fredag 16. mars 2018

Torsdagsquiz 11 - 15.mars 2018





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

18 ypparlege lag deltok og snittscoren var på dryge 60 poeng av totalt 84(!) moglege. 11 av 18 lag over 60 poeng denne gong.

I kveld var det den strålande artisten og låtskrivaren Ryan Adams som stod for musikken fram til quizstart. Den gode mann Sigfred aka Raffen frå laget Stord BTK har laga ei aldeles utsøkt speleliste av Adams' beste låtar. Søk på "siggedydiggedy" på Spotify og følg spelelista, så vil eg tru de finn dykk nokre nye favorittlåtar. Då klokka runda 20.00 hadde me fått oss både mat og drikka og var såleis klare for å bryna dei små grå.

Så tok det altså 26 quizar før QM gjekk skikkelig og alvorlig på trynet med tanke på det faste poengoppsettet. Førstearket som alltid byr på 21 poeng var av ein uforståeleg grunn redusert til 20 poeng i kveld. For ein med OCD førte dette naturlegvis til tapt nattesøvn. Uansett skulle dei 18 gode laga levera eit godt poengsnitt på dei aktuelle spørsmåla med dryge 14 poeng. Best av alle var, nesten som vanleg, dei skrape knivane på laget Lex Lodney. Med sine 19 poeng var dei allereie 3 poeng føre sine argaste konkurrentar. Dei Sporadiske, Da e'kje Nåke å Diskutera og BJoP nest best med sine 16 poeng, medan eit heilt kobbel av lag hadde lagt seg på 13 til 15 poeng. Spørsmåla flest lag bomma på var nasjonaliteten til fiskaren, det korrekte namnet til den nyfødte, Trumps nye slagord, bydelane Roosevelt Island ligg mellom og Paralympics-greina snowboard. Elles var det mykje godt grei skuring på resten av spørsmåla. De følgjer godt med på dei viktige ting, dei fleste av dykk. Kanskje med unntak av de som trur Ham-Kam framleis spelar i Eliteserien. NB! Fotball ER sjølve livet. Hugs det. Hehe.

Listepop har nærast vert eit ikkje-eksisterande ord for underteikna dei siste 15 åra. Ikkje sidan Ti i Skuddet hitane vart tatt opp på kassett på 90-talet har eigentleg populærmusikk vert særleg prioritert eller verdsatt. Sjølvsagt med nokon unntak. Difor har sistelåten frå nyare tid vert den mest vriene å grava fram til den vanlege musikkquizen. For at ein song skal kome gjennom nålauga bør det vere ein song som folk flest har høyrt før, samstundes som tittelen på låta ikkje vert gitt vekk etter 3 sekund. Aller helst skal ikkje tittelen på låta spelast i det heile tatt, i alle fall ikkje før det har gått 40-50 sekund, og det dermed er muleg å kutta musikken før den tid. Utfordringa med sistelåta var difor ein av grunnane til at det til kveldens musikkquiz poppa opp ein idé om ein ny vri. I tillegg var det altså planlagt ein storstilt photoshoot denne kvelden, der nytt profilbilete til Facebooksida til quizen skulle bytast ut. Det tar seg jo ikkje ut med eit gamalt bilete av ein litt for tung Sverre på denne sida, hadde Alexandra kome fram til. Difor vart det førre veke planlagt at nytt profilbilete måtte takast. Og til det skulle alle stilla i blomstrete skjorter. Og det var muleg det måtte "posast" i sidestilt X crossing. Haha. Geir strålte av denne avgjerdsla, då han stolt kunne avsløra at "Då skal eg ha på meg den flotte, lyse, blomstrete og ultratronge skjorta mi". Hehe. QM som ikkje eigde ei einaste blomstrete skjorta måtte på handel, og dagen før quiz kunne to nye blomstrete Morris-skjorter hentast på Sagenes'en. Dette måtte bli stort. Skuffelsen vart ditto stor når meldingane om ei sjuk Alex tikka inn like før quizstart. Den blømande photoshooten måtte utsetjast til neste veke. Men med tanke på både den eine kategorien på tredjearket (som me kjem tilbake til lenger nede) og kveldens tema på musikkquizen, måtte det likevel ei blomstrete skjorte til pers denne kvelden. Geir som også stilte i si flotte, lyse, blomstrete og ultratronge skjorte fekk seg likevel ein tankevekkar. Han kunne jo ikkje stille i same skjorte også neste veke. Me veit jo alle at Oddmund er årvaken på nettopp dette med skjorter, og same skjorte to quizar på rad tar seg ikkje ut. Ergo: Geir fann ut at han snarast måtte avleggje sin gode ven og mentor innan motebransjen, Gunnar Irgens, eit besøk.

Uansett, det var altså tema-musikkquiz det vart. Og tema vart blomar. Nærare bestemt roser. Og mange fine songar har vert skrive om nettopp roser. Ein av dei mest kjende er Bette Midler sin The Rose frå seint 70-tal. Dei fleste laga hadde også stålkontroll på denne. For enkelte var det litt verre med Bon Jovi sin Bed of Roses. Enkelte lag dobla opp rosene her med å gå for Guns 'n Roses. Ikkje bra. Vidare vart det servert Seal sin Kiss From A Rose og Nick Cave (i duett med Kylie Minogue) sin Where The Wild Roses Grow. Fleire lag prøvde seg med tittelen Wild Roses på sistnemnte, noko som ikkje var presist nok og dermed ikkje vart lønna med poeng. Sistelåta var nok den vanskelegaste. Dei fleste høyrte det var Sting som song, men tittelen Desert Rose var det berre eit fåtal av laga som nagla. Best på musikken var Furuly 4 Ever, Anyohaseyo, Dei Hjelpelause, HBO, QF og Tors Utvalgte som tok samtlege artistar/band og låtar. Slikt likar me!

Del 2 av andrearket dreiar seg som vanleg om Film og TV. Opningsspørsmålet her var av dagsaktuell art, sidan det handla om filmen om nyleg avdøde Stephen Hawking, eller Hawkins som somme lag kalla han i kveld. God utteljing her. Om lag halvparten av laga hugsa Cecilie Skog frå Til Toppen av Norge, medan dei fleste hadde kontroll på Forest Whitaker og The Last King of Scotland. Også dei to siste spørsmåla om Ferris Bueller og Gossip Girl var veldig bra score for dei aller fleste. Best på Film og TV i kveld var laga Furuly 4 Ever - Dei Utstøtte, Furuly 4 Ever og Da e'kje Nåke å Diskutera som hadde full pott. Totalt på andreaket var det Furuly 4 Ever som dominerte dei andre laga med samtlege svar rett. Imponerande innsats! Eit snitt på snaue 15 av 18 poeng vitna om ein quizgjeng som var på hugget denne kvelden.

Rop Ut Quizen halvvegs vart ein finale mellom Atle frå Tors Utvalgte (for anledningen på krykker) og lettskremte Betty frå A Walk In The Park. Atle tok seg til finalen med kunnskap om penicilin og Alexander Fleming, medan Betty imponerte heile salen med å kunna kva land Bangui er hovudstad i. Nemleg Den Sentralafrikanske Republikk. Bravo! Dette er ei dame etter QMs smak! I finalen var det Atle som trakk det lengste strået. Han har nok vert i Casino, og visste følgjeleg at den som deler ut korta m.m. kallast for croupier. Grattis med to fortente kinobillettar!

Halvvegs var utruleg nok Sverre sitt lag Da e'kje Nåke å Diskutera i delt leiing med Furuly 4 Ever. I kveld hadde dei nemleg fått med seg den mest kunnskapsrike broren, Inge, på laget. Og etter ryktene hadde han lekt seg på både musikk, film og TV. Nest best halvvegs var BJoP og LL med 32 poeng. Og fleire lag følgte tett like bak.

Så tilbake til kategoriane på ark 3, som altså skulle gjenspegla kveldens antrekk på gutane i baren. I alle fall den eine av kategoriane, nemleg Blomar. Når ein i tillegg fekk med klassikaren frå haustsesongen Kor i Verden?, så måtte det vel bli ein bra runde. Og det vart det for dei aller fleste. Snittet låg på dryge 12 poeng av 16 mulege, og samtlege lag låg frå 9 til 14 poeng. Heile sju lag kom frå det med berre to små feil. I kategorien Blomar var det bergmynte (oregano) og Asterix (Edelweiss) som skapte mest hovudbry for laga. 10 av 18 lag tok desse. Prikling kunne alle. Samtlege lag tok også alle tre fargane. Og 16 av 18 lag tok dei engelske namna. Meget sterkt! På geografidelen var det stort sett grei skuring på Madrid (15/18) og Tromsø (17/18). Også Wien/Bratislava var grei for mange (11/18). Verst var det å prikka inn 2 av 2 poeng på Bronx/Yankees (Berre QF og HBO hadde begge) og Skellefteå/Luleå. På sistnemnte var det berre Da e'kje Nåke å Diskutera og dei sjarmerande damene på laget Sviskene som hadde treff på begge dei svenske byane.

Sistearket med Lett Blanding skulle by på alt i frå kjemi og natur til engelsk og japansk i kveld. Maur kunne dei fleste. Også japansk var de gode på. Engelsk fotball prikka 14 av 18 lag inn samtlege 6 PL vinnarar sidan starten i '92. Bra! Dei to tyngste spørsmåla var det om salpetersyra (6/18) og utdraget frå ein song. Fleire visste namnet på songen (When The Stars Go Blue), men utruleg nok var det berre QF som visste det var fenomenale Ryan Adams som hadde originalen. Kurt Nilsen og Venke Knutson song sjølvsagt berre ein dårleg coverversjon. Til slutt var det engelsk staving, og heile 11 av 18 lag stava alle dei tre orda rett. Well done. Verst var det nye laget, The Others, som bomma på alle tre. Godt de er i bankbransjen og ikkje engelsklærarar. Hehe. Snittet var på litt over 10 poeng av dei vanlege 15, og beste lag var QF som lekte inn samtlege rette svar. God butikk, med tanke på at dei nest beste laga hadde 12 poeng.

Biletearket bydde nok ein gong på 15 fjes denne gong, og nokon nøtter skulle det vere. Berre Dei Hjelpelause og HBO tok Syd Barrett (Hallo? Pink Floyd ER pensum!), medan laga framleis har store problem med Zara Larsson. Og dette som nærast var annonsert i forrige vekes blogginnlegg?! Haha. Kun to(!) lag kjente igjen den svenske popyndlingen: The Others og Da e'kje Nåke å Diskutera. Pinleg, folkens! Skal me bli enige om at alle lag får rett på frøken Larsson dersom ho dukkar opp igjen før ferien? Det vert spanande å sjå. Nest mest vriene av bileta var Maggio (6/18) og minister Nybø (8/18). Våre gode vener frå Statoil, som snart må kunne kalla seg stordabuar, bomma sjølvsagt på biletet av varaordførar Bjelland som einaste lag. Dei røystar nok ikkje SP, dei. Snittet på bileta var på 9+, medan det var QF som nok ein gong var best med sine 13 poeng. Også godkjent på BJoP og Har Det På Tunga med sine 12.

Det vart jamnt i toppen i kveld. Berre fire poeng skilde 7.plassen frå sølvplassen. På delt fjerdeplass med 68 poeng hamna Da e'kje Nåke å Diskutera og Furuly 4 Ever som gjorde ein gledeleg god innsats i kveld. Lex Lodney og BJoP hamna begge på 69 poeng, men det var BJoP som sneik til seg sølvet grunna betre utteljing på bileta. Faktisk kunne Sverre sitt lag stjåle sølvet frå dei, om dei berre hadde kutta to bokstavar på bilete nummer 9. Giraffen vart ikkje godkjent. Alle veit jo at tøydukka frå Portveien 2 heiter Raffen. Uansett, aleine på toppen med sine 73 poeng, stod den glupe QF-gjengen. Grattis til medaljørane, men også skryt til mange lag for god kunnskap denne kvelden. Som sagt i innleiinga: 11 av 18 lag over 60 poeng. Det er "innafor", som ungdomen likar å sei det.

Det var det "nye" fine laget The Others som vart trekt ut som glade vinnarar av to gratisbillettar til konsert med Myhres PPT på Den Blå Time 6.april. God konsertfornøyelse og lat oss håpa at ikkje alt for mange av songane går på engelsk...

Quizvert var Jon, med heite Geir og stilige Marita i baren.

Takk for ein grandios kveld og vel møtt igjen torsdag 22.mars til ny quiz!

Resultat quiz 11 av 15 våren 2018 - 15.mars:
(Trykk på bileta for større visning)













Samanlagtstilling etter 11 av 15 rundar:


















Alle spørsmål med fasit:








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar