fredag 6. mars 2020

Torsdagsquiz 8 - 5.mars 2020





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

13 trufaste lag deltok og snittscoren var denne gong på småfine 58,6 poeng. Fem av 13 lag kom seg over 60 poeng.

Vinnar av kinobillettar: Atle frå Fonna i Krise
Vinnar av konsertbillett (Ford Rekord 14.mars): Lex Lodney (Bord 1)
*Oppdatert: Sidan konserten med Ford Rekord vart avlyst ber me Lex Lodney om å ta vare på gåvekortet sitt, så får de eit nytt på ein kommande konsert.

Om det er frykta for coronaviruset eller andre ting som gjorde at berre 13 lag tok turen denne kvelden er uvisst. Likevel skulle dei trufaste laga som tok turen få ein fin kveld med mykje knakande gode spørsmål, samt godt i glaset og god mat for dei som handla i baren.

Førstearket gav dei fleste lag ein god start. Spørsmåla var ikkje for vanskelege, og det var berre nebbete Anders frå HDPT som klaga. Ikkje på spørsmåla, men på eige kunnskapsnivå. Med berre ni poeng og desidert dårlegast score i klassen, må dei nok opna augene komande veke for å kunne hengje med i balletten. Beste lag var QF, LAMP AS og Lex Lodney. Dei oppnådde 15 poeng.

Andrearket med musikk og underholdning skulle heller ikkje vere for vanskeleg. Snittet enda på snaue 11 poeng, så brorparten av laga var nok godt nøgd. Laget Toppetasjen var dei einaste som klaga på at dette var altfor vanskeleg. Med pinlege 5 poeng kan jo det forstås. Kanskje me skal laga eit eige juniorark med musikk og underholdning til dei ved neste høve, slik at me unngår fortviling og sure miner? Hehe. Uansett, kjekke damer er de, og vonleg ikkje hårsåre. Beste lag på ark 2: LAMP AS med sterke 15 poeng.

Halvvegs var det LAMP AS som hadde kome best i gong. Berre to feilsvar gav dei ei luka på to poeng ned til QF. Etter dei låg laga som perler på ei snor.

Tredjearket var denne kvelden ein hyllest til alle kvinner ifm kvinnedagen førstkomande søndag. Og det kunne sjå ut som laga likte spørsmåla. Med eit snitt på 12,8 poeng leverte dei aller fleste bunnsolid på både husvask og baking. Best var BJoP som fleska til med full pott og 16 poeng.

Også arket med Lett blanding gav eit bra snitt med 11,5 poeng. Merkeleg nok var det mange som sleit med rett namn på sekretæren til Onkel Skrue. Nokre prøvde seg med frøken Vagle. Andre med frøken Rable. Jøye meg. Og frøken Fryd? Du verden. Elles var det mykje god kunnskap. Beste lag var BJoP, QF og HBO som alle henta 14 poeng.

Best på biletearket: BJoP og Besserquizzers med 15 poeng. Sterkt!

Vinnar av kveldens quiz: Bjelland Juletre og Pyntegrønt.

Quizvert var Jon, med Geir som ryddehjelp og Martine som barsjef.

Quiz nummer ni vert om seks dagar: torsdag 12. mars.

Resultat quiz 8 av 14 våren 2020 - 5.mars:
(Trykk på bileta for større visning)










Samanlagt:


















Alle spørsmål med fasit:








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar