fredag 13. mars 2020

Torsdagsquiz på Arena - UTSATT





Torsdag skulle vårsesongens niande quiz gått av stabelen på Arena.

Denne vart naturlegvis avlyst grunna koronapandemien.

Komande quizar denne våren vert no utsatt på ubestemt tid.

Informasjon frå lokalavisa om koronapandemien kan de lesa her.

Quizbloggen kjem tilbake med meir informasjon både her og på Facebook så snart situasjonen endrar seg i positiv lei.

Ha ei god helg, ta vare på kvarandre og ta råd og retningslinjer frå FHI på alvor.

Med beste helsing frå Geir, Alena, Jon og Sverre ❤️


fredag 6. mars 2020

Torsdagsquiz 8 - 5.mars 2020





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

13 trufaste lag deltok og snittscoren var denne gong på småfine 58,6 poeng. Fem av 13 lag kom seg over 60 poeng.

Vinnar av kinobillettar: Atle frå Fonna i Krise
Vinnar av konsertbillett (Ford Rekord 14.mars): Lex Lodney (Bord 1)
*Oppdatert: Sidan konserten med Ford Rekord vart avlyst ber me Lex Lodney om å ta vare på gåvekortet sitt, så får de eit nytt på ein kommande konsert.

Om det er frykta for coronaviruset eller andre ting som gjorde at berre 13 lag tok turen denne kvelden er uvisst. Likevel skulle dei trufaste laga som tok turen få ein fin kveld med mykje knakande gode spørsmål, samt godt i glaset og god mat for dei som handla i baren.

Førstearket gav dei fleste lag ein god start. Spørsmåla var ikkje for vanskelege, og det var berre nebbete Anders frå HDPT som klaga. Ikkje på spørsmåla, men på eige kunnskapsnivå. Med berre ni poeng og desidert dårlegast score i klassen, må dei nok opna augene komande veke for å kunne hengje med i balletten. Beste lag var QF, LAMP AS og Lex Lodney. Dei oppnådde 15 poeng.

Andrearket med musikk og underholdning skulle heller ikkje vere for vanskeleg. Snittet enda på snaue 11 poeng, så brorparten av laga var nok godt nøgd. Laget Toppetasjen var dei einaste som klaga på at dette var altfor vanskeleg. Med pinlege 5 poeng kan jo det forstås. Kanskje me skal laga eit eige juniorark med musikk og underholdning til dei ved neste høve, slik at me unngår fortviling og sure miner? Hehe. Uansett, kjekke damer er de, og vonleg ikkje hårsåre. Beste lag på ark 2: LAMP AS med sterke 15 poeng.

Halvvegs var det LAMP AS som hadde kome best i gong. Berre to feilsvar gav dei ei luka på to poeng ned til QF. Etter dei låg laga som perler på ei snor.

Tredjearket var denne kvelden ein hyllest til alle kvinner ifm kvinnedagen førstkomande søndag. Og det kunne sjå ut som laga likte spørsmåla. Med eit snitt på 12,8 poeng leverte dei aller fleste bunnsolid på både husvask og baking. Best var BJoP som fleska til med full pott og 16 poeng.

Også arket med Lett blanding gav eit bra snitt med 11,5 poeng. Merkeleg nok var det mange som sleit med rett namn på sekretæren til Onkel Skrue. Nokre prøvde seg med frøken Vagle. Andre med frøken Rable. Jøye meg. Og frøken Fryd? Du verden. Elles var det mykje god kunnskap. Beste lag var BJoP, QF og HBO som alle henta 14 poeng.

Best på biletearket: BJoP og Besserquizzers med 15 poeng. Sterkt!

Vinnar av kveldens quiz: Bjelland Juletre og Pyntegrønt.

Quizvert var Jon, med Geir som ryddehjelp og Martine som barsjef.

Quiz nummer ni vert om seks dagar: torsdag 12. mars.

Resultat quiz 8 av 14 våren 2020 - 5.mars:
(Trykk på bileta for større visning)










Samanlagt:


















Alle spørsmål med fasit:








torsdag 27. februar 2020

Torsdagsquiz 7 - 27.februar 2020






Under følgjer resultat, spørsmål og svar.


18 grandiose lag deltok og snittscoren var denne gong på sjokkerande 55,8 poeng. Åtte av 18 lag kom seg over 60 poeng. Fire nye lag denne gong.

Vinnar av kinobillettar: Anne frå Sverres Tuppehøner
Vinnar av konsertbillett (Myhre's PPT): Besserquizzers (Bord 16)

Vinnar av kveldens quiz: Bjelland Juletre og Pyntegrønt

Hørt om quizen i sosiale medium: Mykje, men ingen av dei som hadde meiningar om quizen eller quizvertens spørsmål og (manglande / upresise) svar hadde ynskje om å bli namedroppa.

Quizvert var Sverre, med truleg Alena og Geir i baren.

Quiz nummer åtte vert om seks dagar: torsdag 5. mars.

Resultat quiz 7 av 14 våren 2020 - 27.februar:
(Trykk på bileta for større visning)












Samanlagt:




















Alle spørsmål med fasit:








torsdag 20. februar 2020

Torsdagsquiz 6 - 20.februar 2020





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

20 makalause lag deltok og snittscoren var denne gong på beskjedne 64,4 poeng. Kun fem av 20 lag kom seg over 70 poeng.

Vinnar av kinobillettar: Sissel frå Lex Lodney
Vinnar av konsertbillett (Myhres PPT 6. mars): Vannverket (Bord 2)

Etter rapportane hadde Sverre denne kvelden laga ein utfordrande og vrien quiz. Det visast att på poengfangsten til laga. Tankevekkar: Kven i all verda er det som veit at nevøane til Mikke Mus heiter Tipp og Topp? Sært. Og at det ligg ei øy kalla Madagaskar utanfor Afrika? Eg trudde det var ein Disneyfim. At Topp 5 laga bomma på så mange som 29 spørsmål (totalt), seier sitt til at nivået må ha vert litt i overkant. Uansett er det å anta at dei tjue laga (fullt hus på Arena) likevel hadde ein triveleg kveld med godt i glaset og stand-up frå quizverten. Det ryktast òg at Geir såg veldig bra ut denne kvelden.

Nok ein gong triveleg med nye lag på quiz. Geirstagram var eitt av dei. Her hadde Geir sett saman eit svorsk lag av alle sine glupaste servitriser. Dei enda på ein imponerande 19.plass, og var nok godt nøgd med det. Eit anna av dei nye laga var Sørebøs Flatbankere. Det er nærliggjande å tru at dette laget munnar ut frå selskapet Skye, som held til i hjarta av Vikjo. Ein gjeng datanerdar der altså. Både kyrkjer, Afrika og anna quizknask må uansett ha falt i smak hos denne brillefine gjengen. Dei hamna nemleg på ein fin sølvplass, kun slått av dei eigentlege laget til togentusiasten Sørebø sjølv. Spørs om han vert tatt inn igjen i varmen til QF til neste quiz.

I kampen om tredjeplassen utkonkurrerte HBO rivalane BJoP med knappast muleg margin. Lik score, men best på biletearket.

I samandraget hala QF litt innpå BJoP. No skiller det berre seks poeng etter seks quizar. HBO heng òg med, dei er kun ni poeng bak QF.

Quizvert var Sverre, med Alena og Geir i baren.

Quiz nummer sju vert om seks dagar: torsdag 27. februar. Då er Sverre på plass nok ein gong.

Resultat quiz 6 av 14 våren 2020 - 20.februar:
(Trykk på bileta for større visning)













Samanlagt:





















Alle spørsmål med fasit:








fredag 14. februar 2020

Torsdagsquiz 5 - 13.februar 2020





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

19 sexy lag deltok og snittscoren var denne gong på dryge 51 poeng. Elleve av 19 lag kom seg over 50 poeng. Kun tre lag over 60 poeng.

Vinnar av kinobillettar: Thomas frå Dei Hjelpelause
Vinnar av konsertbillett (Queen Tribute 15.februar): LAMP AS (Bord 18)

Det vart ein forholdsvis grei start for dei aller fleste laga på dei aktuelle spørsmåla. Ingen hausta full pott, men med eit snitt på over 11 poeng, må nivået seiast å vera bra. Beste lag var QF og Fonna i Krise. Etter ryktene var QF berre ei hjerneblødning frå Mesternes Mester fan Marius frå alt rett. Tre menn og ei dame igjen du liksom. Me skjønar pappapermisjon kan ta på. Spørsmålet flest lag sleit med var det om tuting i India.

Musikken gav jamnt over gode scores, sjølv om ingen lag kunne alle. Overraskande mange lag kunne ikkje prikka inn Los Lobos. Også underholdningsbiten var grei for dei fleste, kanskje utanom Vannverket som gjekk på ein stjernesmell. Snittet enda på dryge 11 og beste lag var LAMP AS med sine sterke 15 poeng. Dei var kun stuck fra å bli caught med fullt hus, ref song nummer 3.

Halvvegs var QF i leiinga med 29 poeng, tett følgt av fleire lag.

Litt verre vart det på dei to siste arka. Trondheim / Brasil gav eit snitt på litt skuffande 9,1 poeng. Kun åtte lag henta tosifra antal poeng og beste lag var BJoP med fine 14. Det eine feilsvaret til BJoP var likevel av det minneverdige slaget. Trond (Eg skal heller vere snill sidan det er to med namnet Trond på laget, og opplysa om at det er Trond Lekve i dette tilfellet) som følgjer ihuga med på Love Island (han ser det med dotter si, seier han. Skal me tru på det?) måtte innsjå at han hadde blanda snørr og bart. Egentlig kunne han namnet på alle dei fire Trondheimsjentene i serien, men blanda katastrofalt saman Oda og Ida. Så når valget av namn dei skulle få ned svaraket fall på Ida frå Molde(?!), var skandalen eit faktum. Mekling med quizvert førte sjølvsagt heller ikkje fram. Forøvrig på tredjearket var det rangering av byane (kun tre lag hadde disse rett) og fotballaga frå Rio som skapte mest furore. Tankevekkar: Kollapsen til Dei Sporadiske. Fem(!) poeng!

Lett Blanding skulle også vise seg å vere litt verre enn lett denne kvelden. Snittet enda på 9,4 poeng. Beste lag var HBO med skarpe 15 poeng. Det viste seg at brorparten av laga har elementære hol i enkel skulematematikk. Elles må verste svar vere frå QF som gjekk for byen Lenova på spørsmål 4. Fins denne byen i det heile?! Hm.

Biletearket gav også nokre minneverdige svar. Mest moro må det ha vert med laga sine forslag på Nadia Comaneci (rumensk turnar på 70 -og 80-talet) og Jorun Stiansen (Idol) på biletet av BJoP-deltakar og NRK-sjef Eli Bjelland. Litt gøy at så mange lag bomma på legendariske Kjell Pedersen (lokal fotballdommar) også. Ja, han var lik på Karl Erik Bøhn på biletet, men Herodes Falsk?! Du verden. Uansett, snittet enda på dryge 10 poeng, så nivået var godkjent. Beste lag: Besserquizzers med 14.

Totalt var det nok ein gong lite å gjere med gjengen frå Bjelland Juletre og Pyntegrønt. Dei vann suverent med vasse 69 poeng på ein litt vrien quiz. Fin sølvplass til HBO tre poeng bak, medan QF tok bronsen heile åtte poeng bak vinnarlaget.

Quizvert var Jon, med Alena og Geir i baren.

Quiz nummer seks vert om seks dagar: torsdag 20. februar. Då er Sverre tilbake!

Resultat quiz 5 av 14 våren 2020 - 13.februar:
(Trykk på bileta for større visning)











Samanlagt:


















Alle spørsmål med fasit:







fredag 7. februar 2020

Torsdagsquiz 4 - 6.februar 2020





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

Heile 23 heite lag deltok og snittscoren var denne gong på dryge 53 poeng. Sju av 23 lag kom seg over 60 poeng. Ekstra moro var det at fleire nye lag deltok.

Vinnar av kinobillettar: Tommy Kvakksvik frå Quizteleg Fjolleparti
Vinnar av konsertbillettar: Toppetasjen (Bord 16)
Quizvinnar: Bjelland Juletre og Pyntegrønt

FOR ein quizkveld det vart! Fullt hus, 23 lag og knapt ein stol ledig. Og jøye meg kor mykje kjekke spørsmål? Som så ofte før vart det ein kamp i toppen mellom dei tre mest meritterte laga. QF og HBO gjorde opp seg i mellom om sølvet, og det var QF sin kompetanse på bilete som avgjorde, sidan laga enda på same poengsum. To poeng føre disse enda BJoP, med fine 72 poeng. Rykta seier at det var Etnebu og tidlegare toppspelar i tennis, Trond Ekornrud, som prikka inn dei avgjerande svara slik at laget kunne henta heim ein fin grand-slam siger.

Quizvert var Jon, med Alena og Geir i baren.

Quiz nummer fem vert om seks dagar: torsdag 13. februar.

God helg og hugs å få med dykk konserten med Tre Små Kinesere (Tri Smi Kinisiri) på Arena i kveld. Dørane opnar kl 21.00. Spelestart kl 22.00. Geir skal. Skal du?! Vel møtt!





















Resultat quiz 4 av 14 våren 2020 - 6.februar:
(Trykk på bileta for større visning)














Samanlagt:


















Alle spørsmål med fasit:








torsdag 30. januar 2020

Juniorquiz 3 - 30.januar 2020





Under følgjer resultat, juniorspørsmål og svar.

18 aldeles fabelaktige juniorlag deltok og snittscoren var denne gong på sensasjonelle 65 poeng. Heile fjorten av 18 juniorlag kom seg over 60 poeng.

Vinnar av kinobillett: Thorleif Svendsen
Vinnar av konsertbillett: Liggeunderlaget (Bord 18)
Juniorquizvinnar: HBO

Høyrt angåande juniorquizen på sosiale media (anonymisert):

TK: Må gi Sverre skryt. Greide endeleg å holda ein juniorquiz utan feil.

TAaH: For lett når ein får delt fjerdeplass med 74 poeng!

TK, du som er norsklærar i same kommune som dei har fått ny lokallagsleiar i Det Kongelege Norske Arbeidarparti: Kva synes du om rettskrivinga og nybokmålsnorsken til quizverten? Underteikna har gitt opp rettinga av til dømes -er endingane.

Kuriosa frå bloggar: Veit de kva nøkkelen fra del to i spørsmål fem på juniorquizarket Griselett Blanding eigentleg heiter, og kvifor den heiter det?

Juniorquizvert var Sverre, med Alena og Geir i baren.

Vaksenquiz nummer fire vert om seks dagar: torsdag 6. februar.

God helg!

Resultat juniorquiz 3 av 14 våren 2020 - 30.januar:
(Trykk på bileta for større visning)











Samanlagt:

Kjem etter neste quiz.

Alle juniorspørsmål med fasit: