onsdag 11. mai 2022

Torsdagsquiz 9 - 5.mai 2022

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

17 våryre lag stilte til start denne torsdagen. Snittet enda på 53,4 poeng. Heile ni skarpe lag kom seg over 60 poeng.

Sesongens siste quiz før sumarferie skulle utarta seg til å bli spanande i teten både for kveldens resultat, men óg i samandraget. QM trudde han hadde laga quizen litt vanskelegare enn vanleg, mtp at det var sesongavslutning, men mange lag imponerte stort med kunnskap og kløkt.

Halvvegs var det samanlagtkanona LAMP AS som delte teten med den flotte gjengen frå Quiztorn. Eit lag som dukkar opp i tide og utide, og ofte imponerar før dei kollapsar. To poeng bak tetduoen låg eit anna lag som hevda seg sterkt i samandraget: QF.

Førstearket med aktuelle spørsmål gav oss eit snitt på snaue 11 av 16 poeng. Beste lag var nemnde LAMP AS, som kun hadde éitt feilsvar. Hakk i hæl fulgte HDPT, Quiztorn og QF med 14 poeng. Fleire lag bomma på salsprisen på Twitter, partiet til Macron og Cinco de Mayo. Her blanda nokre lag med De Dødes Dag, men som me andre veit er den 1.-2. november.

Andrearket gav oss kveldens einaste fulle pott: Quiztorn nagla samtlege 16 rette svar. Sterkt! God innsats av LAMP AS, Besserquizzers og Quizzedillas óg, dei hadde alle 15 poeng. Mulig både musikken og underhaldningsspørsmåla vart for enkle? Flest feilsvar kom det på hit'en til Ballinciaga og Costner-filmen frå 1996 (Tin Cup). Nokre lag kunne heller ikkje hugsa Briskeby-hit'en Propaganda. Snitt på arket: 11,6.

Tredjearket handla denne kvelden og Bømlo og Sport. Gjerne to ord som ikkje går heilt hand i hand i desse dagar mtp sirkuset i Bremnes IL. Uansett leverte om lag halvparten av laga godkjent score og tosifra antal poeng. Beste lag var Besserquizzers og HDPT med 14 poeng. Det hjelper å ha bømlingar (Anne-Beth) og sportsidiotar (Anders) på laget! Mest utfordrande spørsmål: Høgda på Siggjo, omgongane i baseball (innings) og distansane Grisjin dominerte på. Snitt: 9,6 poeng.

Så skulle det avgjerast med Lett Blanding. Med 8 poeng og halvparten av poenga på arket om Ed Sheeran og russisk litteratur kunne det bli stor variasjon. Og jommen gjekk ikkje eit par av topplaga i baret. Både Quiztorn og QF kollapsa kapitalt. Med 9 poeng på Quiztorn og grusomme 6 poeng på QF forsvann dei ut av tetkampen på null komma svitsj. Kun HBO og HDPT leverte til gull med sine 15 poeng, men det vert kudos også til Dei Håpefulle, Quizzedillas og Dei Hjelpelause med sine 13 poeng. Snitt: 10 blank.

Biletearket gav eit snitt på 11,3 poeng og må difor ha vore nokså overkomeleg. 13 av 17 lag scora tosifra antal poeng. Beste lag: LAMP AS og Dei Sporadiske med 15 poeng. Klarte alle Zara Larsson denne gong, då? Høhøhø.

Totalt vart det nok ein siger til LAMP AS med sterke 70 poeng. Andreplassen gjekk til HBO med 67 poeng, medan HDPT kapra tredjeplassen med 65 poeng. Bak disse var det jamnt.

FHS Revengers vart trekte ut som heldige vinnarar av ein billett til konserten med Morten Abel i Arena 27.mai.

I samandraget var det knytt spaning til om HDPT kunne slå seg opp på pallen. Laga på pallen før kveldens quiz kunne også kjempe seg til betre plasseringar. LAMP AS leia, og med siger i kveldens quiz sikra dei seg også samanlagtsigeren med totalt 215 poeng. QF makta holda på 2.plassen trass kveldens kollaps (195p), medan HBO vart ståande på bronseplassen med sine totalt 190 poeng.

Stor gratulasjon til alle medaljelag!

# 6 - stabile lag som deltok på samtlege ni quizar.

# 38 - ulike lag som prøvde seg på Torsdagsquizen denne sesongen.

# 19 - lag som deltok på to eller fleire quizar.

# 174 - antal Sunnmørspils levert til HBO.

# 8 - antal Gai Goong Pad fortært av milslukaren og politikaren på QF.

Quizvert for sesongens siste quiz var Jon, med Geir og Oda i baren.

Neste quizsesong startar tidleg i september. Følg med!

Resultat quiz 9 av 9 haust 2021 / vår 2022 - 5.mai:
(Trykk på bileta for større visning)






Samanlagt:










Alle spørsmål med fasit: