fredag 29. september 2017

Torsdagsquiz 4 - 28.september 2017





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

Heile 24 lag deltok og snittscoren var på dryge 57 poeng (av totalt 85 moglege).

Bjelland Juletre og Pyntegrønt tok sin tredje siger på rad og har dermed vunne tre av fire quizar til no denne hausten. Imponerande innsats! Denne gong var det Bedre Seint Enn Sist som skulle fylgja superlaget BJoP heilt til døra. Begge lag endte på 71 poeng og begge lag hadde 14 av 15 rette på biletearket. Dermed måtte det avgjerast på kven av laga som hadde høgast sum på dei andre svararka. Her hadde BJoP 18p på fyrstearket, mot BSES sine 16p. Quizteleg Fjolleparti ser ut til å vera eit lag i oppløysing(?), med ein Kulturhusvert som denne gong stilte for eit konkurrerande lag. Dramatikk! Dermed måtte dei for fyrste gong denne hausten sjå Topp 2 glippa, og enda på ein tredjeplass 2p bak.

God innsats bak pallen òg, med totalt 12 av 24 lag innanfor 10 poeng bak tetduoen. Også gledeleg at fleire nye lag tok turen denne kvelden. Tidlegare quizvert Sverre var også på plass som deltakar for fyrste gong på mange år og hadde samla eit superlag (trudde han) som skulle ta opp kampen mot dei beste. Men her må dei tydlegvis førebu seg betre. Ein 9.plass må seiast å vera skuffande.

Særleg sistearket med Lett Blanding skulle visa seg å vere ei utfordring for fleire av laga denne kvelden, med eit sprik fra 4 poeng til 12 poeng på deltakarlaga. Dette til tross for god hjelp frå ei einsleg sjel i baren som gjorde sitt for å "gleda" quizverten. Han enda forøvrig på 3 poeng, men vert ikkje tatt med i samandraget då han aldri opplyste om noko lagnamn.

På Rop-Ut-Quizen halvvegs var det Kristina frå Furuly 4 Ever som gjorde reint bord. Først tok ho seg til finalen med kunnskap om TV-serien One Tree Hill, før ho slo Oddmund (frå Heise Bra Opplegg) i finalen. Kristina hadde her full kontroll på at det var Jason Mraz som hadde hiten "I'm Yours" i 2008. Gratulera og god tur på kino!

2 stk konsertbillettar gjekk denne gong til Furuly 4 Ever, så dei kan kosa seg med Goldlog-konsert laurdag denne helga på Arena. God fornøyelse!

Jackpotquizen skulle denne gong gå heilt utan Jakob frå BJoP(!), så her ville det vere mogleg for andre å endeleg slå kloa i nokre kroner. I fyrste semifinale møttes Atle (frå Tors Utvalgte) og Lars (frå A Walk in the Park). Ingen av dei visste kva band Ronan Keating var med i før 1999 (Boyzone), men på neste spørsmål var Atle kjapt ute. Rett svar på kor handballaget Gjerpen kjem frå er sjølvsagt Skien. I den andre semifinalen møttes Trond (frå Tors Utvalgte) og Oddmund. Her var Oddmund lynrask med rett svar på det kjemiske symbolet for jern (Fe). Dermed var det duka for finale mellom Atle og Oddmund.

Finalespørsmål: C‐dur er ein musikalsk toneart basert på tonen C som grunntone. Kva er dei andre tonane i skalaen satt i rett rekkefølge frå lavast til høgast tone?

Og her vart det stille frå både Atle og Oddmund. Sekundane gjekk. Her var det tydeleg at begge måtte ha vert mentalt vekke i musikktimane på folkeskulen! Når tida var gått ut hadde ingen komt med noko svar, så jackpoten går såleis vidare til neste torsdag! Rett svar: (C) - D-E-F-G-A-H - (C)

Quizvert var Jon og Geir var tilbake i baren med god hjelp frå Hedda, Vilde og Mikkan undervegs.

Takk for ein strålande kveld og vel møtt igjen neste torsdag!

NB! Hugs at quizen byrjar kl 20.00, så ver ute i god tid så klarar me å verta ferdige i rimelig tid.

Resultat quiz 4 av 16 hausten 2017 - 28.september:
(Trykk på bileta for større visning)


Samanlagtstilling etter 4 av 16 rundar:

Alle spørsmål med fasit:






fredag 22. september 2017

Torsdagsquiz 3 - 21.september 2017





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

17 lag deltok og snittscoren var på 62,5 poeng (av totalt 85 moglege).

Som førre torsdag var det Bjelland Juletre og Pyntegrønt som tok heim "bøtto". Atter ein gong var det Quizteleg Fjolleparti som viste seg å verta argaste konkurrent. Begge lag endte på 75 poeng, begge lag hadde 14 av 15 rette på biletearket, men så hadde altså BJoP arket med høgast poengsum utanom. På fyrste arket fleska dei til med 20 av 21 poeng mot QFs 19 poeng.

Det var tett i toppen denne kvelden. Kun 4 poeng skilde dei 5 beste laga. Og heile 9 av 17 lag var innanfor 8 poeng frå vinnarscoren. Lenge såg det ut til at Tors Utvalgte (utan Tor denne gong sidan han var opptatt på biletearket) skulle gå heile vegen. Men eit litt skuffande resultat på biletearket henviste dei til i 4. plass. Også Har Det På Tunga gjorde ein fin innsats, men med tapte poeng på Lett Blanding arket endte dei på 5. plass med 71 poeng. Dermed gjekk 3. plassen til Dvergkastarane som gjorde ein jamnt meget god quiz. Dei endte berre poenget bak leiarduoen med sine 74 poeng. Gratulera til vinnartrioen, men også honnør til alle dei andre laga for god innsats og kunnskap.

Halvvegs var det tid for ny Rop-Ut-Quiz. Fyrste finalist vart kåra på spørsmålet om kva ein falabella er for noko. Her var Caroline (frå Furuly 4 Ever) både tidlegast og høgast ut med rett svar: Ein hest. Bra! I finalen møtte ho Oddvar (frå Tors Utvalgte) som visste at det var Petter Pilgaard som var den fyrste mannlege vinnaren av Paradise Hotel i Noreg. I finalen fekk dei to kandidatane spørsmål om kva som er Noregs nasjonalfugl. Caroline var tidleg ute, men diverre med feil svar. Dermed var det duka for ringreven Oddvar som visste at rett svar måtte vere fossekallen. Gratulera og god tur på kino!

Jackpotquizen vart svært dramatisk denne gong. Potten var på 790kr. I fyrste semifinale møttes Caroline og Jakob. Og Caroline var verkeleg ON FIRE denne kvelden. Jakob var for ein gongs skuld sjanselaus (til salens store begeistring?). Sjølvsagt er det Anna Rasmussen som skriv bloggen MammaTilMichelle. Caroline var kjapt ute med rett svar og fekk sendt Jakob tilbake til bordet sitt. Men på jackpotquizen gjeld det å kjøpa lodd, og dette hadde sjølvsagt BJoP gjort rikelig av. Så i andre semifinale møtte Jakob (igjen!) Asmund, begge frå BJoP. Denne kampen vert diverre ikkje hugsa for høgt kunnskapsnivå. INGEN av dei visste kven som er kjæraste til Mummitrollet! INGEN av dei visste heller kven som spelar hovudrolla som Frank Underwood i TV-serien House of Cards. Her måtte me faktisk, for fyrste gong i historien, til tredje semifinalespørsmål. Og, som så ofte før, når det dreiar seg om geografi, var Jakob utilnærmeleg. Sjølvsagt visste han at fossefallet Angels Falls ligg i Sør-Amerika (Venezuela).

I finalen mellom Caroline og Jakob skulle det handla om litteratur. Og som ein sirkushest som kjenner lukta av sagmugg, var Jakob på hugget når det gjaldt som mest. Før spørsmålet om forfattaren av romanen Åndenes Hus frå 1984 var ferdigstilt, hadde Jakob avlagt svar. Og det var eit svar som var rett: Isabel Allende. Dermed kunne han smykka seg med ein verkeleg storeslem. 3 av 3 jackpotar til no i haust! Gratulera! Kven kan klara å vippa han ned frå trona neste torsdag?!

Ekstrapremien var også denne gong 1 billett til Queen Tribute show på Arena 23.september. Bedre Lykke Neste Gong var det heldige laget som vart trekt ut. God fornøyelse på laurdag!

Quizvert var Jon, Hedda og Marita i baren.

Resultat quiz 3 av 16 hausten 2017 - 21.september:
(Trykk på bileta for større visning)












Samanlagtstilling etter 3 av 16 rundar:















Alle spørsmål med fasit:



torsdag 14. september 2017

Torsdagsquiz 2 - 14.september 2017



Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

18 lag deltok og snittscoren var på dryge 57 poeng (av totalt 85 moglege poeng).

Vinnarlag denne gongen vart Bjelland Juletre & Pyntegrønt, som dermed fekk revansj for den sure 2.plassen førre veke. Sigeren var nok ein gong av den knappe sorten, der dei enda 1 poeng føre Quizteleg Fjolleparti og 3 poeng føre Bedre Seint Enn Sist. Fleire gode scorar bak pallen også, med Dvergkastarane og FIA HOFA på delt 4.plass med 69 poeng og Stord BTK på 6.plass med 67 poeng.

Jackpoten (810kr) gjekk nok ein gong til Jakob frå Bjelland Juletre & Pyntegrønt som slo Øystein Vegar frå QF i finalen. På veg mot finalen slo Jakob ut Stian frå Lex Lodney med å svara rett på at Pristina er hovudstad i Kosovo. Øystein Vegar slo ut Kim frå FIA HOFA når han visste at ølmerket Mythos kjem frå Hellas. I finalen var Jakob kjappast ute med rett svar på eit spørsmål begge finalistane visste: Under kva artistnamn er musikaren Reginald Kenneth Dwight betre kjent? Rett svar her er sjølvsagt Elton John.

Ekstrapremien var også denne gong 1 billett til Queen Tribute show på Arena 23.september. Blanda Drops var dei heldige som vart trekt ut.

Minner nok ein gong om røystinga på tema til Ark 3 som du finn her.
Til no har det kome inn 31 røyster.
Dei to tema med flest røyster 18.september kjem på neste quiz 21.september.

Quizvert var Jon, Hedda og Geir i baren.

Resultat quiz 2 av 16 hausten 2017 - 14.september:
(Trykk på bileta for større visning)


Samanlagtstilling etter 2 av 16 rundar:


Alle spørsmål med fasit:


torsdag 7. september 2017

Torsdagsquiz 1 - 07.september 2017





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

16 lag deltok og snittscoren var 63 poeng (av totalt 85 moglege poeng).

Vinnarlag denne gongen vart samanlagtvinnar frå i vår; Quizteleg Fjolleparti. Sigeren var av knappast mogleg margin, der dei kom á poeng (76p) med Bjelland Juletre & Pyntegrønt, men tok heim sigeren på best bileteark. Dvergkastarane kom på ein solid tredjeplass med sine 72 poeng. Også jamnt bak pallen med Friskt Mot på 4.plass med 69p og 3 lag på 67p på 5.-7.plass.

Jackpoten (910kr) gjekk til Jakob frå Bjelland Juletre & Pyntegrønt som slo sin eigen lagkamerat Trond i finalen. I finalen visste nemleg Jakob at det var J. Edgar Hoover som var FBI-sjef frå 1935 - 1972. Det som likevel var mest oppsiktsvekkande var at korkje Trond eller Jakob visste kva vasketomi er for noko. Veit du?

Ekstrapremien denne gong var 1 billett til Queen Tribute show på Arena 23.september.
Klovner i Kamp var dei heldige som vart trekt ut.

Quizvert var Jon, Vilde barsjef og Geir ryddehjelp.

Resultat quiz 1 av 16 hausten 2017 - 7.september:
(Trykk på bileta for større visning)










Alle spørsmål med fasit:












onsdag 6. september 2017

Kategoriar på Ark 3




Ark 3 vil alltid inneholda to nye tema for kvar quiz.

No kan du vera med på å påvirka innafor kva type kategori dei ulike tema utover hausten skal handla om.

Dei to kategoriane med flest stemmer innan 18.september, vil koma på Ark 3 på quizen 21.september.

Stem her!

fredag 1. september 2017

Torsdagsquiz 1 - 7.september

Torsdagsquiz 1 - 7.september





Endeleg er det tid for quiz igjen!

Vonar du og dine har slått saman eit slagkraftig lag og er klar for å bryna dei små grå, nyta ein betre middag frå Bakeriet Frugårds utsøkte meny og ta deg eit glas i god drøs med vener og kolleger?

Slik vert oppsettet for haustens quiz:

  • Ark 1: Ting du bør veta noko om (21 poeng)
  • Ark 2: Musikk (10 poeng) / Film & TV (8 poeng)
  • Ark 3: To nye tema à 5 spørsmål (8+8 = 16 poeng)
  • Ark 4: Lett blanding (15 poeng)
  • Bileteark: Både aktuelle fjes og nokre historiske fjes (15 poeng)
  • Jackpotquiz

Dvs 85 poeng å kjempa om på kvar quiz.

Ny poengfordeling frå 1.plass og nedover:
30-25-20-19-18-17-16-15-14-13-12-11-10-9-8-7-6-5-4-3-2-1.

Til info så vert den gamle regelen ved poenglikhet gjeninnført. Dvs at flest rette på biletearket vert teljande. Deretter best score på enkeltark.

NB! Biletearket på haustens fyrste quiz vil omfatta aktuelle fjes i tidsrommet frå vårens siste quiz og fram til no.

Hint til tema på ark 3 på haustens fyrste quiz: Dersom du har vert misnøgd med vêret her heime i sommar, har du kanskje vert ute og reist? Late dagar i sola med årets sommarhit over høgtalaranlegget? Kanskje du har kost deg med både godt i glaset og noko spanande lektyre under parasollen?



Ryddehjelp Geir er klar!
Superkokk Paal er klar!
Barsjef Vilde er klar!
Quizmaster er klar!

Vel møtt!

Dørane opnar klokka 19.00.

Quizstart klokka 20.00.