fredag 1. februar 2019

Torsdagsquiz 4 - 31.januar 2019





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

19 velsigna lag deltok og snittscoren var denne gong på litt lave 49,2 poeng av totalt 80 mulege. Elleve av laga kom seg over 50 poeng.

Etter tre quizar med 17-18 lag vart det i kveld ny rekord for året med fine 19 lag på startstreken. Dei skulle få brynt seg godt på førstearket. Kun éitt lag kjende til Sivert Bjørnstad på det politiske innleiingsspørsmålet. Mykje grums på svensk politikk var det òg. Dei fleste scora bra på handballspørsmålet, kanskje med unntak av HBO. For som vanleg er dei heilt blanke på det dei kallar for "hands". Elles var det jamnt over grei innsats utan at nokon av laga gjorde storeslem. Snittet enda på om lag 10 poeng av dei 16 oppnåelege. Beste lag var BJoP, LAMP og QF som alle stonga inn 13 poeng.

Som så ofte før hadde kveldens quizvert overvurdert quizlagas kjenskap til musikk. Den er framleis litt for laber. Og det er nok muligens ikkje noko ein kan lære seg over natta. Nokså bra innsats var det likevel på dei to nyaste låtane, men heller trist på dei tre eldste. Riktignok var det fleire som kjende att både legendariske Rainbow og Hadmarksbandet Return. Også Skånevik Bluesfestival sitt trekkplaster for sommaren, Live, var det fleire lag som tok. Låta derimot, den hadde ingen. På underholdningsbiten kom også mange lag i trøbbel. Kun to av laga kunne minnast både Lunnan og Kiran frå 5PÅ!-programmet som gjekk på NRK på 80/90-talet. Mange blanda snørr med bart og prøvde seg både med Knut Bjørnsen, Per Jorsett og Lucy Smith her. Skal me freista eit spørsmål om Kvitt eller Dobbelt neste gong kanskje? Hehe. Fleire gode tips på kva Hobbiten-filmane heitte kom òg inn. Nokre sneik til seg poeng her, men dei fleste lag leverte tynn suppa. TV-serien SKAM hadde dei fleste kontroll på. Enten det, eller så tippa dei godt. Hehe. Snittet enda uansett på katastrofale 7,9 poeng, så me får sjå om det ikkje må justerast til litt meir fordøyelege musikalske innslag til neste gong. Kanskje Geir må spela nokon av låtane han har spela før. Nokon som mest truleg meinar det er dette nivået me bør liggja på er BJoP. Dei imponerte med 17 av 18 poeng. Flott innsats som gleda eit quiz-hjarta.

Halvvegs hadde BJoP tatt ei solid leiing med råsterke 30 av 34 poeng på ein litt småvrien start. På andreplass låg LAMP med fine 27p, medan QF og Dei Sporadiske hadde plassert seg på delt tredjeplass med sine 22p.

Atle frå Quizzedillas (kor mange lag deltar denne mannen eigentleg på?) var på hugget på Rop Ut Quizen denne kvelden. Der alle andre var blanke drog han opp kunnskap frå ungdomen og nagla Ole Høiland på spørsmålet om kven som rana Noregs Bank i 1835 ved å fila ein nøkkel etter hukommelsen. I finalen skulle han møta Oddmund frå HBO. Han var først ute med rett svar på kva vanleg tysk etternamn som tyder Bonde på norsk: Bauer. I finalen fekk dei følgjande spørsmål: Kva kallar me nordmenn det som dei på Island kallar for Vegabréf? Her vart det stille. Dei to kandidatane tenkte seg godt om. Til slutt gav Oddmund opp og meldte pass. Det var ikkje dumt, for det var nemleg rett svar! Gratulera og god kinotur!

Etter ein, for mange lag, litt traurig start på kveldens quiz, kunne dei fleste revansjera seg på tredjearket. Geografisk Sport og Matvanar såg ut til å fengja. Snittet enda på dryge 11 poeng av 16 mulege. Gledeleg å sjå at Quizzvazz og Har Det På Tunga lukkast og kunne triumfera over dei andre med sterke 15 av 16 poeng. Godt levert! Arkets "neter" som flest lag bomma på var Englands største "One Club" by, nemleg Leeds, samt kva land drikken Soju er den mest populære (Sør-Korea). Elles var det veldig bra av dei fleste lag.

Lett Blanding skulle òg verta eit godt ark for fleire. Snittet enda på snaue 11 av 15, og nok ein gong var det Quizzvazz som imponerte mest. Dei tok 14 av 15 poeng. Vanskelegaste spørsmåla var dei om Wien - Tsjekkia og dei norske kommunane på J. Mange ville ha med både Jessheim, Jæren og Jørpeland her. Du verden! Nordiske språk og edelgassar var veldig mange lag gode på. Bra!

Etter førre veke der heile 8 av 17 lag tok samtlege bilete og snittet låg på vannvittige 13,5 poeng, låg det i korta at det måtte justerast på nivået til denne veka. Det er jo ikkje Junior-Quiz me driv med, er det? Hehe. Kveldens bileteark gav eit snitt på snaue 10 poeng av 15, noko som er godkjent. Beste lag var BJoP som hadde 13 rette. Mykje diskusjon rundt snigelen, med mange teoriar og lag som freista fiska etter informasjon. Dei fleste (14 lag) løyste oppgåva rett til slutt. Elles var utfordringane å dra kjensel på Nina Dobrev (7 lag), litt grums på Queen og Havhesten. Dei Sporadiske var forøvrig svært nøgde med bilete nummer 12. Flott sveis! Fem lag kjende att triatleten, medan andre prøvde seg på f.eks.: Klitsjko, Jostein Sydnes, Kjell Storelid, Per Jorsett(!), Kurt Cobain, Sting og til slutt Sverre Sørensen. Hahaha. Moro!

Det vart aldri spanande mtp kven som i kveld skulle vinna quizen. BJoP var totalt suverene og cruisa inn til overlegen siger med 67 poeng, heile seks poeng føre neste lag. Sølvet gjekk til LAMP som då enda på 61 poeng, medan Quizzvazz tok ein flott tredjeplass med sine 58 poeng. Sterke lag som HBO, Dei Sporadiske og QF var alle henvist til dei delt fjerdeplass med sine 57 poeng.

Ekstrapremien gjekk i kveld til det nye laget Gonzales, som hadde årets russepresident Eldøy i sine rekkjer. Om ikkje quizresultatet vart heilt det store fekk dei likevel med seg tre gratisbillettar til Afterski på Arena laurdag kveld. God fornøyelse!

Quizvert var Jon, med Marie og Bertine i baren.

Resultat quiz 4 av 14 våren 2019 - 31.januar:
(Trykk på bileta for større visning)













Samanlagtstilling etter av 14 rundar:















Alle spørsmål med fasit:








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar