onsdag 16. august 2017

Torsdagsquiz på Arena

Torsdagsquiz på Arena Haust 2017





Tid igjen til haustens fyrste quiz:


Torsdag 07. september 2017 er altså dagen. Ein ny quizsesong startar!

16 torsdagar framover mot jul skal det tevlast om både gåvekort, kinobillettar, jackpotar, heider og ære. Kanskje det også denne sesongen vankar konsertbillettar på nokre dyktige/heldige sjeler?

Oppsettet vert om lag som tidlegare:
  • 4 quizrundar:
    1. Aktuelt
    2. Musikk / Film / TV 
    3. To tema som vil skiftast frå quiz til quiz
    4. Lett blanding
  • Bileteark
  • Jackpotquiz
Maks 8 deltakerar per lag. To minuspoeng per deltakar over dette.

Likevel vert det noko nytt:
  • Sverre er vraka som quizmaster. Han vart etter sigande for dyr i drift. Heilt sidan april har rykta gått på kven som vil ta over. Dette skal no vera klart og vil bli offentleggjort 7. september.
  • Geir er vraka som musikkquizvert. Her vil de ikkje lenger høyra songtittelen etter 5 sekund, så det oppmodast om å høyra seg opp på både ny og gamal musikk framover.
  • Jackpotquizen vert modifisert. Her vil det trekkjast 4 lodd. Dei 4 kandidatane vil så tevla om jackpoten.

Denne sida kjem til å verta oppdatert med både spørsmål og fasit (etter quizen er heldt), samt samanlagtstilling og anna informasjon.

Er du klar?

Har du laget ditt klart?

Velkommen til quiz!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar