fredag 14. desember 2018

Torsdagsquiz 14 - 13.desember 2018





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

14 trufaste lag deltok og snittscoren var denne gong på moderate 56,7 poeng av totalt 80 mulege. Fem oppegåande lag kom seg over 60 poeng på sjølvaste Luciadagen.

Midt oppi alle juleborda og førjulsstria hadde altså 14 lag tatt seg tid til å roe ned og benka seg for å teste dei små grå i vår uhøgtidelege (neida, gravalvorlige) spørjeleik. Dei fekk servert edle dråpar og dei lekraste rettar, lett akkopagnert av både julemusikk og andre hits og godlåtar.

Det knytte seg stor spaning til samanlagtkampen i kveld. I toppen hadde BJoP éitt lite poeng å gå på i forhold til HBO. Også kampen om bronsen ville bli ein thriller. Her leia QF med 4 poeng ned til Lex Lodney. Kven av dei ville prestere best og sikre seg dei drygaste gåvekorta?

På dei aktuelle spørsmåla var det i kveld ein lett miks av tema som Nobelutdelinga, Petter Northug, Luciadagen, Farmen og klissefilmar på kino. Dei fleste hadde kontroll på Nobelprisvinnar Mukwege, sjølv om somme lag hadde interessante forslag også her. Kjolen til MM derimot, der var det færre rette svar. Northug hadde dei fleste greie på, medan pyramidestuntet og teksten i Luciasongen gav svært gode scores over heile fjøla. Så vart det litt verre på dei fire neste spørsmåla. Detaljar rundt Brækhus' siste kamp var ikkje så enkelt, ei heller namnet på stoffet som herjar og drep amerikanarar. Om lag halvparten av laga visste tittelen på Gunnar'en si bok, medan alle lag tydlegvis følgjer godt med på Farmen. På siste spørsmålet kom derimot arkets morsomaste svar. Ein skulle tru at dei fleste som har gått på quiz dei siste åra hadde kontroll på at Sverre er trufast mot sitt kongelege norske arbeidarparti, men det kom altså inn forslag på andre parti han etter sigande skal vere tilknytta. Nokon prøvde seg med FrP. Haha. Fonna i Krise, som er veteranar i quizsamanheng, gjekk sjokkerande nok for SV. SV-kongen Blålid fekk sjølvsagt opplyst dette etter lett passiar i baren, og kunne humrande starte planleggjinga med korleis han no skal få rekruttert unge Sørensen over til sitt parti. Dette vert spanande. Best ut av startblokkane var i kveld A Walk in the Park og Lex Lodney. Dei noterte seg begge for 14 poeng. Snittet enda på 11,6.

Musikken skulle i kveld dreie seg om julemusikk, som seg hør og bør. Overraskande nok var dei aller fleste vekkreist på Elton Johns strålande Step Into Christmas. Fin låt alle bør prioritere å spele. Også litt rusk på Rotmos Vårres Jul, sjølv om fleire skarpe lag tok den. Band Aid og Boyzvoice gav gode scores, så også The Pogues og Kirsty MacColls magiske Fairytale of New York. På underholdningsbiten heldt det fram spørsmål om sist spelte låt. Ulukka til MacColl visste dei fleste, medan det var verre med kjentskapen rundt musikkvideoen. Berre éitt lag visste at Matt Dillon spela rolla som politimann i videoen. Zorro gav god utteljing, medan dei fleste også resonnerte seg fram til Chicago på spørsmål ni. Til slutt handla det om konsertar på Koengen komande juni. Berre to lag tok alle tre, men dei fleste scora ok også her. HBO, LAMP og Stord BTK var best på andrearket. Alle henta imponerande 16 poeng. Snittet var bra: 12,6 poeng.

I årets siste Rop Ut Quiz var det Trond frå Bjelland Juletre og Pyntegrønt og June frå Quizedillas som var kjappast ute og dermed kvalifiserte seg til finalen. Trond var først ute med rett svar på kva sport Trond Barthel har hatt Noregsrekorden sidan 1996: Stavsprang. June var einaste som visste at ein spesialist på læra om nasen og dens skadar og sjukdomar kallast for Rhinolog. I finalen fekk dei derimot alvorlige problem. Ingen av dei kjende til Speidarbevegelsen. Heller ikkje Hallingskarvet hadde dei høyrt om, sjølv om Trond hadde gått på ski der fleire gongar, då truleg i svime. Promille på sjøen var dei også blanke på. Men heldigvis visste dei begge siste og avgjerdande finalespørsmål: Kva ord på T tyder gjennomsiktig? Jepp, det er transparent. Begge var raskt ute med rett svar, med Trond eit lite hestehovud føre. Då han til enorm applaus mottok dei to kinobillettane gjorde han sjølvsagt det som ein kvar gentleman ville gjort, han gav den eine billetten til finalemotstandaren sin, June. Dét er god juleånd det! Well played, sir, og god tur på kino begge to!

Halvvegs var utruleg nok comebacklaget Stord BTK i leiinga. Med to råsterke blad Førland og lune June på laget hadde dei skaffa seg eit råsterkt utgangspunkt dei seinare kunne rote vekk. Hehe. 29 poeng heldt til å liggje poenget føre LAMP, og to poeng føre HBO og AWitP. I samanlagtkampen var akkurat no HBO haustmeister. BJOP låg poenget bak, og måtte gira om for å koma ajour. I kampen om bronsen var Lex Lodney poenget føre QF. Kunne det vere nok til å ta igjen dei 4 poenga dei mangla i samandraget?

På kveldens tredje ark med varierande tema var det i kveld duka for idrett og religion. Det enda i ein jamn runde. Alle lag enda mellom 8 og 12 poeng, utanom QF som no mobiliserte og fleska til med sterke 14 poeng. Sterk score på eit ark med fleire ekle spørsmål. Snittet enda på 10,8. På idretten vart det god utteljing både på aktuell fotball, sandvolleyball og rytmisk sportsgymnastikk(!). Dei fleste laga svara også rett på gamal OL-historikk. Sjølvsagt var det (den gong kronpris) Olav som tok gullet heim. Folkekongen var ein magikar til sjøs. God mann. Fin fyr. Bra kar. Verre var det med rangering av dei ulike ballane etter vekt. Her var det ingen av laga som lukkast. Mykje gode svar også på religionsbiten. Spørsmålet flest sleit med var delstatane i USA som Amishfolket er best representert i.

Les på nordnorsk: Det hadde seg slik at arket med Lett Blanding gav svært sprikandes scores. Så også i kveld. HBO og Har Det På Tunga peisa på og tok sterke 14 poeng. Også BJOP (13) og A Walk in the Park (12) kom grasalt bra i fra det. Quizzte Du Det? datt på rævva og makta kun 3 poeng. Også hjerneblødning av Stord BTK (litt som forventa?!). Dei samla berre skarve 5 poeng. Normalt sterke quizlag som LAMP og Dei Sporadiske fekk også problem. Det var selvsagt hestkuk-landa som slutta på U som gav utslaget. Flere lag var rasgalne og uttrykte si endeløse misnøye over dette spørsmålet. Men er det ikke slik at verdens land bør og skal være pensum? Dette lærte dere jo på barneskolan? Det har vert sagt før, og må siest igjen: Atlas er en sabla god gaveidé til jul! Verdens kjekkeste bok, er det ikke? Til slutt må det sies at det var satans (unnskyld alle troandes) skuffandes at så få lag visste navnet på huspianist Trond Myhre i rorbua. Skaaaaaal vi ikke være duuuuuus, og være vennnnnaaaaa... Si meg kan du ikke giiiiii, litt sympatiiiiii? Jeg ser du smiler, du tviler, men kanskje likeveeeeel.... Skal vi ikke være duuuuuuus, ihvertfall føøøør i kveeeeeld. Og såååå, er vi så heldige at vi har med oss han Geir, som held åpent på Frugård i heile jula, og kjem til å førtelle nåkken knakandes gode skrøna i baren fra når han var på lofotfeske.

Når så sluttabellen skulle lesast opp var nok mange spente. I kampen om femteplassen samanlagt var det tre lag som kjempa: A Walk in the Park, Blanda Drops og Dei Sporadiske. Etter å ha fortvila over disse landa som sluttar på U og tapt mykje poeng her, vart det til slutt ein skuffande 11. plass på kveldens quiz for Dei Sporadiske. Dette enda i 7.plass på totallista denne hausten. Her bør det vere rom for forbetring i vårsesongen, folkens?! Blanda Drops er eit skarpt lag med ein fin miks av ungdommelig pågangsmot og hauggamal rutine. Hehe. I kveld enda dei på 6.plass. Så vart det òg på samanlagtlista. De har nok ynskje om nokre hakk opp til våren de og?! Den kvinnedominerte og sprudlande gjengen på A Walk in the Park har tatt quizen på Arena med storm det siste året. Dei vert berre skarpare og skarpare og kunne oppsummera med ein fin femteplass samanlagt no i haust. Så over til kampen om pallplassane. Lex Lodney er alltid å rekna med og har opp gjennom quizåra samla flust i gåvekort. Denne kvelden vart det litt stong ut for den kjekke gjengen på bord 1. Femteplass for kvelden resulterte i ein bitter fjerdeplass på samanlagtlista. For det var (det tidlegare?) storlaget Quizteleg Fjolleparti som til slutt kapra bronsen samanlagt, og dermed fekk med seg eit gåvekort på 500 skattefrie kroner. Dei vart nummer fire for kvelden med greie 64 poeng. På sølvplass med 65 poeng i kveld, kom nemnde A Walk in the Park. Denne delte dei med Bjelland Juletre og Pyntegrønt. Dette resulterte i 25 poeng i samandraget og dermed ein total på 344 poeng for Bjellandsgjengen. Eit snitt på råsterke 24,6 poeng per quiz er slett ikkje til å kimsa av. Men med tanke på totalsigeren heldt til dessverre (eller heldigvis vil kanskje mange seie? hehe) ikkje til siger korkje i kveld eller samanlagt. Haustens beste lag er nemleg Heise Bra Opplegg. Med 67 poeng var dei best for sjuande gong denne hausten. Det er siger i halvparten av quizane, det. Sterkt! Samanlagt gjekk dei fordi BJoP og enda på 348 poeng. Det er eit snitt på 24,9. Imponerande. For denne innsatsen vart dei løna med gåvekort på 1500kr, medan Jakob litt skuffa tok i mot gåvekort på 1000kr på vegne av sine disiplar på BJoP. Så gjenstår det å sjå om dei vil revansjere seg til våren?

Ekstrapremien gjekk i kveld til Dei Sporadiske. Dei fekk med seg to billettar til julekonsertane på Arena neste veke. God fornøyelse!

Quizvert var Jon. Marie var kjapp servitør, medan Geir styrte baren med stødig hand.

På vegne av Geir, Marie, Sverre, Jan, alle servitørar, skrubbetøser, vaktmeister Thom, kokkar, kjøkkensjef Paal og underteikna: Takk for ein flott julete kveld og ein fenomenal quizhaust!

Velkomen att om fire små veker torsdag 10.januar til vårsesongens første quiz!

NB1! Få med dykk Vamp på Arena i kveld! Framleis nokre ledige billettar. Spelestart kl 19.15.

NB2! Hugs dei magiske julekonsertane på Arena onsdag og torsdag neste veke.

NB3! God fornøyelse til dei av dykk som har billett til konserten med Storm Weather Shanty Choir fredag 21.desember. Det vert ein prima kveld!

Til slutt: God jul og eit riktig godt nytt år!

Resultat quiz 14 av 14 hausten 2018 - 13.desember:
(Trykk på bileta for større visning)











Samanlagtstilling etter 14 av 14 rundar:


















Alle spørsmål med fasit:








mandag 10. desember 2018

Torsdagsquiz 13 - 6.desember 2018





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

18 snedne lag deltok og snittscoren var denne gong på greie 58,6 poeng av totalt 80 mulege. 8 gode lag kom seg over 60 poeng denne gong. Kjekt at tre nye lag stilte på quiz denne kvelden: Heisenberg, I Midten og Infinity.

På dei aktuelle spørsmåla var det LL og QF som var best. Dei kunne alle. Snitt: 12,8 av 16 poeng.

På musikk / underholdning var QF best med sine 15 av 18 poeng. Utan at underteikna har snøring på kva låtar som vart spela, så må det ha vert nokre merkelige låtar denne gong. Fleire lag må ha slete, for snittet var såpass lågt som på 10,6 poeng.

Halvvegs var det QF som hadde kome best i gong med fine 31 poeng. Men sjølv om dei hadde heile 4 poeng ned til dei nest beste, antok nok dei aller fleste at dei kom til å rote vekk leiinga.

Rop Ut Quizen vart vunne av Kristine frå HBO. Ho slo Asmund frå BJoP i finalen. Spørsmålet var: I kva delstat ligg Grand Canyon? Dette visste Kristine: Arizona.

Ark 3 må nok ein gong ha vert altfor lett. Heile fem lag tok full pott: LL, BJoP, HBO, Blanda Drops og det nye laget I Midten. Snitt: 13,9 poeng.

Lett Blanding gav scores frå 8 til 13 poeng og eit snitt på 10,8. Best var LL og HBO med berre to feilsvar.

På kveldens bilete var QF best med 14 av 15 poeng. Også godkjent av LL, BJoP og Dei Sporadiske med 13 poeng. Snitt: 10,4.

Då det skulle oppsummerast var det Lex Lodney som hadde vunne quizen poenget føre QF og BJoP. QF tok andreplassen grunna fleire rette bilete. Ergo rota QF vekk sigeren. Naturlegvis.

Samanlagt vert det spanande i kampen og både gullet og bronsen komande torsdag. BJoP leiar no med éitt lite poeng føre HBO. Dei har høvesvis 319 og 318 poeng. QF ligg i skrivande stund på tredjeplassen med 274 poeng, men Lex Lodney er berre 4 poeng bak med sine 270.

Ekstrapremien gjekk i kveld til Heise Bra Opplegg. Dei fekk med seg eit festivalpass til 100 dagar. God fornøyelse!

Quizvert var Sverre. Det antas nok ein gong at det var både bartender og servitør til stades.

Takk for ein strålande (mest truleg?) kveld og velkomen att torsdag 13.desember til sesongens siste quiz!

Resultat quiz 13 av 14 hausten 2018 - 6.desember:
(Trykk på bileta for større visning)











Samanlagtstilling etter 13 av 14 rundar:


















Alle spørsmål med fasit:







søndag 2. desember 2018

Torsdagsquiz 12 - 29.november 2018





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

16 vakre lag deltok og snittscoren var denne gong på sterke 63,8 poeng av totalt 80 mulege. Heile tolv av laga kom seg over 60 poeng denne gong.

Ingen lag med full pott på dei to første arka denne kvelden, men både AWitP og QF makta 15 av 16 poeng på førstearket. På ark nummer to var det utrulig nok Har Det På Tunga som var best med sine 17 poeng. Det må ha vert 70-talsmusikken som fall i smak her. Halvvegs var det nevnte AWitP og QF som leia med 31 poeng.

Rop Ut Quizen vart ein finale mellom Trine frå BJoP og Oddmund frå HBO. Kven som vann finalen og kva spørsmålet var seier rapportane ingen som helst ting om. Men underteikna antar at ein av kandidatane vann, at kinobillettar vart delt ut og at det vart applaus.

På ark 3 var tema denne kvelden Costa og Det Nærmar Seg Jul. Best av laga var Lex Lodney som svara rett på alle spørsmål og dermed henta 16 poeng. Heile seks lag tok 15 poeng. Med eit snitt på over 14 poeng må vel dette ha vert altfor lett?

To lag tok full pott på Lett Blanding: QF og HBO. Også her var snittet bra med 12,5 poeng.

På biletearket enda snittet på greie 11,9 poeng og to lag hadde alle 15 rett: AWitP og BJoP.

Totalt var det heile fem lag som kom seg over sterke 70 poeng denne kvelden. BJoP måtte ta til takke med ein tredjeplass, medan QF tok sølvet. Sigeren gjekk denne kvelden svært så gledeleg til superjentene på A Walk in the Park. Endeleg kunne det seiast at lagnamnet passa. Grattis jenter!

Ekstrapremien gjekk i kveld til Quizzvazz. Dei fekk med seg ein gratisbillett til konserten på Arena tredje juledag. God fornøyelse!

Quizvert var Sverre. Det antas at det var både bartender og servitør til stades òg.

Takk for ein diffus kveld og velkomen att torsdag 6.desember til sesongens nest siste quiz!

Resultat quiz 12 av 14 hausten 2018 - 29.november:
(Trykk på bileta for større visning)











Samanlagtstilling etter 12 av 14 rundar:
















Alle spørsmål med fasit:








fredag 23. november 2018

Torsdagsquiz 11 - 22.november 2018





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

16 dedikerte lag deltok og snittscoren var denne gong på middels 55,4 poeng av totalt 80 mulege. 5 gode lag kom seg over 60 poeng denne gong.

Det skulle vere litt av kvart å få brynt seg på når det kom til dei aktuelle spørsmåla denne kvelden. Snittet enda på dryge 11 poeng, noko som er bra, men ingen av laga tok full pott. Heller ikkje Lex Lodney som plar cruisa gjennom førstearket. Dei var likevel best, saman med Sviskene, med fine 14 av 16 poeng. Gode scores også på HBO, QF, AWitP og Quizte Du Det? som alle fekk 13 poeng. Spørsmålet flest lag sleit med var det om kven som møtes i The Match i Las Vegas denne fredagen. Berre to lag, QF og Quizte Du Det? prikka inn dei rette svara med Tiger Woods og Phil Mickelson. Elles var det litt rusk på både Kepler, Ruka og den nye NRK-serien med Sofia Helin. Mest rystande var det likevel at historieekspertane på superlaget HBO ikkje visste kva by JFK vart skoten og drepen i for nøyaktig 55 år sidan. Dei svara blankt her.

Musikken skulle vere overkomeleg i kveld. Underteikna har skjønt at fleire lag må vere under middels interessert i musikk, så det gjeld då å setje lista litt lågare enn ynskjeleg. Ikkje like lågt som det Geir set den sjølvsagt. Men nokre halvvanskelege låtar må ein ha. Uansett, ingen av laga klarte full pott, men fleire var nære. At så mange lag ikkje kjenner til Elton Johns fenomenale Tiny Dancer er rimeleg uforståeleg. Og til dei av dykk som tippar låtane heiter det same som vert sunge, prøv igjen. QM har nemleg feila dersom songtittel vert avslørt i løpet av dei sekundane lydsnutten pågår. Også Tracy Chapman sin hit Baby Can I Hold You var det overraskande fleire som ikkje kunne. Offspring gav god utteljing, medan dei fleste tok Johnny Cash. Tittel på låta derimot, det var begredeleg. Solitary Man fortener nokre gjennomhøyringar i helga folkens! Stor låt. Til slutt var det Quiz-favoritten Zara Larsson som song hennar siste hit Ruin My Life. Og som vanleg var det mange som bomma på godaste Zara. Men me gir ikkje opp og garanterar at ho kjem tilbake på quizen før eller seinare. Hehe. Mykje gode svar på underholdningsbiten. Albuma til Lady Gaga var kanskje det spørsmålet flest lag sleit med. Nokon prøvde seg sågar på Zara Larsson også her.

Rop Ut Quizen vart i kveld ein duell mellom Øystein Vegar frå QF og Ragnhild frå Dei Hjelpelause. Øystein Vegar tok seg til finalen på kunnskap om Seinfeld (ja, mor til George heiter Estelle), medan Ragnhild var kjappast med rett svar på kva yrke elefanten har i Egners "Dyrene i Afrika": Brannkonstabel / Brannmann. I finalen fekk kandidatane større problem. Ingen av dei kunne svara på kva vanleg norsk dyr som ofte vert kalla for caribou i USA. Dette visste imidlertid heile resten av forsamlinga som i kor kunne gi det rette svaret: Reinsdyr. På neste finalespørsmål vart finalistane nok ein gong satt på prøve. Kven dansar Cecilia Lind med i songen med same namn? Nei, dette visste dei heller ikkje. Alle andre derimot, dei visste: Fredrik Åkare. Ergo måtte eit tredje finalespørsmål til: Kva ord brukast både om vekta på edelsteinar samt gullinnhald? Og her var Øystein Vegar kjapt ute: Karat! Noko som sjølvsagt var rett. God tur på kino!

Halvvegs var det utrulig jamnt. Heile fem lag delte teten med 27 poeng: HBO, Lex Lodney, A Walk in the Park, Quizte Du Det? og Litt Arbeid - Mest Pause avd. Stord. Fire lag låg poenget bak med 26 poeng: BJoP, QF, Quizedillas og Quiztorn.

Tema på tredjearket var i kveld Cash / Sovjet. Spesielt tenkjer du? Muleg du har rett. Spørsmåla såg uansett ut til å falle i smak hos dei fleste lag. Eit snitt på 11,4 er ikkje så verst. Ein som smilte frå øyra til øyra då spørsmåla vart lest opp var varaordføraren. Dette må ha vert hans kopp te. Og då svararka skulle rettast hadde jommen BJoP laget hans full pott og 16 poeng som einaste lag. Sterkt! Det vart likevel kritikk til QM frå lagmedlem Trond. Han meinte det var lite quizvenlege spørsmål når Jakob kunne skriva ned svara med ein gong utan av dei fekk diskutert dei på laget. Hehe. De får knebla han neste gong. HBO gjorde det også sterkt på dette arket og henta 15 poeng. Også honnør til QF, Quizte Du Det? og Lex Lodney som klarte godkjente 13 poeng. I kategorien Cash var det veldig oppegåande svar frå mange. Vanskelegast såg det ut til at valutaen i Nederland og Portugal før '99 var. Portugisiske Porto eller Peso, altså? Jøss. På spørsmåla om Sovjet var det varierande innsats. På grensa til sjokkerande at somme lag bomma på årstalet og gjekk for 1989. Nøtta var mulegvis Reval / Tallin, men fleire lag tok òg denne. Til slutt var det gledeleg at fleire hugsa legendariske Gunnar Grimstad. Og vi har slått Sovjet!

Lett Blanding skulle visa seg å vere det hardaste arket i kveld. Med eit snitt på 9 blank, var det fleire lag som fekk store problem. Quizte Du Det? som hadde gjort det skarpt på dei tre første arka gjekk seriøst på trynet med sine katastrofale 4 poeng. Også Dei Sporadiske og LAMP gjekk på ein stygg smell. QF; LL og AWiTP kom seg greit gjennom og henta 12 poeng. Det var likevel HBO som imponerte mest. Alt rett og 15 poeng var imponerande. Det var fleire snubletrådar å gå i. Til dømes Den Europeiske Menneskerettsdomstolen (mange gjekk for Haag), prikkar i førarkortet (2, 3 eller 4?), pausane i boksekampane (30, 45, 60, 90 sekund?) og ikkje minst administrasjonssentera på dei tre store øyane utanfor Italia. Mykje blanda drops her. Verst var nok likevel siste spørsmål om opera. Her har nok dei aller fleste lag mykje å gå på reint kunnskapsmessig. Likevel var det nokre få lag som gjorde det bra her òg. Alle har vel no lært at det er Rossini som står bak Barbereren i Sevilla, og ikkje Puccini? Mange tippa også på Vivaldi, utan at han var med denne gong. Men kanskje de skal få lista opp alle hans operaer på neste quiz? De kunne i såfall blitt eit 94-poengsspørsmål. Haha.

Biletearket gav eit snitt på 10,4 og beste lag vart BJoP som på strålande vis prikka inn alle 15 rette svar. QF, AWitP og LAMP med godkjent innsats og 13 poeng.

Som så mange gongar før denne hausten skulle sigeren stå mellom BJoP og HBO. Til slutt var det berre eit lite poeng som skilde dei. Denne gong med HBO øverst på pallen med 68 poeng. Bronsen gjekk til QF med 64 poeng. Det hjalp altså ikkje å henta inn quiztungvekterar som Tore og Inge for å få laget heilt til topps. Lex Lodney og AWitP enda på delt fjerdeplass berre poenget bak QF.

Samanlagt held HBO på leiinga berre nokre få poeng føre BJoP. Tre rundar igjen, så her er det framleis opent.

Ekstrapremien gjekk i kveld til Fonna i Krise. Dei fekk med seg to gratisbillettar til Olsen og Jensens Viseklubb sin Barnekonsert med "Meg og kammeraten min" Arena søndag 25.november. God fornøyelse!

Og som ikkje det var nok, Quiztorn stakk av med den ekstra ekstrapremien denne kvelden. Dei fekk eit gåvekort på valfrie solbriller for heile slekta hos Brilleriet. Slettes ikkje verst.

Quizvert var Jon, med Vilde som barsjef og Geir som servitør.

Takk for ein brillefin kveld og velkomen att torsdag 29.november til ny quiz!

Resultat quiz 11 av 14 hausten 2018 - 22.november:
(Trykk på bileta for større visning)












Samanlagtstilling etter 11 av 14 rundar:


















Alle spørsmål med fasit:








søndag 11. november 2018

Torsdagsquiz 10 - 08.november 2018





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

21 lure lag deltok og snittscoren var denne gong på godkjente 58,4 poeng av totalt 80 mulege. 10 lag kom seg over 60 poeng denne gong.

Tre lag tok full pott på førstearket: HBO, BJoP og LL. Dei er altså ikkje topp 3 i samandraget for ingenting. Snittet enda på snaue 13 poeng, noko som vitnar om at dei fleste laga følgjer godt med.

Ingen lag tok full pott på andrearket, men tre lag henta 17 av 18 poeng: HBO, Dei Sporadiske og Quizzedillas. Snitt på 14,6 er meget sterkt. Eller var det for lett? Kva Geir(?) spelte av musikk er ikkje godt å seie, sidan dette aldri vart rapport inn til underteikna. Men lett var det nok, som vanleg. Hehe.

Halvvegs leia HBO med 33 av 34 poeng.

Rop Ut Quizen vart ein kamp mellom Egil frå Dvergkastarane og Mads frå Lex Lodney. Her var det Egil som drog det lengste strået i finalen. Han fekk spørsmål om kva namnet på munken i Robin Hood heiter. Noko han visste: Broder Tuck. Som vanleg var det to kinobillettar i premie. Grattis!

Litt lavare score vart det på tredjearket som denne kvelden handla om fløtemat (eller fløytemat om du og eg vil) og kort. Det vart altså ikkje nok kortspel på quizen frå veka før. Mest truleg til A Walk in the Park si store gleda. Snittet enda på 10,6. Best var nok ein gong HBO. Dei tok 14 av 16 poeng. QF nest best med 13p.

Også på Lett Blanding var det fleire lag som sleit. Snittet på snaue 10 poeng vitna om fleire ekle spørsmål. Best ut kom HBO og BJoP med sine 13 poeng.

På bileta imponerte BJoP med sitt fulle hus. Også Dei Sporadiske og Har Det På Tunga var gode med sine 14 rette. Snittet enda på 10,4 poeng.

Totalt var HBO tilbake på topp med fine 71 poeng. Dei enda poenget føre BJoP og med Dei Sporadiske på ein gledeleg tredjeplass med 68 poeng.

I samandraget tok HBO tilbake leiinga. Dei har no 3 poeng å gå på til BJoP med fire quizar att før jul.

Ekstrapremien gjekk i kveld til Noregs Mål og Assistlag. Dei fekk med seg gratisbillett til Morten Abel sin konsert på Arena torsdag 15.november. God fornøyelse!

Quizvert var Sverre, med mest truleg Geir som barsjef og Marie som servitør.

Takk for ein fisefin kveld og velkomen att torsdag 22.november til ny quiz!

Resultat quiz 10 av 14 hausten 2018 - 08.november:
(Trykk på bileta for større visning)













Samanlagtstilling etter 10 av 14 rundar:

















Alle spørsmål med fasit:







fredag 2. november 2018

Torsdagsquiz 9 - 01.november 2018





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

19 friske lag deltok og snittscoren var denne gong på puslete 53,5 poeng av totalt 80 mulege. 12 skarpe lag kom seg over 50 poeng.

Det skulle verta tilnærma fullt hus inne i varmen på Arena på ein heller sur kveld. Stemninga virka god og laga var klare for å bryna dei små grå like over kl 20. Det dei ikkje visste var at det utspant seg eit stort drama nokre timar tidlegare. Det var nemleg usikkert om det i det heile ville bli quiz denne kvelden. Underteikna fekk nemleg ein telefon frå ein stygt skada og fortvila barsjef. Han hadde fått ei lei flis i eine fingen og måtte kaste inn handkleet mtp arbeid i baren. Rykta skulle ha det til at dette ville bli hans første sjukefråvær på heile 24 veker. For de som går fast på quiz, så veit de sjølvsagt at Geir glimrar med sitt fråvær både titt og ofte, men slik er det når ein har hus i Spania, samt eit blått, heller middelmådig fotballag i England ein skal følgje. Men sjukefråvær meinte han høyrde sjeldanheitane til. På vegne av heile øya ynskjer me han herved god betring og velkomen tilbake med vonleg friskt mot. Samstundes oppmodast det om å tenna lys for Geir heile helga.

Førstearket skulle i kveld vera nokså greit, men med nokre få nøtter å bryna seg på. Snittet enda på 11 av 16 poeng, noko som gjerne burde vert litt høgare. Quiztlege Fjolleparti som endeleg byrja visa seg litt fram med pallplass førre veke, hadde forsterka laget med skarpe Marte denne veka. Og med eksilstordabuen busatt mellom dei sju fjell i brodden, beit dei godt frå seg. Full pott og 16 poeng. Imponerande. Også godt levert av BJoP som kun bomma på destinasjonen til flyet som styrta i Indonesia. Dei var ikkje åleine om det. Pangkal Pinang der altså. Blant dei andre laga var det Lex Lodney og Blanda Drops som leverte best med sine 13 poeng. Røkla låg mellom 8 og 12 poeng. Spørsmåla flest lag fekk problem med var som nemnt flystyrten (også flytypen var vrien her), tragedien i Leicester og Farmen-spørsmålet. Somme var dessverre også heilt på viddene når det kom til handball og Veteran-NM. Men elles var det mykje bra!

Kveldens utvalgte låtar skulle i kveld dreia seg om verdsrommet. Bowie tok sjølvsagt dei aller fleste. Også bra utteljing på Michael Jackson. Elles var det litt bob-bob. Nokre lag er som vanleg rå på musikken, medan andre er heilt bak mål nesten same kor "enkle" songane er. Sånn er det. På underholdningsbiten var det også veldig varierande scores. Fleire lag prøvde seg med at Tom Cruise spelar Ethan Hawke i Mission Impossible filmane. Då kunne vel gjerne Mr Hawke like godt spela seg sjølve? Lett å blanda snørr og bart. Nøtta på underholdninga var nok skodespelarane i Suits. Mange lag hadde dessverre ikkje snøring her. Litt Arbeid, Mest Pause avd. Stord (jøye meg for eit langt namn) og Quizteleg Fjolleparti derimot, dei briljerte. Full pott og 18 poeng på begge lag. Rått! Også godkjent av BJoP, Quizedillas og HBO som alle makta 15 poeng. Kven var dårlegast, undrar du kanskje? Joda, det normalt sett sterke laget Blanda Drops kollapsa totalt og klarte berre skarve 6 poeng. Du slette tid. Reknar med varaordføraren får sendt nokre stikk til SV-legenden Blålid ved neste korsveg.

Rop Ut Quizen vart ein finale mellom Line frå QF som kunne sin spansk og Oddmund frå HBO som alltid har kontroll på historie. I finalen vart dei satt på plass på første spørsmål. Ingen av kandidatane klarte kobla brettspel med Beatles (Ticket to Ride). I andre finalespørsmål var derimot Oddmund på hugget med rett svar på kva T'en i FIAT står for: Torino. Well done, sir!

Halvvegs var QF i tet med full pott 34p. Nest best var BJoP fire poeng bak, medan tre lag låg på 27 poeng.

Ark 3 dreia seg i kveld om Natur og Kortspel. Om den typiske quizar er glad i naturen er ikkje sikkert, men at quizarar likar spel må vel vere heva over ein kvar tvil? Uansett, på naturdelen var det også her varierande innsats. Fleire av laga hadde problem både med antal kantar på snøfnugget og med vingene til myggen. Også nasjonalplantane og nasjonalfjellet gav sprikande poengfangst. Brorparten av laga visste det er hjarterkongen som manglar bart. Også god utteljing på detaljar om Mattis og Casino. Verre var det med poker. Her var det mykje riv ruskande galne svar og tipping over ein lav sko. Beste lag var nok ein gong QF med sine 13 poeng. Også grei innsats av BJoP (12p) og Fonna i Krise, Lex Lodney og Mike Hunts som alle tok 11 poeng. Snittet var så lavt som 8,9 poeng. Til slutt ein tankevekkar: At den pokerspelande varaordføraren ikkje veit forskjell på turn og river i poker er sjokkerande. Det er fristande å invitera han med til neste pokerlag. Hehe.

Over til Lett Blanding. Snittet enda på dryge 10 poeng, så her var det tydlegvis litt meir overkomelege spørsmål enn på tredjearket. Éitt lag imponerte: Quizedillas. Dei fleska like godt til med storeslem og 15 poeng. Meget bra! Nest best var BJoP med sine 14 poeng. Spørsmåla flest lag sleit med var blindeskrift og antal prikkar / punkt, landet i verda på G med flest innbyggjarar, konge Mohammed VI og diktator Taylor i Liberia. Fleire lag ville også ha med både Andrea Bocelli og Eros Ramazzotti i Dei Tre Tenorar. Du hendelse. DET skulle tatt seg ut.

Biletearket gav gode scores i kveld. Heile 18 av 19 lag tok 10 eller fleire bilete og snittet enda på 11,6. Men ingen lag tok alle 15. Beste lag var BJoP som kun bomma på Green Day sitt album Dookie. Også god score med 13 rette av følgjande lag: QF, LL, LAMP, FiK, AWitP og DS. Åtte av 19 lag kjende att HBO-General Oddmund på bilete nummer 15. Merkelig nok var det fleire av laga som tippa både på Lund og Lunde her. Eitt lag prøvde seg med Eric Clapton. Mon tru om Oddmund er like dryg på gitar?! Elles er nok Kjetil Østrem rimeleg stolt av å bli samanligna med Sting. Hehe.

Oppsummert enda det altså på ein del under-pari-scores. Berre fem lag kom seg over 60 poeng denne gong. Eit av haustens formlag, LAMP, måtte ta til takke med den sure fjerdeplassen. Den delte dei med ein gledeleg overraskelse: Quizedillas. Dette laget har noko på gang. Bra! Lex Lodney var nok misnøgde med eigen innsats i kveld. 64 poeng er nok 8-10 for lite iht kva dei forventar seg. Det heldt likevel til ein tredjeplass. Gullet skulle i kveld, som så mange gangar før, stå mellom QF og BJoP. Og til slutt var det berre éitt poeng som skilde dei to superlaga. Fire poengs leiing havvegs hadde blitt godt spist opp, men ikkje nok. Dermed heldt QF unna og kunne notera seg for ein etterlengta siger poenget føre sine erkerivalar. Gratulera til premielaga, de var gode i kveld.

I samandraget måtte HBO til slutt sjå seg forbigått av BJoP. Men det er berre 2 poeng som skiljer dei med fem quizar att før jul. Tredjeplassen ser ut til å bli ein kamp mellom LL og QF. Her har LL 13 poeng å gå på.

Ekstrapremien gjekk i kveld til Quizte Du Det?. Dei fekk med seg to gratisbillettar til Morten Abel sin konsert på Arena torsdag 15.november. God fornøyelse!

Quizvert var Jon, med Marita som barsjef og Marie som servitør.

Takk for ein fresh kveld og velkomen att komande torsdag!

Resultat quiz 9 av 14 hausten 2018 - 01.november:
(Trykk på bileta for større visning)













Samanlagtstilling etter av 14 rundar:


















Alle spørsmål med fasit: