torsdag 17. oktober 2024

Torsdagsquiz 3 - 17.oktober 2024


 


Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

14 vakre lag stilte til start på haustens tredje quiz.

Snittet på totalscoren enda på snaue 58 poeng og det var LAMP AS som vann quizen denne gong.

Quizvert for sesongens tredje quiz var Sverre.

Vel møtt til ny quiz torsdag 31. oktober, altså på sjølvaste allehelgensaftan.

Resultat quiz 3 av 12 sesongen 2024/2025 - 17.oktober:

(Trykk på bileta for større visning)






Samanlagt:







Alle spørsmål med fasit:








fredag 4. oktober 2024

Torsdagsquiz 2 - 3.oktober 2024

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

16 fenomenale lag stilte til start på haustens andre quiz.

Enormt bra oppmøte. 16 lag og fullt hus på Arena. Vonleg vil folk kjenna si vitjingstid og halda fram med å møta opp på quiz annakvar torsdag utover hausten.

Det var altså sesongdebut for underteikna QM, og det låg ein litt vanskelegare quiz i korta jmfr. haustens første Sverre-quiz.

Fleire lag imponerte likevel stort.

På dei aktuelle spørsmåla leverte laga samla ein snittscore på over 10, noko som må seiast å vera greit. Scoren varierte frå 5 til 15 poeng, med Har Det På Tunga som kvassaste lag. Den gjengen følgjer med på det som føregår i verda. Bra! Spørsmålet flest lag sleit med var namnet på Indonesia sin nye hovudstad. Hugsar alle namnet dersom den vert dratt opp att av hatten om nokre månadar? :-) Det må òg seiast at det var moro å lesa alle dei alternative slektskapsforholda til Prinsesse Beatrice.

Andre arket med musikk og underhaldning varierte frå usle 3 til sterke 15 poeng, dog med eit litt lavare snitt på snaue 10 poeng. Beste lag var LAMP AS, med kun éitt feilsvar. Det var musikken flest lag sleit med denne gong. Ingen hadde full pott her, sjølv om fleire var nære.

Halvvegs var det LAMP AS som hadde kome best i gong med 28 poeng og leiing 2 poeng føre tungvektarlaga BJoP og QF.

Kveldens tredje ark skulle dreia seg om forkortingar og sukkergeografi. Her var fleire lag påskrudd og scoren gjekk frå 9 til 14 poeng. Snitt på 11,4. Beste lag var QF og B-Bordet. Mykje bra svar frå alle lag, sjølv om både OFR, KOLS og HIV gav fleire alternative variantar som ikkje vart godkjent. Fleire prøvde seg òg på at Diplom-Is var frå Drammen og at Haribo var danske. Folk flest kjem nok heller ikkje til å gløyma at Isbjørn-Is er frå Follese på Askøy, og slettes ikkje frå Bergen.

Det skulle visa seg at kveldens sisteark med Tung Blanding skulle vera både mest vrient og utslagsgivande for sluttstillinga. Scoren varierte frå 4 skarve til 13 sterke poeng og snittet enda på katastrofale 8 blank. Kun Bezzerquizzerz og QF lyt vera nøgde med sin score på 13.

Forøvrig mykje gøyale svar på fjerdearket. We All Came to the Mountain? 6,5m tjukktarm? Kor i Milano finn de Prado-museet? Hehe, antar fleire set på Smoke on the Water på Spotify i dag, samt tingar seg ein legetime dersom dei har 5m overskudd på tjukktarm. ;-)

Biletearket såg heldigvis ut til å vera enklare, og snittet enda på snaue 11 poeng. Beste lag var Bezzerquizzerz med 15 rette.

Totalt kom fire lag seg over 60 poeng denne gong, medan halvparten av laga runda 50. I toppen missa Bezzerquizzerz sigeren med éitt lite poeng. 64 poeng heldt berre til tredjeplass. Kampen om sigeren stod mellom QF og LAMP AS, som begge enda på 65 poeng. Her var LAMP AS best på bileta og tok dermed kveldens gull.

Snittet på totalscoren enda på dryge 50 poeng.

Quizvert for sesongens andre quiz var Jon, medan Filippa og Alena regjerte baren.

Resultat quiz 2 av 12 sesongen 2024/2025 - 3.oktober:

(Trykk på bileta for større visning)







Samanlagt:


Alle spørsmål med fasit:

søndag 22. september 2024

Torsdagsquiz 1 - 19.september 2024

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

Heile 15 joviale lag stilte til start på haustens første quiz.

Bjelland Juletre & Pyntegrønt tok sigeren med sterke 74 poeng, medan Har Det på Tunga og Bezzequizzers komplementerte pallen med høvesvis 73 og 72 poeng. Jamnt.

Snittet enda på dryge 58 poeng.

Quizvert for sesongens fyrste quiz var Sverre, medan Filippa og Alena vokta baren.

Resultat quiz 1 av 12 sesongen 2024/2025 - 19.september:

(Trykk på bileta for større visning)









Alle spørsmål med fasit:








onsdag 20. mars 2024

Torsdagsquiz 11 - 7.mars 2024

 




Under følgjer vanlegvis resultat, spørsmål og svar.

Ingen quiz frå QM mottatt = intet referat.

Quizvert for sesongens ellevte quiz var Sverre.

Resultat quiz 11 av 12 sesongen 2023/2024 - 7.mars:

(Trykk på bileta for større visning)

TBA

Samanlagt:

TBA

Alle spørsmål med fasit:

TBA

fredag 23. februar 2024

Torsdagsquiz 10 - 22.februar 2024

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

Heile 17 fenomenale lag stilte til start. Snittet enda på 52 poeng. Seks av laga kom seg over 60 poeng denne gong.

Bjelland Juletre & Pyntegrønt tok nok ein siger med sterke 74 poeng og held dermed samanlagtleiinga. Quizteleg Fjolleparti var tilbake på pallen med andreplass, medan Bezzerquizzerz tok tredjeplassen.

Quizvert for sesongens tiande quiz var Jon, med Alena og bursdagsjenta Alexandra i baren.

Resultat quiz 10 av 12 sesongen 2023/2024 - 22.februar:

(Trykk på bileta for større visning)







Samanlagt:










Alle spørsmål med fasit:








fredag 16. februar 2024

Torsdagsquiz 9 - 8.februar 2024

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

14 stilige lag stilte til start. Snittet enda på snaue 59 poeng. Halvparten av laga kom seg over 60 poeng denne gong.

Bjelland Juletre & Pyntegrønt tok sigeren og dermed over samanlagtleiinga. Det er dog jamnt i teten, med tre quizar att før påskeferie.

Quizvert for sesongens niande quiz var Sverre, med Alena og Martine i baren.

Resultat quiz 9 av 12 sesongen 2023/2024 - 8.februar:

(Trykk på bileta for større visning)






Samanlagt:









Alle spørsmål med fasit:








fredag 26. januar 2024

Torsdagsquiz 8 - 25.januar 2024

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

Kun 10 trufaste lag stilte til start. Snittet enda på snaue 54 poeng. For vanskeleg? Berre to av laga kom seg over 60 poeng denne gong, medan åtte lag var 50 poeng +.

Det låg i korta at denne vekas quiz ville bli ein smule vanskelegare grunna dei oppsiktsvekkande resultata for to veker sidan. Slik skulle det også bli.

Brorparten av laga fekk likevel ein god start på eit ikkje altfor drygt førsteark med aktuelle spørsmål. De følgjer godt med på det som rører seg. Beste lag var Bezzerquizzerz og Har Det På Tunga med 15 poeng, med BJoP og FIA HOFA hakk i hæl med 14 poeng. Snitt: 11,8 poeng.

Om førstearket var høvesvis greit, var andrearket med musikk og underhaldning tydlegvis endo greiare. Her enda snittet på heile 12,3 poeng. Ingen tok likevel full pott. Bezzerquizzerz var nok ein gong beste lag saman med BJoP med 15 poeng. Quizedillas på pallen med 14 poeng.

Halvvegs var naturleg nok Bezzerquizzers i tet med sterke 30 av 32 poeng.

Så skulle det heile bli verre. Byggverk. Her var det å bry(h)na seg på. Snittet enda såpass lavt som 8,9 poeng, så her må nok dei fleste heim, slå opp i leksika på bokstaven B for Byggverk og lesa seg opp. Med mykje regn meldt i helga skulle vel høvet by seg. Beste lag på ark 3 var LAMP AS med 12 poeng.

Fredrik eller Frederik, forresten? Hadde me godtatt Kong Harrald? Rettskriving ER viktig. Sant?

Litt/lett betring skulle det bli på sistearket med middels vrien blanding. Snitt på dryge 10 poeng. Beste lag vart BJoP med 13 poeng, tett følgt av Bezzerquizzerz og DMDC med 12 poeng.

Forrutan laget på scenen, som må ha gløymt brillene, kom dei andre laga seg greit i frå bileta. Snitt på snaue 11 poeng. Beste lag vart laga som enda på pallen med 14 rette bilete.

For basert på allereie nemnt samandrag er det vel ingen overrasking av det denne kvelden skulle stå mellom Bezzerquizzerz og Bjelland Juletre og Pyntegrønt i kampen om sigeren. Det var jamnt. Nifst jamnt. Begge lag enda på finfine 67 poeng på ein tøff quiz. Begge hadde altså 14 bilete. Beste ark var 15 poeng. Neste beste ark skilde 15 mot 14 poeng. Bezzerquizzerz drog det lengste strået og vann. Tredjeplassen vart marginalt kapra av Har Det På Tunga med 58 poeng, rett føre eit kobbel av lag. Ein strålande nøgd Anders, som trudde dei ville enda sist og rykka ned til bedehusquizen på Fitjar, kunne med smil motta gåvekort for bronseplassen.

Samanlagt er det framleis opent i tetstrida, så her gjeld det å stilla skjerpa på vårens fire siste quizar. I alle høve gjeld det å stilla.

Quizvert for årets andre og sesongens åttande quiz var Jon, med Alena og Martine i baren.

Sverre er tilbake med ein skikkelig nøtteknekkarquiz om to veker. Vel møtt!

Resultat quiz 8 av 12 sesongen 2023/2024 - 25.januar:

(Trykk på bileta for større visning)





Samanlagt:






Alle spørsmål med fasit: