torsdag 27. mars 2025

Torsdagsquiz 11 - 20.mars 2025






Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

20 fisefine lag stilte til start på sesongens ellevte quiz.

Heile 12 av 20 lag prikka inn 60 poeng eller betre.

Vinnarlag denne gong vart Quizteleg Fjolleparti med sterke 72 poeng. Pallen vart komplementert av Bjelland Juletre og Pyntegrønt og LAMP AS.

To stk gratisbillettar til ein konsert skulle trekkast ut. Om det vart gjort seier rapporten ingenting om.

Quizvert for sesongens ellevte quiz var Sverre.

Nye quizsjansar torsdag 3.april.

Dette vert vårsesongens siste quiz.

Fire lag kjempar om gullet og tittelen Stords beste quizlag 2024/25.

Fem lag kjempar om pallplass i samandraget.

Resultat quiz 11 av 12 sesongen 2024/2025 - 20.mars:

(Trykk på bileta for større visning)







Samanlagt:







Alle spørsmål med fasit:








torsdag 6. mars 2025

Torsdagsquiz 10 - 6.mars 2025

  




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

Heile 21 framifrå lag stilte til start på vårens fjerde og sesongens tiande quiz.

Totalsnittet enda på snaue 55 poeng.

Sju kloke lag kom seg over 60 poeng denne gong.

Det vart nok eit fullt hus på Arena denne kvelden. Med scenen opprigga og klar for 100 Dagar i helga, vart tre lag henvist til galleriet, noko som fungerte brillefint.

Dei aktuelle spørsmåla må ha vert greie denne kvelden. Snittet enda på 11,5 poeng. Beste lag var FIA HOFA, La Elva Leve og Quiztorn med 15 poeng.

Meir variasjon i poenga fekk me på ark nummer to om musikk og underhaldning. Snittet enda på 10 poeng blank, og laga varierte frå beskjedne 5 poeng til full pott. Denne bragda var det den kløktige gjengen frå Bezzerquizzerz som stod for. Imponerande!

Bezzerquizzerz var også beste lag halvvegs, saman med LAMP AS og La Elva Leve.

Ark tre handla denne gong om handarbeid og historie. Førstnemnte kategori til ære for alle kvinner sidan det er kvinnedagen i morgon. For det viste seg tydeleg at håndarbeid ikkje passa som hånd i handske for dei reine gutalaga. Beste lag på ark tre var LAMP AS og Har Det På Tunga med 14 poeng, medan snittet enda på 10,3 poeng.

Beste (verste) svar på dette arket stod dei tre gutane på Quizteleg Fjolleparti for: På spørsmålet om toving, der alle andre lag hadde med vatn og såpa, prøvde QF-gutane seg med eddik. Dei tenkte også at nupereller måtte vera ein teknikk for å fjerna nupper på kleda. Festleg!

På Lett Blanding var det Bjelland Juletre og Pyntegrønt som dominerte. Fullt hus og 16 poeng. Kudos også til Dei Hjelpelause og QF (som reiste seg) med sine 15 poeng. Snitt på snaue 12 poeng. Bra!

PS: Ja, i beste Sverre-ånd vart det til slutt gitt poeng både for bindeord og konjunksjon på spørsmålet om kva ordklasse ordet 'eller' høyrer til, utan at det vart avgjerande i sluttstillinga. Her får heller de grammatikk-nerds og/eller norsklærarar koma på banen og belæra underteikna.

Biletearket gav oss eit snitt på 11 blank og det var nok ein gong Bezzerquizzerz som var best med alt rett. BJoP, Quizedillas, La Elva Leve alle med 15 poeng. Gøy at Zara Larsson kom med på svara også denne gong, utan at ho var representert.

Til slutt skilde det kun tre poeng mellom dei fem øvste laga. Tredjearket øydela litt for La Elva Leve, så dei måtte ta til takke med den sure fjerdeplassen saman med Quizedillas. Tredjeplassen gjekk til LAMP AS, medan Bezzerquizzerz utkonkurrerte BJoP i kampen om gullet med éitt meir rett bilete. Det vart skjebnesvangert med feilsvaret Kendrick Lamar på biletet av Jalen Hurts. På grensa til skandaløst for ein så oppegåande musikk -og sportsmann som Tennis-Trond, eller?

Framleis jamnt i toppen i samandraget der fleire lag kan sikra seg pallplass med to quizar att.

Quizvert for sesongens tiande quiz var Jon, med Alena og Mikkan i baren.

Ny quiz torsdag 20.mars med Sverre i manesjen.

Resultat quiz 10 av 12 sesongen 2024/2025 - 6.mars:

(Trykk på bileta for større visning)








Samanlagt:







Alle spørsmål med fasit:








mandag 3. mars 2025

Torsdagsquiz 9 - 20.februar 2025

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

17 skarpe lag stilte til start på vårens tredje og sesongens niande quiz.

Totalsnittet enda på snaue 58 poeng.

Heile ti lag kom seg over 60 poeng, noko som er veldig bra.

Denne kvelden var det Bezzerquizzerz som var vassast. Dei tok sigeren føre Dei Hjelpelause og Bjelland Juletre og Pyntegrønt.

Kveldens siger førte også Bezzerquizzerz opp i teten i samandraget, føre Quizteleg Fjolleparti som for ein gongs skuld ikkje stilte lag. BJoP ligg på tredjeplass føre LAMP AS og Quizzedillas. Det ser ut som det er disse fem laga som vil kjempa om gullet for sesongen 24/25.

To stk gratisbillettar til ein konsert skulle trekkast ut. Om det vart gjort seier rapporten ingenting om.

Quizvert for sesongens niande quiz var Sverre.

Nye quizsjansar torsdag 6.mars.

Resultat quiz 9 av 12 sesongen 2024/2025 - 20.februar:

(Trykk på bileta for større visning)







Samanlagt:







Alle spørsmål med fasit: