fredag 13. september 2019

Torsdagsquiz 1 - 12.september 2019





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

20 yndige lag deltok og snittscoren var denne gong på 59 poeng. Ni av laga kom seg over 60 poeng.

Rop Ut Quizen halvvegs vart vunne av Oddmund frå HBO i duell mot Øystein Vegar frå QF. Premie: To stk kinobillettar.

Unge Haga kunne denne veka feira ein krutsterk plass i kommunestyret. Som om ikkje det var nok kunne han òg innkassera ein strålande start på sesongen for sitt QF med siger og sterke 72 poeng. Har Det På Tunga tok ein fin sølvplass, medan LAMP kunne ta steget opp på den siste pallplassen, poenget føre sterke lag som Lex Lodney og HBO.

Ekstrapremien gjekk i kveld til Bjelland Juletre og Pyntegrønt, mest truleg som eit plaster på såret for deira sjokkerande sjetteplass denne kvelden. Dei fekk med seg to gratisbillettar til Backstreet Girls sin konsert på Arena seinare i haust.

Quizvert var Sverre. Ein kan òg anta at Geir og Alena tok seg at svoltne og tørste gjestar med bravur.

Vel møtt igjen til haustsesongens andre quiz førstkomande torsdag 19.september.

God helg!

Resultat quiz 1 av 14 hausten 2019 - 12.september:
(Trykk på bileta for større visning)












Alle spørsmål med fasit:







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar