torsdag 23. januar 2025

Torsdagsquiz 7 - 23.januar 2025

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

12 nyttårsfriske lag stilte til start på vårens første og sesongens sjuande quiz.

Totalsnittet enda på litt stusselege 51 poeng, så alle har nok ikkje heilt vakna etter julaferien.

Seks lag kom seg over 50 poeng, og bør få godkjent.

Det var jamnt i toppen halvvegs. Best var Bezzerquizzerz som med sine 29 poeng hadde fått eitt lite poengs forsprang på LAMP AS, medan jentene på Quizedillas følgde på tredjeplass 3 poeng bak.

Men Bezzerquizzerz var i det umoglege hjørna denne kvelden. Med imponerande full pott og 16 poeng på det utfordrande tredjearket, god score på den lette blandinga og samtlege bilete rette, vart det utklassingssiffer til slutt. Med heile 73 poeng og kun 7 feilsvar enda dei heile 12 poeng føre lag nummer to.

Pallen vart komplettert av nettopp laga som låg på dei same plasseringane halvvegs. Sølv til LAMP AS og bronse til Quizedillas.

Tankevekkar 1: 4 av 12 lag trur Sabrina Carpenter må vera Zara Larsson! Oppsiktsvekkande!

Tankevekkar 2: Det er framleis etternamna som gjeld på biletearket. At somme vert forbausa over at kallenamn ikkje gir poeng må seiast å vera interessant.

Sidan Roald gjer slik ein framifrå jobb med å booka artistar og band til Arena, syns me i quizgjengen at litt konsertbillettar lyt gjeninnførast dette året. Kvar quiz framover vil det trekkjast ut 2 stk billettar til heldige quizarar.

Dette gongen var det laget La Elva Leve som var dei heldige. Dei får gleda av fantastiske Valentourettes laurdag 1. februar. Har du ikkje sikra deg billett? Fortvil ikkje!

Billettar til Valentourettes finn du HER.

Alle billettar finn du HER.

Quizvert for sesongens sjuande quiz var Jon, med Alena og Mikkan i baren.

Vel møtt til ny quiz med Sverre første torsdag i februar!


Resultat quiz 7 av 12 sesongen 2024/2025 - 23.januar:

(Trykk på bileta for større visning)






Samanlagt:









Alle spørsmål med fasit: