når haustsesongen byrjar. Hehe. På musikkdelen hadde dei tre beste laga 8 av 10 poeng: Blanda Drops, Tors Utvalgte og Heise Bra Opplegg. Nokre nøtter var det: Berre 4 lag tok førstelåta. Barry McGuire sin strålande låt Eve of Destruction. Dog fleire lag med rett låttittel, men feil artist. God utteljing på GnR, medan 6 av laga hugsa SNAP!. Dei fleste hadde Pink på låt nummer 4, men berre to lag kunne tittelen: QF og Blanda Drops. Så til sistelåta, den nye strålande singelen til vår eigen Endre Olsen: Halve Meg. Denne kunne de vel forutsjå ville koma? Berre tre lag tok både artist og låt: Dei Sporadiske, QF og Bedre Seint Enn Sist. Til de andre: Sjekk ut låta på Spotify! Endre er god! Film -og TV delen vart plankekøyring for luringane på Lex Lodney. Som einaste lag tok dei samtlege 8 poeng. 13 av 14 lag visste det var Hege Schøyen som spela suffløsen. Berre QF bomma på denne. Maria Bonnevie, de liksom. Huff. CTU frå serien '24' tok berre fem av laga, medan det berre var fire lag som hugsa at nyleg avdøde Jon Michelet var første programleiar for Fangene På Fortet frå det Herrens år 1993. Berre LL og QF tok alle 4 poeng om FPF.

Sesongens siste Rop Ut Quiz skulle by på ei nøtt om Theo på Fitjar. Og det var eigentleg betryggande at så få kunne dette. Fitjarbuen har jo sin eigen quiz (kor ofte held dei den? Anna kvart år?). Etter fleire forslag som var heilt på viddene var det Simen frå Dei Sporadiske som traff blink med 1980. Dette var altså året Theo brann. De får googla det. I finalen skulle Simen opp mot Jakob som tok sjansen på å prøva seg på koreansk. Nokolunde rett uttale gav han finalebilletten. Rett svar på kva koreanarane seier når dei skal sei 'Hei' er altså: Anyohaseyo. I finalen fekk kandidatane problem med ungdomsserien The OC. Dermed måtte eit nytt spørsmål til: Kva forfattar står bak diktsyklusen Haugtussa? Etter litt tenkjetid fann Jakob det rette svaret eit stykke bak politikk, geografi og landbrukshistorie i hovudet: Arne Garborg. Bra! God tur på kino, gode mann! Ta gjerne med deg partikollega Liv Signe. Ho treng nok ei oppmuntring i desse blytunge tider.

I kveld skulle kveldens tredje ark handla om Bondegården og Spania. Og det var planen at det skulle starta ganske enkelt. Alle veit at NRF står for Norsk Raudt Fe. Vel, nesten alle. 13 av 14 lag tok denne. Kven bomma? Joda, sølvvinnarane samanlagt: Quizteleg Fjolleparti. Pinleg. Flaut. Sjokkerande. Kva svara dei? Norsk Raudt Får. Du verden. Neste spørsmål skulle vere like enkelt. Dei tre norske hesterasane. 12 av 14 lag tok sjølvsagt disse utan problem. Beste feilsvar var det Dei Sporadiske som stod for. Dei ville ha med Shetlandsponni. Jøye meg. Var det Shetlands-Larsen som tok dei med til gamle Noreg i båten sin? Videre på bondegården tok halvparten av laga spørsmålet om dei to kornsortane. 10 av 14 lag kunne rangera dyras drektighetstid korrekt, medan berre fem lag kunne namgi minst to av dei tre mjølkeprodusentane på Stord. Best av laga i denne kategorien var Bedre Seint Enn Sist og BJoP som begge hadde full pott. Bra! I kategorien Spania var det ingen som tok 8 av 8 poeng, men tre av laga klarte 7: Bedre Seint Enn Sist, Fonna i Krise og Tors Utvalgte. Det var 2-poengs-spørsmåla flest sleit med. Snittet enda på 11,2 og det var BSES som var best totalt sett på arket med fine 15 av 16 poeng. Sterk innsats!

Over til Lett Blanding og ein mjuk start også her. 13 lag visste at Geronimo var Apache. Dei Sporadiske på villspor også her med sitt forslag: Sioux. Kun to av laga fekk poeng på antal fjelltoppar av verdas høgste fjell som ligg utanfor Asia: LL og TU. Begge tippa to. Med 2 i slingringsmonn fekk dei poeng sidan svaret er null. Veit de kva verdast høgste fjell som ligg utanfor Asia heiter? Mozartkule til første som gir meg svaret. Antal kvadratmeter i ein hektar klarte sjokkerande nok berre halvparten av laga. Til slutt var det geonøtta om Mellom-Amerika. Berre to lag tok 6 av 6 poeng her: LL og HBO. Ein smule skuffande at velkjente (sjølvutnemde) geografiekspertar bomma på denne. Snittet enda på lave 7,5 og best var LL med sine vasse 14 av 15 poeng.

Biletearket denne gong var utan Zara Larsson. Likevel svara heile 6 lag nettopp dette på bilete av Carrie Underwood. Hahaha. DJ Bobo var det kun Dei Hjelpelause og BJoP som kjende att. Har Det På Tunga og Bedre Lykke Neste Gong prøvde seg på Stoltenbergs på bilete av Bush'ane, medan Blanda Drops gjekk for Ferner / Prinsesse Astrid. Huff. Dei to dumme hundane tok berre to lag: BJoP og Sviskene. Elles mykje god innsats på resterande bilete. Snittet enda på rundt 10 og best var BJoP med sine fine 13 av 15 poeng. Kudos til Blanda Drops som tok seg friheten til å laga eit anagram av GOD SUMAR som stod midt på arket: Dagros Mu. Hehe.

Før quizen starta denne kvelden vart det delt ut premiar i samanlagttevlinga. Heise Bra Opplegg sikra bronseplassen med å stille lag, og ville dermed halde Lex Lodney bak seg. Oddmund var framme og mottok 500kr i gåvekort. God innsats gjennom heile vinteren og våren. Reknar med dei kan ta enda eit steg til hausten?! Marius var framme og mottok gåvekort på 1000kr på vegne av Quizteleg Fjolleparti. Samanlagtvinnarane frå i haust måtte denne gong sjå seg slått. Vinnarane vart nemleg Bjelland Juletre og Pyntegrønt. Jakob kunne stolt motta gåvekort på 1500kr til applaus frå salen. Det mest meritterte quizlaget på øya tok endeleg tilbake hegemoniet. Sterk sesong med heile sju sigrar av femten mulege til no i år. Bravo!

For det var nemleg BJoP som tok sigeren også i kveld. Ein forholdsvis lav vinnarscore på 66 poeng skulle halda i massevis. LL kapra andreplassen 3 poeng bak, medan QF snøyt HBO for siste pallplass pga to fleire rette bilete. Begge lag enda på 61 poeng. Bedre Seint Enn Sist kan også sei seg nøgde med innsatsen. Dei hamna på 5.plass med 60 poeng.

Det var nettopp den trivelege gjengen på Bedre Seint Enn Sist som vart trekt ut som smilande vinnarar av to gratisbillettar til konsert med Sagvåg Musikklag og Sigurd Sele på Arena i kveld 20.april. God konsertfornøyelse!

Quizvert var Jon, med cheezy Anders som barsjef og spretne Alex som servitør.

Takk for ein majestetisk kveld og ein morosam quizvår, folkens!

Vel møtt igjen til haustsesongen som vil ha oppstart i september! Me gledar oss!

Resultat quiz 15 av 15 våren 2018 - 19.april:
(Trykk på bileta for større visning)











Samanlagtstilling etter 15 av 15 rundar:



















Alle spørsmål med fasit:








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar