mandag 17. oktober 2022

Torsdagsquiz 3 - 13.oktober 2022

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

13 solide lag stilte til start. Snittet enda på 56,5 poeng. Tre av tretten lag kom seg over 60 poeng.

Det vart som lova ein litt meir utfordrande quiz denne tredje quizkvelden. Sjølv om det var haustferie stilte folk opp mannsterke, og såg ut til å kosa seg. Quizen kan ikkje ha vore for vanskeleg, for samtlege omgongar gav snitt på over ti poeng. Einaste antydning til fortviling kom frå Har Det På Tunga som ikkje var overbegeistra for ungdommelege forkortingar.

Halvvegs var det sesongens beste lag QF som leia. Dei runda poenget føre HBO, med Fonna i Krise på tredjeplass, tre poeng bak tetlaget. På dei aktuelle spørsmåla var det nemnte QF, saman med ein skjerpa gjeng i FIA HOFA, som imponerte mest med sine 15 poeng. Ingen lag med toppscore på andrearket med musikk og underholdning, likevel respektabelt av HBO med 13 poeng.

På tredjearket handla det altså om forkortingar, saman med romanar, denne gong. Beste lag vart igjen HBO med fine 14 poeng. I dette øyeblikk var dei i leiing. Sistearket gav eit snitt såpassa høgt som 12 poeng, men ingen klarte å prikka inn alle 16 rette svar. Best var igjen HBO. Med 15 poeng leia dei no med heile fem poeng ned til QF før biletearket.

Likevel var det Quizteleg Fjolleparti som nok ein gong tok sigeren heim. Med full pott på bileta, mot HBO sine pinlege ni rette (kollaps!) holdt det til siger med to poengs margin. Som om ikkje kollapsen på bileta for HBO var nok, sneik også LAMP AS seg forbi og kapra andreplassen.

Vinnarscoren på 66 poeng var også betryggande for quizverten som hadde lova ei raus belønning til det laget som måtte toppa vinnarscoren frå quiz nummer 2 (74 poeng). Mon tru om den eldste av quizvertane vågar gjer det same neste gong han er i manesjen?

Quizvert for sesongens tredje quiz var Jon, med Geir og Alena i baren.

Neste quiz er torsdag 27. oktober.

Resultat quiz 3 av X haust 2022 - 13.oktober:
(Trykk på bileta for større visning)






Samanlagt:










Alle spørsmål med fasit:









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar