fredag 27. oktober 2017

Torsdagsquiz 8 - 26.oktober 2017





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

Heile 24 lag deltok (tangering av rekord!) og snittscoren var på dryge 59 poeng (av totalt 85 moglege).

No har verkeleg torsdagsquizen byrja å setja seg mtp deltakarlag. Over 20 lag kvar torsdag har blitt ein fantastisk trend, og denne gong vart altså rekorden på 24 lag tangert. Fett! Truleg er dette bortimot maksimalt av kva kapasiteten i Arena toler, men det får me heller sjå på dersom det skulle dukka opp fleire lag. Kanskje me må be folk ta med seg bæremeis så me får plass til alle.

Som vanleg før quizen byrja fekk både Geir i baren, servitør Konstanse og quizverten køyrt seg. Geir med å skjenka drikka og ta i mot matbestillinga, Konstanse med å servera og sistnemnte med å springa i shuttletrafikk opp til Blå Time for å henta fleire stolar. Når skal Geir ta forarbeidet på alvor? Så endeleg etter høg trafikk i baren og altså organisering av bord og stolar, kunne quizen starta ti over åtte.

Det som denne gong skulle vere eit enkelt fyrsteark med aktuelle spørsmål skulle vise seg å verre litt verre enn antatt. Snaue 15 poeng i snitt må seiast å vere under pari. Uansett, fleire lag kan likevel seiast å ha følgt godt med i nyhendebiletet. Best av alle med kun 2 feil var Fonna i Krise og Lex Lodney. Sistnemnte med kun Aksel, Sissel og Nils rundt bordet denne gong. Imponerande innsats! Også bra av Tors Utvalgte med 18 av 21 poeng. Bedre Seint enn Sist satte seg nok ein gong i ein kinkig situasjon med 9 på laget, og måtte dermed sjå 18 poeng bli til 16 på fyrstearket. Verst var det likevel for Friskt Mot som stilte med 11 på laget og gjekk fra godkjente 16 til stusselege 10 poeng. Så her må det evaluerast om dei nye unge, øldrikkande ungfolane på laget var verd 6 poeng fratrekk? Dei Hjelpelause, Quizteleg Fjolleparti og Hakke Peiling Sr. kom også godt i gong med 17 av 21 poeng. Spesielt imponerande av Hakke Peiling, som ser ut til å ha lagt politiarbeidet litt til sides for å følga med på nyhende i staden. God prioriterting! Ellers må det nemnast at underteikna om mogleg måla seg sjølv inn i eit kinkig hjørne med spørsmåla om årets TV-aksjon. Sidan Svalbard korkje er fylke eller kommune (kva er det eigentleg? Ein utpost?) vart det gitt rett både på Svalbard og Utsira som rausaste kommune her. Også antal millionar innsamla vart det gitt rett på med slingringsmonn frå 218-223. Sjølvkritikk notert, registrert og arkivert. Til slutt ein kommentar vedrørande spørsmålet om  eks-presidentane som var på konsert. Fleire interessante tips her. Til info: Korkje Reagan eller Nixon er gravd opp og stabla på beina for å henga med Obama, Clinton og co.

På andrearket var det til fleire sin frustrasjon gjort ein vri denne gong. Dei vanlege 5 songane frå siste fem tiår og film -og TV-spørsmåla var bytta ut med 10 snuttar frå TV-program og TV-seriar. Dei fleste av snuttane med tilleggsspørsmål. Her fekk me alt frå nyare populæreseriar (slik som ungdomen likar) og eldre svisker som Bonanza, 'Allo 'Allo!, Lov og Rett i LA og Fjernsynskjøkkenet. Og det såg ut som laga likte vrien. Med snaue 15 poeng i snitt, må det seiast at det var strålande innsats over heile linja. Eller var det for enkelt?! Heile fire lag tok full pott: Quizzvazz, A Walk in the Park, QF og Hakke Peiling Sr. Også meget sterkt av Stord BTK, Dvergkasterane og Friskt Mot med kun éin feil.

Ved oppsummering halvvegs var gjengangarane QF i delt leiing med overraskelseslaget Hakke Peiling Sr. som denne gongen hadde skilt ut dei yngste i eit eige lag: Hakke Peiling Jr. Disse var å finna litt lengre ned på resultatlista. Ergo, dei gamle er fortsatt eldst. Forøvrig 35 av 39 poeng på leiarlaga. Hakk i hæl fann me A Walk in the Park med 34p. God start på fleire andre lag også: Stord BTK (33), Quizzvazz (33), Dei Hjelpelause (33), Lex Lodney (32) og Bedre Seint Enn Sist (32).

Å gå på quiz er kjekt. Både det å få testa ut dei små grå, og ikkje minst det sosiale. Å samlast med gode vener, kollegar og naboar. Så i pausane kan samtalen gå høglytt. Dette skulle den også gjer i kveld, og då spesielt når Rop-Ut-Quizen skulle forsøkast avhaldast. Så om Furuly 4 Ever kan finna seg eit bord litt lenger vekke enn inntil baren neste gong, hadde vert ideelt. Hehe. Eller for å sitera min gamle historielærar Presthus retta mot ein kjøpmannsson frå Ådland med kompanjong bakerst i hjørna: "Om de bakerst i hjørna no kan masa litt roligare, ideelt sett teia stilt, så kan eg kanskje halda fram med undervisninga?" Uansett, pausequizen kom i gong, og det var Solveig frå Dei Hjelpelause som var fyrste kandidat klar for finalen. Ho var lynraskt ute med rett svar på Gilmore Girls spørsmålet. I finalen skulle ho møta Øystein Vegar frå QF som hadde kontroll på engelsk fotball og Everton (som ligg på nedrykksplass). I finalen fekk dei først spørsmål om eit Stabburet-produkt med slagordet Matlyst på Boks. Men det var korkje Leverpostei eller Makrell i Tomat (etast i einerom). Nugatti, derimot. På neste spørsmål vart det avslørt at dei ikkje hadde kontroll på heilt essensiell progrock frå 70-talet. Underteikna trudde ALLE visste at det var Peter Gabriel som var vokalist i Genesis i storheitstida på tidleg 70-tal før Phil Collins gjekk frå trommer til vokal og bandet gjekk commers innafor pop. Men den gang ei. Tips: Sett dåke i den beste lenestolen i kveld. Finn fram eit glas med noko godt i. Sett på Genesis-plata Selling England by the Pound på full guffe. Lukk att augene. Nyt. Greit, tilbake til quizen. På tredje spørsmål skulle det endeleg lukkast å få eit rett svar. Gravenstein er altså ein type eple, og dette var Solveig på hugget på. Før Øystein Vegar fekk sagt kaka, fekk ho sendt han longt inni pølseboden med rett svar. Bra! Gratulera med kinobillettar!

Tredje arket skulle denne gong dreia seg om Sport og Språk. Sport ønska av Lars Magne på Stord BTK og Språk ønska av Wenche på Quizzvazz. Takk for innspel! Med 11 poeng i snitt (av 16) må det seiast at dei fleste kom greit i frå det. Best med 14 poeng var følgjande lag: Tors Utvalgte, Dei Hjelpelause, Heise Bra Opplegg, Bord 11, Blanke Ark og Quizzvazz. Lett analyse av spørsmål på dette arket viste oss at det var rystande store sprik på til dømes kunnskapen om elementær skøytesport. Dei fire S'ane (pensum) burde vert plankekøyring for alle, eller kva? Også på engelsk staving var det labert. Men nok kjeft! Stort sett veldig bra på resten! Applaus. Emoji.

Nok ein gang var det nok arket med Lett Blanding som skulle vere vanskelegast. I alle høve for dei fleste laga. Sterke scores av QF (14), BSES (13) og LL (12) av totalt 15 poeng. Ellers sleit fleire av laga. Lat oss håpa nykommar Quizedilla ikkje tok skrekken heilt, og vågar seg tilbake på quiz. Oppsiktsvekkande var det også at Har Det På Tunga kun makta 6 poeng på LB arket i kveld. Savna de Grete? Spørsmåla flest lag sleit med var helgesongen til Vinskvetten og kva ein bustyvel er for noko. Godt ein stadig kan læra noko nytt! Og hald augene på vegen og køyr varsamt, så slepp me sjå vegbanen full av bustyvel framover.

På biletearket imponerar stadig vekk De Sporadiske. Nok ein gong full pott! Dette kan dykk! God score også på BJoP og Friskt Mot med 14 av 15. Det lokale innslaget denne gong var eit gamalt bilete av Anders på laget Har Det på Tunga. Faktisk sleit han sjølv med å sjå at det var seg sjølv, og trudde først det var ein kjent langhåra fotballpappa oppvokst som næraste nabo til bedehuset. Hehe.

Før oppsummering og premieutdeling var det tid for jackpotquiz. Denne gong med pengar i poten frå førre torsdag (600kr). Så når Konstanse var ferdig med salet kunne me telja opp totalt 1800kr. Slettes ikkje ueffent. Fyrste semifinale skulle stå mellom den sindige og beskjedne Sigurd frå Stord BTK og kulturhussjef Tore frå Bord 11. Og kva heiter Pheobe i Friends til etternamn? Det visste Sigurd: Buffay. Neste dyst stod mellom Tore (igjen!) og Nils frå Lex Lodney. Når ingen av dei kunne sei kva delstatshovudstaden i Louisiana heiter (Baton Rouge), vart det spørsmål om tennis i staden. Kva kallast stillinga 40-40? Dette kunne Nils: Deuce. Dermed vart jackpotquizen historisk. Aldri før har nokon tapt BEGGE semifinalane før, Tore. I finalen fekk kandidatane spørsmål om fisk: Kva heiter fisken breiflabb på engelsk? Nils prøvde seg: Catfish. Feil. Det er ei malle. Men godt forsøk. Så var det Sigurd då. Kunne han det? Nei. Ikkje i nærleiken. Først ut med rett svar vart Geir. Superkokken visste sjølvsagt at dette var Monkfish. Dermed var det Geir som kunne ta med seg dei 1800 kronene heim til Kari. Neida. Be aware, folkens. Trippel jackpot neste veke!

For fyrste gong i haust skulle det ikkje verta spaning om sigeren. Med 75 poeng og heile sju poeng føre dei nest beste var Quizteleg Fjolleparti heilt suverene i kveld, og Arve kunne halde fram feiringa av ei stor veke med bestått fagbrev. Hurra og kudos. Då kunne dei altså kosta på seg å svara Ronald Hoeman på biletet av Ronald Koeman, og få feil av ein streng Evertonfan i baren. Langt tettare blant laga bak vinnarlaget: Kun 3 poeng skilde nummer 2 frå nummer 8. Og det var to gamle travarlag som skulle ta steget opp på pallen denne gong. Stord BTK har slitt fælt i haust, og har trua med å slutta å gå på quiz. Heldigvis er dei med framleis, og kunne i kveld innkassera ein fin andreplass. Det ryktast at spesielt Lars Åge var på tåhev i dag. Kanskje hadde dei nådd heilt til topps dersom Thor-Egil hadde vert med? Á poeng men éitt meir bilete enn Lex Lodney (framleis med berre tre på laget) vart utslagsgjevande. Honnør til LL for den sterke tredjeplassen! Poenget bak pallen fann me tre lag: Quizzvazz, som endeleg stilte med fleire enn to deltakerar (bra!), Bedre Seint Enn Sist og Dei Hjelpelause (som nærmar seg pallen no). Gratulera til vinnarlaga!

Laget Fonna i Krise vart denne gong trekt ut som heldige vinnarar av ein gratisbillett til Stein Torleif Bjella sin konsert på Arena fredag 4. november. God konsertfornøyelse!

Og som ikkje det var nok: Det var enda ein ekstrapremie i kveld! I morgon er det Halloweenaften på Arena og 6 gratisbillettar til denne høydaren skulle loddast ut. Og denne gong var det gjengen frå Stord Bordtennisklubb som var dei heldige. Gratulera! Lukke til med val av kostyme og god Halloweenfeiring! Hugs at alle premiar MÅ nyttast.

Quizvert var Jon, med Geir og Konstanse i baren.

Takk for ein primalicious kveld og vel møtt igjen neste torsdag!

Resultat quiz 8 av 16 hausten 2017 - 26.oktober:
(Trykk på bileta for større visning)















Samanlagtstilling etter 8 av 16 rundar:















Alle spørsmål med fasit:





fredag 20. oktober 2017

Torsdagsquiz 7 - 19.oktober 2017





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

21 lag deltok og snittscoren var på snaue 62 poeng (av totalt 85 moglege).

Rekorddeltakinga som var spådd lot venta på seg, men med over tjue lag på startstreken for fjerde quiz på rad skulle det likevel vere duka for ein bra kveld. Og det vart det.

På dei aktuelle spørsmåla på fyrste arket skulle dei fleste få ein god start. Best ut frå startblokkene denne gong var De Sporadiske og Stord Bordtennisklubb, som berre noterte seg for éin feil. Stord BTK hadde denne gong fått tilbake Thor Egil, så det forklarar nok den gode scoren. Ikkje berre er han kjent for å selgja bilar for Pelle Lunde, men han har som alltid kontroll på alt av både nyhende og sladder. Både Heise Bra Opplegg med Oddmund i spissen, superjentene frå Furuly 4 Ever og racerane Bjelland Juletre og Pyntegrønt må seiast underpresterte med høvesvis 10, 12 og 13 poeng. Men dei ville nok revansjera seg?

På andrearket skulle det stort sett vera gode scorar. Furuly 4 Ever slo like så godt til med full pott, og under pari innsatsen på Ark 1 var gløymt. Strålande 18 av 18 poeng! Også HBO og BJoP heva seg kraftig med 16/18. God score også av Dvergkastarane, som alltid er sterke på andrearket, og Friskt Mot med 17/18. Stord BTK, derimot, må ha gått ut for hardt og stivna FULLSTENDIG med rystande 9 poeng. Underleppa til Lasse kunne sjåast heilt frå Kosekroken på Bakeriet, og det gode humøret svann brått på partygjengen. Skulle dei gidda å gå meir på quiz?! Ein anna tankevekkjar: Når skal folk læra seg at David Bowie sin magiske låt frå 1969 heiter Space Oddity og ikkje Ground Control to Major Tom eller liknande? Dette er elementær music knowledge, folkens! (Ja, litt skjenn må de tola) Ikkje umogleg same song kjem tilbake etter nyttår, berre for å sjekka om de hugsar frå tolv til middag. For all del, honnør til de få som kunne det!

Best halvvegs var Dvergkastarane med 33/39 poeng, tett fulgt av QF, De Sporadiske og Dei Hjelpelause poenget bak. Tett som hagl nedover og samtlege lag på skothald før siste halvdel.

På Rop-Ut-Quizen fekk kandidatane fyrst spørsmål om postnummeret 5464 i Kvinnherad. Fleire stadar vart forsøkt, før Grete frå Har Det På Tunga slo til med rett svar. Dimmelsvik. Sterkt! Grete var i det beskjedne hjørna i dag og våga seg ikkje opp i spotlighten. Difor vart det lagkamerat Torill som måtte i elden. Heilt på kanten, men ok! På andre spørsmål var det songen Herlege Stordøy som skulle analyserast. Kva er eigentleg ord nummer 18 i songen? Og her byrja folk å tenkja og syngja inni seg. Overraskande kjapt kom det frå bjørnen Sverre på Bord 20: SOLMØY! Og visst var det rett. Rått! Skulle han fleska til med back-to-back siger i Rop-Ut-Quizen og få sjans til å køyra dobbeldate på kino med Aase, Gudmund og Else? Nei nei nei. I finalen vart han som venta feid av banen av Torill. Ein skulle tru Sverre hadde greie på sport, men når ein trur Garmish-Partenkirschen ligg i Austerrike, då må ein gå i seg sjølve. Sjølvsagt kunne Torill dette: Tyskland. God tur på kino (med Grete?)!

I løpet av helga fekk underteikna fleire gode tips til tema på tredjearket. Blanda Drops fekk gjennomslag for temaet KJENDISAR, medan De Sporadiske trumfa gjennom HISTORIE. Så til dei av dåke som fortvilar over håplause tema: Kom med forslag! Dei kjem mest truleg med på ein quiz snarast.

Både Kjendisar og Historie skulle sjå ut til å falle i smak hos brorparten av deltakarlaga. De Sporadiske slo like godt til med full pott og 16 av 16 poeng. Meget bra! Også god score på Tors Utvalgte (utan Tor) og Dei Hjelpelause med kun éin feil.

Så var det duka for det som må ha vert Vanskeleg Blanding denne gong. Spesielt spørsmåla om MR, PVH og sjakk skulle visa seg å vere utfordrande. Også folketal i Afrika var slettes ikkje enkelt. Av 15 oppnåelege poeng var det kun Lex Lodney (13) og Tors Utvalgte (12) som var i nærleiken. Og verst av alle med skuffande 7 poeng var laget som imponerte stort på førre arket med full pott: De Sporadiske. Skulle dei rota vekk eit glimrande utgangspunkt?

Biletearket plar vera kjekt, men vanlegvis med store sprik mellom dei beste og dei mindre gode fjesgjenkjennarane. Ingen unntak denne gong. Best i kveld med 14/15 rette var QF og De Sporadiske, som altså heva seg kraftig etter fadesen på Blandingsarket. Verre då med BJoP som utruleg nok ikkje klarte fleire enn 4 bilete. Her må det vurderast tur til Arnhild på Brilleriet?!

Før oppsummering og avsløring av resultata skulle Jackpotquizen avhaldast. Med Jakob M.I.A. (Ride, Si Sapis) i kveld skulle poten kun verta på 600kr. Fyrste semifinale vart mellom Caroline frå F4E og Oddmund frå HBO. Og myta om at dei gamle framleis er eldst skulle stemma her. Oddmund hadde full kontroll på Egil Danielsen sitt spydgull frå OL i Melbourne i 1956, og tok seg til finalen. Andre semifinale vart mellom Nils frå LL og tidlegare Ulje -og Energiminister (Stoltenberg I) Olav frå Bord 20. Men det skulle ikkje verta spørsmål om verken hest eller ulja i kveld. Frimerker derimot. Kva lands frimerke er merka med Helvetia? Og dette kunne Nils. Lynraskt var han frampå med rett svar: Sveits. Good!

Så i finalen mellom Oddmund og Nils skulle det dreia seg om engelsk grammatikk:

Stav det engelske ordet for å gjere nokon forlegen, altså ordet embarrass.

Ville nokon av kandidatane setja seg sjølve i forlegenheit? Tja. Oddmund var fyrst ute. Og så nære han var. Åtte av ni bokstavar rett, men når han mangla den siste S'en gjekk sjansen over til Nils. Heller ikkje han makta å stokka bokstavane rett, så jackpoten går over til neste veka. Då lyt de kjenna dykkar vitjingstid og kjøpa lodd!

Tilbake til samanlagtresultata. Det skulle verta jamnt i teten også i kveld. Heile åtte lag enda innafor fem poeng frå vinnarscoren. Blanda Drops var vist fin framgong utover hausten og enda på 64 poeng og 8. plass. Så får me sjå om målsetjinga deira om ei Topp 5 plassering kan gå neste gong? Bedre Seint Enn Sist og Lex Lodney enda på 66p og delt 6. plass. Poenget føre kom Dei Hjelpelause, Dvergkastarane og QF. Som vanleg er QF gode på bilete, og det var nettopp score her (14/15) som vart avgjerande og sikra dei tredjeplassen. Gullet skulle i kveld stå mellom Tors Utvalgte og De Sporadiske. Med ein score på 69 poeng på begge lag vart det igjen biletearket som skulle bli utslagsgjevande. Med 11 vs 14 var De Sporadiske heilt suverene og kunne jubla for siger! Gratulera! God innsats på stort sett alle lag og kun 15 poeng som skilde nr 21 frå nr 1. Kor vart det så av Bjelland Juletre og Pyntegrønt lurar du kanskje på? Jo, merk dykk datoen: 19.oktober 2017. Dei endte sist. Desidert sist. No står ikkje verda til påske. Mon tru det var fleire av motstandarlaga som flirte lurt i skjegget. Vel, dei kjem nok frykteleg sterkt tilbake!

Laget Blanke Ark vart denne gong trekt ut som heldige vinnarar av ein gratisbillett til Stein Torleif Bjella sin konsert på Arena fredag 4. november. God konsertfornøyelse!

Quizvert var Jon, med Geir og Konstanse i baren.

Takk for ein gullegod kveld og vel møtt igjen neste torsdag!

Resultat quiz 7 av 16 hausten 2017 - 19.oktober:
(Trykk på bileta for større visning)















Samanlagtstilling etter 7 av 16 rundar:


















Alle spørsmål med fasit:

 


fredag 13. oktober 2017

Torsdagsquiz 6 - 12.oktober 2017





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

22 av 23 lag fullførte og snittscoren var på snaue 58 poeng (av totalt 85 moglege).

Allereie før quizen starta vart det drama. Vinnarlaget frå førre veke, Bedre Seint Enn Sist, er tydlegvis eit populært lag å delta på. For i kveld stilte dei mannsterke med heile 10 deltakerar. Quizverten måtte difor sjå seg nødt til å opplysa om regelen med minuspoeng (2p per deltakar over 8) før oppstart. Ingen sure miner frå den trivelege gjengen: Dei skulle likevel gå for å forsvara sigeren frå sist!

Fyrste arket skal i utgangspunktet vere ein god start for alle lag, så sant dei har ikkje har lukka att argusaugene når det kjem til nyhende siste veka. Denne gong var det dei politiske spørsmåla som skulle by på størst utfordring. Ikkje ein gong politikarane i forsamlinga hadde heilt kontroll her. Også litt overraskande at så mange lag ikkje hadde kontroll på datoen for utdelinga av Nobels Fredspris.

På musikken var det stort sett veldig bra kunnskap. Dei fleste hugsa både Sandra Kim og Pearl Jam. Og nyare musikk er de gode på. Det som likevel var urovekkande var at absolutt INGEN kunne namngi Eagles si perla frå albumet Hotel California: The Last Resort. Her må de heim og oppdatera Spotify-listene, folkens! Også på Film og TV var det mykje rett på dei fleste.

Halvvegs var det Har Det På Tunga som lettbeint låg i tet. Dei hadde fått ei luka på 2 poeng ned til Blanke Ark og QF. Kunne dei stå distansen? Ellers jamnt nedover.

Så var det tid for Rop-Ut-Quiz. Bømlingen Sverre frå Bord 19 og Sandra frå Furuly 4 Ever tok seg til finalen med kunnskap om hhv hummar og bandet Highasakite. I finalen fekk dei spørsmål om kva stilling på eit sjukehus som omfattar mellom anna det å køyra pasientar til og fra operasjonar. Rett svar her er portør, noko Sverre var raskt på pletten med. Gratulera med 2 kinobillettar og god date med søte Aase(?).

På tredje arket skulle det visa seg å verta store sprik. Barne-TV og liknande er tydlegvis ikkje HDPT laget si sterke side, for her var det store hol. Uansett må det seiast at laga Bord 19, med tidlegare Quizvert Sverre i spissen, og Stord Bordtennisklubb må gå kraftig i seg sjølve. Med hhv 4 og 3 poeng på eit ark med 15 poeng oppnåelig, skal ein ikkje sjå vekk i frå at det må vere rekord. I negativ forstand. Ser du ikkje på Vennebyen, Ragnvald?!

Også arket med Lett Blanding skulle verta ei utfordring for fleire. Heise Bra Opplegg var beste lag med 13 av 15 poeng. Bra! Ellers litt skuffande frå fleire av dei andre laga. Dei fleste visste mellom anna at det var Alanis Morisette sin Ironic me fekk eit utdrag frå, men å få det frå kladdearket til svararket kunne kanskje vere ei utfordring? Eller kva QF? Skulle det verta avgjerande å GLØYME å skrive ned tittelen på låta? Med nye 4 poeng(!) av 15 oppnåelege på Sverre sitt lag, Bord 19, byrja det som på førre arket var litt humoristisk, rett og slett å verta trist. "Dans", Sverre?! Og du som har vert Bingovert tidlegare? Sjokkerande. Uansett, du skal veta at me kjem til å tenna eit lys for deg på Frugård i helga.

Mykje bra på biletearket, men kun éitt lag fekk full pott. Dei Sporadiske er råsterke på bilete, og fleska til med alle rett. Imponerande! Også bra med 14/15 på BJoP. Så skulle det summerast. Og nok ein gong skulle det verta jamnt. 9 lag var alle innafor 10 poeng frå fyrsteplassen. Og som så ofte før skulle det stå mellom BJoP og QF, som begge hadde sneke seg forbi HDPT på siste halvdel av quizen. QF må tilbake til haustens fyrste quiz for å kjenna smaken av gull, så kveldens triumf må ha smakt godt. Dei jubla i alle fall hemningslaust. Éitt lite poeng føre BJoP enda dei, og 3 poeng føre HDPT og De Sporadiske* som delte tredjeplassen denne gong. Gratulera med pallplass til alle dei 4 laga! (* Pga feil retting av bileteark hadde De Sporadiske fått 1 poeng for lite her, og tok seg dermed opp til ein delt tredjeplass. Gåvekort på pizza får dåke på kommande torsdag! Også 4 andre lag hadde blitt snytt for poeng på biletearket. Dette er no oppdatert på resultat -og samanlagtlistene)

Jackpoten i kveld var på 830kr og det var Bjarte frå Bedre Lykke Neste Gong som møte Ingvild frå Bedre Seint Enn Sist i fyrste semifinale. Her visste moteeksperten Ingvild at Drainpipes er bukser, og tok seg til finalen. Her skulle ho møta anten Jakob frå BJoP eller Hein frå HDPT som møttes i den andre semifinalen. Og Jakob var usedvanleg på hugget her. På spørsmålet om kva tre sitt blad ein ser på Canada sitt flagg var Jakob så kjapt ute med svar at han gløymde å sei sitt eige namn for å få svara. Han berga seg imidlertid fint inn igjen, og tok seg til finalen. Rett svar: Lønn. I finalen skulle Ingvild og Jakob få spørsmål om det norske kongehus, som me alle er så glade i:

Kva årstal gifta kronprins Haakon seg med si kjære Mette‐Marit?

Og her vart til stille. Både Ingvild og Jakob gjekk inn i transe. Jakob byrja rekne på år. 10 sekund. 15 sekund. 20 sekund. Så prøvar Jakob seg: 2002? Nei. Feil. Så, før tida går ut freistar Ingvild lukka: 2001? Yes. Riktig. Den satt langt inne! Ingvild kunne dermed hausta full applaus og gå nøgd 830kr rikare tilbake til sine lagkameratar, medan Jakob måtte gå slukøyra til sitt bord.

Laget Friskt Mot vart denne gong trekt ut som heldige vinnarar av ein gratisbillett til Kristian Kristensen sin konsert på Arena onsdag 18.oktober. God konsertfornøyelse!

Quizvert var Jon, med Geir og Vegard i baren.

Takk for ein triveleg kveld og vel møtt igjen neste torsdag!

NB! Kan det gå mot rekord i antal lag neste torsdag?! Med tanke på kapasitet på bord og stolar oppmodar me alle om å vere tidleg ute, og ikkje komma slentrande rett før klokka 20. Då kan det faktisk allereie vere fullt.

Resultat quiz 6 av 16 hausten 2017 - 12.oktober:
(Trykk på bileta for større visning)












Samanlagtstilling etter 6 av 16 rundar:















Alle spørsmål med fasit:


torsdag 5. oktober 2017

Torsdagsquiz 5 - 05.oktober 2017

Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

23 lag deltok og snittscoren var på dryge 62 poeng (av totalt 85 moglege).

Førre torsdag vart Bedre Seint Enn Sist slått på målstreken av Bjelland Juletre og Pyntegrønt. Denne veka var det tid for revansje. Og for ein quiz ungdomane frå Nordbygdo gjorde! Med ein råsterk score på 75 poeng var dei heilt suverene i toppen. Klapp-klapp-klapp!

Bak vinnarane var det tett som hagl. Frå 2.plassen (71 poeng) til Quizteleg Fjolleparti og ned til 11.plassen til Heise Bra Opplegg skilde det berre 5 poeng. Har Det På Tunga er nærmast ein institusjon når det kjem til quiz på Sumarøya. Ekstra gledeleg at dei då tok ei fin pallplassering denne kvelden. Dei havna på 70 poeng, same score som Friskt Mot og Tors Utvalgte, men gjekk føre på best score på biletearket. Bra levert!

Så lurer du kanskje på kor i svarte det blei av varaordføraren sitt lag? Det viser seg at dei må vere heilt avhengig av både Trond og Trine (som mangla i kveld). For ein 7.plass finnast truleg ikkje i Bjellandsgjengen sitt vokabular? Reknar med dei kvessar stridsøksa og kjem sterkare tilbake neste torsdag.

Rop-Ut-Quizen skulle ikkje gå utan dramatikk. Fyrste spørsmål gjekk på kva tid USA invaderte Irak. Her kom det fleire forslag på tidleg 90-tal. Men som me veit var det Kuwait som vart invadert (i 1990). Til slutt fleska ringreven Jakob til med 2003, som var rett svar. Neste spørsmål gjekk på albumet Cloud Nine frå 2016. Anne frå Tors Utvalgte visste det var Kygo som hadde gjeve ut dette.

I finalen fekk kandidatane Jakob og Anne spørsmål frå TV-verden:

Kva heitte den karismatiske rollefiguren som, no avdøde, James Gandolfini spelte i 86 episodar mellom 1999 og 2007?

Etter lang tenketid prøvde Jakob lukka med svaret "Soprano"?!?

Rett svar er Tony Soprano fra TV-serien The Sopranos, så dette var innafor. Gratulera og god tur på kino! (Altså eit lite plaster på såret sidan den øvrige quizinnsatsen var heller laber denne kvelden).

Jackpotquizen skulle verta ekstra spanande i kveld. Dette på grunn av dobbel jackpot sidan ingen tok den førre veke. Alexandra gjorde ein framifrå jobb med loddsalet, og den totale potten enda til slutt på 1900kr.

I fyrste semifinale møttes Øystein Vegar frå QF og Stian frå Lex Lodney. Her fekk dei spørsmål om kva produsent som står bak sjokoladen Krokanrull. Øystein Vegar, som me veit er ekstremt glad i sjokolade, og kan eta kilovis kvar veke utan å leggja på seg, var kjapt ute med svar. Nidar!?
Nei nei nei, Øystein Vegar. Katastrofalt feil. Dermed var det duka for Stian, som rett svarte Freia.

I andre semifinale var det Rolf frå Hakke Peiling mot Øystein Vegar (som vart trekt ut nok ein gong!). Spørsmålet: Frå kva land kjem klesdesignaren Karl Lagerfeld? USA? Nei? Italia? Nei. Han kjem frå Tyskland karar. Neste spørsmål var ein god gammal quizklassikar: Kva er hovudstaden i Australia? Her var Øystein Vegar lynrask (utrulig nok for dei som kjenner han): Canberra! Sjølvsagt heilt korrekt.

Dermed var det duka for omkamp (frå semifinalen) mellom Stian frå LL mot Øystein Vegar frå QF. Og spørsmålet som handla om bibelen skulle verta vanskelegare enn ein kunne spå:

Korleis lyder det sjuande budet?

Etter mykje tenking var det Øystein Vegar som prøvde seg. Og misforstå meg rett, men ein skal æra far sin og mor si, men ikkje akkurat i dette høvet, Øystein Vegar. Klokka tikka ubønnhørleg vidare mot trippel jackpot neste veke, når Stian, litt nølande, tok sjansen: Du skal ikkje stjela? Til applaus frå publiken var det nettopp det Stian gjorde. Han rana til seg 1900kr og kunne nøgd ta i mot hyllest frå sine lagkameratar. Gratulera og godt jobba!

Laget A Walk in the Park vart denne gong trekt ut som heldige vinnarar av ein gratisbillett til Kristian Kristensen sin konsert på Arena onsdag 18.oktober. God konsertfornøyelse!

Quizvert var Jon, med Geir og Alex i baren.

Takk for ein fenomenal kveld og vel møtt igjen neste torsdag!

NB! Hugs quizstart kl 20.00. Veldig bra oppmøte tidleg i kveld, så hadde det ikkje vert for at ein stressa quizvert gløymde å dela ut svararka, hadde me vert i gong til kl 20 sharp. Me freistar lukka igjen neste torsdag og satsar på presis oppstart.

PS: Fleire av quizdeltakarane skjønte nok at quizverten er fan av Tom Petty, så kveldens quiz får vera vår hyllest til legenden. Heile 6 av 85 poeng handla om Petty i kveld, i tillegg til at me fekk høyra fleire av hans største hits over anlegget. Me kryssar fingrane for at ingen fleire store musikarar legg inn årane til neste veke.

Resultat quiz 5 av 16 hausten 2017 - 05.oktober:
(Trykk på bileta for større visning)













Samanlagtstilling etter 5 av 16 rundar:


















Alle spørsmål med fasit: