torsdag 2. november 2023

Torsdagsquiz 4 - 2.november 2023

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

Fjorten deilige lag stilte til start. Snittet enda på dryge 61 poeng. Ni av laga kom seg over 60 poeng.

LAMP AS vann kveldens quiz med imponerande 75 poeng. Altså berre fem feilsvar. Dette må vere rekord? Her er det berre til å bøye seg i hatten. Quiz: Sa kven?

Fine scores på mange lag i kveld. Best of the rest vart Bezzerquizzers med 71 poeng, noko som resulterte i sølvplass. Bjelland Juletre og Pyntegrønt (med generalen tilbake i manesjen etter lang tid i eksil på Løvenbakken) hanka inn bronseplass med 70 poeng.

Kudos vert òg delt ut til nykommar Sus og Dus (sjølv om det var fleire rutinerte quizhovud) med fjerdeplass. Full pott og 16 poeng på andrearket er sterkt.

Andre lag som gjorde storeslem på enkeltark:

QF, Har Det på Tunga og Quizzedillas med 16 rette bilete, samt FIA HOFA og DMDC med full pott på førstearket.

Tankevekkar: Det er framleis heile FEM lag som endo ikkje har snøring på kven Zara Larsson er. Trur de me ein dag vil sjå samtlege lag nagla det?

Kuriosa - Beste (verste) forslag på kva vinnar av damegullballen heiter:

Antince Bondasen (BJoP) / Agijanfapa (QF). Begge svar var i tillegg skreve såpass utydeleg at det aldri var tvil om at dette aldeles ikkje ville gi poeng. Gode forsøk då. Eller, nei.

Quizvert for haustsesongens fjerde quiz var Jon, med Alex og Alena i baren. InternasJONalt snitt der altså.

To quizar gjenstår før jóleferie - Neste er 16.november med Sverre in charge. Vel møtt!

Resultat quiz 4 av 12 sesongen 2023/2024 - 2.november:

(Trykk på bileta for større visning)






Samanlagt:








Alle spørsmål med fasit:








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar