torsdag 12. april 2018

Torsdagsquiz 14 - 12.april 2018





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

14 spenstige lag deltok denne strålande kvelden. Snittscoren var på snaue 57 poeng av totalt 85 moglege. Kun 4 av 14 lag kom seg over den magiske 60 poengs grensa denne gong.

På ein strålande varm dag var me klare for vårsesongens nest siste quiz. Det knytte seg spaning i både kampen om samanlagtsigeren og kampen om tredjeplassen. Då klokka nærma seg 20.00 og Lex Lodney enda ikkje hadde vist seg, låg det an til at HBO kunne få ein enkel veg mot pallen. Så sant dei ikkje ville kollapsa totalt då?!

Som vanleg byrja me med aktuelle spørsmål frå både nært og fjernt. Med eit snitt på over 16 poeng på spørsmåla skulle dei fleste få ein god start. Blanda Drops og HBO best med sine 19 av 21 poeng. Spørsmåla flest sleit med var Frp-politikar Njåstad og den kanadiske provinsen Saskatchewan (kun 3 lag hadde denne). Elles litt rusk på både Bjørgen og Hegle Svendsen. På resten av spørsmåla var de gode. Underteikna må berre bøya seg i hatten.

Litt ymse innsats på musikken i kveld. Omlag halvparten av laga tok dei to første med rett både band og låt. Berre éitt lag visste U2 låta: HBO. Black Eyed Peas visste 12 av 14 lag, medan halvparten av laga tok Kings of Leon med rett låt. Best på musikken var nettopp HBO som scora 10 av 10. På film -og TV-delen var det Demolition Man som var vanskelegast. Berre fem lag tok denne. Elles brukbar innsats. Heile 13 av 14 lag hugsa karakterane frå Pretty Woman. Best på denne delen var HDPT, Blanda Drops og Spionane som kunne setta 7 av 8 oppnåelege poeng i banken. Totalt sett på arket var det Blanda Drops som var best med sterke 16 poeng. Veldig bra jenter + Reidar!

Rop Ut Quizen vart ein finale mellom Caroline frå Furuly 4 Ever og Oddmund frå HBO. Caroline var einaste i salen som hadde kontroll på Bruno Mars, medan Oddmund kan sin USA-geografi. Rett svar på kva delstat Camp David ligg i: Maryland. Bra! I finalen handla det om 10-årsjubileet til Operahuset, og Oddmund sikra seg B2B Rop Ut Quiz sigrar med rett svar før spørsmålet var ferdig stilt. Well done og god tur på kino!

Halvvegs var det Blanda Drops og HBO som hadde fått ei luke ned til resten av laga. Blanda Drops best med strålande 35 poeng. HBO poenget bak.

For underteikna ville nok dagens kategoriar på tredjearket vert draumekategoriar dersom ein sjølv skulle delteke på quiz. Historisk Geografi og Musikalsk Geografi var tema, og det var knytt spaning til kor bra laga kom til å løyse dette. På historiedelen tok like greit tre lag full pott med 8 poeng: Dei Hjelpelause, HBO og BJoP. Sterkt! Dei var dei einaste som prikka inn tidlegare hovudstad i Sør-Yemen, nemleg Aden. Elles var spørsmålet om Polen denne kategoriens nøtt. I tillegg til dei tre nemnte laga var det berre to andre lag som tok denne. Ølen, Beograd, Iran og Thailand kunne dei alle fleste, medan halvparten av laga tok Nixon og Vietnamkrigen. På musikkdelen var det ingen som klarte alle dei rette svara, men heile sju lag henta 7 av 8: Anyohaseyo, BJoP, HBO, A Walk in the Park, HDPT, Blanda Drops og QF. Stort sett bra på dei fleste spørsmål her, med unntak av to: Berre 6 av 14 lag hadde både Stanley Jacobsen og rett heimkommune Sveio. Mest rystande var det at visesongar Vidar på BJoP her tippa Jacobsen var frå Masfjorden. Kva er det ungomen seier? LOL? Dei revansjerte seg litt med å vere einaste lag som tok hovudstaden på Barbados. Bravo! Totalt sett på tredjearket var det HBO som var best med sine 15 poeng. Imponerande!

Lett Blanding skulle bli litt verre enn vanleg i kveld. Snittet enda på litt skuffande 9,4 poeng. God kunnskap av mange lag, og dei 8 første spørsmåla gav bra utteljing. Overraskande mange fekk problem med læra om lys, medan mange gjekk for feil motorsykkelmerkje. Elles bra. Verst var likevel det å skrive dei amerikanske byane rett. Berre to lag klarte alle tre: HBO og Sviskene. På dei 7 dødssyndene var det òg mykje grums. Kun éitt lag var påskrudd og tok alle 4: HBO. Med 15 av 15 poeng på HBO tok dei innersvingen på alle dei andre. Nest beste lag BJoP heile tre poeng bak. Godkjent score på HDPT, Anyohaseyo og Fonna i Krise med sine 11 poeng òg.

Om Lett Blanding var litt vrient i kveld, skulle det likevel visa seg at det var biletearket som var verst. Eit snitt på dryge 8 poeng er utanom normalen. Dei Sporadiske var best med sine gode 12 poeng. QF godkjent med sine 11 og HBO og Sviskene OK med sine 10. Resten av laga sleit.

Totalt sett så var det ingen verdens ting å gjere med HBO i kveld. Dei utklassa dei andre og vann med heile 11 poeng føre BJoP på andre og 12 poeng føre Blanda Drops på tredjeplass.

Kveldens resultat vil seie at me allereie éin runde før slutt har ei avgjerdsle i samanlagtkampen. Bjelland Juletre og Pyntegrønt er meistrar, Quizteleg Fjolleparti tek sølvet, medan Heise Bra Opplegg tek bronsen. Godt jobba heile gjengen! Rekna med de alle stiller på siste quiz og viser kven som er lurast?!

Det var den crazy gjengen på laget Dei Sporadiske som vart trekt ut som glade vinnarar av to gratisbillettar til konsert med Sagvåg Musikklag og Sigurd Sele på Arena den 20.april. God fornøyelse!

Quizvert var Jon, med groovy Geir som barsjef og awesome Alexandra som servitør.

Takk for ein praktfull kveld og vel møtt igjen torsdag 19.april til sesongens siste quiz!

Resultat quiz 14 av 15 våren 2018 - 12.april:
(Trykk på bileta for større visning)










Samanlagtstilling etter 14 av 15 rundar:













Alle spørsmål med fasit:








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar