fredag 26. januar 2024

Torsdagsquiz 8 - 25.januar 2024

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

Kun 10 trufaste lag stilte til start. Snittet enda på snaue 54 poeng. For vanskeleg? Berre to av laga kom seg over 60 poeng denne gong, medan åtte lag var 50 poeng +.

Det låg i korta at denne vekas quiz ville bli ein smule vanskelegare grunna dei oppsiktsvekkande resultata for to veker sidan. Slik skulle det også bli.

Brorparten av laga fekk likevel ein god start på eit ikkje altfor drygt førsteark med aktuelle spørsmål. De følgjer godt med på det som rører seg. Beste lag var Bezzerquizzerz og Har Det På Tunga med 15 poeng, med BJoP og FIA HOFA hakk i hæl med 14 poeng. Snitt: 11,8 poeng.

Om førstearket var høvesvis greit, var andrearket med musikk og underhaldning tydlegvis endo greiare. Her enda snittet på heile 12,3 poeng. Ingen tok likevel full pott. Bezzerquizzerz var nok ein gong beste lag saman med BJoP med 15 poeng. Quizedillas på pallen med 14 poeng.

Halvvegs var naturleg nok Bezzerquizzers i tet med sterke 30 av 32 poeng.

Så skulle det heile bli verre. Byggverk. Her var det å bry(h)na seg på. Snittet enda såpass lavt som 8,9 poeng, så her må nok dei fleste heim, slå opp i leksika på bokstaven B for Byggverk og lesa seg opp. Med mykje regn meldt i helga skulle vel høvet by seg. Beste lag på ark 3 var LAMP AS med 12 poeng.

Fredrik eller Frederik, forresten? Hadde me godtatt Kong Harrald? Rettskriving ER viktig. Sant?

Litt/lett betring skulle det bli på sistearket med middels vrien blanding. Snitt på dryge 10 poeng. Beste lag vart BJoP med 13 poeng, tett følgt av Bezzerquizzerz og DMDC med 12 poeng.

Forrutan laget på scenen, som må ha gløymt brillene, kom dei andre laga seg greit i frå bileta. Snitt på snaue 11 poeng. Beste lag vart laga som enda på pallen med 14 rette bilete.

For basert på allereie nemnt samandrag er det vel ingen overrasking av det denne kvelden skulle stå mellom Bezzerquizzerz og Bjelland Juletre og Pyntegrønt i kampen om sigeren. Det var jamnt. Nifst jamnt. Begge lag enda på finfine 67 poeng på ein tøff quiz. Begge hadde altså 14 bilete. Beste ark var 15 poeng. Neste beste ark skilde 15 mot 14 poeng. Bezzerquizzerz drog det lengste strået og vann. Tredjeplassen vart marginalt kapra av Har Det På Tunga med 58 poeng, rett føre eit kobbel av lag. Ein strålande nøgd Anders, som trudde dei ville enda sist og rykka ned til bedehusquizen på Fitjar, kunne med smil motta gåvekort for bronseplassen.

Samanlagt er det framleis opent i tetstrida, så her gjeld det å stilla skjerpa på vårens fire siste quizar. I alle høve gjeld det å stilla.

Quizvert for årets andre og sesongens åttande quiz var Jon, med Alena og Martine i baren.

Sverre er tilbake med ein skikkelig nøtteknekkarquiz om to veker. Vel møtt!

Resultat quiz 8 av 12 sesongen 2023/2024 - 25.januar:

(Trykk på bileta for større visning)





Samanlagt:






Alle spørsmål med fasit:








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar