torsdag 26. september 2019

Torsdagsquiz 3 - 26.september 2019





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

18 briljante lag deltok og snittscoren var denne gong på dryge 52 poeng. Likevel var det berre fire av laga kom seg over 60 poeng.

Rop Ut Quizen halvvegs vart vunne av ringreven Hans Olav frå FIA HOFA, altså HOFA, i duell mot varaordførar, kverulant og juletrekonge Jakob frå BJOP. Premie: To stk kinobillettar.

Det skulle visa seg å bli eit Two-Horse-Race denne kvelden. Sjølv om LAMP hang godt med halvvegs, var det QF og BJOP som skulle gjer opp om sigeren, som så ofte før. LAMP klokka inn på ein tredjeplass med den greie scoren 63 poeng, noko som skulle visa seg å ikkje vera i nærleiken. Dei to andre gigantlaga feide nemleg gulvet med konkurrentane denne kvelden. Til slutt enda dei begge på råsterke 75 poeng. Altså berre fem feilsvar. Som seg hør og bør ved lik totalscore i toppen er det biletearket som avgjer, og her skilde det éitt fattig poeng. BJOP var gode og prikka inn 15 av 16 poeng. Kun Heidi Tjugum mangla, noko kaptein Jakob gav Trine skulda for. Haha. QF derimot, dei kunne samtlege. Ergo rundesiger og gåvekort på 500kr. Gratulera!

Kveldens beste prestasjonar:

# BJOP med full pott på Lett Blanding.
# QF med alle bilete rett.
# Hans Olav som tok knekken på quizkongen Jakob.
# Har Det På Tunga som for ein gongs skuld nagla musikken.
# QM som klarte å lura såpass mange lag til å tru ein flire er ein apekatt eller antilope.
# Laga som prikka inn samtlege rette på Kong Olavs dyremyntserie.
# Laga som kunne alle namna på dvergane.

Ekstrapremien gjekk i kveld til Noregs Mål og Assistlag. Dei fekk med seg to gratisbillettar til sjølvaste Enslaved sin konsert på Arena neste laurdag (5.oktober).

Quizvert var Jon, servitør Alena og Geir i baren.

Vel møtt igjen til haustsesongens fjerde quiz førstkomande torsdag 3.oktober.
Då er Sverre tilbake i manesjen.

God helg!

Resultat quiz 3 av 14 hausten 2019 - 26.september:
(Trykk på bileta for større visning)












Samanlagt:

Kjem etter nokre rundar.

Alle spørsmål med fasit:








torsdag 19. september 2019

Torsdagsquiz 2 - 19.september 2019





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

17 lystige lag deltok og snittscoren var denne gong på 51 poeng. Fem av laga kom seg over 60 poeng.

Rop Ut Quizen halvvegs vart vunne av Jakob frå BJOP i duell mot Solveig frå DH. Ikkje heilt utan dramatikk. Premie: To stk kinobillettar.

HBO tok rotta på førre vekes vinnar QF denne gong, og gjekk til topps med 65 poeng. BJOP tok seg saman etter katastrofen for ei veke sidan og plasserte seg på siste pallplass. LAMP og Lex Lodney delte fjerdeplassen, kun poenget bak bronsen.

Litt utdeling av kudos:

# Lex Lodney med full pott på dei aktuelle spørsmåla.
# QF, BJOP og Har Det På Tunga med alt rett på Ark 3: Idrett / Ved sjøen.
# HBO med storeslem på Lett Blanding.
# Dei Sporadiske med samtlege rette på bileta.

Ekstrapremien gjekk i kveld til Hakke Peiling. Dei fekk med seg to gratisbillettar til Backstreet Girls sin konsert på Arena om ein månad (19.oktober).

Quizvert var Jon, servitør Alena og Geir i baren.

Vel møtt igjen til haustsesongens tredje quiz førstkomande torsdag 26.september.

God helg!

Resultat quiz 2 av 14 hausten 2019 - 19.september:
(Trykk på bileta for større visning)












Samanlagt:

Kjem etter nokre rundar.

Alle spørsmål med fasit:








fredag 13. september 2019

Torsdagsquiz 1 - 12.september 2019





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

20 yndige lag deltok og snittscoren var denne gong på 59 poeng. Ni av laga kom seg over 60 poeng.

Rop Ut Quizen halvvegs vart vunne av Oddmund frå HBO i duell mot Øystein Vegar frå QF. Premie: To stk kinobillettar.

Unge Haga kunne denne veka feira ein krutsterk plass i kommunestyret. Som om ikkje det var nok kunne han òg innkassera ein strålande start på sesongen for sitt QF med siger og sterke 72 poeng. Har Det På Tunga tok ein fin sølvplass, medan LAMP kunne ta steget opp på den siste pallplassen, poenget føre sterke lag som Lex Lodney og HBO.

Ekstrapremien gjekk i kveld til Bjelland Juletre og Pyntegrønt, mest truleg som eit plaster på såret for deira sjokkerande sjetteplass denne kvelden. Dei fekk med seg to gratisbillettar til Backstreet Girls sin konsert på Arena seinare i haust.

Quizvert var Sverre. Ein kan òg anta at Geir og Alena tok seg at svoltne og tørste gjestar med bravur.

Vel møtt igjen til haustsesongens andre quiz førstkomande torsdag 19.september.

God helg!

Resultat quiz 1 av 14 hausten 2019 - 12.september:
(Trykk på bileta for større visning)












Alle spørsmål med fasit: