mandag 6. desember 2021

Torsdagsquiz 4 - 2.desember 2021





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

Sesongens fjerde quiz skulle bli ein kamp mellom 13 trivelege lag. Mulig nokre skeptiske sjeler stod over grunna smitteutviklinga denne gong. Snittscoren enda på dryge 52 poeng. Tre glupe lag kom seg over 60 poeng.

Det såg ut til å vera greie spørsmål på førstearket. Tolv av laga scora tosifra antal poeng. Største utfordringa var truleg handballspørsmåla, samt Kim Frieles eigentlege fornamn. Best av alle var Har Det På Tunga med skarpe 15 poeng. Snittet var på 11,4. Elles er det verdt å nemna forslaga på den nye Stortingspresidenten som IKKJE gav poeng: Ashawahri, Hashikari, Gulsjari og Gulani.

Musikken skulle ein tru kunne gi høge scorar denne gong. Dei fire låtane var nemlig henta frå lista over bestselgande album gjennom tidene. Heile ti lag scora sju eller åtte poeng, og berre FIA HOFA klagde over at det var "aaaaalt for vanskeleg". Ein kan jo undrast kva ein skal finna på av musikkquiz som kan tilfredsstilla deira sarte øyrer då. Haha. Underhaldningsbiten skulle også vere overkomeleg denne gong. For HBO vart det nok FOR enkelt. Dei scora full pott og 16 poeng. Elles veldig mykje bra og 11 av 13 lag med 10 poeng eller meir. Snittet enda på høge 11,8.

Halvvegs var det tre lag i tet med 27 poeng: Quizedillas, HBO og Har Det På Tunga.

Så skulle det bera rett utfor og i nedoverbakke for fleire av laga. Både tredjearket med historie og geografi, samt den middels vanskelege blandinga på sistearket skapte nok grå hår denne gong. Begge arka hadde snitt som enda på under ti poeng (hhv 9,8 og 8,6), så her må nok fleire av laga leggja seg i selen og lesa seg betre opp framover (QM tek sjølvsagt aldri sjølvkritikk på FOR vanskelege spørsmål). Best på historie/geografi var HBO og LAMP AS med 15 poeng. Veldig bra! På Lett Blanding var nok ein gong HBO vassast med sine 12 poeng. Kudos også til QF, HDPT, Dei Hjelpelause og Fonna i Krise som alle klarte å pressa ut 11 poeng. Spørsmåla laga sleit mest med var: 3.9: Leipzig / Dresden. 3.10c: Skåne - Scania. 4.8: Røsslyng / Bergfrue. 4.10b: Sindre Aam - Vassendgutane. Elles var det verdt å merka seg at heile åtte lag IKKJE visste at eit maraton er 42.195 meter. Overraskande.

Biletearket gav oss denne gong ein snittscore på 10,5. Altså omtrent som forventa. Beste score var 13 rette, noko HBO, LAMP AS og Dei Hjelpelause stod for. Vanskelegaste bilete (antal lag med rett i parantes): 1. Erik Valnes (3) og 2. Henny Reistad (3). Elles såg det ut til at dei fleste gleda seg over at Zara Larsson endeleg var tilbake på biletearket. Kun FIA HOFA svara blankt og fekk feil på denne etter kvart kjente gjengangaren. Men så veit me jo det at dei ikkje får spela musikk på sjukehuset, så dei får heller vera unnskyldt. Hehe.

Totalt sett var det ingenting å gjera med suverene HBO denne kvelden. Dei vann med heile sju poeng ned til neste lag. Sterkt! QF og HDPT enda begge på 60 poeng, med QF som best på biletearket og dermed sølvplass.

Vinnar av to helgepass til 100 Dagar i februar 2022: Quiztorn

Quizvert var Jon, med Geir og Alena i baren.

Quiz nummer fem, og årets siste, vert torsdag 16.desember.

Resultat quiz 4 av 13 haust 2021 / vår 2022 - 2.desember:
(Trykk på bileta for større visning)






Samanlagt:








Alle spørsmål med fasit: