søndag 30. september 2018

Torsdagsquiz 4 - 27.september 2018





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

20 nydelige lag deltok og snittscoren var denne gong på katastrofale 49 poeng av totalt 80 mulege. Berre fem gode lag kom seg over 60 poeng.

Det vart nok ein gong ny deltakarrekord for hausten med 20 lag på plass denne kvelden. Bra!

Det første arket med aktuelle spørsmål gav dei fleste ein god start, og snittet var på positive 12 poeng. Dei vanskelegaste spørsmåla var dei om McGregor (8 rette) og Tiger Woods (10 rette). Også litt vrient å prikka inn to av to poeng på spørsmål 2, 4, 9 og 10. På alle disse klarte 12 av 20 lag det. Einaste spørsmål alle lag klarte var det om Husnes og dolydane. Også bra utteljing på spørsmåla om Farmen (16 rette) og Kygo (15 rette). Best i gong var Lex Lodney og HBO som begge tok full pott. Også godkjent av QF med sine 15 poeng. Tre lag litt skeivt i gong med mindre enn 10 poeng, deriblant dei gode Sviskene som overraskande kasta vekk sju poeng. Skjerpings damer! Me veit de kan betre!

Ark 2 med musikk og underholdning skulle verta ei real utfordring denne gong. Av dei oppnåelege 18 poenga snitta laga på skuffande 8,8 poeng. Altså under halvparten. Ein skulle tru at gratispoeng med Beatles, Bruce Springsteen og Tom Petty skulle gi laga ein god start, men den gong ei. Berre 14 av laga kunne sin Beatles. Ikkje bra. No tok riktignok 19 av 20 lag Springsteen, men berre 3 av dei visste rett song. Her må de heim og høyra dykk opp på den aldeles glimrande Born in the USA plata frå '84 som vel må vere ei av tidenes beste. Berre sju av 20 lag kjende att Tom Petty, medan berre fire av disse hadde rett song. Mange prøvde seg her med Bob Dylan. Du verden! Tolv lag tok full pott på Håkan Hellström. BJoP prøvde seg her med tittelen "Hold ut Lena", noko som må seiast å ver stolpe-stolpe ut. Til slutt var det berre fire lag som tok Hjerteslag sin Sang til Sonja. Kanskje litt overraskande sidan denne var ein stor hit for berre to år sidan. Også på underholdningsdelen fekk fleire lag problem. Berre fire lag tok Dirty Dancing. Ingen tok Beyonce. Bedre på Roald Dahl der 14 lag visste det var mus som var rett svar. Nokre lag prøvde seg på rotter, noko som var for upresist. Til slutt dreia det seg om Rolling Stones og nye gratispoeng. Fire av dei faktisk. Det er då skuffande at berre sju av laga tok dei. Til Sviskene, Bedre Lykke Neste Gong og Stord BTK som alle lista opp dei fire medlemmane i The Beatles: Virkelig? Med fare for å hissa folk på meg, så må vel det seiast å vera ein enda større bom enn å svara at Lepramuseet ligg på Kreta, når det vert spørt om kva BY det ligg i. Uansett, best på ark 2 var Tors Utvalgte som tok 16 sterke poeng. Full pott på musikken! Det gledar hjarta! Nest best var QF og laget Litt Arbeid - Mest Pause avd. Stord med 14 poeng. Dei tre laga som presterte høvesvis 0, 1 og 2 poeng må enten høyra seg meir opp på musikk og lesa seg meir opp på populærkultur, eller eventuelt ta med seg nokon som kan dette til neste quiz. Hehe. Så sant dei ynskjer å scora betre då, vel og merke.

Halvvegs var det Tors Utvalgte som hadde kome best i gong med sine 30 poeng. De løner seg å kunne sin musikk, folkens! Hakk i hæl følgte HBO og QF med 29 poeng.

Rop Ut Quizen denne kvelden vart ein fadese. Nils frå LL og Øystein Vegar frå QF møttes i finalen. Her fekk dei fire spørsmål som ingen av dei var i nærleiken av å klare. Kinobillettane gjekk derfor til Simen frå Dei Sporadiske som var først ut med rett svar på sistespørsmålet. Hehe.

Ark 3 hadde i kveld kategoriane Bergen og Kor i Verden? Snittet enda på godkjente 10 av 16 poeng. Best var HBO og LL med sine 14 poeng. Tre lag hadde full pott på kategorien Bergen: Blanda Drops, Fonna i Krise og Dei Sporadiske. Berre HBO tok samtlege åtte poeng i kategorien Kor i Verden? Dette fordi dei var einaste lag som kunne delstatshovudstaden i South Dakota: Pierre. Faktisk var det berre tre lag som visste at Mt. Rushmore ligg i South Dakota. Litt overraskande. Dei øvrige spørsmåla som skapte hovudbry for flest lag var Damsgårdsfjellet (4 rette), endebyane på den Transsibirske jernbane (8 rette) og Belfast (7 rette). Elles var det mykje gode og rette svar på resterande spørsmål. Imponerande at heile 13 lag klarte å rangera dei tre bergensarane rett etter alder.

Fjerdearket med Lett Blanding gav i kveld eit snitt på snaue 9 av 15 poeng. Litt under pari altså. Spørsmålet flest bomma på var det om seiling. Kun fem lag visste det er tre personar i båten i Soling-klassen. Også Sirhan Sirhan var ukjent for fleire. Ni lag knytta han korrekt til RFK. To lag prøvde seg med JFK, men fekk ikkje poeng for dette. Også fleire med MLK. Rett årstal, men feil drapsmann. Verste svaret stod Stord BTK for. Dei var tydlegvis i Beatles-humør denne kvelden og fleska til med at det var John Lennon som vart tatt av dage i '68 heile tolv år før hans tid var komen. Huff, vela morbid dette. Kvil i fred, store menn. Så over til Lepramusset i Bergen. Dette visste sjølvsagt alle at ligg i Bergen. Eller vent litt? Var det nokon som svarte Kreta?! Ja visst. Stord BTK, der altså. Jøye meg. For å hevde seg i toppen av quizen MÅ ein ha rett på dei "lette" spørsmåla. Så til dei som bomma på Tandberg (3 feil) og antal bein på hummaren (5 feil), dette har de ikkje råd til! Til slutt dreia det seg om The Great Lakes mellom Canada og USA. Dette skulle vel vere noko alle lærte på barneskulen, så det var sjokkerande og sjå at berre tre lag tok dei fem innsjøane. Tors Utvalgte, HBO og Lex Lodney einaste som bestod denne testen. Ein kan vel kalla også dette for gratispoeng, kan ein ikkje? Samanlagtkanoner som BJoP (1 feil) og QF (3 feil): Her må de virkelig skjemst. BJoP berga seg likevel inn med 14 av 15 poeng på fjerdearket. Saman med Lex Lodney var dei best i klassen. Heile 11 lag scora imidlertid åtte poeng eller mindre, så spriket var stort i kunnskapsnivået i kveld.

Biletearket gav eit sntt på snaue 10 rette denne gong. Nyhendeanker Halkjelsvik frå TV2 var det berre QF som kunne namnet på. Også vrient å hugsa igjen Cæsar-skodespelar Nordby (5 rette), Tiger Woods (8 rette) og Lotto-vertinne Myhre (8 rette). Alle tok Lyng Haugen, medan 19 av 20 kjente att Ole Bergesen. Også bra på Minaj (18) og Kavanaugh (18). Gledelig var det også å sjå at mange lag hugsa att værmeldarlegenda Mentzoni (15) og kommentator Gleditsch (11). Best på bileta i kveld var BJoP med 14 av 15 poeng. Nest best var QF og Dei Sporadiske med sine 13 poeng.

Det vart dramatikk i teten denne gong. To poeng skilde dei fire beste laga. Tredjeplassen stod mellom Tors Utvalgte og Lex Lodney. Dei enda begge på 65 poeng. Med lik score på biletearket og lik score på beste enkeltark vart det deling av bronsen og gåvekort på pizza på begge laga. Gullet skulle stå mellom superlaga HBO og Bjelland Juletre og Pyntegrønt. Begge enda på sterke 67 poeng på ein litt over gjennomsnittet vanskeleg quiz. Berre 13 feilsvar var imponerande denne gong. Med 14 rette bilete var det BJoP som trakk det lengste stået, og dermed tok sin andre siger på rad. Gratulera til laga på pallen! De er gode!

Ekstrapremien gjekk i kveld til dei supre jentene på laget A Walk in the Park. Dei fekk to gratisbillettar til Åge Sten Nilsen sin konsert på Arena laurdag 6.oktober.

Quizvert var Jon, med Geir som barsjef og Marie som servitør.

Takk for ein magnifique kveld!

Resultat quiz 4 av 14 hausten 2018 - 27.september:
(Trykk på bileta for større visning)














Samanlagtstilling etter 4 av 14 rundar:
















Alle spørsmål med fasit:









torsdag 20. september 2018

Torsdagsquiz 3 - 20.september 2018





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

19 smashing lag deltok og snittscoren var på godkjente 58,4 poeng av totalt 80 mulege. 9 gode lag kom seg over 60 poeng.

Det vart altså ny deltakarrekord for hausten med heile 19 lag på plass på Arena i kveld. Veldig gledeleg!

QF kom best i gang på førstearket med full pott. Også god innsats av BJoP, HBO, Blanda Drops og Fonna i Krise med sine 14 poeng. 15 lag totalt over 10 poeng.

På andrearket med musikk og underholdning var det BJoP som dreiv ap med dei andre laga. Kun éin feil gav dei 17 fine poeng. Nest best var Dei Hjelpelause med 16 poeng. Fleire lag på 15 poeng.

Halvvegs var to av dei største samanlagskanonene BJoP og QF i delt leiing med 31 poeng. Sesongens beste lag til no, HBO, låg på tredjeplass med 29 poeng.

Rop Ut Quizen vart i kveld ein kamp mellom to jenter frå Quizzte Du Det? og A Walk in the Park. I finalen fekk kandidatane spørsmål om kva vitaminar som det er mest av i eit rått egg. Det rette svaret (protein) var det deltakaren frå Quizzte Du Det? som kom først med. Ho vann dermed to kinobillettar. Bravo! PS: Presenter dykk gjerne neste gong slik at me får nokre namn å setja på dykk. Sverre våga nemleg ikkje å spør etter namna. Hehe.

Ark 3 handla i kveld om Nederland / Trist og Grått. Av dei 16 oppnåelege poenga var det heile sju lag som prikka inn 15 rette svar: BJoP, HBO, Dei Sporadiske, Lex Lodney, A Walk in the Park, FIA HOFA og Sviskene. Meget bra! Også bra elles med eit snitt på 12,6 poeng.

Lett Blanding gav også gode scores. Best var nok ein gong BJoP, som henta 14 av 15 poeng. Seks lag hadde 13 poeng og fem lag 12 poeng. På dette arket kom også den einaste feilen frå Quizmaster som øydela hans jakt på den perfekte quiz. I spørsmål nummer fem om jordas befolkning hadde det sneke seg inn ein feil. Folketalet passerte nemleg 7 milliardar i 2011. Ikkje i 2006. Yada Yada Yada.

Med god innsats på samtlege spørsmålsark var det duka for sesongens første siger til den skarpe gjengen frå Bjelland Juletre og Pyntegrønt. Med kun seks feilsvar enda dei på råsterke 74 poeng. Pallen vart komplettert med QF og HBO. Dei enda på like mange poeng (70), lik score på biletearket, men med QF med beste toppscore (16p på Ark 1) på dei øvrige arka. Ergo QF på sølvplass.

Ekstrapremien gjekk i kveld til Hakke Peiling. Dei fekk ein gratisbillett til Morten Abel sin konsert på Arena 14.november.

Quizvert var Sverre, med Marita som barsjef og Marie som servitør. Kor var Geir undrar du? Joda, han slikkar sol i Spania. Rettferdig? Nei.

Takk for ein fabelaktig kveld!

Resultat quiz 3 av 14 hausten 2018 - 20.september:
(Trykk på bileta for større visning)













Samanlagtstilling etter 3 av 14 rundar:
















Alle spørsmål med fasit:








lørdag 15. september 2018

Torsdagsquiz 2 - 13.september 2018





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

15 strålande lag deltok og snittscoren var på litt skuffande 55,3 poeng av totalt 80 mulege. Fem skarpe lag kom seg over 60 poeng denne gong.

Så var det klart for andre, og underteikna sin første, quiz denne hausten. Spørsmålspennen var kvessa og skal eg vera ærleg, så var det opptil fleire gode og festlege spørsmål denne gong. Så ville tida visa oss om deltakerane kunne levera god nok innsats til å få laga sine opp på poengnivået frå førre torsdag. Heller tvilsomt ville nok dei fleste spå. Tradisjonen tru er nemleg underteikna sine quizar litt vanskelegare enn normalen, medan Sverre sine quizar kanskje til tider er litt for lette. QM-Duoen hadde difor blitt samde om å enten heva eller senka nivået litt, slik at det ville bli nokolunde likt kvar veke. Men med eit snitt på over 68(!) poeng på første quizen måtte vel oppgåva om å lage ein overkommeleg quiz bli umuleg denne gong?

Første arket med aktuelle spørsmål enda med eit snitt på 12,1 av 16 poeng. Alle laga kom godt i gong og fekk ned rette svar både på Frankrike og Saudi-Arabia. Litt verre med grottedramaet i Thailand i sumar. Fire lag makta ikkje hugse rett antal menneske i grotta. Svensk politikk skapte òg litt problem for somme lag. Tre lag rota det til på rekkefølga her. Alle visste sjølvsagt Florence, medan det berre var éitt lag som ikkje hadde fått med seg at Cirkus Agora vitja øya vår tidlegare i veka. Quizteleg Fjolleparti, kva fantasiverd lever de i? Arnardo? Skandaløst. Vel, yoghurtsmakar kunne dei aller fleste, medan norsk populærlitteratur var verre. Omlag halvparten hadde enten ein eller begge forfatterane. Halvparten av salen er tydlegvis tru mot Bakeriet Frugård. Dei hadde nemleg ikkje snøring på kva som skjer på andre scenar nedi gata. Damefotball står sterk lokalt, men er muligens ikkje like interessant på nasjonal basis? Berre fire lag visste det var LSK Kvinner som vann Toppserien for femte gong. Seks lag tok tennisspelaren del Potro, medan berre to lag bomma på Skal Vi Danse spørsmålet. Best var, ofte som vanleg på dei aktuelle spørsmåla, Lex Lodney. Dei tok leiinga med sine fine 15p. At Mudflowers var einaste bomsvar er tilgitt.

Andre arket med musikk og underholdning hadde eit snitt på 11,3 av 18. Samtlege lag hadde sjølvsagt Elton John, men tre lag bomma på kva låta heiter. Rimeleg rystande at ein sjølvutnevnt Elton John fan, som Øystein Vegar er, kunne få laget sitt QF med på å svara Someone Saved My Life Tonight på denne. Pinleg?! Ja. Seasons in the Sun kjenner alle til, men det var litt verre med kven som var artisten. Seks lag hadde ikkje peiling. Alle tok Walking on Sunshine og berre éitt lag bomma på artisten. U2 har vert spela på quiz før og det er overraskande at så få lag har kunnskap om dette bandet som må seiast å vera eit at verdas største uansett sjanger. Elleve lag tok imidlertid rett band, men berre det nye laget Mike Hunts kjente att hiten Staring at the Sun frå albumet Pop på midten av 90-talet. Verst var det likevel på sistesongen. Kun fire lag tok Sheryl Crow og berre Blanda Drops visste tittelen på songen. På underholdningsbiten var det også ymse innsats. God start mtp Love Island. Seks lag hugsa rett MGD tittel: Toy. Nokon svara Boy. Nesten, men diverre ikkje poeng. Ni lag hadde Simpsons, medan arkets vanskelegaste spørsmål om Zabivaka, var det berre det nye laget Tolvpausen som gjetta(?) rett på. Ulv der altså. På Idol-historikken tok tre lag full pott: BD, BJoP og Quizedillas. Best var Blanda Drops med 15p. Sterk innsats på eit litt vrient ark, as far as you know.

Rop Ut Quiz i pausen vart ein kamp mellom Per Jarle frå HBO og Ola frå det nye laget Tolvpausen. PJ tok seg til finalen på god kunnskap om kongehuset, medan Ola tydlegvis kan sin meteorologi. I finalen vart det imidlertid full stopp for Ola, då PJ gjorde kort prosess med rett svar lenge før spørsmålet var ferdigstilt. Grand Place ligg nemleg i Brüssel. Dette visste PJ. Grattis med siger og god tur på kino!

Halvvegs var det jamnt i toppen. Faktisk skilde det berre seks poeng mellom 14 av 15 lag som alle låg mellom 21 og 27 poeng. Best var BJoP og Blanda Drops poenget føre HBO og Lex Lodney. Med sine godkjente 25p var også Stord BTK, A Walk in the Park og Tolvpausen på skothald.

Ark 3 handla i kveld om Alias og Sportskommentatorar. Snittet enda på meget habile 12,4 av 16 poeng. Kategorien Alias gav god score for dei fleste. Alle hadde Lisa Tønne og 14/15 hadde Bowie. Elleve av 15 lag tok full pott på spørsmålet om Istabuls mange namn. Overraskande at så mange lag som sju bomma både på Ibsen og Pelé. Er ikkje både Brynjulf Bjarme og Edson Arantes do Nascimento namn alle får inn med morsmjølka? Gratispoeng? Tydlegvis ikkje. Her må nok fleire gå i seg sjølve. Sportskommentatorar er eit kjekt tema. Faktisk driv tidlegare kommentator Arve Fuglum på og skriv bok om temaet i desse dagar. Det kan nok bli morsom lesnad når den kjem for sal. Laga leverte god innsats jamnt over. Alle hadde sjølvsagt kontroll på både Arne Scheie og Karen-Marie. Også Unni Anisdahl spørsmålet gav god utteljing. Ekspertnøtta om Paal Clasen var spådd til å gi laga hovudbry. Difor gledeleg at så mange som sju lag visste dette. De er gode! Også sju lag tok enkelt fire av dei åtte engelskmenna Lillelien utbasunerte i '81. Dei fleste som ikkje tok fire poeng her hadde rota enten Dronning Elizabeth eller Dronning Victoria inn i likninga. Det gav minuspoeng. Best av laga var HBO og LL som tok full pott med 16p. Utsøkt!

Lett Blanding er som vanleg ikkje så lett. Det vitna også kveldens poengfangst om. Snittet enda på 8,8 av 15 poeng. Best av laga var HBO og LL med fine 13p. Lexus, Elverum og Madagaskar var grei skuring. Litt verre med bits/byte. Her varierte svara frå 2 til 10.000(!). Mange svara 25 på antal cent i ein nickel. 25 cents er som kjent ein quarter. Kva kallast 10 cents? Her får de lesa dykk opp. Elles var det berre seks lag som hugsa fire år tilbake til VM i fotball i 2014. Er det kanskje lettare å svara på kven som vart toppscorar i VM lengre tilbake i tid? Ikkje umuleg det kan koma noko VM-quiz ved seinare høve. Hint hint. Fotball er jo livet. Fiktive hester var også ei utfordring. Berre tre lag kunne alle tre: LL, Tolvpausen og Dei Hjelpelause. Også geografi frå Mellom-Amerika var litt bob-bob. Kun to lag tok alle dei fire nabolanda til Guatemala: HBO og QF. Som alltid er det moro når lokalets største geografiekspert bommar på "lette" geografispørsmål. Eller kva, kjære varaordførar? Hehe. Og til dei av dykk som meinar land i Sør-Amerika har noko i Mellom-Amerika å gjere: Det nærmar seg jul. Atlas er eit godt julegåveynskjetips. (<- Utan orddeling). Hehe.

Biletearket var kanskje litt for lett denne kvelden. Snittet var på 10,8 av 15 poeng. Bileta laga sleit mest med var Moderatarna-leiar Kristersson (9 feil), Fitjar-rådmann Haugen (9 feil) og Pompadour-frisyren (11 feil). Her var det ingen av laga som svara Pompadour, men det vart gitt poeng for Quiff, sidan dette er ein nymoderne utgåve av Pompadour-sveisen. Elles var det berre åtte lag som tok Israel og biletet av artisten Post Malone. Stort sett bra på resten. Best på biletearket var BJoP med 14p.

Som førre veke var det HBO som tok heim sigeren med sine 68 poeng. Imponerande start på haustsesongen! Men det var jamnt i toppen. Like bak HBO endte Lex Lodney og BJoP, begge på 67 poeng. Dei delte andreplassen og fekk begge gåvekort på 300kr etter litt dramatikk på overtid. Ein årvåken varaordførar hadde nemleg mistenkt at laget hans hadde blitt snytt for poeng. Noko som stemte då biletearket vart studert nøyare. Der skulle det nemleg vere 14 og ikkje 13 poeng. Til neste gong når de skal retta biletearket for nabobordet: Hugs at det skal gis poeng dersom etternamnet er rett, og skrivefeil er ikkje nok til at eit svar er feil når det er opplagt at det er rett meint. Forståeleg? Hehe.

Ekstrapremien denne gong gjekk til det nye laget Tolvpausen. Sidan dei hadde med meklarane Ola og Ørjan (handicap) på laget fekk dei dispensasjon til å vere 10 deltakerar på laget. Utan minuspoeng. Dei nådde ikkje pallen, men to på laget kan likevel gleda seg til å gå på konsert med d'Accord 22/09-18.

Quizvert var Jon, med Geir som barsjef og Marie som servitør.

Takk for ein triveleg kveld!

Vel møtt igjen neste torsdag 20.september. Då tek Sverre i mot dykk med ein litt meir utfordrande quiz enn sist han var i manesjen. Hehe.

Resultat quiz 2 av 14 hausten 2018 - 13.september:
(Trykk på bileta for større visning)












Samanlagtstilling etter 2 av 14 rundar:













Alle spørsmål med fasit:








onsdag 12. september 2018

Torsdagsquiz 1 - 6.september 2018





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

13 flotte lag deltok denne haustlege kvelden. Snittscoren var på fenomenale 68,7 poeng av totalt 83(!) mulege. Heile 12 av 13 lag kom seg over den magiske 60 poengs grensa denne gong.

Det skulle altså ikkje ta meir enn 16 månadar inn i quizhimmelen før Sverre gjenoppstod og gjorde comeback. Både lysta på svarte pengar (neida!) og på å vere i fokus i større folkemengdar vart for stor. Det ryktast at forsamlinga var glade for å få kosebamsen Sverre tilbake. Ergo lettare spørsmål og meir poeng.

Det vert altså ein quizmasterduo som skal losa dykk gjennom det komande quizåret. Etter utallege møter gjennom sommaren hadde dei landa på ymse retningslinjer. Quizen skulle til dømes ha 80 poeng oppnåeleg KVAR gong. Dette røyk allereie på første quiz. På første ark like godt. Førstearket med aktuelle spørsmål skal vere på 16 poeng. Sverre sitt enda på 18. Uansett var det fleire gode spørsmål, og det var HBO og QF som klarte seg best med sine 17p.

Andre arket er frå no av kalla musikk / underholdning og skal ha 18p oppnåeleg. Sverre fleska like godt til med 19p her, noko som førte første quizen opp i 83 poeng maks. Om muleg var blemma på Ark 2 grunna uvitskap meir enn sabotasje mot det spikra opplegget. Er det berre Sverre som trur at Spice Girls bestod av fire medlemmer? Hahaha. Tre lag henta full pott på arket: BJoP, Dei Hjelpelause og Fonna i Krise. Snittet på 17,1 poeng vitna om at Geir hadde vert snill på musikken, om muleg nytta eksakt same speleliste han nytta for halvanna år sidan. Dei er oppfinnsame disse Høgrepolitikarane. Du verden.

Halvvegs var det klart for Rop Ut Quiz. Kva spørsmåla var har gått i gløymeboka, men det var uansett Oddmund frå HBO som vann. Rapporten frå Sverre seier at det var ein med langt hår frå BJoP som vart sett på plass i finalen. Kva premien var er uvisst.

Tredjearket denne kvelden handla om Europa og Is. Og jommen meg enda det på dei 16 avtalte poenga her. Bra! To lag klarte 16 poeng og full pott: Blanda Drops og FIA Hofa. Alle lag over tolv poeng, så spørsmåla må ha falt i smak.

Sistearket skal ha 15p oppnåeleg. Best her var HBO, Blanda Drops og Har Det På Tunga, som alle prikka inn 14 poeng. Forøvrig veldig bra av samtlege 13 lag. Alle over 10p.

Biletearket var det som varierte mest mellom laga denne kvelden. Best var Dei Sporadiske som kun bomma på éitt bilete. Verre då med Lex Lodney og Nordbygda FUS som kun makta 6 skarve poeng.

Når alt kom til alt skilde det berre fem poeng mellom dei åtte beste laga. Har Det På Tunga og Dei Hjelpelause mangla poenget på pallen og delte fjerdeplassen. BJoP og Blanda Drops enda begge på 73 poeng og det var biletearket som måtte avgjer kven som tok sølvet. Blanda Drops var best her med sine 12 rette mot BJoP sine 11. Best av alle i kveld var HBO som noterte seg for småpene 75 poeng av dei altså 83 oppnåelege. Berre 8 feilpoeng er bra.

Ingen ekstrapremie denne kvelden, då dette vart glømt! Så me satsar på at Geir er i det spandable hjørna i morgon.

Quizvert var Sverre, med Geir som barsjef og Marie som servitør.

På vegne av Sverre: Takk for ein fin kveld!

Vel møtt igjen i morgon kveld! Me gledar oss!

Resultat quiz 1 av 14 hausten 2018 - 6.september:
(Trykk på bileta for større visning)










Alle spørsmål med fasit: