tirsdag 10. april 2018

Torsdagsquiz 13 - 05.april 2018





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

13 flotte lag deltok denne fine vårkvelden. Snittscoren var på dryge 57 poeng av totalt 85 moglege. 6 av 13 lag over 60 poeng denne gong.

Om det var ein hard påske eller om folk byrjar verta leie av quiz er uvisst, men denne torsdagskvelden var det berre 13 lag som stilte til start. Uansett var det ei fin samling folk, så kvelden ville nok verta bra denne gong og.

Det vart ein god start på dei aller fleste. Eit ikkje altfor vanskeleg førsteark om aktuelle hendingar resulterte i eit snitt på snaue 17 råsterke poeng av dei vanlege 21 oppnåelege. Alle lag enda på mellom 14 og 20 poeng. Veldig bra! Spørsmåla flest lag sleit med var antal OL-medaljar Bjørndalen tok i løpet av si karriere, i kva fylke Simostranda (ikkje Simonstranda) ligg, frå kva kommune Noregs nye Justisminister Tor Mikkel Wara kjem frå og tittelen på bilete til gatekunstnaren AFK av Sylvi Listhaug. Fleire gode og morsomme forslag på sistnemnte. Best i gong i kveld var Lex Lodney, som nok ein gong viser klasse på dei aktuelle spørsmåla og henta 20 av 21 poeng. Også god innsats av BJoP og Blanda Drops med sine 19 poeng.

Ark 2 med musikk, film og TV skulle i kveld handla om vatn. Snittet enda på snaue 13 poeng av 18 mulege, noko så må vere godkjent. Dei aller fleste hadde kontroll på toppseil og Erik Bye, og prikka dermed inn Skoværvalsen. QF prøvde seg med tittelen Sjømannsvise. Rystande. Trudde dette var allmenn kunnskap og gratispoeng? Hodet Over Vannet, Waterfalls og Cry Me a River gav også god utteljing. Verst var sistelåten til Backstreet Boys: Drowning. Mange lag var på viddene her. Best på musikken i kveld var Blanda Drops og Dei Hjelpelause som henta 10 av 10 poeng. På film -og TV delen var det mange som bomma på Wenche Foss (nokon prøvde seg på Elsa Lystad og Wenche Myhre, ai ai ai), dei aller fleste hadde River Phoenix, medan årstalet Waterworld kom ut berre vart nagla av eit fåtal av laga. Sviskene prøvde seg med det herrens år av 199. Kanskje litt tidleg?! Også overraskande mykje grums på påskekrim og teiknefilmar. Best på denne delen var BJoP som hadde full pott med 8 poeng. Best totalt på arket var BJoP og Blanda Drops med 16 av 18 poeng. Det normalt sterke laget Dei Sporadiske og Fonna i Krise (med berre to deltakarar) litt i... ja, krise her med sine 8 poeng, og dermed litt på etterskot i samandraget.

Rop Ut Quizen halvvegs gav oss ein finale mellom Solveig frå Dei Hjelpelause og Oddmund frå HBO. Uttrykket "Mer til Overs" forbindast med Europris. Dette visste Solveig. Og Oddmund visste at det er Volvo som skal nytta namnet Polestar om el-bilane sine. I finalen fekk dei spørsmål om kva filmar Knut Bohwim er kjent for å ha regissert. Dette visste Oddmund og sikra seg dermed to kinobillettar. Rett svar: Olsenbanden-filmane. God tur på kino!

I leiing halvvegs fann me BJoP og Blanda Drops med 35 poeng. QF og LL to poeng bak med 33.

Ark 3 hadde denne gong fått kategoriane Bein / Skeiv. Det kunne verta spanande. Det byrja tøft. Elementære hovudstadar alle burde tatt på strak arm er tydlegvis ei utfordring. Berre tre lag kunne ElfenBEINskysten sin Yamoussoukro. Dog med alternative stavemåtar. Kun fire lag visste det er 206 bein/knoklar i menneskekroppen. Heldigvis betre på teikneseriar. 12 av 13 lag hadde både Per Ulv og Bippe Stankelbein her. "Shut up legs!" var standarduttrykket til tyske Jens Voigt då han hadde det på det tyngste opp dei brattaste fjell i til dømes Tour de France. Berre Fonna i Krise kunne dette. BJoP visste dog det var Voigt, men hadde ingen anelse om kva land han kjem frå. Hehe. Til slutt handla det om bein på høvesvis skorpion og tarantell. Begge med åtte bein. Berre Bedre Seint Enn Sist og BJoP klarte begge. Best i kategorien "bein" var BJoP med sine 7 av 8 poeng. Over til kategorien "skeiv" byrja det elendig. Samtlege lag bomma på årstalet for når likekjønna ekteskap var tillete i Noreg. Hornhinna / auga tok 12 av 13 lag. Elles var det omlag halvparten av laga som tok dei øvrige spørsmåla. Best på denne delen var LL, BJoP, Dei Hjelpelause og HBO som tok 7 av 8 poeng. Totalt på ark 3 denne gong utklassa BJoP dei øvrige med sine 14 av 16 poeng. Fem lag hamna på 10 poeng og måtte dermed avgi heile 4 poeng til samanlagtleiarane i vårsesongen. Snittet på 9 av 16 poeng vitna om at fleire av laga beint fram kom litt på skeivo på fleire av spørsmåla. Håhå.

Sistearket skulle også by på fleire utfordringar. Mykje greie spørsmål innleiingsvis, men berre to av laga klarte å para frukttypen Cavendish til banan. Også myopi gav laga problem. Berre fem av laga visste at dette var nærsynthet (eller -heit om ein skal vera pinleg nynorsk korrekt?). Port Salut skulle vere plankekøyring sjølv om QF med ein kokebokforfattar på laget gjekk for at dette måtte vere ei type pølse. Huff og huff. Mon tru om Port Salut i brød med ketchup og sennep kan vere noko? Overraskande mange lag var totalt på viddene når det kom til EDB-spørsmålet om IP-adresse. Heile sju lag bomma på denne forkortinga. Til slutt dreia det seg om Antikkens Sju Underverk, noko som skulle gi dei fleste lag hovudbry. Berre to lag klarte alle: Bedre Seint Enn Sist og HBO. Imponerande! De får pugga dei, så får me testa dykk på nytt til hausten. Hehe. Best på Lett Blanding arket var BJoP, Bedre Seint Enn Sist og HBO som alle makta 13 av 15 poeng. Snittet enda på 8,5.

Biletearket gav oss eit snitt på dryge 10 poeng, noko som må vere godkjent. Utanom Sviskene som hamna i alvorlig trøbbel, kom dei andre laga frå det med 8 rette eller betre. Beste lag vart QF som kun bomma på sjokoladen. Også bra av BJoP og LL med sine 13 poeng. Det var nettopp den nydelege sjokoladen MAX og rett by/årstal frå då Kjetil-André Aamodt tok OL-gull i Super-G som var dei vanskelegaste bileta på arket. Berre 5 av 13 lag klarte desse. Nest verst var Ruby Rose (6/13) og 25-øringen (7/13). Elles god innsats på resterande bilete. Mest oppsiktsvekkande var det at det framleis er lag om IKKJE kjenner att Zara Larsson. Sviskene og Har Det På Tunga gjekk på limpinnen nok ein gong. Jøye meg.

Totalt sett så vart det leikestove for Bjelland Juletre og Pyntegrønt i kveld. Med 75 poeng og heile 7 poeng ned til neste lag vart dei suverene og fortente vinnarar. Lex Lodney tok ein nesten like suveren andreplass med sine 68 poeng. Jamnt om tredjeplassen denne kvelden, der det kun skilde 1 poeng mellom fire lag. HBO enda på 63, medan både BSES, Blanda Drops og QF hadde 64. Best på bileta var som sagt QF, som dermed sikra seg siste pallplass.

I samandraget om siger i vårsesongen auka BJoP si leiing, og det spørs no om QF kan makta å ta dei att på dei to siste quizane. Tredjeplassen vert ein kamp mellom LL og HBO. Berre 5 poeng skiljer.

Det var den lure gjengen på laget Furuly 4 Ever som vart trekt ut som glade vinnarar av to gratisbillettar til konsert med Myhres PPT på Den Blå Time den 6.april. Vonar de koste dykk!

Quizvert var Jon, med vidundelige Vilde som barsjef og amazing Alexandra som servitør.

Takk for ein storarta kveld og vel møtt igjen torsdag 12.april til ny quiz!

Resultat quiz 13 av 15 våren 2018 - 05.april:
(Trykk på bileta for større visning)











Samanlagtstilling etter 13 av 15 rundar:















Alle spørsmål med fasit:  









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar