torsdag 24. januar 2019

Torsdagsquiz 3 - 24.januar 2019





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

17 deilige lag deltok og snittscoren var denne gong på brukbare 58,3 poeng av totalt 80 mulege. Åtte lure lag kom seg over 60 poeng denne gong.

Best på Ark 1 med full pott: Tors Utvalgte, Dei Sporadiske og Fonna i Krise.
Snitt: 12,9 av 16 poeng.

Nokon som veit kva bilete på Instragram som har flest likes?

Best på Ark 2: Quizteleg Fjolleparti med 16 poeng.
Snitt: 10,3 av 18 poeng.

Halvvegs leia QF med 31 poeng. Nærast var Tors Ulvalgte og Fonna i Krise med 29 poeng.

Rop Ut Quizen var vunne av Solveig frå Dei Hjelpelause. Ho slo Kari frå HBO i finalen.
Finalespørsmålet Solveig var raskast på: Kva heitte sjokoladen Twix før den blei Twix? Rett svar: Raider. Gratulera med sigeren og god tur på kino!

Best på Ark 3: Bjelland Juletre & Pyntegrønt med 14 poeng.
Snitt: 10,6 av 16 poeng.

Best på Ark 4 med full pott: QF, HBO og BJoP.
Snitt: 10,9 av 15 poeng.

Best på Biletearket med full pott: Heile åtte lag.
Snitt: 13,5 av 15 poeng.

Har det nokon sinne vert eit enklare bileteark? Eller var alle laga heilt maskin på fjes denne kvelden?

Totalt vart det siger til QF med sterke 73 poeng. Tors Utvalgte to andreplassen med 70 poeng, medan HBO snøyt BJoP for tredjeplassen. Dei enda à poeng, men HBO vart tildelt bronsen pga at dei er ein mykje kjekkare gjeng. Hehe.

Samanlagt er no BJoP og QF à poeng i teten.

Ekstrapremien gjekk i kveld til HBO. Dei fekk med seg to gratisbillettar til 100 Dagar på Arena i kveld. God fornøyelse!

NB! Til dei av dykk som IKKJE har kjøpt billett til helgas fenomenale festival 100 Dagar på Arena, hiv dykk rundt! Det vert strålande!

Quizvert var Sverre, med Marie og Geir i baren.

Resultat quiz 3 av 14 våren 2019 - 24.januar:
(Trykk på bileta for større visning)











Samanlagtstilling etter av 14 rundar:













Alle spørsmål med fasit:







fredag 18. januar 2019

Torsdagsquiz 2 - 17.januar 2019





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

18 iskalde lag deltok og snittscoren var denne gong på stusselege 50,8 poeng av totalt 80 mulege. Fem intelligente lag kom seg over 60 poeng denne gong.

Etter å ha fått eit utal av besøk, telefonar, tekstmeldingar, telegram og andre beskjedar i ulike sosiale media sidan sist torsdag, samtlege med bøn om ein meir utfordrande quiz enn den førre veke, så måtte det skris til verket med ein godt kvessa quizpenn denne veka. Utfordrande skulle det bli.

Med eit snitt på 10,7 poeng av 16 mulege på førstearket med aktuelle spørsmål var standarden satt. Ikkje altfor vanskeleg, men nokre nøtter må ein ha. Spørsmåla som var mest utfordrande var begge i temaet sport. Kun éitt lag visste både Herning og Jøndal: Dei Sporadiske. Flinke! På NFL-spørsmålet var det mykje løye. Alt i fra ishockeylag, basketlag og oppdikta lag. Tre lag hadde derimot kontroll og prikka inn dei rette svara. Elles var det ikkje så verst, sjølv om ein undrar seg over laga som vil ha det til at Haga og Tyselio ligg på Leirvik. 16 av laga visste det var eit egg som hadde satt ny rekord i antal likes på Instragram. Har Det På Tunga derimot, dei trudde det var eit bilete som viser sex. For sikkerheits skuld tok dei med "samleie" i parantes, i tilfelle ikkje QM skulle skjøna det. Godt forslag, men nei. Best ut på førstearket var BJoP, LL og Dei Sporadiske. Alle med 14 poeng. Det må seiast at det var deilig å setja Lex Lodney på plass. Heile to feilsvar på aktuelle spøramål er ikkje kvardagskost for den gjengen.

Musikkinteresserte folk er ofte fine folk. Ta for eksempel Vidar. Kjernekar. Flott hår. God på gitar. Fin røyst. Ingen kan mislika han. Eller kva med ein tidlegare quizar (som sjølvsagt er hjartans velkomen tilbake på quiz), trubaduren Endre? Prima type. Det fins sjølvsagt utallige eksempel på andre feiande fine musikkfolk. Både dei som spelar musikk og dei som kan musikk. Og sjølvsagt skal disse folka få lov til å briljera med sin musikalske kunnskap. Ergo, musikkquizen kan ikkje vere gitt vekk. Ikkje for enkel. Det må vere litt utfordrande. Det vart det på kveldens musikkquiz dersom ein ser på poengfangsten. Ein skulle tru dei fleste lag hadde hørt songane før, men det gjeld altså å namngi både rett artist / band og rett namn på låta. Kun tre lag kan få godkjent denne gong. LAMP prikka inn sju poeng medan BJoP klarte åtte poeng. Det var likevel QF som imponerte mest med sine ti poeng. Sterkt! Med sju av åtte poeng på underholdningsbiten var dei også best av laga på arket totalt. Også godkjent av BJoP (15p), LAMP og HBO (begge 14p). På underholdning var det mykje gode svar på dei fire første spørsmåla. Kun Tors Utvalgte bomma på spørsmålet om filmen Bird Box. Dei trudde Sandra Bullock gjekk i bunad. Til slutt dreia det seg om eit utdrag frå ein song eg vil anta at mange i salen dansa slow til på ungdomsdiskotek på tidleg 90-tal til. Don't Cry med Guns n' Roses. Strålande band og legendariske plater. Dessverre var det kun tre lag som tok full pott og tre poeng her. Likevel var dei fleste på rett spor, sjølv om det vart nokre feil på namn på låt og/eller namn på album. Snittet på arket var såpass lågt som 9,6p denne gong.

Halvvegs var det vinnarlaget frå førre veke, BJoP, som hadde tatt teten. Dei leia med to poeng ned til QF og LAMP.

Rop Ut Quizen vart ein finale mellom Vidar frå BJoP og Solveig frå Dei Hjelpelause. Vidar tok seg til finalen på eit spørsmål om Cindy Crawford. Mon tru om det er fordi dei har lik sveis? Solveig var suveren på spørsmål om Narnia. I finalen fekk dei først spørsmål om BBC sin aprilspøk frå 1957, der dei lurte folk til å tru at sveitserane dyrka spaghetti på tre. Dette visste korkje Vidar eller Solveig. På spørsmål nummer to, derimot, var Solveig raskt ute med rett svar: Bindersen. Oppfinninga Johan Vaaler feilaktig har fått honnør for. Kinobillettar kjem vonleg neste veke. Grattis!

I tredje quizrunde skulle laga denne kvelden testast i Dyreriket og Kjendiskvinner. Og det gjekk stort sett greit. Det var fisk som skapte mest problem for laga. Berre to lag prikka inn sjøhesten. To lag fekk sågar rett på svaret havhest, sjølv om dette er ein fugl. Noko QM, som ikkje er altfor stødig på dyreriket, fekk opplyst etter endt quiz. Det får vere nære nok. Ein skjønte kva dei meinte. Spørsmålet om karpefamilien vart også for tøft for dei fleste. Kun tre lag visste dette. Snittet enda på fine 10,9p og det var Lex Lodney som var best med alt rett og 16 poeng. BJoP og HBO kan òg gå med hovudet halvhøgt heva med sine 15 poeng.

Lett Blanding skulle i kveld visa seg å vere lett. Defarr. Med eit snitt på 11,2p og 15 av 18 lag over 10 poeng vart det visst langt mellom dei altfor utfordrande spørsmåla. Likevel berre éitt lag med full pott: HBO. To spørsmål var litt verre enn dei andre: Kalmar og land i Afrika som sluttar på i. Kun fem lag visste at ein kalmar er ein blekksprut, medan det var så få som sju lag som tok dei fire landa. Gjengen på det fine laget LAMP har tydelegvis aldri spela Scrabble. Som einaste lag svara dei feil på kor mange brikker ein startar med. Dei prøvde seg på tretten. Jøye meg. Elles vert ein framleis "øvegidd" over kor mykje pølsevev som kan svarast på geografispørsmåla. Hehe. Delstatar i USA med namn som New England, Colombia og Little Norway vart foreslått. Og på dei afrikanske landa kom det inn forslag på Algeri, Sulawesi, Zambesi, Nairobi og Swahili. Bjørnar Withbro, can you hear me? Kan eg få rekvirera sjuogførti atlas som quizlaga kan få låna? Hohoho.

Om laga til no hadde fått litt for mykje poeng var det sjanse for å knekka dei litt med eit over gjennomsnittet utfordrande bileteark. Eit snitt på 8,5 poeng er om muleg rekord. I negativ forstand. Huff. Kun fem lag tok tosifra antal poeng. QF og BJoP best med sine 13p. INGEN av laga kunne namngi dama til Ole Gunnar. Berre fire lag visste kven Megan Boone var medan fem lag hadde greie på yoga. Sju lag kjende att Daewoo sin logo og sporten hurling. Underteikna var spent på kor mange lag som ville dra kjensel på Goscinny og Uderzo sin legendariske karakter Ompa-pa. Dei hadde altså fleire jern i elden enn Asterix. Seks gode lag imponerte og sette rett svar på arket. Well done!

Som sist veke var det Bjelland Juletre og Pyntegrønt som drog det lengste strået og kune motta fortent hyllest og applaus frå salen. 68 poeng på ein litt tøff quiz er brukbart. Også greit levert av QF som tok andreplassen med sine 66 poeng. Kampen om siste pallplass stod mellom HBO og LAMP. Dei enda likt på poeng, men med to fleire rette bilete var det LAMP som kapra gåvekortet.

Ekstrapremien gjekk i kveld til Tors Utvalgte. Meeeen, sidan dei hadde vert så knalne og forlatt lokalet FØR quizen var ferdig, gjekk dei glipp av den. Geir trekte dermed ut eit nytt lag, og det var Quizte Du Det? som vart dei heldige. Dei fekk med seg to gratisbillettar til 100 Dagar på Arena neste fredag. God fornøyelse!

Quizvert var Jon, med Marie og Geir i baren.

PS: Neste veke lovar me ein enklare quiz, sjølv om det ikkje kan garanterast at den vert like kjekk.

Resultat quiz 2 av 14 våren 2019 - 17.januar:
(Trykk på bileta for større visning)












Samanlagtstilling etter av 14 rundar:













Alle spørsmål med fasit:








fredag 11. januar 2019

Torsdagsquiz 1 - 10.januar 2019





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

18 festlege lag deltok og snittscoren var denne gong på fine 62,4 poeng av totalt 80 mulege. Heile 12 skarpe lag kom seg over 60 poeng på årets første quiz.

Superlaget Lex Lodney, som måtte ta til takke med den sure fjerdeplassen samanlagt før jul, kom som vanleg best i gong i det nye året. Full pott og 16 poeng på dei aktuelle spørsmåla. Godkjent også av Bjelland Juletre & Pyntegrønt, Quizteleg Fjolleparti, Tors Utvalgte, Dei Sporadiske, Fonna i Krise og Quizzedillas som alle fekk 15 poeng. Snittet enda på dryge 13 poeng.

På Musikk og Underholdning enda snittet på uvanleg sterke 14 poeng. BJoP var best og imponerte med alt rett. Nest best var QF, Heise Bra Opplegg og Litt Arbeid, Mest Pause, avd Stord som alle makta 17 poeng av dei 18 mulege.

Oppsummert halvvegs gav dette leiing til BJoP med 33 poeng, føre QF med 32 poeng og Dei Sporadiske med 31 poeng.

Første spørsmål på Rop Ut Quizen var: "Kva sjukdom spesialiserar ein onkolog seg på?" Dette visste Line frå QF og kunne dermed gjere seg klar for finalen. Rett svar: kreft. Andre spørsmål var: "Kva er det norske namnet på metabolisme?" Her var Oddmund frå HBO først ute med rett svar: Stoffskifte. I finalen fekk dei spørsmålet: "Kva bilprodusent har modellen Fabia?" Oddmund visste svaret, Skoda, og vann dermed årets første kinobillettar. Gratulera!

Tredjearket hadde denne gong dei gamle standardkategoriane Sport / Geografi. Snittet enda på snaue 13 poeng. BJoP som leia halvvegs fleska til med alt rett som einaste lag. Heile seks lag kom frå det med ein liten feil og klokka dermed inn på 15 poeng.

På arket med Lett Blanding må det ha vert litt verre vanskelegheitsgrad på spørsmåla. Ingen lag tok full pott og snittet enda på moderate 10,6 poeng. Best var HBO med fine 14 poeng. Fem lag fekk 13 poeng.

Biletearket var overkomeleg denne veka, og heile fire lag kunne namnet på alle dei 15 fjesa: BJoP, QF, Dei Sporadiske og LAMP. Snittet var på 11,8 poeng.

Totalt var BJoP overlegne med sine 77 poeng. Kun tre feil er intet anna enn imponerande. Det skjer ikkje neste veke! Hehe. QF kom på ein like klar andreplass med sine 74 poeng, også det ein god sluttscore. Tredjeplassen gjekk gledeleg til Quizzvazz, som slo Tors Utvalgte på høgast score på enkeltark. Begge enda på 70 poeng og hadde like mange rette bilete.

Ekstrapremien (og mulegvis eit plaster på såret for å enda desidert sist) gjekk i kveld til det nye laget Vorslaget. Dei fekk med seg to fripass til 100 dagar på Arena i slutten av månaden. God fornøyelse!

Quizvert var Sverre, med Marie og Geir i baren.

Resultat quiz 1 av 14 våren 2019 - 10.januar:
(Trykk på bileta for større visning)












Alle spørsmål med fasit: