torsdag 21. november 2019

Torsdagsquiz 11 - 21.november 2019





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

14 deilige lag deltok og snittscoren var denne gong på godkjente 55 poeng. Fem av laga kom seg over 60 poeng.

Rop Ut Quizen halvvegs vart ein duell mellom Ellen frå Quizzedillas og Ole frå Dei Sporadiske. Den vann Ole på imponerande vis med rett svar lenge før Quizverten hadde stilt ferdig spørsmålet. Premie: To kinobillettar.

Quizen såg lenge ut til å bli ein jamn affære, med heile fire lag i delt leiing halvvegs. Fleire lag jakta hakk i hæl i tillegg. Avgjerdsla fall nok på fjerdearket med Lett Blanding med tanke på gullet. Her var HBO suverene og prikka inn sterke 15 poeng. Dette gjorde at dei seig i frå dei andre gullkandidatane og klokka inn på fine 68 poeng, heile fire poeng før QF og fem poeng føre BJoP. Kudos òg til LAMP AS og Dei Sporadiske med fine scores på høvesvis 62 og 60 poeng.

Høgdepunkt: 13 av 14 lag klarte naturlegvis å prikke inn rett svar på spørsmålet frå det britiske kongehus, nemleg Prins Andrew. QF derimot, dei freista lukka med Prins Anthony. Tørr me tippa nokon på laget gjekk på slakk line? Høhø.

Ekstrapremien gjekk denne kvelden til FIA HOFA. Dei fekk med seg to billettar til VAMP på Arena fredag 6.desember. Enjoy!

Quizvert var Jon, med servitør Alena og Anders i baren.

Vel møtt igjen til haustsesongens tolvte quiz førstkomande torsdag 28.november.

God helg!

Resultat quiz 11 av 14 hausten 2019 - 21.november:
(Trykk på bileta for større visning)










Samanlagt:











Alle spørsmål med fasit:







torsdag 14. november 2019

Torsdagsquiz 10 - 14.november 2019





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

Kun 11 pliktoppfyllande lag deltok og snittscoren var denne gong på fenometastiske 64,2 poeng. Åtte av laga kom seg over 60 poeng.

Rop Ut Quizen halvvegs vart ein duell mellom ein deltakar frå Dei Hjelpelause og Jonas frå Noregs Mål og Assistlag. Den tapte Jonas. Premie til vinnaren: To kinobillettar.

Med kun tre(!) feil cruisa BJoP inn til nok ein leikande lett siger. Dei skulle nok ha ønska seg meir utfordring. Andreplassen gjekk til QF med godkjente 73 poeng, medan Dei Hjelpelause tok ein kjærkomen pallplass med 72 poeng.

BJoP auka forspranget i samandraget og har no heile 30 poeng å gå på ned til neste lag når det gjenstår fire quizen.

Ekstrapremien gjekk denne kvelden til Har Det På Tunga. Dei fekk med seg ein billett til kveldens konsert med Valentourettes på Arena. Enjoy!

Quizvert var Sverre, med servitør Alena og Geir i baren.

Vel møtt igjen til haustsesongens ellevte quiz førstkomande torsdag 21.november.

Lovnad: Den vert overkomeleg!

God helg!

Resultat quiz 10 av 14 hausten 2019 - 14.november:
(Trykk på bileta for større visning)









Samanlagt:











Alle spørsmål med fasit:







fredag 8. november 2019

Torsdagsquiz 9 - 7.november 2019





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

14 opplagte(?) lag deltok og snittscoren var denne gong på sjokkerande 48,2 poeng. Kun seks gode lag kom seg over 50 poeng.

Rop Ut Quizen halvvegs vart ein duell mellom Ellen frå Quizzedillas og Einar frå QF. Ellen var skarpast og kjappast i finalen med god kunnskap om russisk 1800-tals litteratur. Premie: To kinobillettar.

Det vart ein tung quiz for fleire av laga denne kvelden. Enkelte hadde om muleg gjort det endo litt verre for seg sjølv med tanke på å kjempa om edelt metall. LAMP AS stilte nemleg med 10 deltakerar på laget og fekk dermed 4 minuspoeng. Ville dei ekstra personane på laget bidra med nok poeng til at det var verdt det?

Halvvegs var det QF som hadde kome best i gong. Full pott på andrearket var spesielt imponerande. Dei skulle likevel få det tøft på siste halvdel. Med kun 31 poeng av dei 48 mulege måtte dei sjå seg forbigått av to lag, og dermed ta til takke med tredjeplassen.

Dei Sporadiske imponerte med tosifra antal poeng på samtlege ark. Det enda i 60 poeng totalt, noko som heldt til ein fin andreplass. Med sesongens femte topplassering var det Bjelland Juletre og Pyntegrønt som tok tilbake hegemoniet denne kvelden. Alt rett på tredjearket var rått. Spesielt god timing for gjengen å henta inn ein bibliotekar når eine tema var Norsk Litteratur. Dei var òg gode på fjerdearket med kun éin feil, samt eit godkjent bileteark. Det heldt i massevis og dei kunne landa på 66 poeng og god margin ned til Dei Sporadiske. Gratulera!

Sidan det ikkje vart noko av noko ekstrapremie førre torsdag, vart det premie til to lag denne gong. Toppetasjen vart trekt ut som vinnar av ein gratisbillett til konsert med Valentourettes neste fredag, medan Sviskene vann ein gratisbillett til Vamp sin konsert 6.desember. God fornøyelse!

Quizvert og barsjef var Jon, med servitør Alena og Vilde som skrubbetøs i oppvasken.

Vel møtt igjen til haustsesongens tiande quiz førstkomande torsdag 14.november med Sverre.

God helg!

Resultat quiz 9 av 14 hausten 2019 - 7.november:
(Trykk på bileta for større visning)









Samanlagt:











Alle spørsmål med fasit:







mandag 4. november 2019

Torsdagsquiz 8 - 31.oktober 2019





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

16 strame lag deltok og snittscoren var denne gong på utrulege 61,3 poeng. Kun fire mindre skarpe lag kom seg ikkje over 60 poeng.

Rop Ut Quizen halvvegs vart ein duell mellom Oddmund frå HBO og Anne Beth frå Har Det På Tunga. I finalen var det Oddmund som trakk det lengste strået. Han visste at det var Lillebjørn Nilsen som skreiv songen Tanta til Beate. Premie: To kinobillettar.

Det var jamnt i toppen nok ein gong. Kun seks poeng skilde dei sju beste laga. Tre lag tippa 70 poeng. LAMP AS tok bronsen med 70p, Bjelland Juletre og Pyntegrønt sølvet med 72p, medan HBO kunne henta heim gullet og ein etterlengta siger med sine 73 poeng. Gratulera!

Ekstrapremien vart det ikkje noko av denne kvelden. Dette grunna totalt kaos og elendig planlegging av quizvert og barsjef. Ikkje umuleg det då vert premiebonanza på neste quiz.

Quizvert var Sverre, med servitør Alena og Geir i baren.

Vel møtt igjen til haustsesongens niande quiz førstkomande torsdag 7.november

God arbeidsveke / NAV-veke!

Resultat quiz 8 av 14 hausten 2019 - 31.oktober:
(Trykk på bileta for større visning)












Samanlagt:


















Alle spørsmål med fasit: