fredag 2. mars 2018

Torsdagsquiz 09 - 01.mars 2018





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

19 skarpe lag deltok og snittscoren var på snaue 56 poeng (av totalt 85 moglege).

Lat meg først få orsaka for eit litt kortare og mindre deltajert resymé enn det de får til vanleg, men grunna hyttetur til fjells vert det knapt med tid denne fredagen. Så til de av dykk som syslar med innbrot, her har de ein ypparleg sjans i løpet av helga. Haha.

Yes, så var det altså torsdag igjen, og det på sjølvaste 1.mars som skal vere første vårdagen. Yeah, right. Godaste Stein Ove Berg vrir seg nok 6 fot under når han ser frost, is og kuldegrader på oss no. Men lat oss likevel ta nokre minutt til å nyta hans strålande vårlåt => Kommer Nå.

Denne veka hadde gledeleg mange lag følgt godt med i nyhendebiletet. Eit snitt på over 15 av 21 poeng på førstearket er veldig bra. Spørsmåla flest lag sleit med var det asiatiske landet som har blitt råka av jordskjelv og namnet på Stordalen sitt nye forlag. Best av alle var Quiztorn som kun hadde ein liten feil. Også Stord BTK gode med sine 19. Elles var 18 av 19 lag på 13 poeng eller bedre. Meget! Elles verdt å merka seg at dei fleste lag var sylskarpe på spørsmåla om Spellemannsprisen. Dette var tydlegvis forventa. Og mange har nok også gjort sin research mtp kva kvinne som sist vann prisen som Årets Spellemann (Nergaard i 2003). Enslaved hadde også alle lag utanom eitt. QF var nemleg blanke her. Metalmusikk og stordabu Arve Isdal er tydlegvis totalt ukjend for dei. Utruleg.

Over på musikken, og dette er og forblir eit mysterium. Som vanleg enorm variasjon i kunnskapsnivået til laga her. Kva musikk kjenner de eigentleg til? Denne gong trudde underteikna at fem velkjente låtar var godt snekra saman, men fleire lag sleit skikkeleg. Best av alle på andrearket var HBO med sine 17 av 18 poeng. Veldig bra. Også godkjent av Furuly 4 Ever med sine 14. Elles låg dei fleste andre lag på rundt 11-12 poeng. FIA HOFA fortvilar stadig vekk over musikkdelen, og fekk også i kveld problem her. Har de ingen rocka legar de kan lura med på laget? Hehe. Mest oppsiktsvekkande var likevel scoren til superlaget QF. 5 poeng. Og de som hadde fått med dykk orakelet Gudmund for anledningen. Kva skjedde? Mitt tips er at Line skjedde. Utan MVP'en var det sørgelig, og takk og farvel til pallplass allereie på andrearket. Varierande innsats også på film/TV. Mykje fine svar på Askepott-spørsmålet, men overraskande mange lag var gode her. Dei litt eldre hadde sjølvsagt kontroll på legendariske Harald Mæle.

Rop Ut Quizen vart i kveld ein kamp mellom halvt-Geordie Thomas som sjølvsagt nagla spørsmålet om Eldon Square i Newcastle, og hans lagkamerat Solveig på Dei Hjelpelause. Ho hugsa dei rette detaljane frå Fredrikssons Fabrikk. I finalen var det spørsmål om oppfinninga til Thor Bjørklund, og Thomas prøvde seg først med bindersen, noko som antagelig fekk Solveig til å foreslå ostehøvelen. Noko som var rett. Grattis med nye kinobillettar, Solveig!

Halvvegs var det dei fine folka på Quiztorn som hade tatt kommandoen med sine 33 poeng. Sterkt! Like bak med 31 poeng følgte HBO og Stord BTK, men me veit jo alle at sistnemte alltid går hardt ut for så å stivna når det drar seg til.

I løpet av pausen halvvegs skjedde også det som må ha vert kveldens høgdepunkt for underteikna. I ein diskusjon i baren angåande raudvin kom nemleg kveldens kommentar. Alex påstod nemleg at ho ikkje lika raudvin. Det er då det kjem ein kommentar frå ein ikkje namngitt sjef på huset: "Du må jo smaka det før du kan sei du ikkje likar det, Alexandra. Og så er det viktig med settinga. Det er ingenting som er som eit godt glas raudvin inne i varmen ein kald vinterdag, med levande lys og i armkroken på ein mann(!)". Ein kommentar som underteikna sjølvsagt fanga opp og satte spørsmålsteikn med siste del av raudvinshistoria. Hehe. Alle bortforklaringar vart sjølvsagt feid og ledd vekk. Hahaha.

Ark 3 dreia seg i kveld om 80-talet og ballsport. Litt skuffande innsats av fleire av laga her, så snittet enda på litt lave 9 poeng pluss. Beste lag var Har Det På Tunga, QF og Hakke Peiling som alle henta 12 av 16 poeng. Mest vrient var rangeringa av teknologiske lanseringar på 80-talet, samt byen kor Ryder Cup skal gå seinare i år. Elles jamt gode svar frå mange av laga, sjølv om altså dei fleste også må ha hatt noko stong ut sidan dei ikkje oppnådde dei beste scorane.

Sistearket gav oss i kveld eit snitt på 10 av 15 poeng, og beste lag var Bjelland Juletre og Pyntegrønt med sine 14 fine poeng. Også bra av Anyohaseyo med sine 13. 11 av 19 lag henta meir enn 10 poeng, noko som må vere godkjent. Arkets nøtt var sistespørsmålet om hovudstadane i Afrika. Stort sett null eller berre éitt av tre oppnåelege poeng på laga her. Men ringrevane på BJoP tok sjølvsagt alle tre. Bra!

På biletearket var det også over 10 poeng i snitt. 18 av 19 lag hadde 8 poeng eller betre. Best av alle var HBO med sine 14, medan Quiztorn hadde 13. Mange på 10-12 poeng. Vanskelegaste bilete var dei av den utdøydde alkefugle Geirfugl og bilete av Fartein Valen.

Oppsummert var det 15 av 19 lag som kom seg over 50-poeng-grensa, og dermed slepp ei helg i skammekroken. Frå 4.plassen til 16.plassen skilde 11 poeng. Det skulle stå mellom tre lag i kveld, som endte på ei lita luke ned til resten av laga. Quiztorn opna bra og leia halvvegs. Dei fekk seg ein knekk på 80-talet og ballsport, og rota nok vekk sigeren her. Likevel holdt det til ein fin andreplass. BJoP gjorde ein jamnt bra quiz og enda på 3.plass, á poeng med Quiztorn, men med eit mindre rett på biletearket. Kveldens vinnarlag vart i kveld Heise Bra Opplegg, som endeleg fekk seg ein etterlengta siger. Per Jarle, Oddmund og co har vert kvasse i det siste, men har mangla den siste finishen på å henta heim gullet. Det satt i kveld. Med sine 68 poeng var dei to poeng føre dei andre laga på pallen. Gratulera med triumfen, kjekke folk!

Det var dei sprudlande jentene på laget Sviskene som denne gong vart trekt ut som glade vinnarar av to gratisbillettar til konsert med Myhres PPT på Den Blå Time 6.april. God konsertfornøyelse fine folk!

Quizvert var Jon, med barske Geir og flotte Alex i baren.

Takk for ein utsøkt kveld og vel møtt igjen torsdag 08.mars til ny quiz!
Då er det sjølvaste kvinnedagen, så det er ikkje umuleg at det kan bli mykje damete stoff på neste quiz.

Resultat quiz 9 av 15 våren 2018 - 01.mars:
(Trykk på bileta for større visning)













Samanlagtstilling etter 09 av 15 rundar:
















Alle spørsmål med fasit:








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar