torsdag 19. september 2019

Torsdagsquiz 2 - 19.september 2019





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

17 lystige lag deltok og snittscoren var denne gong på 51 poeng. Fem av laga kom seg over 60 poeng.

Rop Ut Quizen halvvegs vart vunne av Jakob frå BJOP i duell mot Solveig frå DH. Ikkje heilt utan dramatikk. Premie: To stk kinobillettar.

HBO tok rotta på førre vekes vinnar QF denne gong, og gjekk til topps med 65 poeng. BJOP tok seg saman etter katastrofen for ei veke sidan og plasserte seg på siste pallplass. LAMP og Lex Lodney delte fjerdeplassen, kun poenget bak bronsen.

Litt utdeling av kudos:

# Lex Lodney med full pott på dei aktuelle spørsmåla.
# QF, BJOP og Har Det På Tunga med alt rett på Ark 3: Idrett / Ved sjøen.
# HBO med storeslem på Lett Blanding.
# Dei Sporadiske med samtlege rette på bileta.

Ekstrapremien gjekk i kveld til Hakke Peiling. Dei fekk med seg to gratisbillettar til Backstreet Girls sin konsert på Arena om ein månad (19.oktober).

Quizvert var Jon, servitør Alena og Geir i baren.

Vel møtt igjen til haustsesongens tredje quiz førstkomande torsdag 26.september.

God helg!

Resultat quiz 2 av 14 hausten 2019 - 19.september:
(Trykk på bileta for større visning)












Samanlagt:

Kjem etter nokre rundar.

Alle spørsmål med fasit:








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar