fredag 7. februar 2025

Torsdagsquiz 8 - 6.februar 2025

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

13 snedne lag stilte til start på vårens andre og sesongens åttande quiz.

Totalsnittet enda på 58,5 poeng.

Sju lag kom seg over 60 poeng, og lyt få godkjent.


Etter fråvær på førre quiz, var Bjelland Juletre og Pyntegrønt tilbake i manesjen og tok like så godt heim sigeren. Pallen vart komplettert med QF og Bezzerquizzerz.

Dagens tankevekkarar: Har alle lært seg korleis den nye Brann-trenaren ser ut no? Kan han vera den nye Zara Larsson? Og hugsar de kven som komponerte operaen Figaros Bryllup? Det vert spanande å sjå om disse nøttene kjem for tredje gong på rad på neste quiz :-)


To stk gratisbillettar til konsert med Sigvart Dagsland laurdag 15.februar vart trekt ut. Det heldige laget denne gong var DMDC. God konsert!

Dersom de ikkje har tinga billett, kan de gjera det HER.


Quizvert for sesongens åttande quiz var Sverre.

Vel møtt til ny quiz med Sverre (igjen!) om snaue to veker, torsdag 20. februar..


Resultat quiz 8 av 12 sesongen 2024/2025 - 6.februar:

(Trykk på bileta for større visning)






Samanlagt:






Alle spørsmål med fasit:








torsdag 23. januar 2025

Torsdagsquiz 7 - 23.januar 2025

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

12 nyttårsfriske lag stilte til start på vårens første og sesongens sjuande quiz.

Totalsnittet enda på litt stusselege 51 poeng, så alle har nok ikkje heilt vakna etter julaferien.

Seks lag kom seg over 50 poeng, og bør få godkjent.

Det var jamnt i toppen halvvegs. Best var Bezzerquizzerz som med sine 29 poeng hadde fått eitt lite poengs forsprang på LAMP AS, medan jentene på Quizedillas følgde på tredjeplass 3 poeng bak.

Men Bezzerquizzerz var i det umoglege hjørna denne kvelden. Med imponerande full pott og 16 poeng på det utfordrande tredjearket, god score på den lette blandinga og samtlege bilete rette, vart det utklassingssiffer til slutt. Med heile 73 poeng og kun 7 feilsvar enda dei heile 12 poeng føre lag nummer to.

Pallen vart komplettert av nettopp laga som låg på dei same plasseringane halvvegs. Sølv til LAMP AS og bronse til Quizedillas.

Tankevekkar 1: 4 av 12 lag trur Sabrina Carpenter må vera Zara Larsson! Oppsiktsvekkande!

Tankevekkar 2: Det er framleis etternamna som gjeld på biletearket. At somme vert forbausa over at kallenamn ikkje gir poeng må seiast å vera interessant.

Sidan Roald gjer slik ein framifrå jobb med å booka artistar og band til Arena, syns me i quizgjengen at litt konsertbillettar lyt gjeninnførast dette året. Kvar quiz framover vil det trekkjast ut 2 stk billettar til heldige quizarar.

Dette gongen var det laget La Elva Leve som var dei heldige. Dei får gleda av fantastiske Valentourettes laurdag 1. februar. Har du ikkje sikra deg billett? Fortvil ikkje!

Billettar til Valentourettes finn du HER.

Alle billettar finn du HER.

Quizvert for sesongens sjuande quiz var Jon, med Alena og Mikkan i baren.

Vel møtt til ny quiz med Sverre første torsdag i februar!


Resultat quiz 7 av 12 sesongen 2024/2025 - 23.januar:

(Trykk på bileta for større visning)






Samanlagt:









Alle spørsmål med fasit:








torsdag 28. november 2024

Torsdagsquiz 6 - 28.november 2024

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

16 lojale lag stilte til start på haustens sjette og siste quiz.

Mot normalt enda snittet på samtlege fem quizark på over 11 poeng. Veldig bra.

Totalsnittet enda på dryge 58 poeng.

14 av 16 lag kom seg over 50 poeng, medan heile 7 lag tippa over den magiske grensa på 60 poeng.

I toppen landa nokre trufaste gjengongerar: Quizedillas nr 7 (61p), Har Det På Tunga nr 6 (62p), FIA HOFA nr 5 (63p), LAMP AS nr 4 (66p).

Pallen denne gong: Bezzerquizzerz nr 3 (66p), Bjelland Juletre og Pyntegrønt nr 2 (69p) og vinnar Quizteleg Fjolleparti med 70 poeng.

Tankevekkar: Kun 8 av 16 lag veit kven Zara Larsson er! Oppsiktsvekkande!

Quizvert for sesongens sjette quiz var Jon, med Alena og Melissa Madeleine i baren.

Vel møtt til nye quizar på nyåret.

God jól!

Resultat quiz 6 av 12 sesongen 2024/2025 - 28.november:

(Trykk på bileta for større visning)







Alle spørsmål med fasit:








Torsdagsquiz 5 - 14.november 2024

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

Heile 21 stilige lag stilte til start på haustens femte quiz.

Quizvert for sesongens femte quiz var Sverre.

Resultat quiz 5 av 12 sesongen 2024/2025 - 14.november:

(Trykk på bileta for større visning)







Alle spørsmål med fasit:








søndag 3. november 2024

Torsdagsquiz 4 - 31.oktober 2024

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

Heile 23 fenomenale lag stilte til start på haustens fjerde quiz.

Snittet på totalscoren enda så lavt som 50,1 poeng denne gong. Det må nok skuldast eit knippe kinkige spørsmål kombinert med eit halvdusin lag som preseterte under pari.

Som sagt var det heile 23 lag denne kvelden. Gledeleg! Med uvêret Jakob ute var det prima quizforhold. 23 lag er nok rekord for dei siste år. Om underteikna minnast rett var det vore 25 lag. Kan det toppast på neste quiz 14. november?

Dei aktuelle spørsmåla var overkomelege med eit snitt på 11,7 poeng. Beste lag var Bezzerquizzerz som fleska til med full pott. Det nye lget Quiztlakk og Bjelland Juletre og Pyntegrønt nøyde seg med éin liten feil, medan både QF, FIA HOFA, Dei Sporadiske og The Simpsons Sørheims scora gode 14 poeng.

Mykje gode scores på musikk / underholdning vart det óg. Snittet enda på sylsnaue 10 poeng og beste lag var Quizedillas og La Elva Leve med 15 poeng. Utfordringa for kvelden var å hugsa godaste Amanda Marshall sin Let it rain frå 1995.

Halvvegs var det delt i toppen, der både Bezzerquizzerz, Quiztlakk og La Elva Leve hadde pjåta ned 28 poeng i banken.

Etter pausen var det duka for sport og Halloween. Mykje bra svar jamt over her óg. Snittet gjekk like under 11 poeng og beste lag var LAMP AS med 15 poeng.

Så skulle dei grå håra pleiast på siste spørsmålsark. Den lette blandinga var, som ofte, over middels vrien denne kvelden. Snittet gjekk på 8,2 poeng og berre åtte lag scora tosifra. Best var QF med sterke 14 poeng.

Til slutt skulle kveldens bileteark både gleda nokre lag, frustera andre og ikkje minst forvirra underteikna. Snittet sneik seg like under 10 poeng. Best var Bezzerquizzerz med full pott, medan Quizedillas kapra 15 poeng.

Forvirring, sa du? Jada. Med Alena, som fast samlar inn, sorterar og kvalitetssikrar alle scores på biletearka, vekke denne kvelden, måtte quizmaster gjer dette sjølv. Det mislukkast. Tre bileteark klarte å byta plass i bunken, noko som resulterte i feil sluttscore på tre av laga. Dette skulle få store konsekvensar for pallplasseringane.

1. Bezzerquizzerz fekk andreplassen og gåvekort på 300kr. Dei enda eigentleg på tredjeplass.

2. Quizteleg Fjolleparti vart utropt til vinnar og gåvekort på 500kr. Dei enda reelt på andreplass.

3. Quizedillas hadde paradoksalt nok kveldens høgaste jubelrop for sin tredjeplass og gåvekort på 200kr. Sanneleg vann dei ikkje heile quizen då scoren frå biletearka vart retta opp. Same score som QF, men poenge føre på biletearket.

Så, gratulera til Quizedillas, de får gi beskjed i baren og be om 300kr ekstra på kortet dykkar på neste quiz, så får heller den slurvete quizmaster ta resten på eiga kappe. Samt longskjemst ut året.

Quizvert for sesongens fjerde quiz var Jon, med Filippa og Melissa Madeleine i baren.

Vel møtt til ny quiz torsdag 14. november med Sverre.

Resultat quiz 4 av 12 sesongen 2024/2025 - 31.oktober:

(Trykk på bileta for større visning)








Samanlagt:








Alle spørsmål med fasit:








torsdag 17. oktober 2024

Torsdagsquiz 3 - 17.oktober 2024


 


Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

14 vakre lag stilte til start på haustens tredje quiz.

Snittet på totalscoren enda på snaue 58 poeng og det var LAMP AS som vann quizen denne gong.

Quizvert for sesongens tredje quiz var Sverre.

Vel møtt til ny quiz torsdag 31. oktober, altså på sjølvaste allehelgensaftan.

Resultat quiz 3 av 12 sesongen 2024/2025 - 17.oktober:

(Trykk på bileta for større visning)






Samanlagt:







Alle spørsmål med fasit: