fredag 15. mars 2019

Torsdagsquiz 9 - 14.mars 2019





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

15 snedne lag deltok og snittscoren var denne gong på finfine 58,8 poeng av totalt 80 mulege. Heile ti av laga kom seg over 60 poeng.

Det skulle altså bli slik denne kvelden at begge dykkar favorittquizvertar skulle dukke opp. Og jommen santen trudde begge at dei skulle halde quizen. To knakande gode, heilt ulike, quizar var også laga. Kommunikasjon! Huff. Dette har då forplanta seg frå då Sverre var snufsen og heile timeplanen vart snudd på hovudet. Ikkje enkelt. Uansett enda det med at den som var først til mølla fekk gleda av å halde quizen denne kvelden, medan Sverre måtte ta til takke med å ta seg eit glas og vere deltakar på QF sitt eminente lag.

Første runde vart forholdsvis grei skuring for veldig mange lag. Snittet enda på sterke 13,1 poeng og det var BJoP og Dei Sporadiske som imponerte mest. Dei prikka begge inn full pott og 16 poeng. Også kudos til LAMP, Quizedillas, Hard Det På Tunga og Blanda Drops som alle fekk med seg 15 poeng. Svara laga sleit mest med var Snøhetta, Ballett, Salt Lake City og dei ulike greinene i Farmen. Nokon sausa det også til med feil årstal frå då Stephen Hawking la inn årane. 2018 der altså, så tida går ikkje såååå fort.

Andrearket skulle gi liv til litt lått og løye i kveld. I alle fall for dei som tok vitsen. Samtlege av kveldens låtar heitte altså det same. Tolv av laga skjøna dette. Kva dei resterande tre laga har tenkt på får me nok aldri greie på. Uansett var det altså fem bonuspoeng å hente på musikken, ein kategori som har vist seg å ta knekken på både den eine og andre tidlegare. Best av alle på musikken var HBO som kunne alt og tok ti poeng. Nøtta var nok The Animals, sjølv om også fleire sleit med Talk Talk. Underholdningsspørsmåla skulle heller ikkje vere all verdens vriene i kveld. Og mange scora gledeleg nok bra. Svaret færrast hadde var Roberto Benigni. HBO var best med 18 poeng og full pott totalt på arket, medan BJoP får få med seg ein pjuskete bukett for sine 16 poeng. Fire lag tok 15 poeng. Snittet enda på fine 13,1 poeng.

Halvvegs var tre lag i delt leiing med 31 poeng: BJoP, LAMP og Dei Sporadiske. Dei hadde eit heilt poeng forsprang ned til Blanda Drops og HBO som runda på 30 poeng.

Rop Ut Quiz duellen skulle i kveld stå mellom Lene frå Quizedillas og Stian frå Lex Lodney. I finalen var dei svar skuldig når det kom til spørsmålet om kva plante som er å sjå i logoen til taco-merket Old El Paso. Kaktus, der altså. På finalespørsmål nummer to var Lene på hugget. Kva kallast det danske flagget? Riktig, Dannebrog. Godt levert og god tur på kino! Du tar vel med søster di då?

Ark 3 dreia seg om kva ein finn på butikken og pi. Dette må ha fenga, for snittet enda på feiande flotte 12,5 av 16 poeng. Best av alle var Fonna i Krise og Dei Hjelpelause som tok 15 poeng. Utfordringa på butikkspørsmåla var nok fargane, medan regissøren av Historien om Pi skapte mest hovudbry for laga i kategorien Pi.

Greie resultat vart det også på arket med Lett Blanding. Snittet enda på 11 av 15. Best lag var HBO med 14 poeng. Overranskade få hugsa DVD-Jon, fleire lag blanda kne med ankel og nokon sleit med å få definert verdas største øyar. Sjølv om QM opplyste at kontinent ikkje vert rekna som øyar, var det likevel fleire som freista trumfe dette gjennom. Du verden. Elles litt oppsiktsvekkande at så mange ikkje er kjent med Sølvpilen. Her må de ta tak, folkens!

























Biletearket gav oss ein litt lav snittscore på dryge 9 poeng denne kvelden. Beste lag var Dei Sporadiske, QF og LAMP med sine 13 poeng. Nokon som framleis bommar på Zara Larsson? Hehe.

Det vart jamnt i toppen også denne gong. Berre to poeng skilde dei fire beste laga. HBO måtte ta til takke med den grusomme fjerdeplassen, medan Dei Sporadiske tok ein fortent tredjeplass etter å ha levert ein stødig og god quiz. Det må likevel ha vert litt bittert, sidan dei berre mangla éitt fattig poeng på ein potensiell siger. Den kampen skulle derimot stå mellom BJoP og LAMP. Begge lag enda på 69 poeng, men det var LAMP som viste seg sterkast på bileta og dermed tok heim sigeren. Gratulera så mykje både til vinnarlaget og dei andre pallplasserte laga.

Ekstrapremien gjekk i kveld til Dei Hjelpelause som fekk billettar til Bjørn Berge sin konsert på Arena 26.april. Det blir nok bra!

Quizvert var Jon, med Marie og Marita i baren.

Vel møtt igjen neste torsdag 21.mars, då er Sverre tilbake i manesjen med nok ein vrien quiz.

Resultat quiz 9 av 14 våren 2019 - 14.mars:
(Trykk på bileta for større visning)












Samanlagtstilling etter 9 av 14 rundar:













Alle spørsmål med fasit:








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar