fredag 11. januar 2019

Torsdagsquiz 1 - 10.januar 2019





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

18 festlege lag deltok og snittscoren var denne gong på fine 62,4 poeng av totalt 80 mulege. Heile 12 skarpe lag kom seg over 60 poeng på årets første quiz.

Superlaget Lex Lodney, som måtte ta til takke med den sure fjerdeplassen samanlagt før jul, kom som vanleg best i gong i det nye året. Full pott og 16 poeng på dei aktuelle spørsmåla. Godkjent også av Bjelland Juletre & Pyntegrønt, Quizteleg Fjolleparti, Tors Utvalgte, Dei Sporadiske, Fonna i Krise og Quizzedillas som alle fekk 15 poeng. Snittet enda på dryge 13 poeng.

På Musikk og Underholdning enda snittet på uvanleg sterke 14 poeng. BJoP var best og imponerte med alt rett. Nest best var QF, Heise Bra Opplegg og Litt Arbeid, Mest Pause, avd Stord som alle makta 17 poeng av dei 18 mulege.

Oppsummert halvvegs gav dette leiing til BJoP med 33 poeng, føre QF med 32 poeng og Dei Sporadiske med 31 poeng.

Første spørsmål på Rop Ut Quizen var: "Kva sjukdom spesialiserar ein onkolog seg på?" Dette visste Line frå QF og kunne dermed gjere seg klar for finalen. Rett svar: kreft. Andre spørsmål var: "Kva er det norske namnet på metabolisme?" Her var Oddmund frå HBO først ute med rett svar: Stoffskifte. I finalen fekk dei spørsmålet: "Kva bilprodusent har modellen Fabia?" Oddmund visste svaret, Skoda, og vann dermed årets første kinobillettar. Gratulera!

Tredjearket hadde denne gong dei gamle standardkategoriane Sport / Geografi. Snittet enda på snaue 13 poeng. BJoP som leia halvvegs fleska til med alt rett som einaste lag. Heile seks lag kom frå det med ein liten feil og klokka dermed inn på 15 poeng.

På arket med Lett Blanding må det ha vert litt verre vanskelegheitsgrad på spørsmåla. Ingen lag tok full pott og snittet enda på moderate 10,6 poeng. Best var HBO med fine 14 poeng. Fem lag fekk 13 poeng.

Biletearket var overkomeleg denne veka, og heile fire lag kunne namnet på alle dei 15 fjesa: BJoP, QF, Dei Sporadiske og LAMP. Snittet var på 11,8 poeng.

Totalt var BJoP overlegne med sine 77 poeng. Kun tre feil er intet anna enn imponerande. Det skjer ikkje neste veke! Hehe. QF kom på ein like klar andreplass med sine 74 poeng, også det ein god sluttscore. Tredjeplassen gjekk gledeleg til Quizzvazz, som slo Tors Utvalgte på høgast score på enkeltark. Begge enda på 70 poeng og hadde like mange rette bilete.

Ekstrapremien (og mulegvis eit plaster på såret for å enda desidert sist) gjekk i kveld til det nye laget Vorslaget. Dei fekk med seg to fripass til 100 dagar på Arena i slutten av månaden. God fornøyelse!

Quizvert var Sverre, med Marie og Geir i baren.

Resultat quiz 1 av 14 våren 2019 - 10.januar:
(Trykk på bileta for større visning)












Alle spørsmål med fasit:







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar