fredag 25. november 2022

Torsdagsquiz 6 - 24.november 2022

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

13 sympatiske lag stilte til start. Snittet enda på litt skuffande 51,6 poeng. Fire av tretten lag kom seg over 60 poeng.

Etter førre quiz utan dei altfor store utfordringane var det denne gong tid for å bryne dei små grå igjen. Og sjølv om snittet enda vel lavt, imponerte fleire lag.

På dei aktuelle spørsmåla feia FIA (utan) HOFA gulvet med dei andre laga. Full pott! Fleire andre lag leverte også godkjent, og snittet enda på snaue elleve poeng.

Litt verre vart det på andrearket. Litt ymse innsats på musikken for fleire. Beste lag var eit litt slunkent HBO og HDPT med tretten poeng.

Halvvegs var det nettopp HDPT som leia med 27 poeng, føre eit kobbel med lag på 25 poeng.

Så vart det endo litt verre mtp poengfangsten. Både mote, historie og middels vanskeleg blanding fekk fleire av laga til å fortvila. Likevel leverte mange lag gode scores. 15 av 16 poeng på mote/historie på HBO var sterkt. Det samme var 14 av 16 poeng på fjerdearket frå Fonna i Krise.

Før biletearket var det mange lag med i kampen om beinet. Det var altså vidopent i toppen. HBO som til no hadde levert best, saman med HDPT, enda begge på 12 rette bilete. Det skulle ikkje holda. LAMP AS prikka nemleg inn samtlege, og sneik seg samstundes forbi nemnte lag og tok heim sigeren. Også QF var gode på bileta (15 av 16) og passerte HDPT i kampen om bronsen. Kudos til Quizzedillas med kun to deltakarar og FIA HOFA som også hadde 15 rette bilete.

Dagens kinobillettar gjekk til Game Stonk.

Quizvert for sesongens sjette quiz var Jon, med Geir og Alena i baren.

Neste quiz, og årets siste, er torsdag 15. desember med Junior-Sverre. Vel møtt!

Resultat quiz 6 av 7 haust 2022 - 24.november:
(Trykk på bileta for større visning)






Samanlagt:












Alle spørsmål med fasit:









mandag 21. november 2022

Torsdagsquiz 5 - 10.november 2022

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

13 spenstige lag stilte til start. Snittet enda utrulige 63,9 poeng. Heile elleve av tretten lag kom seg over 60 poeng. Ergo ein juniorquiz?

Endeleg vart det slutt for sigersrekkja til QF. Har Det På Tunga fleska til med ein sjeldan siger. Også Dei Hjelpelause sneik seg forbi haustens formlag som enda på tredjeplass.

Mykje gode scorar denne kvelden. Nokre lag henta til og med 17 poeng på eit ark. Sensasjonelt! Det må vel også vere historisk at to lag enda på delt sisteplass med 57 poeng?

I følgje rapportane kunne nok aldersgrensa på Arena vert senka til 7 år denne kvelden, når ein ser på vanskelegheitsnivået på spørsmåla.

Quizvert for sesongens femte quiz var Sverre, med Geir(?) og Alena (?) i baren.

Neste quiz er torsdag denne veka: 24. november. Då vert det på nytt vaksenquiz.

Resultat quiz 5 av 7 haust 2022 - 10.november:
(Trykk på bileta for større visning)






Samanlagt:












Alle spørsmål med fasit:








tirsdag 8. november 2022

Torsdagsquiz 4 - 27.oktober 2022

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

16 sylskarpe lag stilte til start. Snittet enda på 55,2 poeng. Heile ni av seksten lag kom seg over 60 poeng.

Mykje smarte lag denne gong, men det var nok ein gong lite å gjera med haustens store formlag Quizteleg Fjolleparti. Siger fire av fire mulege. 72 poeng denne gong. Anderplassen gjekk til LAMP AS, medan FIA HOFA tok ein etterlengta pallplass med sin bronse.

Ådlandslio Velferdslag stakk av med kveldens kinobillettar.

Quizvert for sesongens fjerde quiz var Jon, med Vilde og Alena i baren.

Neste quiz er torsdag 10. november. Då er Sverre tilbake i quizmanesjen.

Resultat quiz 4 av X haust 2022 - 27.oktober:
(Trykk på bileta for større visning)







Samanlagt:











Alle spørsmål med fasit:








mandag 17. oktober 2022

Torsdagsquiz 3 - 13.oktober 2022

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

13 solide lag stilte til start. Snittet enda på 56,5 poeng. Tre av tretten lag kom seg over 60 poeng.

Det vart som lova ein litt meir utfordrande quiz denne tredje quizkvelden. Sjølv om det var haustferie stilte folk opp mannsterke, og såg ut til å kosa seg. Quizen kan ikkje ha vore for vanskeleg, for samtlege omgongar gav snitt på over ti poeng. Einaste antydning til fortviling kom frå Har Det På Tunga som ikkje var overbegeistra for ungdommelege forkortingar.

Halvvegs var det sesongens beste lag QF som leia. Dei runda poenget føre HBO, med Fonna i Krise på tredjeplass, tre poeng bak tetlaget. På dei aktuelle spørsmåla var det nemnte QF, saman med ein skjerpa gjeng i FIA HOFA, som imponerte mest med sine 15 poeng. Ingen lag med toppscore på andrearket med musikk og underholdning, likevel respektabelt av HBO med 13 poeng.

På tredjearket handla det altså om forkortingar, saman med romanar, denne gong. Beste lag vart igjen HBO med fine 14 poeng. I dette øyeblikk var dei i leiing. Sistearket gav eit snitt såpassa høgt som 12 poeng, men ingen klarte å prikka inn alle 16 rette svar. Best var igjen HBO. Med 15 poeng leia dei no med heile fem poeng ned til QF før biletearket.

Likevel var det Quizteleg Fjolleparti som nok ein gong tok sigeren heim. Med full pott på bileta, mot HBO sine pinlege ni rette (kollaps!) holdt det til siger med to poengs margin. Som om ikkje kollapsen på bileta for HBO var nok, sneik også LAMP AS seg forbi og kapra andreplassen.

Vinnarscoren på 66 poeng var også betryggande for quizverten som hadde lova ei raus belønning til det laget som måtte toppa vinnarscoren frå quiz nummer 2 (74 poeng). Mon tru om den eldste av quizvertane vågar gjer det same neste gong han er i manesjen?

Quizvert for sesongens tredje quiz var Jon, med Geir og Alena i baren.

Neste quiz er torsdag 27. oktober.

Resultat quiz 3 av X haust 2022 - 13.oktober:
(Trykk på bileta for større visning)






Samanlagt:










Alle spørsmål med fasit:









tirsdag 11. oktober 2022

Torsdagsquiz 2 - 29.september 2022

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

14 briljante lag stilte til start. Snittet enda på oppsiktsvekkande 64,3 poeng. Heile elleve av fjorten lag kom seg over 60 poeng.

Nok ein gong lite sladder å melda om. Einaste må vere møtet med HDPT sin blide kaptein på daglegvarebutikken. Han kunne melda om at quizen var "AAAAALT for enkel" og at musikken til Geir som vanleg var aldeles bak mål denne gongen også.

Quizteleg Fjolleparti tok nok ein gong sigeren i kveldens quiz, med Har Det På Tunga på sølvplass og LAMP AS på tredjeplass.

Quizvert for sesongens andre quiz var Sverre, med Geir og Alena i baren.

Neste quiz er torsdag 13. oktober. Då gjer Jon sesong-comeback som quizvert og kan lova ein litt meir utfordrande quiz.

Resultat quiz 2 av X haust 2022 - 29.september:
(Trykk på bileta for større visning)






Alle spørsmål med fasit:








mandag 19. september 2022

Torsdagsquiz 1 - 15.september 2022

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

15 trivelege lag stilte skjerpa til sesongstart haust 2022. Snittet enda på snaue 59 poeng. Åtte glupe lag kom seg over 60 poeng.

Lite rykter, sladder og rapport frå quizen, men ein fugl kviskra skribenten i øyra at det vart kontroversar rundt nokre mokkasiner.

Quizteleg Fjolleparti tok sigeren i sesongens første quiz, med Tors Utvalde (comeback!) på sølvplass og Fonna i Krise på ein gledeleg tredjeplass.

Quizvert for sesongens første quiz var Sverre, med Geir og (truleg) ei kjekk jenta i baren.

Neste quiz er torsdag 29.september.

Resultat quiz 1 av X haust 2022 - 15.september:
(Trykk på bileta for større visning)






Alle spørsmål med fasit: