mandag 19. september 2022

Torsdagsquiz 1 - 15.september 2022

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

15 trivelege lag stilte skjerpa til sesongstart haust 2022. Snittet enda på snaue 59 poeng. Åtte glupe lag kom seg over 60 poeng.

Lite rykter, sladder og rapport frå quizen, men ein fugl kviskra skribenten i øyra at det vart kontroversar rundt nokre mokkasiner.

Quizteleg Fjolleparti tok sigeren i sesongens første quiz, med Tors Utvalde (comeback!) på sølvplass og Fonna i Krise på ein gledeleg tredjeplass.

Quizvert for sesongens første quiz var Sverre, med Geir og (truleg) ei kjekk jenta i baren.

Neste quiz er torsdag 29.september.

Resultat quiz 1 av X haust 2022 - 15.september:
(Trykk på bileta for større visning)






Alle spørsmål med fasit:








onsdag 11. mai 2022

Torsdagsquiz 9 - 5.mai 2022

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

17 våryre lag stilte til start denne torsdagen. Snittet enda på 53,4 poeng. Heile ni skarpe lag kom seg over 60 poeng.

Sesongens siste quiz før sumarferie skulle utarta seg til å bli spanande i teten både for kveldens resultat, men óg i samandraget. QM trudde han hadde laga quizen litt vanskelegare enn vanleg, mtp at det var sesongavslutning, men mange lag imponerte stort med kunnskap og kløkt.

Halvvegs var det samanlagtkanona LAMP AS som delte teten med den flotte gjengen frå Quiztorn. Eit lag som dukkar opp i tide og utide, og ofte imponerar før dei kollapsar. To poeng bak tetduoen låg eit anna lag som hevda seg sterkt i samandraget: QF.

Førstearket med aktuelle spørsmål gav oss eit snitt på snaue 11 av 16 poeng. Beste lag var nemnde LAMP AS, som kun hadde éitt feilsvar. Hakk i hæl fulgte HDPT, Quiztorn og QF med 14 poeng. Fleire lag bomma på salsprisen på Twitter, partiet til Macron og Cinco de Mayo. Her blanda nokre lag med De Dødes Dag, men som me andre veit er den 1.-2. november.

Andrearket gav oss kveldens einaste fulle pott: Quiztorn nagla samtlege 16 rette svar. Sterkt! God innsats av LAMP AS, Besserquizzers og Quizzedillas óg, dei hadde alle 15 poeng. Mulig både musikken og underhaldningsspørsmåla vart for enkle? Flest feilsvar kom det på hit'en til Ballinciaga og Costner-filmen frå 1996 (Tin Cup). Nokre lag kunne heller ikkje hugsa Briskeby-hit'en Propaganda. Snitt på arket: 11,6.

Tredjearket handla denne kvelden og Bømlo og Sport. Gjerne to ord som ikkje går heilt hand i hand i desse dagar mtp sirkuset i Bremnes IL. Uansett leverte om lag halvparten av laga godkjent score og tosifra antal poeng. Beste lag var Besserquizzers og HDPT med 14 poeng. Det hjelper å ha bømlingar (Anne-Beth) og sportsidiotar (Anders) på laget! Mest utfordrande spørsmål: Høgda på Siggjo, omgongane i baseball (innings) og distansane Grisjin dominerte på. Snitt: 9,6 poeng.

Så skulle det avgjerast med Lett Blanding. Med 8 poeng og halvparten av poenga på arket om Ed Sheeran og russisk litteratur kunne det bli stor variasjon. Og jommen gjekk ikkje eit par av topplaga i baret. Både Quiztorn og QF kollapsa kapitalt. Med 9 poeng på Quiztorn og grusomme 6 poeng på QF forsvann dei ut av tetkampen på null komma svitsj. Kun HBO og HDPT leverte til gull med sine 15 poeng, men det vert kudos også til Dei Håpefulle, Quizzedillas og Dei Hjelpelause med sine 13 poeng. Snitt: 10 blank.

Biletearket gav eit snitt på 11,3 poeng og må difor ha vore nokså overkomeleg. 13 av 17 lag scora tosifra antal poeng. Beste lag: LAMP AS og Dei Sporadiske med 15 poeng. Klarte alle Zara Larsson denne gong, då? Høhøhø.

Totalt vart det nok ein siger til LAMP AS med sterke 70 poeng. Andreplassen gjekk til HBO med 67 poeng, medan HDPT kapra tredjeplassen med 65 poeng. Bak disse var det jamnt.

FHS Revengers vart trekte ut som heldige vinnarar av ein billett til konserten med Morten Abel i Arena 27.mai.

I samandraget var det knytt spaning til om HDPT kunne slå seg opp på pallen. Laga på pallen før kveldens quiz kunne også kjempe seg til betre plasseringar. LAMP AS leia, og med siger i kveldens quiz sikra dei seg også samanlagtsigeren med totalt 215 poeng. QF makta holda på 2.plassen trass kveldens kollaps (195p), medan HBO vart ståande på bronseplassen med sine totalt 190 poeng.

Stor gratulasjon til alle medaljelag!

# 6 - stabile lag som deltok på samtlege ni quizar.

# 38 - ulike lag som prøvde seg på Torsdagsquizen denne sesongen.

# 19 - lag som deltok på to eller fleire quizar.

# 174 - antal Sunnmørspils levert til HBO.

# 8 - antal Gai Goong Pad fortært av milslukaren og politikaren på QF.

Quizvert for sesongens siste quiz var Jon, med Geir og Oda i baren.

Neste quizsesong startar tidleg i september. Følg med!

Resultat quiz 9 av 9 haust 2021 / vår 2022 - 5.mai:
(Trykk på bileta for større visning)






Samanlagt:










Alle spørsmål med fasit:









mandag 11. april 2022

Torsdagsquiz 8 - 7.april 2022

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

19 deilige lag stilte til start denne torsdagen. Snittet enda på godkjente 56,9 poeng. Fire smarte lag kom seg over heile 70 poeng.

Det vart jamnt i teten. QF utkonkurrerte HBO i kampen om bronsen. Med lik poengscore var det biletearket som avgjorde. QF hadde full pott, medan HBO presterte å bomma på eine fjeset på det heller enkle biletearket. Kampen om førsteplassen stod mellom LAMP AS og Fonna i Krise. Begge lag enda på 72 poeng. Begge lag hadde alle bileta rett. Når dei så hadde like mange poeng på alle dei andre arka, måtte gullet delast. Gratulerar til begge lag!

I samandraget ser det no ut som det dreg seg mot ein duell mellom LAMP AS (185p) og QF (180p) i kampen om gullet og gåvekort på 1500kr. HBO ligg trygt på tredjeplass med 165p.

Om noko lag vann noko ekstrapremie, sa rapporten frå quizverten ingenting om.

Quizvert var Sverre, med truleg Geir og Alena i baren.

Quiz nummer ni, med alles favorittquizvert Jon, vert torsdag 21.april.

Resultat quiz 8 av 9 haust 2021 / vår 2022 - 7.april:
(Trykk på bileta for større visning)







Samanlagt:













Alle spørsmål med fasit:








tirsdag 29. mars 2022

Torsdagsquiz 7 - 24.mars 2022

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

17 våryre lag stilte til start denne torsdagen. Snittet enda denne gong på katastrofale 46,4 poeng. Mon tru om dei fem botnlaga må ta på seg skulda for det. Quizverten avskriv seg iallefall alt ansvar. Fire glupe lag kom seg over 60 poeng.

Fyrstearket viste seg å vere grei skuring for dei som har hatt minst éitt auga opent dei siste par vekene. Utfordringa for fleire var namnet på den nye olje -og energiministeren, samt antal O-postar. Beste lag var HBO med 15 poeng og LAMP AS som med sine 16 poeng hadde alt rett. Snitt: 10,7.

På andrearket var Quizedillas beste lag med imponerande 15 poeng. Dei bomma kun på forfattaren av De Dødes Tjern. Også kudos til LAMP AS, HBO og QF med sine 14 poeng. Arkets nøtt må ha vert rollenamnet til Robert Duvall i Gudfaren-filmane. Kun fem lag visste det.

Halvvegs leia LAMP AS med finfine 30 poeng. HBO låg hakk i hæl med 29, medan QF hadde litt å ta att på teten med sine 27 poeng.

Dagens tredjeark handla om gater og øyer. Dette vart i overkant for tøft for laga i botn. Med 0, 2 og 4 poeng for tre av laga set dei naturleg nok Atlas øvst på ønskelista til neste gåveanledning. For HBO derimot, var gater og øyer plankekøyring. 16 poeng og full pott. Godkjent også til LAMP AS, HDPT og det nye laget Juksarane som alle henta 12 poeng. Ellers var det ein del rusk. Snitt: 8,8.

Om tredjearket hadde sine utfordringar, var sistearket med Lett Blanding om mulig endo verre. Med snitt på 8 blank, var det fleire lag som fortvila. Best var Dei Hjelpelause med fine 13 poeng. Saman med FIA HOFA var dei einaste lag som hadde alle fiskeslaga rett på siste oppgåva.

På biletearket var det QF som var best med sine 15 rette. Dei bomma kun på den nye kringkastingssjefen i NRK. Nest best var Quizedillas med 14 poeng. Snitt: 8,4.

Når alt skulle summerast var det frykteleg jamnt i teten. Kun fire poeng skilde Topp 4. Med 61 poeng vart det nedtur fra førre gongs siger for Quizedillas, og fjerdeplass denne gong. Poenget føre med 62 poeng resulterte i tredjeplass for QF. HBO enda på sølvplass med sine 63 poeng, medan LAMP AS tok heim sigeren med 64 poeng.

To rundar før slutt er det spanande i teten samanlagt. Kun 15 poeng skil dei tre laga i tet. HBO ligg på tredjeplass med 145 poeng, LAMP AS på andreplass med 155 poeng, medan QF leiar med 160 poeng. Er det disse som skal gjer opp seg i mellom om gåvekorta samanlagt? Eller kan HDPT og Dei Hjelpelause blanda seg inn i tetkampen? Dei har høvesvis berre 11 og 16 poeng opp til pallplass.

Quizvert var Jon, med Geir og Alena i baren.

Quiz nummer åtte, med Sverre, vert torsdag 7.april.

Resultat quiz 7 av 9 haust 2021 / vår 2022 - 24.mars:
(Trykk på bileta for større visning)






Samanlagt:













Alle spørsmål med fasit:








tirsdag 15. mars 2022

Torsdagsquiz 6 - 10.mars 2022

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

14 spenstige lag stilte til start denne torsdagen. Snittet enda oppsiktsvekkande lavt, til Sverre å vera, på dryge 57 poeng. Seks gode lag kom seg over 60 poeng.

Fyrstearket resulterte i to lag med full pott: Quizteleg Fjolleparti og Har Det På Tunga. Ikkje all verdas vanskelegheitsnivå, då snittet var på snaue 13 poeng. Andrearket, derimot, var verre. Med tanke på Geirs musikksmak må det seiast å vera aldeles imponerande av Quizedillas å hanka inn heile 15 poeng.

Best halvvegs: Har Det På Tunga med 30 poeng.

Tredjearket var ein miks av dei gamle klassikarane Sport og Geografi denne gong. To lag tok storeslem med 16 poeng: Quizteleg Fjolleparti og Heise Bra Opplegg. Snitt: 12,3 poeng. Lett Blanding på sistearket viste seg å vera heller vanskeleg. Snittet enda på 9,3 og beste lag var nok ein gong Quizedillas med 13 poeng.

Biletearket var overkommeleg. Snitt: 12,5 poeng. Beste lag: QF og Dei Sporadiske med 15 poeng. Også kudos til lag med 14 poeng: HDPT, LAMP AS, Lex Lodney og FIA HOFA.

Totalt vart det ein etterlengta siger til Quizedillas med 69 poeng. QF og HDPT følgte på dei neste pallplassane.

Quizvert var Sverre som truleg hadde med seg Geir og Alena i baren.

Quiz nummer sju, med Jon, vert torsdag 24.mars

Resultat quiz 6 av 9 haust 2021 / vår 2022 - 10.mars:
(Trykk på bileta for større visning)






Samanlagt:











Alle spørsmål med fasit:








torsdag 3. mars 2022

Torsdagsquiz 5 - 24.februar 2022

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

Etter snaue tre mnd med ufriviljug quizpause kunne me endeleg samlast igjen på Arena. Den litt snodige og amputerte sesongens femte quiz samla ti uredde lag. Snittscoren enda på knappe 55 poeng og de tre laga på pallen var alle over 60 poeng.

Kveldens vinnarlag Har Det På Tunga bomma berre på ni oppgåver og var i leiinga frå start til mål. Imponerande! Dei Sporadiske og LAMP AS følgde på dei neste plassane.

Vinnar av tre billettar til konsert med legendariske Backstreet Girls på Arena 26.mars: Automobil

Billettar finn de her.

Fin oppvarming: Dokumentar på NRK TV.














Quizvert var Jon og med Geir og Alena nede for telling med treff på både C -og T-streken, stilte Adrian med følge opp i baren.

Quiz nummer seks, med Sverre, vert torsdag 10.mars

Resultat quiz 5 av 9 haust 2021 / vår 2022 - 24.februar:
(Trykk på bileta for større visning)





Samanlagt:










Alle spørsmål med fasit: