fredag 26. oktober 2018

Torsdagsquiz 8 - 25.oktober 2018





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

20 spreke lag deltok og snittscoren var denne gong på snaue 59 poeng av totalt 80 mulege. 10 skarpe lag kom seg over 60 poeng.

For fyrste gong på halvanna år skulle underteikna prøve seg på deltaking av ein quiz. Altså på den rette sida av bordet. Det opna seg ein gyllen sjanse då QF denne kvelden mangla eit lagmedlem. Dette måtte bli bra! Og ikkje minst svært spanande å sjå (og høyra) korleis min betre halvdel av quizteamet ville figurera bak mikken.

Det opna bra på dei aktuelle spørsmåla. Me kom oss gjennom med éin liten feil. INF altså. Noko Foto-Knutsen føreslo, utan å få gjennomslag. Han er kanskje ikkje så dum som han ser ut til?! Hehe. To lag tok full pott: HBO og Lex Lodney (sjølvsagt). Totalt fem lag med 15 av 16 poeng. Snittet enda på sterke 13 poeng, så dei fleste lag følgjer godt med på nyhendebiletet.

Dersom ein har gått på quiz før, og samstundes bite seg merke i kva musikk som har blitt spela på musikkquizen til Geir, har ein god sjanse til å score bra når Geir køyrer sine låtar på Sverre sine quizar. Geir har tendens til å lage musikkquizen minuttar før den startar, og rykta skal ha det til at den denne gong vart til under eit keisamt kommunestyremøte. Dette kan sjølvsagt ikkje stemme, sidan det er viktig med fokus når ein er folkevalgt. Mest truleg nokon frå eit konkurrerande parti som har satt ut desse rykta. Uansett, låtane Geir plukka ut er frå gamle spelelister som har vert brukt før. Oppfinnsomt. Hehe. Ergo, kveldens fire første låtar hadde me høyrt før. Dei fleste lag tok vel disse? Litt verre med Hilde Selvikvåg på sistelåta. Totalt ukjent for underteikna i alle fall. Sverre, derimot, var faktisk på konsert med denne gullstrupa førre veke. En skal høre mye før øra faller av, så han sa han hin. Best på Ark 2 var Har Det På Tunga og Blanda Drops som klarte fine 17 av 18 poeng. Snittet enda på 14 poeng.

Halvvegs var det HBO som hadde kome best i gang. 32 av 34 poeng er sterkt. Hakk i hæl låg BJoP, Dei Sporadiske og Lex Lodney med 31 poeng.

Rop Ut Quizen starta med eit spørsmål om kva forfattar som har skrive Lillelord-trilogien. Sten Arve frå Lex Lodney var først ute og sikra seg finaleplass med det rette svaret Johan Borgen. På spørsmål nummer to lurte Sverre på kva pattedyr som er det einaste som fins på alle kontinent. Dette førte til at heile forsamlinga vart stille som mus, heilt fram til den klåre røysta til varaordførar Bjelland brøyt stilla: Menneske! Latter frå salen. Og sjølvsagt eit svar som vart underkjent av Sverre. Strengt tatt rett, sidan menneske ER eit pattedyr, men her måtte me jo alle forstå at det ikkje var dette Sverre var ute etter. Hehe. Etter enorme protestar frå Bjelland roa det seg litt før June frå Quizzedillas slo til med det rette svaret: Mus. I finalen kom det eit Ja / Nei spørsmål om Gandhi har vunne Fredsprisen. June freista lukka først med eit JA. Når dette ikkje stemte vart det grei skuring for Sten Arve. God kinotur!

Ark 3 dreia seg i kveld om Noreg og Litteratur. Mykje fine spørsmål. Men kun eit grusomt bomsvar på Hamsun kom underteikna sitt lag frå det med 15 av 16 poeng. Irriterande, men greit nok. Lex Lodney og Blanda Drops, derimot, hausta fullt hus med 16 poeng. Bra! Også godkjent av BJoP og HBO som hadde 15 poeng. Snittet enda på snaue 11 poeng. Forresten: Er det fleire enn Sverre som IKKJE veit korleis Albert Åberg sin fiktive ven sitt namn, Skybert, skal uttalast?! Du slette tid.

Mykje av grunnen til at det aldri har vert eit lag som har teke full pott med alt rett på Sverre sine quizar er hans evne til å dra opp spørsmål som laga må gissa på. Ingen sit inne med kunnskapen, men det er likevel spørsmål det er muleg å tippe rett på. Så også denne kvelden. På Lett Blanding arket dukka det opp eit spørsmål om kva avstanden mellom hol på ein vanleg holemaskin er. Jøye meg. Det skal sjølvsagt gå an å ressonnere seg fram til ein cirka avstand sidan svaret skulle vere i heile centimeter, men likevel ville nok laga vere avhengig av stong-inn for å treffe. BJoP må ha hatt flaks sidan dei var eineste lag med toppscore på fjerdearket. Hugs å lever Eurojackpotbongen i kveld! Nest beste lag på Lett Blanding arket var Lex Lodney med 14 poeng. Snittet enda på 10,6.

Kveldens bileteark skulle vere overkommeleg for dei fleste. For QF sin del vart det for lett. Saman med BJoP vart det 15 poeng og full pott. Hakket bak med 14 poeng enda LL, LAMP og Dvergkasterane.

Totalt sett enda det på fleire gode scorar. Eit av haustens nye lag; Quizzte Du Det? enda riktignok sist, men med ein score på 41 poeng var det ikkje så verst. Dei kjem nok til å klatre på listene framover dersom dei går i quizmodus og tek fram lupa på nyhenda. Snittet enda på snaue 59 poeng, så nivået på vanskelegheitsgrada var godkjent, Sverre. Ti lag kom seg som sagt over 60 poeng. I toppen skulle det stå mellom fire lag, og som så ofte før var det samanlagtkanonene HBO, QF, LL og BJoP som skulle gjer opp seg i mellom. Dei to førstnemnde enda begge på fine 73 poeng. Diverre for HBO var dei elendige på biletearket og måtte ta til takke med ein fortent fjerdeplass. Lex Lodney gjorde nok ein god quiz etter førre vekes siger. Men sjølv om dei kun hadde fem feilsvar holdt det ikkje heilt inn. I kveld vart nemleg BJoP for sterke. 76 poeng er strålande og sigeren vel fortent. Grattis!

Ekstrapremien gjekk i kveld til Sviskene. Dei fekk med seg gratisbillettar til Ford Rekord sin konsert på Arena i morgon laurdag 27.oktober. God fornøyelse!

Quizvert var Sverre, med Geir som barsjef og Marie som servitør.

Takk for ein lun kveld og velkomen att kommande torsdag!

Resultat quiz 8 av 14 hausten 2018 - 25.oktober:
(Trykk på bileta for større visning)


Samanlagtstilling etter 8 av 14 rundar:

















Alle spørsmål med fasit:








fredag 19. oktober 2018

Torsdagsquiz 7 - 18.oktober 2018





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

18 blide lag deltok og snittscoren var denne gong på snaue 58 poeng av totalt 80 mulege. 9 gode lag kom seg over 60 poeng.

Det ser ut som me no har stabilisert oss på rundt 20 deltakande lag kvar torsdag. Grunnen til at det var 18 lag i dag, og ikkje over 20, må nok vere at folk flest trudde det var Sverre sin tur til å ha quizen, og dermed tenkte nok dei som ikkje kom i kveld at det mest truleg ville bli for enkle spørsmål. Muleg nokre av laga var på konsert / refleksdag ved Kulturhuset òg. Elles gledeleg at eit heilt nytt lag hadde tatt turen: Outsiders. Sjølv om dei måtte avgårde litt tidleg for å nå ei ferja får me vona me ikkje skremde dei heilt, og at dei kjem igjen.

Dei aktuelle spørsmåla var også denne veka alt for enkle for Lex Lodney. Denne gjengen tar nyhende-researchen alvorlig. Full pott nok ein gong = strålande! Også veldig bra av Blanda Drops om klarte 15 av 16 poeng. Spørsmålet flest lag sleit med var tittel og forfattar av den nye biografien til Petter Northug. Kun LL, LAMP og A Walk in the Park prikka inn begge dei rette svara her. Også spørsmålet om ordførarløna der me skulle fram til Morten Storebø på Austevoll var litt vrient. Berre fire lag tok begge poenga her. Elles var det fleire fine forslag på prisen på Fendi-skjerfet. BJOP prøvde seg på 7000 Euro, medan Har Det På Tunga klinka til med ein pris på heile 20.000 Euro. Sjølv om den rette prisen er på "berre" 750 Euro OG dei tjenar flesk(?) på sjukehuset trur eg neppe Anders handlar skjerfet i julegåve til Torill. Til slutt lyt me ta med peikefingerregelen om at det er etternamnet som gir poeng. Mange lag som kun hadde fornamnet til deltakaren som røyk ut av Stjernekamp må diverre innsjå at det ikkje gir noko gevinst. Snittet på førstearket enda på 11 av 16p.

Ingen lag tok 10 av 10 poeng på musikken i kveld, men fleire var nære. Heile seks lag kom frå det med berre éin feil: Blanda Drops, Noregs Mål og Assistlag, Fonna i Krise, HBO, QF og Dei Sporadiske. Feilen som ofte gjekk igjen var tittelen på låta til Taylor Swift. Svaret Trouble gav ikkje poeng. Det blei litt for upresist. Faktisk berre tre lag som hadde denne tittelen rett: Fonna i Krise, Dei Sporadiske og Hakke Peiling. Elles var det god utteljing på dei fleste andre låtane. Samtlege lag hadde kontroll på godaste Rick Astley (eller Ashley som somme kalla han). Hehe. Den fekk heller gå som ein skrivefeil. På underholdningsbiten klarte to lag full pott: LL og HBO. Her var det rangeringa av Bond-skodespelarar som var vanskelegast. Berre seks lag hadde rett rangering. Totalt på arket var HBO best med sine 17 av 18 poeng. Også godkjent av LL, QF, Blanda Drops og LAMP med sine 15 poeng. Snittet var på OK 13 poeng.

Halvvegs leia Lex Lodney med gode 31 poeng. Like bak fann me Blanda Drops (30p), QF (29p) og LAMP (28p).

Rop Ut Quizen vart i kveld ein finale mellom Solveig frå Dei Hjelpelause og Cecilie Anna frå Bjelland Juletre og Pyntegrønt. Solveig var som vanleg på hugget når det kjem til spørsmål om Barne-TV-relaterte-spørsmål, denne gong Mummidalen. Cecilie Anna var raskast ut med rett svar på kva det islandske ordet snyrting tyder, nemleg do eller toalett. I finalen vart det verre for dei to kandidatane. Først på tredje finalespørsmål falt avgjerdsla. Solveig trakk det lengste strået på spørsmål vedr. Pinocchio. God kinofornøyelse!

Ark 3 handla i kveld om Historie og Teikneseriar. Kun éitt lag tok full pott og 8 poeng på historiedelen: Har Det På Tunga. Dette skuldast at dei var einaste lag som visste dei tre utanriksministrane i Gro si tredje regjering. Fiffig her at fleire lag prøvde seg med Jens Stoltenberg, noko som sjølvsagt ikkje gav poeng. Faren Thorvald, derimot, hadde gitt poeng. Dei som svara berre Stoltenberg FEKK poeng. Hehe. Beckham var nok for enkel. Alle lag tok denne. Litt verre med Werner Hagerup (11 rette). Mykje bra også på Teikneseriar. Best her var HBO som lett tok alle. Verste spørsmål her var namna på tvillingane til det 21. Fantomet og Sala Palmer. Seks av 18 lag hadde disse. Ni lag hadde rett på at det er Majestix som har Godemine til fru i serien om Asterix. Dei fire laga som prøvde seg med Majestetix fekk ubønnhørleg null poeng for dette. Rett skal vere rett. Best på arket totalt var HBO med 15 av 16 poeng. God innsats også av LL og BJOP med sine 14p. Snittet var på 10,2 av 16p.

Det normalt sett vanskelege Lett Blanding arket var i kveld rimeleg overkomeleg. Snittet enda på snaue 12 av 15 poeng. Altså godt levert av dei aller fleste. To lag gjorde sloreslem med 15 av 15 rette svar: Lex Lodney og BJOP. QF og Quizzvazz enda hakket bak med 14 av 15. Arkets svarte kamelar var denne gong Mediolanum / Milano (7 rette svar) og Sao Paulo (8 rette). De er tydlegvis gode på kunst: Heile 11 av 18 lag tok samtlege kunstnarar på siste spørsmålet. Bra!

Mange gjorde også eit sterkt bileteark denne kvelden. Nesten 12 i snitt er fenomenalt. Ingen lag tok likevel full pott. Nærast var LL, QF, LAMP, AWitP og DS (Dei Sporadiske eller Drikkesug?) som alle fekk 14 poeng. Også bra av BJOP, BD, FiK og Hakke Peiling som hadde 13 av 15p. Kjekt å sjå at så mange tok Zara Larsson! Endeleg! Dog verre at varaordføraren ikkje kjende att seg sjølv. Hahaha. Forøvrig fleire spennande tips på kven som var blanda i hop på bilete 5 og 6: Sverre Sørensen, Tom Cruise og underteikna. Gode menn alle tre, men ikkje med på arket denne gong. Elles verdt å nemna til slutt at der dei aller fleste svara rett på gjøken / gauken, der slo QF til med duetrost. Du verden.

Om quizen var for enkel i kveld eller om laga var opplagte og skjerpa er ikkje godt å seie, men det vart fleire svært gode scorar. Halvparten av laga kom altså over 60 poeng, og det vart tett i kampen om pallplassane. Både Blanda Drops og LAMP mangla berre éitt fattig poeng på pallplass. Dei måtte ta til takke med delt femteplass. Enda nærare var HBO som enda på 67 poeng, same som BJOP, men måtte ta til takke med den sure fjerdeplassen grunna éitt mindre rett bilete enn gjengen frå BJOP. Ergo bronse og gåvekort på pizza til Bjellandsgjengen. Det tidlegare meisterlaget Quizteleg Fjolleparti har slitt tungt i haust. Det var nok derfor gledeleg for dei med ein etterlengta pallplass. Fine 69 poeng gav sølv og gåvekort på 300kr. Ingen var i nærleiken av kveldens suverene vinnarlag Lex Lodney. Dei imponerte med fantastiske 74 poeng, heile fem poeng betre enn QF. Her må nok quizpennen kvessast ytterlegare til neste gong for å kunne setje Sissel, Nils, Tveita-brørne og resten av gjengen på plass. Uansett: Gratulera med siger og gåvekort på 500kr. Prima levert!

Ekstrapremien gjekk i kveld til Blanda Drops. Dei fekk med seg gratisbillettar til I AM K sin konsert på Arena laurdag 20.oktober. Dette bandet er bra! Få dei med dykkar! Dei Blanda Dropsa får nok ein super konsert!

Quizvert var Jon, med Vilde som DJ / barsjef og Marie som servitør.

Takk for ein majestetix kveld!

Resultat quiz 7 av 14 hausten 2018 - 18.oktober:
(Trykk på bileta for større visning)













Samanlagtstilling etter 7 av 14 rundar:




















Alle spørsmål med fasit:








søndag 14. oktober 2018

Torsdagsquiz 6 - 11.oktober 2018





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

19 herlige lag deltok og snittscoren var denne gong på dryge 55 poeng av totalt 80 mulege. 9 skarpe lag kom seg over 60 poeng.

Litt nedgong i antal lag denne gong altså. Me får skulda på haustferien og akademikarlaga. Nokon er så heldige at dei har dobbelt så mykje fri som oss andre, så då kan dei reise på hytta i både tide og utide. Me vanlege dødelege skulle uansett kosa oss skikkelig med quiz, så kunne lærarane berre ha det så godt. Me såg også fram til ein litt meir utfordrande quiz enn den me fekk servert førre veke.

På førstearket med aktuelle spørsmål enda dei 19 laga på eit snitt på dryge 10 poeng. Mange var gode, men nokre lag sleit meir og drog ned snittet. Det opplagte spørsmålet om Nobels Fredspris var det faktisk berre åtte lag som prikka inn fire av fire poeng på. Overraskande. De såg vel den koma? Litt labert også på spørsmålet om statsbudsjettet. Berre sju lag tok to av to poeng her. Addictologi har vert mykje i fokus den siste tida, men det er gjerne ikkje så interessant? Kun Lex Lodney og Bjelland Juletre og Pyntegrønt kunne namna på dei to frontfigurane. Videre vart det god utteljing på både limousinulukka, blogging og kanaribanner. Pengegåva til Varhaug IL i Rogaland visste berre seks lag. Amerikansk geografi er alltid kjekt. Kjekt er det også å retta svara. På spørsmål om kva to DELSTATAR som orkanen Michael råka hardast, kom det altså inn forslag på MIAMI. Vedkommande lag må nok fram med Atlasen her. Hehe. Fotball og Nations League er visst ikkje veldig spanande. Berre halvparten av laga visste kva to lag Noreg skal møta denne gong. Til slutt visste 16 av 19 lag dei to rette svara om Farmen. Best av alle på dei aktuelle spørsmåla var nok ein gong Lex Lodney med 16 av 16 poeng og full pott. Det er ikkje lett å setta dei fast! Også god innsats av Har Det På Tunga og haustens nye lag Litt Arbeid, Mest Pause avd. Stord (Herretter kalla LAMPAS) med 14 av 16 poeng.

På musikken var kveldens give-aways S&G og M&S sine låtar frå høvesvis '70 og '12. Dei fleste hadde både artist og tittel på låt rett her. Litt verre med resten. Dei fleste hadde rett på Mary J. Blidge, men berre fire lag visste tittelen Family Affair. Litt overraskande. OL-songen frå Barcelona i 1992 hadde sju av laga kontroll på. Fleire hadde nok fått med seg at den siste soprandiva Montserrat Caballé gjekk bort nyleg, 85 år gamal. Det var truleg hennar mest kommersielle opptreden då ho song duett med Freddie Mercury. Innspelt i 1987, men altså utgitt til OL i 1992. På underholdningsbiten var det berre åtte lag som tok regissøren av dei to første Batman-filmane. Halvparten av laga hugsa rett frå Notting Hill, medan dei fleste tok spørsmålet om Sopranos (verdas best dramaserie?). Kun tre lag nagla to av tre Tom Cruise filmar der han var Oscarnominert: Mike Hunts, LAMPAS og HBO. Til slutt tok fem lag full pott på Wipeout-spørsmålet. Totalt var det HBO som var best med berre éin feil og 17 poeng. Imponerande. Også godkjent av følgjande lag som tok 14 poeng: LAMPAS, HDPT, QF, Dvergkastarane og Mike Hunts. Snittet på arket enda på 11,1 poeng. Litt lavt kanskje.

I kveldens Rop Ut Quiz vart første finalist lokalets yngstemann, Mads, frå Lex Lodney. Han viste framifrå kunnskap om moderne popmusikk. Mora på det rivaliserande laget Dei Sporadiske, var nok stolt. I finalen skulle han møta veteranen Oddmund frå HBO. Fryktinngytande! Det er noko som heiter at dei gamle er eldst. Så også her. I finalen fekk kandidatane spørsmål om kva pumpernickel er for noko. Eit spørsmål ein rysta Mads måtte ha gjenteke. Oddmund derimot, han behaldt roen. Etter å ha gitt sin rival litt tenketid, prikka han inn rett svar: ein brødtype. Dermed sikra han seg nye kinobillettar. Grattis!

Halvvegs var det nettopp Oddmund og samanlagtleiarane i HBO som hadde tatt teten med 29 poeng. Poenget bak låg Har Det På Tunga og LAMPAS.

Ark 3 dreia seg i kveld om kategoriane Sunnhordlandsbassenget og Brann. Første kategorien kom denne gong rekande på ei fjøl frå nordsjøen og gjestequizmaster Sigfred. Spanande. Det skulle visa seg at spørsmåla var passeleg utfordrande. Ingen lag tok full pott med åtte poeng, men heile sju lag klarte sju rette. Hidle og kanalane på Bømlo gav god utteljing. Verre med Slåtterøy Fyr. Berre fire lag tok full pott her med både rett namn og år. Også vrient å prikka inn rett svar på Kvinnherad si største øy. Åtte lag hadde Varaldsøy her. Fleire med Halsnøy eller Borgundøy. Éitt lag tippa sågar på Herøysund. Skremmande. I kategorien Brann var det god innsats. Heile sju lag med åtte poeng her: LL, HBO, BD, FiK, HDPT, LAMPAS og BJOP. Vel blåst! Verste spørsmål her var å namngi tre av dei fem kyrkjene som Varg Vikernes / Greven vart dømt / tiltalt for å ha tent på. Sju lag hadde tre rette her. Best på arket totalt var HBO, LAMPAS, BJOP, LL og BD med 15 av 16 poeng. Snitt: 12,2.

Lett Blanding arket var i kveld nokså lett dersom ein ser på scoren. Snittet på snaue 11 poeng er ok. Verste spørsmål var det om sportsuttrykka (Berre Fonna i Krise og Kjøttfløytene hadde rett med Basketball her) og spørsmålet om hamnebyen i Jordan. LL, BJOP og Kjøttfløytene hadde Aqaba her. Ti av nitten lag tok full pott på Nirvana-spørsmålet, medan heile 16 lag hadde fire av fire poeng på Kjerringa med Staven. Nei, de som tippa på kilo og pakkar med smør fekk ikkje rett. Beste lag på arket var LAMPAS, BJOP, Dei Sporadiske og Fonna i Krise. Dei hadde 13 poeng. Fem lag enda på godkjente 12 poeng.

Biletearket var nok litt for enkelt denne gong. Snittet på gode 11 poeng. Største utfordringa var bilete av SR-Bank Arena i Jåttåvågen, Stavanger, tidlegare kjent som Viking Stadion. Berre fem lag hadde denne. Nest verst var bilete av albumet til Vømmøl Spellemannslag, men dette tok faktisk heile ti av nitten lag. Beste feilsvar var det A Walk in the Park som stod for. På bilete av vår lokale Petanque-maestro Tore Blokhus, fleska dei til med svaret Myggen Mykland. For dei av oss som hugsa Tore frå fotballbanen, så var han riktignok teknisk begava som Myggen, men han var nok mykje meir hardtspelande og duellsterk. Men litt lik av utsjånad? Ja, kanskje?

Når alt kom til alt var det fire lag det skulle stå mellom denne gong. Tredjeplassen vart ein kamp mellom BJOP og HDPT. Begge lag enda på 67 poeng. BJOP var imidlertid best på bileta (15/15) og sikra seg gåvekortet. I kampen om gullet stod det mellom LAMPAS og HBO. Begge enda på sterke 69 poeng. Berre éitt bilete skilde laga og det enda i favør av samanlagtleiarane frå HBO. Uansett gledeleg av eit nytt lag tek pallplass på sin tredje quiz. Keep it up!

Ekstrapremien gjekk i kveld til det nye laget Litt Ymse. Dei fekk med seg to gratisbillettar til Skambankt sin konsert på Arena dagen etter. Grattis!

Quizvert var Jon, med Geir som barsjef og Marita som servitør.

Takk for ein velsigna kveld!

Resultat quiz 6 av 14 hausten 2018 - 11.oktober:
(Trykk på bileta for større visning)













Samanlagtstilling etter 6 av 14 rundar:





















Alle spørsmål med fasit:








søndag 7. oktober 2018

Torsdagsquiz 5 - 04.oktober 2018





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

21 skarpe lag deltok og snittscoren var denne gong på smått utrulege 62 poeng av totalt 80 mulege. Heile 14 smarte lag kom seg over 60 poeng.

Det vart atter ein gong ny deltakarrekord for hausten. 21 lag hadde funne vegen til Arena i kveld. Strålande!

Det er løye med det, men annakvar veke er altså quizen betrakteleg enklare. Hehe. Og det enda med svært mykje gode scorar i kveld.

Best på førstearket var som vanleg Lex Lodney med full pott, 16 poeng. Hakk i hæl følgte Sviskene, som hadde tatt oppmodinga frå sist, og skjerpa seg skikkelig. 15 poeng er sterkt! Bravo! Også god utteljing frå HBO, Bedre Seint Enn Sist og Har Det På Tunga med 14 poeng.

På musikk/underholdning var det Dei Sporadiske som strålte. 18 poeng og full pott er fenomenalt! Ingen andre lag i nærleiken av å vere like gode her, men pluss i margen til det nye laget Norges Mål og Assistlag med fine 16 poeng. Heile åtte lag prikka inn 15 rette svar.

Rop Ut Quizen vart ein kamp mellom Line frå QF og Vidar frå BJoP. I finalen var det den sympatiske visesongaren som hadde best peiling på tibetansk. Den avskyelege snømannen vert nemleg kalla yeti i Tibet. Godt levert og god tur på kino gode mann!

Halvvegs var det delt leiing mellom Lex Lodney og Dei Sporadiske med 31 poeng. Poenget bak følgte Sviskene.

Ark 3 handla i kveld om Italia og Sport. Dette vart alt for lett for Lex Lodney. Nok ein gong full pott og 16 poeng. Også god innsats av Dei Sporadiske, BJoP, Tors Utvalgte og Har Det På Tunga som alle kom frå det med éin liten feil.

På Lett Blanding var det også svært god innsats frå laga. Samtlege lag med 10 poeng eller betre. Heile fire lag kunne alt og henta 15 poeng: Lex Lodney, HBO, BJoP og Dei Hjelpelause.

På biletearket var det tre lag som briljerte: Fonna i Krise, QF og Har Det På Tunga. 15 av 15 poeng. Imponerande!

Totalt var det ingenting å gjere med superlaget Lex Lodney. Med tre poeng tapt på andrearket og éitt poeng tapt på biletearket var dei svært nære maxscore i kveld. 76 poeng av 80 mulege er rått. Grattis med fabelaktig innsats og ein svært fortent siger fine folk! Andreplassen i kveld gjekk til den kjekke gjengen på Dei Sporadiske. Veldig gledeleg at dei melder seg på i kampen om pallplassane! Siste lag på pallen vart HBO, som dermed held på samanlagtleiinga si. Dei siste sesongars to store samanlagtkanoner, BJoP og QF, var i kveld altså ikkje å finna på pallen. Når skjedde det sist?!

Ekstrapremien gjekk i kveld til eit av haustens nye lag: Mike Hunts. Dei fekk to gratisbillettar til Powerslaves sin Iron Maiden tributekonsert på Arena fredag 5.oktober.

Quizvert var Sverre, med Geir som barsjef og Marie som servitør.

Takk for ein intelligent kveld!

Resultat quiz 5 av 14 hausten 2018 - 05.oktober:
(Trykk på bileta for større visning)














Samanlagtstilling etter 5 av 14 rundar:


















Alle spørsmål med fasit: